Beitragsseiten

Arbeid for fred

Fleire gongar i livet sitt gikk Comenius  engasjert og utan halde nok att inn for fred. Ein må minnast blant anna formidlingsforsøk i Fulnek og forhandlingane i Thorn og Breda. Det teologiske grunnlaget for fredsarbeidet til den bøhmiske presten finns i skrifta ”Centrum scuritatis” som det er skreve om ovanfor.  Årsaka for ufred i mennesket og mellom menneska er subjektiviteten til mennesket. I det mennesket fjernet seg frå midtpunktet i skapningsordninga, mister han ro og tryggleik dvs. freden sin som gud ynskjer for det. Gjennom sin subjektivitet kjem mennesket seg bort i villferd og i alle slags forviklingar. Comenius beskriver det med følgjande ord:

”Sanneleg ingen veit kor det ligg ein falk på lur, kor det er ein tjuv, ein som sladrar … Ofte viser nokon seg som ein venn og er likevel ein fiende , eller som ein rådgivar og er likevel ein sviktar … Ikkje ein gong ville dyr omgås slikt med kvarandre som mennesket omgår med eit mennesket, som river kvarandre i stykkar deira gods, deira god og ærlege namn, helse og liv, som plager og øydelegg kvarandre  på det mest fæle. Og dette er virvaret av galskap og øyde i samfunnet vårt, som vi lever i.”[56]

Årsaka til ” virvaret av galskap og øyde i samfunnet vårt” er maktmisbruken til mennesket som nektar å erkjenne  kva som er etter den ordning som gud ynskjer og kva som ikkje er det. Mennesket misbruker skapinga for sine eigne mål. Han degraderer den til ei kjelde av ressursar, ”midlar”, for å tilfredsstille meir og meir raffinerte  behov på andres kostnad. Men han råder over denne kjelda berre så lenge som han har makt og styring over den. Mennesket sin makt og herredøme sikrar bruken ressursane, midlane. Tilsvarande står det i ”Unum necessarium”:

”… dei som eingong byrja å tenkje på å herske, dei lar ikkje være å bruke all makt og å finne på all slags lureri for å fortsette og fortsette med å herske. Dette er opphavet til all krig, vold, bedrageri og lureri blant menneska.”[57]

Liknande motiv erkjenner Comenius i striden mellom England og Nederland. Han antar  at havesjuke og mållause hos begge parter er årsaka til den usalige sjøkrigen.[58]

Kva er som leiar mennesket ut av alle disse uendelege forvirringar og denne lidinga som aldri tar slutt, slik at til og med kristne land ikkje blir stoppa frå å slo laus på kvarandre for å underkaste og undertrykke kvarandre? Spør Comenius.

Vegen ut av  labyrinten til ufreden og krigen, er den same som vi allereie har møt: Mennesket finn fred når det utsoner seg med Gud, slik krev brørbiskopen i ”Angelus pacis”[59]. Og dette seier ingenting anna enn det han forklarte allereie 42 år før i ”Centrum securitatis”. Mennesket må vende om til gud for å få fred og det er Jesus Kristus som viser vegen. Fordi berre hos han er fred. Slikt står dette hos Comenius: ”Men kva utover det? I meg [Jesus Kristus] har de fred. Dette meinar hos meg kan de unngå det som skapar all klaging og elende som verda er fullt av, ja også frå Guds sinne, slik at ingenting lengre kan skape uro i dykk.”[60]

Gjennom utsoning med Gud og i det å etterfølje Jesus Kristus i det at man etterlever boda frå bergpreika[61] finn mennesket si eiga fred i sjela. Og dette kallar han til å jobbe for fred i verda med å vise på korleis mennesket, spesielt det kristne menneske, skal t leve i lag med dei andre her på jorda. For å realisere freden er Jesus Kristus som den guddommelege fredsstiftaren er eine tydelege bilete som Comenius jobbar frem. Ti dette kjem det eit til som ein i tankane kan leie seg frem til frå hans tidlege verk ”Centrum securitatis”. Freden på verda er garantert nå mennesket overvinner sin subjektivitet, når han gir opp sitt jag etter makt og den voldsame (i ordets direkte meining) sikringa av kjeldane, midlane, til å tilfredsstille sine mållause behov. Dette er berre mogleg når mennesket finn at til den rette bruken av fornufta. Når ein klarer å få vist skapningsordninga til mennesket og å får det til å forstå den, dvs. at ein klarer å få han til å få utfolda og til å oppleve den guddommeleg harmonien og dei prinsippa som i naturen  og samfunnet ligg til grunn for den, då kjem han til å respektere ordninga og finne plassen sin slik som gud ynskjer det. Comenius ser oppgåva til vitskapen i det å hjelpe mennesket frem til denne erkjenning og i det å konsipere ein allvitskap, som skal brukast som reiskap til å oppheve framandgjeringa  som er mellom Gud og menneska og menneska seg i mellom. Ein klarer å oppheve denne framandgjeringa i same grad som ein klarer  å utfolde opphavet og rota til all eksistens og dei prinsippa som etter guds vilje ligg til grunn i skaparverket hans.  Dette opphavet og disse prinsippa skal plantast leie til harmoni og plantast i hjarta til menneska slik at dei ikkje kan annleis lengre enn å ta vare og å formidle denne harmonien vidare. ¨

Etter Comenius var eit viktig skritt mot fred i denne samanhengen skrifta: ”Prodomos conanimis pansophici”[62] som blei publisert i England utan samtykket han. I den legg flyktningen frå bøhmen grunnen for sitt pansofiske verk som han jobba med livet ut utan å fullføre det. Ikkje det å utfolde encyklopedisk kunnskap var interessa  hans, men hans arbeid for fred utan kompromissar. Også seinverket hans ”Rådgiving av menneskeslekta med seg sjølv om den moglege forbetringa av menneskelege ting” (Beratung des Menschengeschlechts  mit sich selbst über die mögliche Verbesserung menschlicher Dinge)[63] hadde dette som mål.

Når vi summerar disse to tankane om at fredens veg berre er mogleg, når mennesket på ei side etterfølgjer Kristus og på den andre sida gjennom den rette bruken av fornufta oppdagar dei rette prinsippa som bærer skapinga og så tar plassen  som gud har bestemt for han, då fell pedagogikken og saman med fredsarbeidet som Comenius beskriver. Pedagogikk er i Comenius si forståing som vegen til omvending og til det å gi seg inn i erkjenning av skapingsordninga alltid fredspedagogikk. Og fredspedagogikk er som eit vidt omgrep all pedagogikk.