Beitragsseiten

 

Oppgåva til pedagogikken

Det som er sagt frem til nå gjer det tydeleg at for Comenius finns det ingen pedagogikk som har mål slik som allmennkunnskap eller utfolding og utvikling av alle menneskelege evna og mogleikar, eller sjølvstyre, sjølvrealisering og evna til solidaritet eller nokon anna tidsriktig målsetting.  I følgje Comenius er oppgåva til pedagogikken å gå vegen att til Gud og endeleg å finne att til han. Gud er utgangspunkt og mål  av alle pedagogiske gjøremål . Gjennom dette blir den skapningsordning gjenoppretta  som Gud ville og mennesket vinner att vesenet sitt.

Den pedagogiske vegen som Comenius omskriver i boka si ”Centrum securitatis” (Tryggleikens midtpunkt) er bota si veg, vegen full av anger att til guds armar. Det er Jesus Kristus som leiar frem til omvending. Han viser eksempelvis korleis menneske skal oppføre seg  etter viljen til Gud. Når det var fornufta som framandgjorde mennesket overfor Gud, fordi den bestemma seg å fremje individualiteten, så er det også fornufta som gjer det mogleg å returnere til Gud. Men det er den fornufta som underkaster seg Gud og som prøver lyttande å erkjenne den rette ordninga i alle ting og å vite kva den kan halde seg uforanderleg fast på. [50] Mennesket får visse i handteringa av alle ting, med omsyn til menneska sine pliktane, sit samvit og kjærleikens bod gjennom utforskinga av den bærande grunnen i alt tilvære.  Dette er det avgjerande i alle pedagogiske gjeremål. Ved sidan av det å etterfølgje  Jesus Kristus er det det å trenge  gjennom alt tilvære med fornufta det som viser mennesket vegen til gud. Dette er det fordi den erkjenner Gud som bærande grunn i alle ting. Slikt sett er dei pedagogiske måla som Comenius krevjar i sine seinare pedagogiske skrifter, å være forstandig, fylde av dyd   og fromleik[51] er  tre aspektar av same sak, som ikkje klarer å stå kvar for seg. Dei må være i samklang for å kunne hjelpe menneska til å være eit sant menneske. Dei blir grunnlagd i det tidlege verket  ”Centrum securitatis”[52]. Dei tre ”bøkene”, boka til naturen, boka til forstanden og bibelboka hjelper han til å kome fram dei rette erkjenningane. I ”Unum necessarium” (Det eine som er naudsynt)seier brørbiskopen at ein først og fremst må oppdra ungdomen. I tilknyting  til det levere han i ”Didactica česka” for første gang ei overbevisande forklaring  Comenius krev at ein må oppdra mennesket så tidleg som råd om pedagogikken ynskjer å svare på oppgåva si. Han nemner to grunner for det.

For det eine antar han, ”at Guds frø, som i opphavet blei pusta inn i det menneskeleg hjarte (nemleg frøet til visdom, forstand og heilagdom), er ennå minst kvelt hos dei.”[53] Hos dei vaksne observerar at dei er så mykje fordervet og forvrengt i bruken av fornufta si, i dyd og fromleiken, at det er veldig vanskeleg å jobbe pedagogisk med menneska som er så forherda og forvrengt.

For det andre ser Comenius mogleiken at ein kan bevare ungdomen får feilutviklingar gjennom ei tidleg, ”forstandig og omtenksam” oppdraging . Slik skal dei også styrkjast kreftane deira i motstanden mot tida sine freistingar.[54]

Pedagogikken får oppgåva om å bli kimen av ei ny ording. Ei ordning som er ynskja av gud og der mennesket, særleg den ansvarsfulle pedagogen, er kalla jobbe med i realiseringa. [55] Den nye ordninga bærer trakk av paradiset. Den leier mennesket att till den tilstanden som det var i inne i  paradishagen Eden. Fordi mennesket har gått bort frå hagen Eden, er det mogleg gjennom det å orientere seg i Jesus Kristus og gjennom hans frelsarverk å kome att i hagen Eden. Føresetnaden er at mennesket går med på å monne oppdraget som ligg i skapinga, dvs. at han tar rolla til mellommannen mellom gud og skapinga. Dette har som føresetnad at ein kjenner godt guds ordning av tilværet og dette som eit resultat av gjennomtrenginga av alt tilvære med fornufta . Det skal Pansfoien  klare som har sin systematiske ståstad her.