Beitragsseiten

 

Siste opphald i Lissa (1654-1656)

Til tross for suksessen i Sáros Patak har Comenius bestemt seg for å returnere til Lissa så raskt som råd. Grunnen til dett er vel ikkje minst dei nyheitene han får derifrå. Mange familiar i Brøruniteten har flytta frå Lissa til Ungarn og andre stadar. Kyrkjelyden i Lissa har blitt nok så fattig. I alle år har Comenius om og om igjen prøvd å få finansiell støtte frå det protestantske utlandet.  Også familiar om allereie har reist frå Lissa prøver å støtte kyrkjelyden som blei att. Men den materielle nauda blir ikkje mindre. I tillegg kjem den åndelege. Rekatoliseringa, motreformasjonen kom frem til Lissa og legg hardt press på kyrkjelyden. Kyrkjelyden treng biskopen sin med sitt råd og sin handlekraft.

Då han kjem  til Lissa truer det ennå ein krig. Dronning Kristine av Sverige, dottera til Gustav Adolf,  har gått over til det katolske lageret. Hun tar avskjed  og overlet svenske trona til sin fetter Karl Gustav frå Pfalz-Zweibrücken. Men det er allereie ein anna som krev denne plassen: Katolikken Johan Kasimir, konge av Polen. I 1655 byrjar den svenske arvefølgjekrigen.[26]

Lissa blir eit offer av denne krigen. I 1656 brenner det fullstendig ned. Comenius mister alt han eigde: huset sitt, biblioteka si, kontantar, sine opptrykka verk.  Det som er verst for han er å miste eit ordbok som han hadde lagd lar til trykk: ”Skattekammerset av det tsjekkiske språket” (Schatzkammer der tschechischen  Sprache). Han brukte 40år på og jobbe med denne boka. Også han 7 bind av Pansofien brenner ned. Det er berre nokre få manuskript som han klarer å berge frå flammane.

Etter nedgangen til Lissa spreier resten av Brøruniteten seg i heile verda. Det er ikkje noko felles fluktpunkt, ingen samlingspunkt for dei. Kvar og ein av dei prøver å sleppe unna verknadane frå Krig og forfølging.