Beitragsseiten

 

Engasjement i Přerov (1614-1618)

Han får eit engasjement som lærar i Přerov, der han sjølv var elev før han byrja med studiane sine. Jobben gir han nok tid til å jobbe vitskapeleg. Inspirert av Johann Heinrich Alsted  ynskjer han å samle kunnskapen av heile den nåtidige vitskapen i ei omfatande avhandling med eit kristen grunn lag. Denne encyklopedien skal få namnet ”Theatrum universitatis rerum” (teatret av heilskapen til tinga). Her skal ein ikkje forstå encyklopedi slik, som om Comenius ville  samle og strukturere kunnskapen, slik som det var vanleg på 1700tallet. Målet hans er å ”sentrere” kunnskapen slik at Gud  blir synleg som opphav og mål av all kunnskap. I  boka ”Centrum securitatis” (Tryggleikens midtpunkt) gjer han denne tanken tydelege og bruker hjulet som eksempel:

”Slik er også hjulet for verda: midtpunktet for det er den usynlege Gud, som frå æve til æve består i seg sjølv. Men då han ynskja å gjere seg synleg, laga han ein synleg ring rundt seg sjølv ut av seg sjølv …”[7]

Når mennesket blir kjent med verda, så blir han også vist til opphavet for verda. For å snakke i bilete hans: spilane går ut frå midtpunktet og blir vendt att til den. Slik er det også med menneskeleg kunnskap. Den har opphavet sitt i gud og viser att til gud. Parallelt til dette tenkjer han skapinga. Strukturelt svarer måten å få kunnskap på, på  omfanget og målet til skapinga.

Tragikken i livet til Comenius er, at han alltid blei hindra i å fullføre denne boka, ungdomskjærleika hans.

Ved sidan av sine vitskaplege studiar bruker Comenius tida si også som kartograf. Han teiknar eit kart over Mæhren. Det er stor nøyaktigheit som kjenneteiknar dette kartet sjølv om han ikkje hadde tilgang til nøyaktige målingar og kalkulasjonar.