Beitragsseiten

 

Verket

Johann Amos Comenius  møter oss i biografien sin blant anna som teolog, pedagog, kartograf, salmediktar, filosof, realfagsmann, vitne dor 30årskrigen og engasjert kjempe for fred. Han var ikkje redde for å henge misstandane av sin tid. Når ein ser desse mange oppgåvene, spørs det om det finnes eit felles punkt som ein kan bruke som utgangspunkt eller mål til å oppsummere verket til den bøhmiske biskopen som heilskap til tross for hans mange nok så forskjellige interesser.

Comenius sjølv gir eit svar på dette spørsmålet. I sitt siste verk ”Unum necessarium” ser han  som 77åring att på alt det han har fått til. Han skriver at hans vitskapeleg og praktisk strev kan samanliknast med Martha som gjekk att og fram og styra for herren og læresveinane. Etter hans ord og vurdering er det likevel tre tyngdepunkt som strevet hans konsentrerer seg på: pedagogisk arbeid, arbeid for fred og arbeid med dei guddommelege openberringane. Han sjølv skriv:

”Slikt strev har jobben å undervise vært, at eg tok den på meg til og med i mange år ut av det begjæret om å leie skula og ungdomen ut av dei tunge labyrintane. Likevel er det mange som såg på dette som noko som ikkje sikka seg for ein teolog, slik som om Kristus ikkje gav oppdrag til sin kjære Peter om å gjæte begge to sauane og lamma (Joh 21,15-16). Men eg takkar Kristus som er min ævelege kjærleik også æveleg takk at han la ei slikt kjærleik til lamma inn i hjerte mitt.”[31]

”Den andre langvarige og tunge labyrinten har var arbeidet for fred hos meg, dvs. å foreine  dei kristne som på forskjelleg, skadeleg og heilt øydeleggjande måte strider mot kvarandre. I alle fall om Gud hadde likt det og det er difor eg har laga meg så mykje bry me det … I mitt begjær gjekk eg så langt at eg byrja å tenkje ut instrumenter og måtar gjennom dei det skulle bli mogleg å foreine den heile menneskeleg slekta som  er ueinig med både seg sjølv og gud…”[32]

”Ved sidan av dette blei eg etter guds vilje også leia inn i ein nok så uvanleg labyrint. Eg blei leia inn i det eg publiserte dei guddommelege openberringane frå vår tid under titelen ”Lux e tenebris” (lyset i eller ut av mørkret) …”[33]

Ikkje utan grunn snakkar Comenius tre gangar om labyrintar som gud leia han inn på, slik at han skulle finne utvegen ut av blindgatene. For å forstå kva som er tanken med desse tre labyrinter er det naudsynt å utfolde nokre grunntrekk i teologien til den store bøhmiske vitskapsmannen. Dei visast allereie i hans tidelge verk ”Centrum securitatis”