Beitragsseiten

Opphald i Lissa (1628-1641)

Sidan det er nok prester i Brøruniteten i Lissa, får Comenius ei stilling som lærar ved det evangeliske gymnaset. Han er driven av håpet om at den politiske situasjonen i heimlandet kommer til å forandre seg raskt, slik at flyktningane får returnere. Med iver lager han pedagogiske skrifter på tsjekkisk. Målet er å kvalifisere tsjekkiske lærarar og prester slik at dei i framtida klarer å gjennomføre ei effektiv oppdraging i skulen og kyrkjelyden.  Ein må i denne samanhengen nemne eit verk av forfattarskapet hans: ”Didactica česka” som blei kjent som den ”Den Bøhmiske didaktikken”. Med utgangspunkt i teologiske tankar viser den vegen til ein ny skule og ei undervisning som er nær elevane.  Her formuler presten og hyrdingen i Brøruniteten treklangen av kunnskapstileigninga som er grunnleggjande for han. Frå tre kjelder  skal mennesket ause kunnskapen sin og få den til å klinge saman: frå boka til naturen, frå boka til den fornuftige anden og frå den heilage skrifta, bibelen[13]. Eller formulert på ei anna måte: Våre sansar, respektive lynne og forstanden og trua på visdomen i bibelen er tre måtar av menneskeleg erkjenning. Mennesket skal respektere dei og sjå dei som einskap. [14]

Ut av den ”Den Bøhmiske Didaktikken” utviklar Comenius seinare ”Didactica magna” eller ”Den store didaktikken”. Comenius-forskaren J.M. Lochmann skriver om den:

”Her finn vi allereie eit omfattande grunnlagd og gjennomført oppdragingskonsept.  Tilsvarande til den firedobblete erkjenningsemna til mennesket, skal også utdanninga vår skje i fire avsnitt. I morsskulen  … skal barnet utdanne sine ytre sansar. Så følgjar <Morsmålsskulen> frå det 6. til det 12. livsåret, her skal det utdannast dei indre sansar til mennesket, særleg imaginasjonsemna og minnet hans. Det tredje trinnet blir representert av Latinskulen. Den strever etter å perfeksjonere kreftane til den menneskeleg forstanden. Den høgaste forma av oppdraginga representerer universitetet. Der skal det fullstendig utfoldast viljen og intellektet i ein alder frå det 18. til det 24. livsåret.[15]

For den bøhmiske kunnskapsmannen er det sjølvsagt at ein må utdanne kvart barn utan å sjå på kor det kjem i frå. Det er verken kjønnet eller tilhøyring til ein del av samfunnet som skal få bestemme over utdanninga. For dei øvre trinn er einast emna føresetnad for utdanninga. Denne oppfatninga grunngir Comenius med det at alle menneska er skapa av gud og framfor gud er det ikkje forskjell på personen. [16]

”Didactica mangna” skulle bli eit standartverk for den moderne pedagogikken, som fram til i dag fortener merksemd ikkje berre av vitskapsfolk men av alle som har oppdraging som i oppgåve.

I Lissa skriver Comenius også ein liten bok med titelen ”Informatorium der Mutterschul” (Informatorium av morsskula), som er opptatt av oppdraginga til føreskulebarn, det første trinnet i oppdraginga. Boka inneheld mykje konkret inspirasjon og mange forslag også for den religiøse oppdraginga i småbarnsalderen. Comenius gjer det tydeleg der, att oppdraginga ikkje kan starte tidleg nok og at den til og med kan starte før barnet blir født, når mora førebyr seg på fødselen. Dette er ein tanke som den moderne barnepsykologien har oppdaga på nytt.

Beviset for at Comenius ved sidan av det teoretiske fundamentet alltid ser den daglegdagse praksisen er ein voggesong i ”Informatorium der Mutterschul”  som han sjølv har laga. Han anbefaler foreldra til å syngje denne songen med borna sine kvar kveld før dei sovnar. [17]

Sjølv om ”Didactica magna” er vidt utbredd frem til i dag er det ikkje dette verket som gjorde Comenius kjent utover grensene til Europa. Det er eit språklærebok som klarte dette. Denne boka har titelen ”Ianua linguarunm reserata” (Opne dører til språka). Med bakgrunn i sine eine erfraingar med Latinundervisninga utviklar han i denne læreboka ein ny tilgang til å tileigne seg det latinske språket. Ved sidan av den funksjonen til språket som kan omskrivast med kommunikasjon legg han vekt på samanhengen mellom språk og sak. Det er ein historieskrivar som skriver flutt av begeistring:

”Boka fant elskarar alle plassar, slik at det ikkje berre blei trykka opp utallege gongar, berre i løpet av få år har det blitt oversatt til 11 europeiske  språk, nemleg på Tysk, Polsk, Bøhmisk, Engelsk, Fransk, Italiensk, Spansk, Hollandsk, Gresk, Svensk og Ungarsk, ja til og med til nokre asiatiske språk særleg på Arabisk, Tyrkisk, Persisk og Mongolsk .”[18]

Håpet om å kunne vende att blei øydelagd i 1631. Vel hadde Kong Gustav Adolf  av Sverige i lag med Sachsen lukka med å invadere Böhmen. Saksiske soldatar hadde til og med klart å erobre Prag, men heile toktet strandar då den svenske kongen døyr i slaget ved Lützen ved Leipzig. Også ”Vinterkongen” Fredrik frå Pfalz døyr dette året. Han hadde nok mista makta men blei framleis sett på som den rette bøhmiske kongen. For dei tsjekkiske medlemmane av Brøruniteten tyder dette at dei må bli i eksilet i Lissa utan å kunne sjå noko ende på det. For Comenius sjølv er dette ei djup skuffing. Var det ikkje kjærleiken til heimlandet som fekk han til å engasjere seg pedagogisk? Han ville hjelpe sine landsmenn med deira pedagogisk arbeid. Det er ein tøyst for han at hans pedagogiske skrifter snart blei spreidd til heile Europa. Dei fekk tene alle som var opne for nye formar av skulevesenet og undervisningsarbeid.  Men det er ikkje rett å sjå på Comenius berre som reformator av skulevesenet. Det pedagogiske arbeidet hans må sjåast som ein del av hans pansofiske tankar. Målet deira er å knyte all menneskeleg kunnskap til visdomen til gud.  Pedagogikk er for han praktisk teologi. Det er der den har sitt opphav og det er ditt den leiar.

I Lissa engasjerer Comenius seg ikkje berre som lærar men også som ansvarsfull teolog og kristen. Han skriver ”Eit kort notat om svartedauden i det polske Lissa” (Kurze Nachricht von über die Pestseuche im polnischen Lissa), då det blir ville tilstander i byen under epidemien: Sjuke medborgarar blir jaga ut av byen eller husa blir tennt over hovudet deira for å hindre smitte.

Det at han blir valt til senior (biskop) i Brøruniteten i 1632 gjer det sannsynleg at han må har vært ein av dei mest kjente og viktigaste personleikane. Ved sidan av embetet som senior får han også oppgåva som skrivar.  På oppdrag frå kyrkjelyden må han nå skrive og publisere teologiske og kyrkjelege skrifter. I denne samanhengen må det særleg nemnast tre av skriftene hans:  For det eine er han forfattar av boka ”Nokre spørsmål om Brøruniteten” (Einige Fragen über die Brüderunität). Her forklarar prinsippa av trua og livet til brørne. For det andre gir han ut ”Ratio discilinae” (Ordninga til Brøruniteten). Her utfoldar den historiske framveksten av livsmåten til Brøruniteten og deira sikk, bruk, reglar og oppgåver . Særleg for Herrnhutarane  blei denne boka veldig viktig. Ved hjelp av den oppdaga Zinzendorf i 1727 kort tett brørne i Herrnhut er knyta til den opphavlege Brøruniteten. Med skrifta ”Historia persecutiorum” (Forfølginga si historie / på tysk Historie von den schweren Drangsalen der böhmischen Kirche) ynskjer Comenius å gjer oppmerksam på den lidingsfulle skjebnen til dei bøhmisk protestantane sidan den hussitiske rørsla.

Ved sidan av det han skriver for Brøruniteten ser Comenius også kritisk på tida si. Han ser ”under brilleranden ” og lider av rotet og mangelen på tukt i samfunnet og framgangen i strid og krig mellom statane. Han kjem frem til konklusjonen om at ein få alle desse problema nærmar til ei løysning på ein vitskapleg  veg. Til dette trengte ein ei vitskap som var tufta på kristen grunn og som leia til gjensidig toleranse og respekt og dermed også til fred. Den vitskapen som skal møte denne oppgåva kallar han for ”Allvitskapen” (Pansophia / Pansofi)