Norsk

Alle menneske er som graset, og all deira herlegdom som blomen på marka. Graset turkar bort, og blomen visnar når Herrens ande blæs på dei; ja, i sanning, folk er som gras. Graset turkar bort, og blomen visnar, men ordet frå vår Gud står fast til evig tid.

Preiketekst: Joh 15:26-16:4

Jesus sa: Når talsmannen kjem, han som eg skal senda dykk frå Faderen, Sanningsanden som går ut frå Faderen, då skal han vitna om meg. Men de òg skal vitna, for de har vore med meg frå det fyrste. Dette har eg sagt dykk så de ikkje skal førast til fall. Dei skal støyta dykk ut or synagoga. Ja, det kjem ei tid då kvar den som slår dykk i hel, trur at han gjer Gud ei teneste. Og alt det gjer dei av di dei korkje kjenner Faderen eller meg. Dette har eg sagt dykk så de, når den tid kjem, skal koma i hug at eg sa dykk det.

Preiketekst: Joh 14:23-29

Jesus sa: Den som elskar meg, held fast på ordet mitt. Og Far min skal elska han, og vi skal koma til han og ta bustad hjå han. Den som ikkje elskar meg, held ikkje fast på orda mine. Og det ordet de høyrer, er ikkje mitt, men Faderens, han som har sendt meg. Dette har eg tala til dykk medan eg enno er hjå dykk. Men talsmannen, Den Heilage Ande, som Faderen skal senda i mitt namn, han skal læra dykk alt og minna dykk om alt det eg har sagt dykk.

Preiketekst: Luk 1:50-53

Guds miskunn varer frå ætt til ætt

for dei som har age for han.

Jesus sa: Det var ein rik mann som kledde seg i purpur og fint lin og levde i fest og gaman dag etter dag. Men ein fattig mann som heitte Lasarus, låg utmed porten hans, full av verkjesår. Han ynskte berre å få metta seg med det som fall frå bordet åt rikingen. Og hundane kom og sleikte såra hans.

Unterkategorien