Norsk

Preiketekst: Luk 22:24-27

No vart det ein strid mellom dei om kven som skulle gjelda for den største. Då sa Jesus til dei: "Kongane er herrar over folka sine, og dei som rår over dei, vert kalla velgjerarar. Men slik er det ikkje hjå dykk. Den største av dykk skal vera som den yngste, og styraren skal vera som tenaren. For kven er størst, den som sit til bords eller den som ber på bordet? Er det ikkje den som sit til bords? Men eg er som ein tenar mellom dykk."

Preiketekst: Luk 18:9-14

Jesus fortalde ei anna likning til nokre som trudde om seg sjølve at dei var rettferdige, og såg ned på alle andre: To menn gjekk opp til templet og ville be. Den eine var farisear og den andre tollar. Farisearen stelte seg opp og bad såleis: "Eg takkar deg, Gud, fordi eg ikkje er som andre menneske, som svindlar, gjer urett og bryt ekteskapet, eller òg som den tollaren der. Eg fastar to gonger i veka og gjev tiend av alt eg tener." Tollaren stod langt nede; han ville ikkje eingong lyfta augo mot himmelen, men slo seg for bringa og sa: "Gud, ver meg syndaren nådig!" Eg seier dykk: Tollaren gjekk heim rettferdig for Gud, den andre ikkje. For kvar den som set seg sjølv høgt, skal setjast lågt, og den som set seg sjølv lågt, skal setjast høgt.

 

 

Dette er eit bilde som Paul, guten min har laga. Ser dokke kva det viser?  Det er ein ball - heilt eintydig. Dette er ein ball. I alle fall ein ball slik som han ser det.

Preiketekst: Luk 10:25-37

Då steig det fram ein mann som var kunnig i lova. Han ville setja Jesus på prøve og sa: "Meister, kva skal eg gjera så eg kan få evig liv?" "Kva står skrive i lova?" sa Jesus. "Kva les du der?" Han svara: "Du skal elska Herren din Gud av heile ditt hjarta og av heile di sjel og av all di makt og av alt ditt vit, og elska nesten din som deg sjølv." Då sa Jesus: "Du svara rett. Gjer det, så skal du leva." Men mannen ville gjera seg rettferdig og spurde: "Kven er så nesten min?" Jesus tok opp spørsmålet og sa:

Medan det var ei stor turke, kom Herrens ord til Elia, og det lydde så: "Ta ut og gå til Sarepta, som høyrer Sidon til, og gjev deg til der! Eg har sagt frå til ei enkje som bur der, at ho skal syta for mat åt deg."

Så tok Elia ut og gjekk til Sarepta. Då han kom til byporten, fekk han sjå ei enkje som gjekk og sanka ved. Han ropa til henne og sa: "Henta litt vatn til meg i ei skål, så eg får drikka!" Då ho gjekk og ville henta vatn, ropa han etter henne: "Ta med deg eit stykke brød til meg òg!" Ho svara: "Så sant Herren din Gud lever: Eg eig ikkje så mykje som ein brødbit; eg har berre ein neve mjøl i krukka og eit grann olje i krusa. No fer eg her og sankar nokre vedpinnar og vil gå heim og laga mat til meg og son min. Så vil vi eta og leggja oss til å døy." Elia sa

Farisearane og læresveinane til Johannes heldt faste. Og folk kom og spurde Jesus: "Kvifor fastar ikkje dine læresveinar når læresveinane til Johannes og læresveinane til farisearane gjer det?" Jesus svara: "Kan bryllaupsgjestene fasta medan brudgomen er hjå dei?

Unterkategorien