Norsk

Ein gong stod Jesus nede ved Gennesaret-sjøen, og folket trengde seg om han for å høyra Guds ord. Då fekk han sjå to båtar som låg ved stranda. Fiskarane hadde gått i land og heldt på og skylde nøtene. Jesus steig ut i ein av båtane, den som høyrde Simon til, og bad han leggja litt ut frå land. Så sette han seg og lærte folket frå båten.

Preiketekst: Luk 24:13-35

Same dagen var to læresveinar på veg til ein landsby som heiter Emmaus, seksti stadier frå Jerusalem,

 

9 su e pi

Heilage Gud, du som vaker over di kyrkje, vi takkar deg for alle som forkynner ordet ditt med truskap. Gjev oss å høyra Ordet, gjera etter det og stå imot alle som forfalskar det. Lat evangeliet lyda klårt og reint her hjå oss og til heimsens endar, ved Son din, Jesus Kristus, vår Herre, som med deg og Den Heilage Ande lever og råder, éin sann Gud frå æve og til æve.

 

Preiketekst: Matt 25:14-30

Jesus sa: Det er som då ein mann skulle fara utanlands. Han kalla til seg tenarane sine og overlét dei alt han åtte. Ein gav han fem talentar, ein annan to og den tredje ein talent - etter som kvar dugde til. Så drog han ut or landet. Han som hadde fått fem talentar, tok straks til å handla med dei og tente fem til. Han som hadde fått to, gjorde det same og tente to til. Men han som hadde fått ein talent, gjekk bort og grov eit hol i jorda og gøymde pengane åt husbonden sin.

Preiketekst: Rom 9:1-5,10:1-4

Det eg no seier, er sanning; eg lyg ikkje! For eg talar i trua på Kristus, og samvitet mitt stadfester det i Den Heilage Ande. Eg ber på ei stor sorg og ei stendig liding i hjarta mitt. For eg skulle ynskja at eg sjølv var bannstøytt og skild frå Kristus, berre det hadde gagna mine brør og landsmenn. Dei er då israelittar; dei har barnekåret og Guds herlegdom, paktene og lova, tempeltenesta og lovnadene; deira er fedrane, og frå dei er Kristus komen som menneske, han som er Gud over alle ting, høglova i all æve. Amen.

Unterkategorien