Norsk

Preiketekst: Luk 17:20-30

Ein gong spurde farisearane Jesus når Guds rike skulle koma. Han svara: Guds rike kjem ikkje såleis at ein kan sjå det med augo. Ingen kan seia: "Sjå her er det," eller: "Der er det." For Guds rike er midt imellom dykk.

I dei dagane lét keisar Augustus lysa ut at det skulle takast manntal over heile verda. Dette var fyrste gongen dei tok manntal, og det hende medan Kvirinius var landshovding i Syria. Då fór alle heim, kvar til sin by, og skulle skriva seg i manntalet.

I opphavet var Ordet, og Ordet var hjå Gud, og Ordet var Gud. Han var i opphavet hjå Gud. Alt vart til ved han, og utan han vart ikkje noko til av det som har vorte til. I han var liv, og livet var ljoset for menneska. Og ljoset skin i mørkret, men mørkret tok ikkje imot det.

                Preiketekst: Luk 11:14-23

Ein gong dreiv Jesus ut ei vond ånd or ein som var mållaus. Og då ho hadde fare ut, tala den mållause. Folket undra seg. Men nokre av dei sa: "Det er Beelsebul, hovdingen over dei vonde åndene, som hjelper han å driva dei vonde åndene ut." Andre ville setja han på prøve og bad om eit teikn frå himmelen. Men Jesus visste kva dei tenkte, og sa til dei:

Atter tala Jesus til folket og sa: "Eg er ljoset for verda. Den som fylgjer meg, skal ikkje ferdast i mørkret, men ha livsens ljos."

 

Kvar dag når eg står opp om morgonen er det blitt eit stykke lysare. Og det er eg glad for. Eg likar ikkje dei mørke dagane. Eg er glad i sol og ljos. Mørke dagar lar ofte dei  mørke tankane mine bli alt for sterke. Som for mange andre er desember og januar difor ikkje dei enklaste månadene for meg. Men midt i denne mørke tida ligg det ei festtid - juletida. Gud blei menneske, for å være oss nær.

Unterkategorien