Beitragsseiten

2. Metodar

2.1. Kjelder

Når eg skal sjå på forholdet mellom innvandrarar og Den norske kyrkja så eg sjå på begge to. Eg skal starte ved kyrkja og korleis ho står frem gjennom utillingsvindauge sitt: kirken.no . I tillegg til dette skal eg sjå på kyrkjelova som det formelle grunnlaget og det eg oppfattar som holdning blant medlemmane i kyrkjelydane mine. 

Gjennom 2 strukturerte intervju med utlendingar og gjennom mine eigne erfaringar som prest med utanlandsk bakgrunn i Den norske kyrkja ynskjer eg å skape meir innsikt i erfaringane og forventningane til innvandrarar. Eg skal analysere desse intervju og mine eigne erfaringar ved hjelp av litteratur. Særleg bøkane til Thomas Hylland Eriksen, ”Flerkulturell forståelse” og ”Kultur forskjeller i praksis”, skal danne bakgrunnen for analysen.
Folkekyrkjeomgrepet skal danne bakteppet refleksjonen. Her skal eg bruke mine erfaringar i møte med etnisk norske medlemmer av kyrkjelydane mine, forskjellige leksikonartiklar og ”Ei vedkjennande folkekyrkje” av Olav Fykse Tveit, og materialet frå Bakkevikutvalet. Artikkelen til Ingrid Vad Nilsen[4] skal danne eit ugangspunkt for å peike på moglege utviklingar i framtida.

Det er farleg å snakke generaliserande om ”dei innvandrarane” og ”dei norske”. Eg kjenner meg som ein del av begge gruppene. Men eg ser også at dei norske som er medlem av folkekyrkja sidan dei blei født har andre behov enn dei innvandrarane som har klart vegen  inn i kyrkja eller som kunne være på vei ditt.