Beitragsseiten

3. Intervju

3.1. Utval av personane

Det finns kristne innvandrarar frå mange land. Bortsett frå katolikkar frå Filipinane kjem dei største gruppene av kristne innvandrarar frå europeiske land. Dei langt fleste innvandrarar i 2008 kom frå Polen etterfølgd av Tyskland, Sverige og Litauen. Desse innvandrarane er ””usynlige” de fleste av oss [nordmenn] tenker kanskje ikke engang på dem som innvandrere.”[10] Likevel er dei innvandrarar, dei finns i så sagt alle sokn, og dei fleste av de er ikkje medlem i nokon trus- eller livsynssamfunn.

Eg har gjennomført 2 intervju i tillegg til å svare på spørsmåla sjølv. Eg bestemte meg for samle inn innspel i lokalt på Sunnmøre. Dei eg ville spørje skulle være utlendingar som kunne være ei relevant målgruppe for Den norske kyrkja. Dei skulle difor være kristne eller kome frå land med kristen kultur. Opphaldet deira i landet skulle være lagd opp til å ha ei viss varigheit. Begge kjønn skulle være representerte. Dette er ikkje enkelt å få til. Eg enda til slutt med ei polsk kvinne med barn i barnehagealderen som er gift med ein polsk ektefelle og ein mann med bakgrunn frå ei protestantsk kyrkje i Tyskland som er gift med ei norsk dame og har barn i ungdomsskulen. I tillegg kjem eg sjølv som prest og trebarnsfar i småbarnsfasen med ektefelle frå Tyskland. Det kan være uheldig at eg bruker meg sjølv med mine erfaringar inn i dette, men samstundes var denne informasjonen det var enklast å få tak i. I tillegg ville dette være eit innspel frå ein innvandrar som står trygd i Den norske kyrkja.