Beitragsseiten

4.1.3. Den norske kyrkja som ei lokal folkekyrkje

Statskyrkja er staten sitt religionsvesen som formidlar og ritualiserer kontakten med det heilage. Når ein blir født inn i dette samfunnet blir ein også ein del av eit religiøst fellesskap.”[17]
 I motsetning til for eksempel Polen og Irland der det å være katolikk og det å tilhøyre nasjonen hører fast samen, blir det ”å være protestantsk kristen […] ikkje oppfatta som særleg viktig for å være norsk. ”[18]

I den norske folkekyrkja skal staten garantere for at det blir kyrkjeleg betening på by og bygd, i sentrale strøk og på den yttarste øy. For folk flest er kyrkja den kyrkja dei har lokalt og som blir representert av bygningen.”Den sterke betydningen av kirkehuset har kommet til uttrykk gjennom folks reaksjoner etter de kirkebranner vi har hatt mange steder de siste årene.”[19]

”Et aspekt ved kirkens rolle i det sivile samfunn er dens rolle som kultur institusjon”[20] Denne rolla gjer at den lokale kyrkja etter mi oppleving gjerne blir veldig bunden av tradisjonar. Den skal ta vare på tradisjonane, den skal forsyne med kjente seremoniar og ritual og den skal være der i livet sine krisetider. Den opplevast i større grad ei institusjon og i mindre grad som eit fellesskap. Likevel er det på grunn av den demokratiske strukturen vanskeleg som samanlikne denne forståinga som institusjon med modellen som Dulles skisserer i ”The Church as an institution”[21], sjølv om det også i den norske kyrkja er viktig ”that all of the tests of membership be visible, that is to say, juridically applicable.”[22]

Innvandrarar som kjem til kyrkja kan ha andre behov: ”Å ha et fargerikt fellesskap ville være å jobbe mot kulturen og det er vanskelig i en menighet.”[23] Dette kan irritere og utfordre både dei lokale kyrkjelydane og kyrkja sentralt. Ein må bestemme seg: Skal kyrkja være ei kyrkje for heile befolkninga kan ho ikkje overlate innvandrarane til den katolske kyrkja eller frikyrkjene: ” jeg skjønner godt at de går i pinsemenigheten. Jeg har opplevd afrikansk gudstjeneste, det er en annen spiritualitet. Samholdet rundt troen oppleves sterkere – enheten. Det ville vært en rikdom for menigheten hvis afrikanerne hadde fått prege den mer. Flere hadde kommet til.”[24]