Beitragsseiten

5. Teologisk hermeneutisk refleksjon:

5.1. Sanctam Ecclesiam catholicam

Det står i både den nikenske og den apostoliske truvedkjenninga at vi trur på ”ei heilag allmenn kyrkje”. ”Sanctam Ecclesiam catholicam” står det på latin.  Kyrkja skal være ”allmenn”, ”katolsk”, det vil si at den skal være verdsomfattande og famne menneske frå mange forskjellige land og grupper. Eit trussamfunn med denne vedkjenninga skulle ha eit godt utgangspunkt for å kunne yte eit viktig og stort bidrag til å integrere innvandrar.

Den norske kyrkja brukar denne vedkjenninga  og opplevast av innvandrar ofte som nær, men også som  ”berre for dei norske”. Det er få innvandrar som finn vegen inn i kyrkja, dei fleste av dei melder seg aldri inn i noko som helst trus- eller livssynssamfunn i Noreg og mister ofte  også kontakten med det trus- eller livssynssamfunnet dei voks opp i for eksempel på grunn av dei store avstandane her i landet. Likevel ser dei på seg sjølv som gode katolikkar, protestantar, ateistar osv. Om ikkje Den kyrkja klarer å fange opp i det minste lutheranarar, men også andre kristne frå andre land mister ho noko av si eigenart i forhold til  den tredje trusartikkelen.