Beitragsseiten

4.1.2. Kyrkjelova

Det er kyrkjelova som definerar kyrkja som ein del av statsadministrasjonen. Den definerar Den norske kyrkja som ei ”evangelisk-luthersk folkekirke i Norge”[15], strukturen, kompetansane og ansvarsforhold, stemmeretten og medlemsskapet. Om kven som kven være medlem står det der: ”Bare en person som er bosatt i riket og norsk statsborger bosatt i utlandet kan være medlem av Den norske kirke.”[16] Slik definerast kyrkja som norsk i begge tydingar: Som kyrkja både for dei etnisk norske og for dei som bur i kongeriket Noreg. Det opnar for at innvandrarar kan bli medlem i kyrkja, sjølv om eg etter mine erfaringar framleis lurar på kor velkomne dei er.