Beitragsseiten

3.4. Presten frå utlandet

Det var i slutten av 2001 at eg og kona mi flytta til Noreg.. Sidan eg sikta mot å bli prest i Noreg oppdaga eg at eg då måtte melde meg inn i kyrkja. Eg hadde lest at Den norske kyrkja skulle være ei luthersk kyrkje så eg tvila aldri på at dette skulle gå an å melde seg inn i det, sjølv om eg eigentleg hadde antatt at det skjedde automatisk, då eg meldte flytting til Noreg. Då eg ikkje blei spurt om mykje og mangt ved flyttinga men ikkje om eg var medlem eller ynskja kontakt med eit trus- eller livssynssamfunn. Da vi hadde funne vegen innom eit kyrkjekontor, men innmelding verka ikkje som ei kjent sak for dei.  Til slutt fekk vi innmeldingsattest og eit halvt år seinare var eg ordinert prest. Likevel er det noko som må har gått gale: Seinare som sokneprest måtte eg melde meg inn ein gong til.

Sidan denne gangen har eg stått for fleire innmeldingar i Den norske kyrkja. Mange av dei er utlendingar som i utgangspunktet ikkje trudde at det var plass for  dei i kyrkja. 

Eg har besteforeldre som er født i 3 forskjellige land og i fleire generasjonar har nærmast vert ei tradisjon i familien min å ha minst to statsborgarskap i løpet av livet.

I byrginga var det rart for meg å be for ”kongen og hans hus, vårt folk og fedreland og våre landsmenn på havet og i framande land”[12] ennå meir rart var det for å skulle halde gudsteneste den 17. mai 2003, den første nasjonaldagen eg var i Noreg. I dag er eg sjølv norsk statsborgar.

Som prest møter eg ofte ei forventning om at eg ta vare både på den bevisste og den ubevisste norske kriste kulturen. Mykje av det er ubevisst. ”Det er slik det skal gjøres” eller ”Det er sånn det er” gir uttrykk for en kulturell innlæring som går dypere enn det bevisste, reflekterte plan.”[13] Når eg i tillegg prøver å ta vare på min eigen identitet kan det skape uro rundt meg. Eg blir aldri heilt norsk, sjølv om eg opplever at det er menneske som forventar det. Likevel er det sårande å møte dei andre som gang på gang kjenner eit behov for å undervise meg i at ”slik er det her” og ”slik skal du oppføre deg som sokneprest”, sjølv etter 7 år i stillinga. Ikkje minst det at eg møter desse holdningane også i staben gjer at også eg opplever den norske kyrkja som ei kyrkje særleg for dei norske og av og til meir norsk enn kyrkje.