Beitragsseiten

Vedlegg

Intervju T

Kor gamal er du?  Født i 62

Er du mann eller kvinne? man

Kva land er du født i? Tyskland

Kva land er den du lever saman med født i? Noreg

Kor lenge lever du i Noreg? 16 år

Kva statsborgarskap har du? Tyskar

Korleis vil du omskrive din nasjonale identitet? Eg kjenner meg som Tyskar pga. erfaring. Det er det som prega meg. 16 år er mykje kortare enn heile barndommen og ungdomen.

Korleis vil du omskrive din religiøse identitet? Kristen! Særleg med tanke på verdiane. Eg kjenner meg open, men tanken om å misjonere er framand for meg. Eg vil heller være eit godt eksempel. Eg er prega av den evangeliske kyrkja i Rhinlandet og den livsglade og opne pietismen der. Den er ikkje lovisk og ikkje hirarkisk slik som den katolisismen som eg opplevde. Tenk på ”broder Johannes ” den fromme forbundspresidenten som likte øl og kortspel.

Religion er ei personleg avgjersle, noko som ein ikkje kan tvinge på nokon.  Men ein kan invitere til det gjennom livsførslen.

Korleis vil du omskrive Den Norske Kyrkja frå ditt perspektiv?

  • Kva er den?

Ei kyrkje som gjennom media stor fram som prega av strukturar og hierarki. Den har mange representantar med mange meiningar og for tette band til staten.

  • Korleis er den?

Den har mange misjonerande grupper, den er hierarkisk, pluralistisk med sterke konservative strømmingar samanlikna med dei andre kyrkjesamfunn som fekk møte.

  • Kven er den for?

Frem til eit møte med konfirmantpresten til sonen min trudde eg at DNK er som ei statskyrkje berre noko for norske statsborgarar.

Ynskjer ho å være ei folkekyrkje må ho opne seg meir for innvandrar.

Deltar du i kyrkjelivet i Den Norske Kyrkja?

På lik linje med naboane mine, men det kunne vært meir.

Kva må / måtte til for at du skulle delta i kyrkjelivet i Den Norske Kyrkja?

Kyrkja må bli meir folke- og mindre statskyrkje.

Kunne du tenkje deg å melde deg inn i Den Norske Kyrkja? Kvifor Ja eller nei? Kva trur du måtte til for at du skulle bli med i Den Norske Kyrkja?

Eg gjorde det i år.