Beitragsseiten

3.2. Ein inngift med protestantsk bakgrunn

T er ein man frå Tyskland som har vært foreldrekontakt då den eldste sonen hans var konfirmant. Denne oppgåva tokk han på seg til tross for at han sjølv ikkje var medlem i kyrkja på dette tidspunktet. Til tross for at kona hans er norsk er borna hans døypte i Tyskland. Då vi trengte dåpsattesten til sonen hans kom vi inn i ein samtale, der han oppdaga at ein ikkje trengte å være norsk statsborgar for å kunne være medlem i Den norske kyrkja, slik som han trudde fram til då. Etter denne samtalen meldte han seg inn i kyrkja ”for å gjer den meir folkeleg”. Gjennom dette mista han ikkje sin sovande medlemsskap i den tyske kyrkja.[11] Han er flytande på norsk nærmast utan aksent. Han deltar i det kyrkjelege livet minst like mykje som dei norske naboane hans. Når han er heime er han ofte med på høgtidsgudstenestene.

Ei kyrkje som gjennom media står fram som prega av strukturar og hierarki. Den har mange representantar med mange meiningar og for tette band til staten.” Dette er ein av dei viktigaste grunnane for han for at Den norske kyrkja for han lenge stod frem som ei kyrkje berre for dei norske. Sjølv om han nå er medlem av Den norske kyrkja opplever han ho framleis som ei veldig norsk statskyrkje og ikkje som ei folkekyrkje. Han seier: ”Ynskjer ho å være ei folkekyrkje må ho opne seg meir for innvandrarar.” og ”Kyrkja må bli meir folke- og mindre statskyrkje.”