Beitragsseiten

Intervju P

Kor gamal er du? 33

Er du mann eller kvinne? mann

Kva land er du født i? Tyskland

Kva land er den du lever saman med født i? DDR / Tyskland

Kor lenge lever du i Noreg? 8år

Kva statsborgarskap har du? Norsk sidan 20.7.2009

Korleis vil du omskrive din nasjonale identitet?

Eg har besteforeldre som er født i 3 forskjellige land og i fleire generasjonar har nærmast vert ei tradisjon i familien min å ha minst to statsborgarskap i løpet av livet. Eg har tysk som morsmål og nynorsk som hovudmål. Eg er norsk av avgjersle, fordi eg elskar dette landet.

Korleis vil du omskrive din religiøse identitet?

Eg er evangelisk og luthersk. Eg blei døypt som konfirmant, ikkje av tradisjon men av avgjersle.

Korleis vil du omskrive Den Norske Kyrkja frå ditt perspektiv?

  • Kva er den?

Den er eit statsstyrt religionsvesen med kyrkjelege trekk.

  • Korleis er den?

Den er norsk, veldig norsk. Den skal famne alle norske og ta vare på tradisjonane.

  • Kven er den for?

Den skulle være for alle, men den opplevast som å være særleg for Norske. I det sentrale, dvs. Oslo ser dei ut til å være veldig liberale mens dei som eg møter lokalt har mykje fokus på tradisjonar utan å stille spørsmål på dei.

Deltar du i kyrkjelivet i Den Norske Kyrkja?

Eg er ein pådrivar.

Kva må / måtte til for at du skulle delta i kyrkjelivet i Den Norske Kyrkja?

Eg er prest.

Kunne du tenkje deg å melde deg inn i Den Norske Kyrkja? Kvifor Ja eller nei? Kva trur du måtte til for at du skulle bli med i Den Norske Kyrkja?

Det var ikkje enkelt å melde seg inn. Først meldte eg meg inn i Bærum. Dette verka dei lite førebudd på. Ein blir spurt om mykje og mangt når ein flytter til Noreg, men ikkje om ein ynskjer kontakt med eit trussamfunn. Og så er kyrkjelyden lokalt lite førebudd på det. Det verkar nesten som om ein ikkje er velkomen. I tillegg så måtte eg etter 2 år i embete oppdage at eg ikkje stå oppført i medlemsregisteret .