Beitragsseiten

4. Kulturell refleksjon

4.1.Den norske kyrkja som ei norsk folkekyrkje

4.1.1. Kirken.no som utstillingsvindauge til kyrkja

kirken.no består av to delar. For den sentrale delen  er det kyrkjerådet ved ansvarleg redaktør Trude Evenshaug har ansvar. For dei mange subdomain er det dei lokale kyrkjelydane, fellesråda, bispedømma og andre råd og einingar i kyrkja står ansvarleg for.

I den sentrale delen finns det slik eg opplever det eit stort tilbod på bokmål, ei litt tilfeldig  utval av informasjon på nynorsk og ein kort presentasjon på engelsk, der eg opplever medlemmer i økumeniske bevegelsen ute i verda som målgruppe. På lokalt plan finns det ennå mindre informasjon på andre språk.
Informasjonen på kirken.no er tydleg retta mot etniske nordmenn, og tenkt til å gi dei informasjon om kyrkja og deira struktur. Den har lite for innvandrarar som ynskjer informasjon om og kontakt med kyrkja. Dette blir også synleg gjennom sjølv presentasjonen av kyrkja der:

”Om Den norske kirke

Den norske kirke er et evangelisk luthersk kirkesamfunn.

De fleste nordmenn (ca. 83 %) tilhører Den norske kirke, og mange uttrykker sitt religiøse liv gjennom Kirkens ritualer og høytider. Hvert år holdes 70000 gudstjenester i 1600 kirker i de 1285 menighetene.”[14]