Beitragsseiten

Masteroppgåve i praktisk teologi

Det teologiske Menighetsfakultet, Oslo

Vår - haust 2012

AVH8020 - Avhandling Master i praktisk teologi - 30 Ects

Michael Hoffmann

Vegleiar: Prof. Harald Hegstad

Sidetall totalt: 83 (72 utan tittel, innhaldsliste og litteraturliste)

 

 

 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 

Innhald

DEL 1 Bakgrunn for avhandlinga. 5

1. Innleiing. 5

1.1. Prestebilete og prestekvardag. 5

1.2. Problemstilling og mål5

1.3. Perspektiv. 6

2. Omgrep. 7

2.1 Prestebilete. 7

2.2 Prestekvardag. 8

2.3 Økumenisk. 9

2.4. Folkekyrkja. 10

2.5. Sitat. 10

2.6. Oppsummering. 10

3. Metode og kjelde. 11

3.1. Den praktisk teologiske metoden. 11

3.2. Grunnlaget for refleksjonen. 11

3.3. Litteratur. 15

3.4. Oppsummering. 17

4. Kyrkjehistorisk bakgrunn. 18

4.1. Frå apostlane til prestane. 18

4.2. Den tsjekkiske reformasjonen og utviklinga der. 19

4.3. Martin Luther, den tyske reformasjonen og utviklinga der. 21

4.4. Statsreformasjonen i Danmark-Noreg og utviklinga fram til i dag. 22

4.5. Oppsummering


DEL 2: PRESENTASJON AV SITUASJONEN – Prestetenesta i ulik kontekst.24

5. Prest i Den evangeliske kyrkja til dei bøhmiske brødrane i Tsjekkia. 24

5.1. Presten og prestefamilien. 24

5.2. Prestebustaden. 25

5.3. Kyrkjelydane. 25

5.4. Frivillige og tilsette medarbeidarar. 26

5.5. Hovudoppgåvene. 26

5.6. Dagane i veka. 27

5.7. Presten i byen. 28

5.8 Oppsummering. 29

6. Prest i Den evangeliske kyrkja i Mellom-Tyskland. 29

6.1. Presten og prestefamilien. 29

6.2. Prestebustaden. 30

6.3. Kyrkjelydane. 30

6.4. Frivillige og tilsette medarbeidarar. 31

6.5. Hovudoppgåvene. 31

6.6. Dagane i veka. 32

6.7. Presten i bygda. 34

6.8. Oppsummering. 34

7. Prest i Den norske kyrkja. 34

7.1. Presten og prestefamilien. 34

7.2. Prestebustaden. 35

7.3. Kyrkjelydane. 35

7.4. Frivillige og tilsette medarbeidarar. 36

7.5. Hovudoppgåvene. 37

7.8. Dagane i veka. 38

7.7. Presten i bygda. 39

7.8. Oppsummering. 39

8. Oppsummering – fellestrekk. 39


 

DEL 3: REFLEKSJON, DRØFTING OG KONKLUSJON.. 41

9. Prestekallet og presteyrket. 41

9.1. Presteteneste – Yrke eller rolle?. 41

9.2. Tyskland. 41

9.3. Tsjekkia. 42

9.4. Noreg. 43

9.5. Oppsummering. 44

9.6. Vurdering. 44

10. Presten som embetsmann og arbeidstakar. 45

10.1. Presten i denne verda. 45

10.2. Tsjekkia. 45

10.3. Tyskland. 46

10.4. Noreg. 47

10.5. Oppsummering. 49

10.6. Vurderingar. 50

11. Den utbrente presten. 50

11.1. Kva er utbrentheit?. 50

11.2. Korleis å brenne seg ut?. 51

11.3. Tyskland. 51

11.4. Tsjekkia. 52

11.5. Noreg. 52

11.6. Oppsummering. 53

11.7. Vurderingar -Ingen veg unna?. 53

12. Presten med ansvar for alt. 55

12.1. Presten sitt ansvar. 55

12.2. Presten med allansvaret i Tsjekkia og Tyskland. 56

12.3. Ansvaret i Den norske kyrkja. 56

12.4. Oppsummering. 57

12.5. Vurderingar. 57

13. Presten som leiar. 58

13.1. Presten som leiar og blir leia. 58

13.2. Prester i leiinga av kyrkja. 58

13.2.4. Oppsummering. 61

13.3. Vurderingar - Den leiande presten. 62

14. Presten som liturg og predikant. 67

14.1. Ei rolle å fylle. 67

14.2. Feltet: Prestane i svart og kvit. 67

14.3. Oppsumeringa. 69

14.4. Vurderingar. 69

15. Presten som lærar. 70

15.1. Presten og læraren. 70

15.2. Frå feltet. 70

15.3. Oppsummering. 70

15.4. Vurderingar. 70

16. Presten som borgar. 71

16.1. Forskjellige forventningar. 71

16.2. Frå feltet. 71

16.3. Oppsummering. 73

16.4. Vurderingar. 73

17. Presten som medlem av prestefamilien. 73

17.1. Den eksemplariske familiefaren?. 73

17.2. Det "vanlege familielivet" i prestebustaden. 74

17.3. Prestefamilien på flyttefot. 75

17.4. Oppsummering. 76

17.5. Vurderingar. 76

Ekskurs: Prestefrua. 76

18. Konklusjon. 77

Litteratur. 79

 


 

DEL 1 Bakgrunn for avhandlinga

1. Innleiing

1.1. Prestebilete og prestekvardag

Dei heng på veggen i prestesakristiet, bileta av prestar som var prest i denne kyrkja før meg. Nokre av bileta er store og måla i olje.  Andre bilete er fotografiar, men også dei er vel minst 50 år gamle. Alle bileta viser prester med embetsdrakt og den gamle kvite prestekragen. Dei var prest kvar i si tid med kvar sine utfordringar og med dei forventningane som folket til ei kvar tid hadde til presten sin.  Prestane før var gardbrukarar, som embetsmenn, representantar for øvrigheita, lærarar, menn, familiefedrar og sjelesørgjarar.  Ikkje minst held dei både gudstenester og kyrkjelege handlingar, sjølv om dei nok ikkje kalla det slik denne gangen.

Ein dag skal også biletet mitt finne plass på denne veggen. Denne gongen med kvit alba eller presteskjorte. Det blir nok ikkje noko oljebilete og ikkje noko svart/kvitt fotografi heller. Det blir nok ein eller anna variant av eit fargefotografi, mest sannsynleg digital. Det blir noko som passar til vår tid.

Tida er i forandring og denne forandringa ser ut til å gå fortare og fortare. Også kyrkja er i forandring. Blant anna blei det i år, i 2012, lausare band mellom staten og Den norske kyrkja. Også presteyrke forandrar seg, både innhaldet og dei ytre rammene. Sidan 1989 blir prestane tilsett av bispedømeråda og er ikkje lengre embetsmenn. I 1997 kom fellesråda, og presten skal nå vere åndeleg leiar, ikkje dagleg leiar. Prestane har fått både fridagsavtale og vaktavtale på plass. Presten skal ha kontoret sitt utanfor heimen. Mange av dei gamle prestegardane blir selde til fordel for nye tidsriktige bustader i byggefelt.

Både prestebilete og prestekvardagen er i forandring, og prestane, også eg, er midt opp i det. Kva er forventingane til presten? Kva forventar presten av seg sjølv og kva forventar andre av han? Kva slags prestebilete finn vi både blant prestane og i kyrkjelyden? Korleis er praksisen, korleis ser prestekvardagen ut i forhold til dette? Korleis vil den eventuelt kunne sjå ut i framtida?  Det er desse spørsmåla eg ynskjer å reflektere over i denne avhandlinga.

1.2. Problemstilling og mål

Kan det som er likt og det som er ulikt i prestetenesta i Den norske kyrkja og i to europeiske kyrkjesamfunn som er prega av den lutherske reformasjonen, gi impulsar for prestetenesta i Noreg nå og i framtida? Dette er problemstillinga mi og for å finne ut meir om dette skal eg også sjå på desse spørsmål: Korleis er prestekvardagen i desse tre kyrkjesamfunna? Kva blir forventa av ein prest i eit protestantsk kyrkjesamfunn i Noreg, (Aust-)Tyskland og Tsjekkia? Kan dette gi impulsar for prestetenesta i Noreg nå og i framtida?

Målet mitt er å belyse og å reflektere over prestetenesta og prestekvardagen i Noreg i eit økumenisk perspektiv. Eg klarer ikkje å sjå på heile prestelivet. Difor skal eg avgrense meg til nokre punkt som eg la merke til under feltarbeid og som eg ut frå dette og litteraturen vurderer som relevant. Prestetenesta i Den norske kyrkja skal sjåast i eit økumenisk perspektiv, i kontekst av prestetenesta i to europeiske kyrkjesamfunn som er medlem i det Lutherske verdsforbundet. Målet mitt er ikkje å lage ein ny teori[1], men heller å bruke den eine eller andre til å reflektere over situasjonen. 

1.3. Perspektiv

Utgangspunktet mitt er mi eiga presteteneste ute i distriktet i Noreg.  Eg er prest ikkje berre i Den norske kyrkja, men i ei verdsvid kyrkje.  Den norske kyrkja forstår seg ikkje som den einaste kyrkja, men som ei evangelisk luthersk folkekyrkje. Det finns andre kyrkjesamfunn og det finst andre lutherske kyrkjesamfunn både i Noreg og i andre land. Dei færraste av dei er statskyrkje, men mange av dei har vore det. Mange av dei er eller var også folkekyrkje i sitt geografiske område. 

Når ein står midt i noko, er det ofte krevjande å sjå heilskapen i det. Det kan vere vanskeleg å sjå samanheng og å forstå  dei rett når ein står midt opp i det. Det kan hjelpe å sjå ting litt på avstand, slik at ein får eit større bilete. Den avstanden burde vere stor nok til at ein klarer å sjå større samanheng, men ikkje så store at bileta blir så stor at alt blir for smått. Det gjeld å finne rette avstanden som gjer det mogleg å sjå utover det daglege, men som samstundes ikkje er så stor at ein ikkje klarer å identifisere samanhengane. Eg vil difor gå ut og observere prestekvardagen i to andre kyrkjesamfunn. Eg håper at erfaringane og observasjonane der vil gi nye perspektiv på prestetenesta i Den norske kyrkja i Noreg.

For at avstanden ikkje skal bli for stor, skal dei kome frå protestantiske kyrkjesamfunn i Europa. Slik at dei har bakgrunn frå same kulturkrins og deler mykje av dei kyrkjehistoriske utviklingane. Den norske kyrkja er ei luthersk kyrkje som er sterkt prega av både pietismen og humanismen. Difor skal dei prestane som eg skal observere jobbar i kyrkjesamfunn som er medlem av Luthersk verdsforbund utan at den lutherske reformasjonen er den einaste viktige tradisjonen i kyrkjesamfunnet. For å kunne vurdere erfaringane frå dei andre prestane for prestetenesta i den norske folkekyrkja hadde det også vore ein fordel om kyrkjesamfunna i alle fall hadde ei fortid som folkekyrkje.

Valet mitt fall på Den Evangeliske kyrkja til dei bøhmiske brødrane i Tsjekkia og Den evangeliske kyrkja i Mellom-Tyskland. Begge er europeiske kyrkjesamfunn som er medlemer av det Lutherske verdsforbundet, men som ber med seg meir eller mindre sterke element av den bøhmiske reformasjonen og av kalvinismen. Dei har ei historie som folkekyrkje, sjølv om den kan ligge 400 år eller 100 år tilbake i tida.

Også mitt eige perspektiv er økumenisk. Eg er norsk statsborgar, men ikkje etnisk norsk. Eg er født bak jernteppet i Aust-Tyskland og for det meste oppvaksen der. Eg er døypt som ungdom. Eg var engasjert i Evangelisk - Lutherske Landskyrkje i Sachsen på forskjellige plan, blant anna som medlem i kyrkjemøte i ei lengre periode. Samstundes blei eg engasjert i den økumeniske rørsla på ulike plan. Eg studerte teologi i Tyskland, Tsjekkia og Noreg og vart seinare ordinert som prest i Den norske kyrkja. I ti år har eg vore sokneprest i eit øysamfunn på Nord-Vestlandet og er nå i ferd til å gå over i ei ny stilling. Refleksjonar og vurderingar i denne avhandlinga er difor også dei til ein prest med innvandrarbakgrunn etter ti års presteteneste i Den norske kyrkja.


 

2. Omgrep

Då eg observerte presten i Tyskland snakka, han av og til om supervisjon. I starten trudde eg at han snakka om at nokon kom for å observere arbeidet til ein prest. Det var slik eg kjente det frå praksis i studietida. Etter kvart fann eg ut at det han snakka om, ikkje var det, men det som vi kjenner som ABV – Arbeidsvegleiing.

Ein må vite kva ein legg i orda når ein bruker dei. Dette gjeld spesielt viktige omgrep. For å unngå misforståingar og feilinterpretasjonar skal dette kapitlet ta for seg nokre viktige omgrep i denne avhandlinga og korleis dei blir forstått her. Dette er spesielt viktig sidan dette er den første avhandlinga mi på norsk med eit visst omfang og sidan eg har mykje av utdanninga mi frå andre land enn Noreg. At omgrep skal forståast slik som det blir skissert i det følgjande, tyder ikkje at det er slik dei må forståast, men berre at det er slik eg ynskjer å bruke dei i denne avhandlinga.

2.1 Prestebilete

Eit bilete gjengir eit eller fleire bestemte objekt i ein bestemt situasjon. Kva ein ser i eit bilete er avhengig både kva som vert vist, korleis det vert vist og ikkje minst kven som ser på dette bilete. Forskjellige menneske vil kunne sjå forskjellige ting på eit og same bilete. Forskjellige menneske vil bruke sine forskjellige tankesett for å oppfatte det dei ser på eit bilete.

Når uttrykket prestebilete blir brukt her, meiner ein ikkje eit fysisk bilete av ein prest slik om eit måleri eller eit fotografi, men heller eit sett av tankar og meiningar om ein prest i ein bestemt situasjon eller funksjon. Eg skal difor sjå på forskjellige prestebilete som tar utgangspunkt i forskjellige aspekt knytt til forskjellige situasjonar og funksjonar i livet og tenesta som prest. Uttrykket prestebilete blir også brukt i avgrensing mot omgrepet presterolle slik som den blir brukt for eksempel av Manfred Josuttis[2] eller Islode Karle[3]. Forståinga som eg finn der er langt meir generaliserande enn det eg klarer å finne att i prestekvardagen. Eg opplever det som krevjande å identifisere prestetenesta, med ei presterolle eller eit prestebilete. Det eg fekk oppleve av prestetenesta er for det meste eit både og. Presten tar forskjellige rollar i forskjellige situasjonar og vandrar mellom dei. Når Karle i det yrkessosiologiske konseptet sitt skriv om "avstanden mellom person og embete eller rolle"[4] klarer eg å sjå situasjonar der eg kjenner dette att, men eg klarer også å sjå situasjonar der dette ikkje er tilfelle i det heile teke. Det same gjeld når Josuttis påstår at "presten er annleis"[5]. I nokre situasjonar er presten annleis, medan han for det meste er eit vanleg menneske med ein kvardag.

Å utarbeide komplekse presteroller eller eit prestebilete vil etter mitt syn sprenge omfanget av ei masteravhandling for ein erfaringsbasert mastergrad i praktisk teologi. Eg skal difor ikkje leggje ut til eit stort måleri, men nøye meg med nokre momentopptak. Det er desse momentopptaka frå livet som prest og dei forventningane presten blir møtt av og møter i seg sjølv som skal vere gjenstand for refleksjonane og vurderingane mine. Så den som forventar eit stort bilete vil bli skuffa, medan den som kan glede seg av enkle polaroid eller lomografi vonleg vil kunne oppdage mykje spennande. Også i utvalet av desse momentopptaka må eg avgrense meg. Så det er langt fleire prestebilete der ute enn dei eg vil kunne vise til her.

2.2 Prestekvardag

Presten har ikkje berre eit yrke og ein arbeidsplass, han har også ein kvardag, eit privatliv som ektemann, far eller mor, sambygding, bilsjåfør og mykje, mykje meir. Det som er spesielt med presten, er at det er mange forventningar som ikkje berre knytast til prestetenesta, men også til privatlivet, til prestekvardagen.  Presten er ikkje berre prest, han er også eit menneske. Han eller ho har sine sterke og svake sider og ingen kan vere flink på alt. Når prestebilete er eit sett av forventingar som både presten og dei rundt han eller ho har i forskjellige situasjonar, så er prestekvardagen realiteten desse forventingane møter. Kvardagen til presten endrar seg. Vi har kvinnelege prestar og einslege prestar. Presten må i større grad ta tak på heimefronten. Ein kan ikkje lengre forvente at ein ektefelle tar unna alt det som ligg der slik at presten skulle kunne nøye seg med å vere prest. Presten er eit menneske som må få endane til å møtast og  har ein kvardag som ofte set andre krav enn forventningane i prestebileta.

2.3 Økumenisk

Omgrepet økumene skriv seg frå det greske οἰκουμένη som er eit partisipp passiv av οἰκέω. Uttrykket οἰκουμένη blei allereie før Kristus brukt for heile den kjente verda.[6]  Økumenisk blei brukt om konsil og embete som vedkom kyrkja i heile verda. Etter at einskapen smuldra opp meir og meir, blei adjektivet økumenisk brukt meir og meir som eit krav på relevans for heile kristendomen enn til å omskrive ein realitet.

Det var først på 1800-talet at ordet økumene byrja å få ny relevans med rørsler av ”Kristne frå alle kyrkjelege ståstadar over heile verda som gjennom forkynninga av evangeliet, menn og kvinner bringa til frelse ved Kristus, til eit nytt liv i han, og til eit kristent fellesskap med kvarandre.” [7] I denne rørsla blei det danna overkonfesjonelle organisasjonar på både lokalt, nasjonalt, regionalt og internasjonalt plan. Men også innerkonfesjonelle organisasjonar blei danna særleg på regionalt og internasjonalt plan. Ein slik organisasjon på internasjonalt plan er Det lutherske verdsforbundet. I dag kan eit kyrkjesamfunn som ber med seg element frå fleire konfesjonelle tradisjonar, vere medlem i fleire konfesjonelle organisasjonar på same plan. For å gjere det økumeniske landskapet endå meir uoversiktleg finst det i dag også organisasjonar og avtalar som famnar fleire konfesjonar innanfor forskjellige konfesjonelle grupper. Europeiske eksempel på dette er Leuenberg-fellesskapet og Porvoo- avalen.

I dag er det mange som skil mellom ei ”økumene ovanfrå”[8] som ekspertøkumene for det meste på internasjonalt plan og ei ”økumene nedanfrå” som det økumeniske engasjementet på lokalt plan.

Dei fleste i Noreg som tenkjer økumene. tenkjer overkonfesjonell økumene på lokalt eller nasjonalt plan. Mitt økumeniske perspektiv i denne avhandlinga er litt annleis. Det er innerkonfesjonelt, sidan alle observasjonane mine er henta frå kyrkjesamfunn som er medlem av luthersk verdsforbund og det er regionalt sidan dei er henta i fleire europeiske land. Dei er også ”økumene nedanfrå” sidan det er personleg engasjement og personlege kontaktar som gjorde at prestar i andre land opna kyrkjelydane og heimane sine for meg.

2.4. Folkekyrkja

Når eg bruker omgrepet folkekyrkja, forstår eg det som ei kyrkje som ”omfattar heile folket”[9] og kyrkje som folket ber. Dette er nok eit litt anna folkekyrkjeomgrep enn det tyske ”Volkskirche” som kjem frå den tyske protestantismen og som finst for første gong hjå F.D.F. Schleiermacher tidleg på 1800talet. Folkekyrkja er for han kyrkja si framtid og eit alternativ til statskyrkja som ei kyrkje ”som ikkje står under staten sitt tilsyn eller formynderi”[10]Det er prega av Herder som ser på folket som ”Kulturnasjonen” som er igjen prega av språk og poesi. Etterkvart blir det eit kjenneteikn for folkekyrkja det at ein også aksepterer eit distansert medlemskap som legitimt. Slik er også Den norske kyrkja ”folkekyrkja med vekt på å vere ei kyrkje for alle som brukar ho ved livets store høgtider og markeringar”[11]

Protestantane i Tsjekkia var etter mi forståing folkekyrkje 300 år før omgrepet vart etablert og ein kan difor diskutere om det er legitimt å bruke folkekyrkjeomgrepet[12] på situasjonen der. Likevel endrar dette lite på det faktum at dei aller fleste i Bøhmen på denne tida var medlem av eit protestantisk kyrkjesamfunn.

2.5. Sitat

Sitata i denne avhandlinga er på nynorsk, sjølv om dei opphavleg er på bokmål, tysk, tsjekkisk eller latin. Dette gjeld både sitat frå feltet og frå litteratur. Feltnotata mine er på nynorsk og det skal også bli enklare å lese når ein slepp å veksle mellom forskjellige språk under lesinga. Det er difor eg avtalte med vegleiaren at alle sitata skulle vere på same språk- Alle over- og omsettingar er i utgangspunktet mine eigne.

2.6. Oppsummering

Prestebilete og prestekvardag i eit økumenisk perspektiv tar utgangspunkt i forskjellige prestebilete. Dette er sett av forventningar som presten både blir møtt av i tenesta si og som presten møter seg sjølv med. Desse forventningane blir igjen møtt av kvardagen som presten lever i. For å reflektere over dei skal dei setjast inn i eit innerkonfesjonelt og overnasjonalt økumenisk perspektiv og samanliknast med erfaringar frå prestetenesta i andre europeiske kyrkjesamfunn som er medlem av Det lutherske verdsforbund


 

3. Metode og kjelde 

3.1. Den praktisk teologiske metoden

Til å reflektere skal eg bruke den praktisk-teologiske metoden[13] som tar utgangspunkt i det ”metodiske tressteget”[14] ”Sjå – bedømme – handle”[15]. Sidan den praktiske teologien ikkje står åleine, men er i dialog også med andre vitskapelege disiplinar, bruker den også metodar og teoriar frå andre, særleg samfunnsvitskaplege og humanvitskaplege fag. Difor måtte også tresteget vidareutviklast for eksempel til ”regelkrinsmodellen”[16] eller til endå meir komplekse modellar[17]. Utfordringa med meir komplekse modell er at dei fort kan bli så pass komplekse at dei blir uhandterlege. Med det meiner ein ikkje at dei trenger å bli for komplekse til å handtere for den som til dagleg arbeidar vitskapleg, for eksempel ved eit teologisk fakultet, men at dei blir for komplekse for ein prest som er ute i praksis og som reflekterer over den røynda han eller ho lever og tener i. Men det er det eg er og det eg skal gjere. Eg skal difor halde meg til ein enklare modell. Eg skal ta utgangspunkt i den aktuelle kyrkjelege praksisen i dei tre kyrkjesamfunna og undersøke den gjennom at eg reflekterer over den med både eit sosiologisk og eit teologisk perspektiv. Eg skal difor ta med både ”historie og nåtidskunnskap”[18] for å kunne reflektere over kvifor ting er som dei er og korleis dei eventuelt kunne endrast. Målet mitt er å finne erfaringar og ordningar i økumenen som kan gi impulsar for prestetenesta og utviklinga i Den norske kyrkja og mi eiga presteteneste.

3.2. Grunnlaget for refleksjonen  

3.2.1. Avgrensing

Før ein kan reflektere må ein ha noko å reflektere over. Det er prestetenesta, prestebilete og prestekvardag i Den norske kyrkja som er utgangspunktet for refleksjonane. Dei skal så reflekterast over i eit økumenisk perspektiv. Den norske kyrkja har framleis nesten 4 millionar medlemmer[19] og over 1300 prestar som arbeider i statlege prestestillingar[20]. Det finst prestar som startar karrieren sin når dei er midt i 20-åra og sjølv om dei fleste går av med pensjon før, finst det også prestar som framleis er aktive som prest sjølv om dei over 70 år. Så kva presteteneste er det som er startpunktet mitt? Feltet må avgrensast[21]. Eg skal starte der eg er best kjent: i prestetenesta mi. Prestetenesta til ein prest midt i 30-åra som er prest ute på bygda. Presten har vore på staden i nokre år. Kyrkjelydane er oversiktlige og dei fleste som er medlem i kyrkjesamfunnet, veit kven presten er. Presten er gift og har som middel 3 barn i barnehage eller grunnskulen. 

Faktorar som motsettingane mellom by og land eller alderen til presten, kan få for stor innverknad på resultata. Det er difor ein fordel om den prestetenesta blir utført av prestar som er i ein situasjon som kan samanliknast med denne. Begge dei to prestane som skal observerast og som skal hjelpe med å gi det økumeniske perspektivet, er difor også mannlege prestar som er midt i 30-åra med familie og teneste der kyrkjelydane bur spreidd på bygder eller i småby.

For å kvalitetssikre resultata blir også erfaringane frå ein litt eldre prest i Noreg som også er prest på bygda, tatt med. Med dette slepp eg å basere meg berre på mine eigne erfaringar og meiningar om prestetenesta i Noreg. Det er ikkje uproblematisk at mine eigne erfaringar er nesten ein tredjedel av empirien. Det kan lett bli dominerande og subjektivt. Difor er det viktig å ta andre norske erfaringar med for å ta vare på objektiviteten. Desse erfaringane kjem først og fremst inn gjennom intervjuet med ein kollega, men også gjennom det eine eller andre sideblikket. Eg vil våge desse sideblikka særleg for at avhandlinga skal få overføringsverdi for fleire i Noreg. Dette gjeld også fordi eg er ein representant for dei omlag 5 prosent [22] av prestane i Den norske kyrkja som er innvandrar. Med dette er eg langt frå ein "typisk" norsk prest. Samstundes er nettopp denne bakgrunnen og kjennskapen til kyrkjesamfunn i andre land som kan gjøre det enklare å samanlikne. Det er ikkje uproblematisk å basere meg på mine eigne erfaringar sidan eg for eksempel ikkje kan observere meg sjølv slik som eg gjorde det med dei andre prestane.  Men for ein erfaringsbasert master er det også problematisk å ikkje ta med nettopp sine eigne erfaringar og det er difor eg vel  å gjere det.

Alle prestar som er med i feltarbeidet, er menn. Dette er tilfeldig og ikkje noko medvite val. Sjølv om det er over 50 år med kvinnelege prestar i Noreg og det blir fleire og fleire av dei, er framleis fleirtalet av prestane menn i både Noreg, Tyskland og Tsjekkia. Det kunne har vore kjekt å få med spørsmålet om kvinneprestar, men det kan også vere ein fordel å overlate dette til andre når ein må avgrense temaet. Så eg må nøye meg med at ingen av dei 4 prestane som er med på å levere empiriske data til denne avhandlinga, er kvinneprest, men ingen av dei er kvinneprestmotstander heller.

3.2.2. Å få tak i empiriske data  – Kvalitativ eller kvantitativ?

Det er prestetenesta til berre 4 prestar som leverer empiriske data til undersøkinga mi. Sjølv om ein avgrensar prestane til mannlege prestar, midt i 30-åra, med familiar og ei viss erfaring i prestetenesta og presteteneste på bygda, så kan dette utvalet på ingen måte krevje å vere representativ for prestetenesta. Det empiriske grunnlaget er lite, fordi ressursane både materielt og tidsmessig ikkje tillet ei større undersøking. Likevel er grunnlaget i alle fall for lite til å bruke ”statistiske, kvantitative metoder[23]. Dei kan ikkje krevje å vere representative eksempel, men dei kan danne motiv for prestebilete i den konteksten dei står i, ”det som fins”[24]: Kvardagen, tenesta og erfaringane deira kan likevel gi innsikt i korleis prestetenesta er i det enkelte kyrkjesamfunnet og korleis prestetenesta og prestekvardagen kan organiserast. For å få resultat må ein difor bruke kvalitative metodar: ”observasjon og feltarbeid, intervjuer og tekstanalyse[25]. Feltarbeidet burde ideelt ”være mer enn et par uker”[26] Men det er avgrensa kor mykje ein klarer å få til med 12 veker studiepermisjon og eit budsjett på kr. 15.000 som skal dekke alt. Eg må difor nøye meg med det eg får til innanfor desse rammene. Dette kan vere legetimt[27].

Katrine Fangen poengterer ”at det som kjennetegner kvalitativ metode generelt, og deltagende observasjon/feltarbeid spesielt, er en fleksibilitet med henhold til forskningsspørsmål.”[28]  Dette fekk eg oppleve undervegs. Tenkte eg i starten på eit stort prestebilete, så måtte eg etter kvart sjå at dette ville vere for omfattande. Eg skjøna at prestetenesta er så mangesidig og at det ville vere mykje meir strukturert og handterleg å nøye seg med enkelte mindre utsnitt, fleire små prestebilete. 

3.2.3. Å gå inn i observasjonen

Det er to prestar som gav meg lov til å fotfølgje dei i minst ei veke kvar. Eg fekk ikkje berre lov til å følgje dei i jobben, men fekk også bu i prestebustaden i denne tida. Dette feltarbeidet skjedde i september 2011 og i februar 2012. Feltarbeidet gjekk føre seg forskjellige stader og må difor nok kallast multilokalt.[29]  Eg kunne gå inn i ei rolle som gjest og observere opent. Som deltakande observatør kunne eg få tilgang til informasjon som ingen ville nemne i eit intervju.[30] Både kyrkjelydane og familiane til begge prestane er van med gjester i prestebustaden som er med i livet der og i kyrkjelydane. Dette gav mange gode og nyttige innblikk, men det gjorde det også tydeleg at eg ikkje kunne vere ”utelukkende forsker i forhold til aktørene, og [at] aktørene er aldri bare forskningsobjekt”[31]Eg observerte hos prestar som eg har eit personleg forhold til som venn og som studiekamerat. Dette gjer at dei stolte på meg og at eg fekk informasjon som dei nok aldri hadde gitt til ein ukjent forskar som berre var der som eit ”tilstedeværende subjekt”[32]. Men dette gir også nye utfordringar: ”Å opprettholde distanse og upartiskhet er alltid et problem i kvalitative studier, men problemet settes på spissen viss man har et personlig forhold til noen i det miljøet man utforsker.”[33]

Det viste seg å vere ein fordel at eg ikkje på nokon måte skulle bedømme i feltarbeidet mitt. Sjølv om begge prestane var interessert i observasjonane mine, ville dei ikkje tyde så mykje for dei. Eg kunne samle inn data og spørje undervegs om korleis ting er. Men som ein av prestane sa: ”Med det du spør om, får du meg til å sjå nytt på ting og å reflektere over dei.” Så observasjonane mine er for dei i alle fall ikkje meir enn ein spegel. Og dei er berre i den grad relevant for dei sjølv som dei sjølv gir dei relevans. Slik kunne feltarbeidet gå føre seg i eit avslappa klima.

Prestetenesta ver utført ikkje på rom med ein spegel som ein kan sitje bak og observere. Eg måtte difor vere synleg og gå inn i ei rolle. Eg gjekk inn i rolla som gjest og når eg, vart presentert vart det som regel sagt at eg heldt på med eit forskingsprosjekt i Noreg og skulle observere prestetenesta i Tsjekkia og Tyskland. Det var nesten aldri spørsmål om prosjektet, men ofte spørsmål om livet i Noreg. Slik kan eg gå ut i frå eit stillteiande informert samtykke[34] om å vere med i prosjektet.  Med å fortelje at eg heldt på med eit prosjekt i Noreg vart eg i stor grad ”ufarleggjord” for dei eg fekk møte, slik at eg langt på veg kunne delta ”i den sosiale samhandlingen slik at den glir naturlig,  men […] unngå å delta så aktivt at [jeg] selv bidrar til å endre samhandlingen på bestemte måter”[35] Eg kunne gå inn som deltakande observatør.

3.2.4. Feltnotata

Pål Repstad går inn for å ”lage et feltnotat så snart som mulig, helst umiddelbart etter observasjonen.[36]  Han krev også at alle ”feltnotater skal utstyres med nøyaktig dato og stedsangivelse[37] Sidan eg ofte observerte heile dagen har eg ikkje klart å gjennomføre dette. Rutineframlegget til Katrine Fangen derimot: ”En slik rutine kan være at du hver dag setter av i alle fall en time til å notere noen stikkord om hva som skjer for tiden og hva du må huske å spørre eller gjøre[38] Det viste seg å vere eit godt utgangspunkt for meg. Det eg gjorde var å ”skrive en egen forskningsdagbok [vanligvis] ved slutten av hver dag under feltarbeidet[39]. Men dette er feltnotata mine og kjem ikkje i tillegg til dei.

Dagboka og alle dei andre notata er på nynorsk[40] og innhaldet er anonymisert. Slik prøver eg å ta vare på konfidensialitet[41]. Sidan datamaterialet er av ganske lite omfang og prosjektet ikkje skal leggjast fram i Tyskland og Tsjekkia, vil eg framleis kunne identifisere dei enkelte, medan det vil vere vanskeleg for andre å gjere dette.

3.2.5. Intervju

Ei viktig kjelde frå feltarbeidet i tillegg til observasjonen er intervju. Eg bestemte meg for å gjennomføre 6 intervju: 3 med prestane og 3 med aktive medlemmer i kyrkjelyden.  ”Det er relativt vanlig å kombinere deltagende observasjon med kvalitativ intervjuing.”[42]For å få resultat som kan samanliknast laga eg ein intervjuguide med ”korte og lett forståelige”[43] spørsmål. Spørsmåla måtte også vere enkle å oversetje til tysk og tsjekkisk. Eg følgde intervjuguiden, ikkje slavisk, men prøvde å få svar på alle spørsmåla der[44].

Eg ville intervjue prestane for å få tak i nokre tal og fakta og for å kunne vurdere det opp mot det eg observerte. I tillegg ville eg stille nokre av spørsmåla til ein person frå kyrkjelyden som skulle svare på dei ut frå sine opplevingar. På denne måten skal eg sjå om det er skilnad på korleis presten ser på seg sjølv og korleis han blir sett av kyrkjelyden. Igjen er datagrunnlaget tynnt. Eg måtte be prestane om hjelp til å finne dei rette informantane her sidan dei skulle ha ”en rolle som gjør at vedkommende stadig utsettes for den informasjonen som en vil ha tak i [, … være] samarbeidsvillig og motivert for å fortelle [, … ha] evne til å meddele seg [… og ha] en viss utpartiskhet i forhold til settingen”[45]. I tillegg måtte vedkomande ha tid til å svare på spørsmåla. Det vart tre aktive eller tidlegare medlemmer av sokneråda som eg fekk snakke med. To av dei var kvinner. Alle som eg snakka med, var positive til å svare på dei spørsmåla som blei.

3.3. Litteratur

Når det empiriske grunnlaget er lite, er det viktig å sjå det i ein større samanheng og bruke det. Litteraturen skal hjelpe til med å få inn informasjon på rett måte og å analysere den.  Eg er prest og familiefar til tre mindre barn og medei kone som jobbar turnus. Eg kan ikkje stikke av i fleire veker til eit teologisk fakultet med eit stort bibliotek som er fleire hundre kilometer heime frå når eg skal skrive og få tak i litteratur. Eg må nøye meg med det eg klarer å skaffe på øya mi. Eg er heldig og har heile studieutgåva av ”Thelogische Realenyzklopädie” med alle 40 bind ståande på heimekontoret mitt. Den kan levere mykje nyttig informasjon om både det eine og det andre.

3.3.1. Metodisk litteratur

Eg tek utgangspunkt i den praktisk-teologiske metoden slik ein finn den hos Swinton og Mowat som er pensumliterattur på portalkurset ”Prest og teolog i praksis”. I tillegg har eg jobba meg gjennom Stephanie Klein ”Erkenntnis und Methode in der Pratischen Theologie”, som eg opplevde som ei god innføring i den praktisk-teologisk metoden av nyare dato.

Til å førebu meg på feltarbeidet brukte eg ”Mellom nærhet og distanse” av Pål Repstad og  ”Deltakande observasjon” av Katrine Fangen.

3.3.2. Litteratur frå Tsjekkia

Litteraturen om prestetenesta i Tsjekkia fekk eg tilgang til gjennom det Det evangelisk-teologiske fakultetet i Praha.  Dette er eit lite fakultet de alle som publiserer, publiserer ikkje berre på tsjekkisk, men også på andre språk. Likevel var det vanskeleg å finne mykje her. Det eg kunne få var ”Der Beruf der Pfarrerin und des Pfarrers”, ei samling av førelesingar som blei haldne under eit Tysk- Tsjekkisk seminar om prestetenesta i Praha i 1996. Den er eit nok så kompakt materiale, men særleg førelesinga til Pavel Filipi gav mykje nyttig refleksjon. I tillegg klarte eg å få tak i ”Der durchnässte Pfarrer“, der den kjente tsjekkiske presten, poeten og politikaren Svatopluk Karasek reflekterer over presteutdanninga, presteteneste og politisk arbeid i det sosialistiske Tsjekkoslovakia og eksilet hans i Sveits. Den siste boka frå Tsjekkia som eg skal bruke, er ”Leben im Pfarrhaus” som inneheld 11 intervju med kvinnelege prestar og prestefruer. Dei to bøkene bruker eg mest som bakgrunnsinformasjon og forholdsvis lite aktivt.

Utover det har eg ein del litteratur om tsjekkisk kyrkjehistorie og særleg om pedagogen og biskopen Jan Amos tilgjengeleg.

3.3.3. Tysk litteratur

Etter murens fall endra mykje seg, også for kyrkja. For første gang på lenge kunne ikkje alle som ynskte å bli prest få lønn frå kyrkja. Det er i denne situasjonen ein byrja å spørje: Kva slag prestar er det vi vil ha?  Kva ventar vi av prestane? I løpet av 1990-talet og det første tiåret på 2000-talet laga ein difor fleire utgreiingar både om prestebilete[46] og om framtida for heile kyrkja[47]. Nokre av dei kjenner eg til frå tida mi i kyrkjemøtet i Sachsen, andre har eg klart å få tak i medan nokre er utilgjengelege frå utposten min. I alle fall skal eg ikkje bruke dei aktivt, men dei skal først og fremst vere bakgrunnsinformasjon for meg til å forstå utviklinga. Desse utgreiingane igjen førte til meir diskusjon og fleire bøker som reflekterer over diskusjonen om utviklinga.  Her måtte eg plukke og bestemme meg for nokre av dei: Den nåverande formannen i rådet til EKD, Nikolaus Schneider, gjengir i lag med Volker A. Lehnert diskusjonen om prestebiletet med nokre impulsar for framtida. Medan  Christian Grethlein ser på kva endringane i presteyrket vil bety for teologistudiet og dei teologiske fakulteta. Definisjonen av ”folkekyrkja” og korleis dette omgrepet kan brukast i vår tid, er utgangspunktet for dei ekklesiologiske refleksjonane til Kristian Fechtner.  Mens Ulrike Wagner-Rautar tek for seg embetsteologien for eit nytt presteembete, prøver Islode Karle å definere presteyrket som profesjon.

Vidare kan eg bruke litt kjeldemateriell som eg fekk tilgang til under feltarbeidet. Det finst nok mykje meir av brukbar litteratur i Tyskland, men dette er utvalet mitt og det som er tilgjengeleg og handterbart for meg.

3.3.4. Norsk litteratur

Også når det gjeld den norske litteraturen må eg avgrense meg. Det er Stiftelsen Kirkeforskning som har sett på arbeidsvilkåra til prestane og eg skal bruke fire bøker av rapportserien derifrå[48]. Rapportane viser kor mykje både leiarstrukturen og forventningane til prestane har forandra seg berre i løpet av dei siste 20år. Morten Huse fungerer også som utgivar for ei bok som er utgitt under tittelen ”Prest og ledelse” i serien Kirkeforum til Verbum.

Viktige refleksjonar om prestebilete og prestekvardagen finn eg også i ”Jeg er jo ikke Jesus heller” av Inger Helene Nordeide, Anders Skogstad og Ståle Einarsen.  Ei anna viktig kjelde for meg er utgreiinga til Den norske kyrkja si presteforeining ”Ledelse i folkekirken”. Hovudkjelda for den kyrkjehistoriske bakgrunnen er ”Norsk kirkehistorie” av  Oftestad, Rasmussen og Schumacher.

3.4. Oppsummering

Det er mine erfaringar og informasjonane frå feltet som dannar kjeldene for refleksjonane mine. Det er særleg den kyrkjelege praksis i Noreg i ei tid der Den norske kyrkja står framfor store endringar som er utgangspunktet mitt. Det er det eg skal jobbe med etter den praktisk teologiske metoden[49]. Informasjonen frå feltarbeidet skal gi det økumeniske perspektivet og det som er tilgjengeleg av litteraturen, skal gi bakgrunnen for refleksjonen. Denne refleksjonen skal gi peikepinn for moglege utviklingar.


 

4. Kyrkjehistorisk bakgrunn

”Å halde kyrkja i bygda”[50] er eit tysk ordtak. Og med kyrkja følgjer presten.  Men korleis kom presten til bygda? I dag er presten og tenesta hans i alle fall der. Men kva er ein prest og kvifor er han der? Før vi går inn i prestelivet til prestane, skal det skisserast korleis oppgåva og embetet vart til.

4.1. Frå apostlane til prestane

I utgangspunktet er prestar: ”religionsleiarar som skiljast som kultforstandar frå mengda av tilhengarane til ein religion fortrinnsvis gjennom ei spesiell kraft og gjennom  oppgåva som formidlar mellom Gud og menneska.”[51]

I kristendommen er det Kristus som er øvstepresten og mellommannen. I tillegg venta dei første kristne at Jesus skulle kome att nok så fort. Men som tida gjekk kom også behovet for struktur. Etter kvart fekk kyrkja forskjellige embete og embetsstruktur. Allereie i pastoralbreva kan ein legge merke til den etterpaulinske ”samansmeltinga av den paulinske episkopalordninga og den palestinske eldsteordninga”[52] Det er allereie Igantius frå Antiokia som nemner det tredelte hierarkiske embetet: Biskop, eldste og diakon. Det var biskopen som skulle leie kyrkjelyden og gudstenesta. Dei eldste vart rådgivarane hans medan diakonane vart medhjelparane i det sosiale arbeidet. Då distriktet og kyrkjelydane til biskopane vart større og større, fekk dei eldste fullmakt og oppdrag frå biskopen til å utføre mykje av oppgåvene hans. Med synoden i Ancyra i 314 var presteembetet etablert. Prestane fekk i oppdrag å forrette den prestelege liturgien. Allereie denne gongen fekk presteembetet mykje av den gamle prestefunksjonen, men det norske ordet prest skriv seg frå det greske ordet for eldste ”presbyter”, og ikkje frå ”hiereus”, som er det greske ordet for prest.

I middelalderen trekker Petrus Lombardus ei direkte linje frå prestane som mellommenn i det gamle testamentet til det kyrkjelege prestedømet.[53] Nå blir ”presten forstått i analogi til den gammaltestamentlige offerprest, noe som korresponderte med forståelsen av nattverden som en offerhandling.”[54]

4.2. Den tsjekkiske reformasjonen og utviklinga der

Som lutheranarar er vi vane med at reformasjonen i Mellom-Europa starta i 1517 i Wittenberg. Men reformatoren i Wittenberg var ikkje den første reformasjon[55] i Mellom-Europa.

Det var nesten hundre år før Martin Luther blei født i 1483 at forskjellige konfliktar i Bøhmen tilspissa seg. Dette gjeld både konfliktar i kyrkja, i aristokratiet og ikkje minst ved universitetet i Praha. Jan Hus[56], som blei født rund 1371, blei i 1402 predikant og administrator for Betlehemskapellet i Praha. Han var frå 1396 professor på artistfakultetet, frå 1400 prest og i 1401/1402 også dekan for artistfakultetet.

Hus engasjerte seg sterkt i universitetsstriden og støtta kong Vladislav. Etter universitetsreforma i 1409 forlet mange tyske professorar og studentar Praha og danna blant anna universitetet i Leipzig. Hus vart valt til rektor for universitetet i Praha. Han var ein tilhengar av det å preike på folkespråket, talte mot avlat, var kritisk mot pavekyrkja og han tillèt at også lekfolk fekk kalken under nattverden. Det som skulle bli brukt mot han, var at han i diskusjonar både ved universitet og med kyrkja forsvarte John Wyclif[57].  Under Pave Johannes XXIII. blei skriftene til Wyclif i 1412 og 1413 forbodne og brente. Hus reiste i 1414 til konsilet i Konstanz etter at den tyske kongen Sigismund garantere for tryggleiken hans. Likevel blei han etter berre nokre få veker i Konstanz arrestert og den 6.7.1415 brent som kjettar.

Det var i grunnen først det som utløyste den husittiske reformasjonen. Symbolet for denne reformasjonen blei kalken, sidan alle skulle kunne få både brød og vin under nattverden, medan fram til då var det berre presten som fekk ta i mot Jesu blod. Med aksept frå kongen og støtte frå aristokratiet hadde dei husittiske reformprestane i 1416 tatt over alle kyrkjebygg i Praha.

Husittane blei ei brei folkerørsle med fleire strømmingar som engasjerte heile folket frå fattigmann til aristokratiet. I 1420 blei dei i Praha einige om fire artiklar: 1. Fri forkynning, 2. Nattverd med både brød og vin også for lekfolka, 3. Avkall på verdsleg makt og eigedom for presteskapet og 4. offentleg avstraffing av dødssyndene også for medlemmer av presteskapet.

Husittane klarte å forsvare seg militærært både mot den tyske kongen og pavekyrkja, men kriga til dels også mot kvarandre. Med den bøhmiske vedkjenninga, confessio bohemica, i 1535 og 1575, stadfestar to husittiske retningar og lutheranarane i Bøhmen sin einskap[58]. Mellom 1564 og 1593 får dei med ”Bible kralická” bibelen på folkespråket. Katolikkane var berre ein minoritet i landet[59].

I om lag 200 år frå 1400talet til 1600talet skulle det vere ei protestantisk folkekyrkje i dei bøhmiske landa som ei kyrkje som ”omfatta heile folket”[60] og kyrkje som folket ber og dei aller fleste i Bøhmen på denne tida var medlem av eit protestantisk kyrkjesamfunn.

Så kom Trettiårskrigen 1618-1648 og under ”Slaget ved Kvitefjellet”[61] tapte den protestantiske bøhmiske kongen mot den katolske keisaren.  Motreformasjonen fekk fri bane. Habsburgerane oreignar det protestantiske aristokratiet og hentar Jesuittane for å rekatolisere  landet. Protestantane må bli katolikkar, røme eller gå under jorda. Nokre av dei som rømer, finn etter kvart asyl hos Greven Nikolaus von Zinsendorf, som også er viktig for den norske pietismen.

I 1628 forlet den siste protestantiske biskop, Senior Jan Amos Comenius[62], dei bøhmiske landa. Etter dette eksisterer protestantane frå den bøhmiske reformasjonen i dei bøhmiske landa berre i løyndom. Comenius blir etter kvart aktiv i skulevesenet blant anna for den svenske kongen og meir kjent som pedagog enn som teolog[63] . I dag blir han kalla ”grunnleggaren av den moderne pedagogikken”[64] eller ”lærar for alle nasjonar”[65].

Det som kjem nå, er det som tsjekkiske historikarar sidan 1800talet kallar for ”Temo”, mørke.  I 160 år er det å vere  protestant totalt forbode.  Fram til opplysningskeisaren Joseph II. i toleransepatentet i 1781 tillet nokre lutherske og kalvinistiske ”kyrkjer”. Å vedkjenne seg til den bøhmiske konfesjonen er framleis ikkje lov. Det må vere minst 100 familiar eller 500 menneske som melder seg inn for å få eit slikt bedehus. Dei har ikkje lov til å ha tårn eller kyrkjeklokker og det er framleis den romersk-katolske kyrkja som får kyrkjeskatten.  Likevel etter berre 5 år er det 78 000 som har registrert seg som protestantar[66].  Full religionsfridom blir det først då staten Tsjekkoslovakia blir danna i 1918. Med Tomáš Garrigue Masaryk fekk den unge staten ein protestant som sin første president. Same året vart den augsburgske kyrkja og den helvetiske kyrkja gjenforeina til Den evangeliske kyrkja til dei bøhmiske brødrene. Denne kyrkja bruker igjen den bøhmiske vedkjenninga og vedkjenner seg til sine husittiske, kalvinistiske og lutherske tradisjonar.  Etter ti år hadde den 250 000 medlemmer i 120 kyrkjelydar over heile landet[67].

Så kom München- avtalen i 1938 og med denne den tyske invasjonen og andre verdskrig. Etter krigen hemna tsjekkarane og slovakane seg på den tysktalande befolkninga i landa og jaga dei ut. Så vart  40år med kommunisme etterfølgt av 20års materialisme som gjorde Tsjekkia til det kanskje mest sekulære landet i Europa[68].

Fram til i dag er det øvrigheita, dvs. staten som betaler størsteparten av lønna for prestane både hos protestantane og katolikkane. Til gjengjeld gjekk kyrkja på 1950-talet med på at prestane[69] måtte ha  løyve frå staten for å kunne utøve yrket sitt. Staten kunne også inndra dette løyvet eller bruke det til å presse prestar og det gjorde dei rikeleg med prestane som sympatiserte med eller som hadde underteikna Charta 77[70]. Det var nok mange protestantiske prestar som skreiv under dette dokumentet som kravde menneskerettar i Tsjekkoslovakia etter den russiske invasjonen der i 1968 og KSSE-konferansen i Helsingfors i 1973. Det var langt fleire protestantiske enn katolske geistlege som skreiv under og endå langt fleire som sympatiserte. Nokre av dei som var med frå starten av, kjenner eg personleg frå studietida i Praha og dei underviste både meg og presten der eg gjennomførte feltarbeidet i Tsjekkia.

4.3. Martin Luther, den tyske reformasjonen og utviklinga der

Reformasjonen i Tyskland var ei folkerørsle som engasjerte folket frå bøndene til aristokratane.  Etter reformasjonen og etter at religionsfreden i Augsburg i 1555 blei stadfesta i den westfalske freden i 1648, var ”ius reformandi” gjeldande i heile Tyskland. Herskaren i landet fekk bestemme konfesjonen i landet, om den skulle vere romersk-katolsk, luthersk eller kalvinistisk reformert. I utgangspunktet var alle fyrstane i Nord- og Aust-Tyskland enten lutherske eller reformerte. Difor måtte også folket bli det eller rømme. At fyrst Friedrich August I i Sachsen på 1700-talet blei romersk-katolsk utan å utøve ”ius reformandi”. kan vere ei av årsakene til at kyrkja der er nok den mest lutherske av folkekyrkjene i Tyskland. I Preussen derimot gjekk fyrst Johan Sigismund på 1600talet frå å vere luthersk til å vere kalvinistisk reformert. Også han gav avkall på ”Ius reformandi”. Då Preussen seinare opna porten for franske kalvinistar og fekk seg nye område i Nordvest-Tyskland vart det fleire reformerte i befolkninga.

I 1817 samla kong Friedrich Wilhelm III både dei mange lutherske og dei få reformerte kyrkjelydane i  statskyrkjene sine til eit evangelisk statskyrkjesamfunn. Denne unionen var i starten berre administrativ, men etter kvart vart det fleire kyrkjelydar som godtok både den augsburgske og den helvetiske vedkjenninga. Med ein reformert herskar i spissen som fram til 1918 også fungerte som ”summus episcopus”, fekk nok kyrkjestrukturen også eit tydeleg kalvinistisk reformert preg. Dette la eg merke til under feltarbeidet i eit område som i dag er ein del av den evangeliske kyrkja i Mellom-Tyskland, men som tidlegare var ein del av den preussiske kyrkjeprovinsen Sachsen.

Det var etter den første verdskrig i 1918 at det vart slutt for statskyrkjesystemet og kyrkja blei fristilt frå staten.

Etter nasjonalsosialismen, andre verdskrig og 40år med sosialisme er det mindre enn 10% av befolkninga i delstatane Thüringen og Sachsen-Anhalt som er medlem av det som framleis ser på seg sjølv som ei folkekyrkje. Samstundes minkar folketalet ute på bygda og det parokiale systemet eksisterer i praksis berre på papiret.

4.4. Statsreformasjonen i Danmark-Noreg og utviklinga fram til i dag

Etter at han erobra København i 1536, arresterte Christian III av Danmark-Noreg alle danske biskopar, mens dei norske biskopaner berre blei avsett. Han bestemte at klostra skulle ennå ikkje oppløysast, men munkane og nonnene fekk forlate dei. Så kalla han ein av medarbeidarane til Martin Luther, Johannes Buggenhagen, til København for å innføre reformasjonen. Buggenhagen leia også kroningsseremonien for kongen og seinare innsettinga av nye lutherske biskopar. I løpet av to år vart det innført ei luthersk kyrkjeordning  i begge land. I Noreg tok det nok i praksis litt lengre tid.

Ein brukte også i den no lutherske kyrkja, ”de prester og andre ansatte som fantes fra før”[71].Rett etter reformasjonen brukte ein superintendentar i staden for biskopar, men etter kvart kom omgrepet biskop i bruk igjen[72]. Biskopane fekk nå lønna si direkte frå statskassa, mens prestane levde av inntektene til kallet og eintredje del av skatten i prestegjeldet.

Prestane var eit viktig ledd i embetsaristokratiet. Dei var kongens menn ute i distriktet. I eineveldet si tid blei presten ”et viktig redskap for kongemakten inn i de enkelte lokalsamfunn. Presten ble statsmakten sin representant, både på det religiøse område og på andre samfunnsområder.”[73]

I 1629 fekk dei eit nytt organ, ”prestens medhjelpere”[74], som var starten på dagens sokneråd.  

Det var frå slutten av 1600-talet og særleg på 1700-talet at pietismen byrja å setje sitt preg på Noreg. På 1730-talet innførte Christian IV statspietismen, pietistisk kristendom via lovgiving[75]. Kongen gjekk her for ein pietisme som var prega av August Herrmann Francke i Halle. Men han var også i kontakt med Nicolaus von Zinsendorf. Greven Zinsendorf var den som gav bøhmiske protestantar lov til å busette seg på eigedomen hans, der dei grunnla byen Herrnhuth. Under opphaldet hans i København fekk han skulda for ei radikalpietistisk vekking og det gjorde nok at kongens val falt på Halle og ikkje Herrnhuth. Som ein del av statspietismen måtte ein for eksempel etter 1736 vere konfirmert for å kunne gifte seg. Men også på andre område, særleg i skulevesenet, sette pietismen sitt preg på land og kyrkje.

Namnet Hans Nielsen Hauge står for ein særnorsk tradisjon i den yngre kyrkjehistoria.  Rundt 1800 var han leiar for ei vellykka protestrørsle ”mot eneveldets embetsstand[76] og den mest vellykka vekkinga i Noreg. Gjennom sitt ”testamente til sine vener” sikra han at mange myndige pietistiske lekmenn likevel skulle bli i statskyrkja i staden for å danne frikyrkjesamfunn. Det er også i denne tida grunnlaget for det fram til i dag sterke norske misjonsengasjementet vart lagt.

I vekkelseskristendommen ble presten […] frakjent sin selvskrevne status som religiøs formidler og veileder.”[77] Han vart framleis respektert, særleg av dei utanfor kjernen i kyrkjelyden, men han møtte no også myndige lekmannsfolk.

Grunnlova i 1814 la det rettslege grunnlaget for statskyrkja slik som det skulle vere frem til 2012. Ein milepæl i denne tida er opphevinga av konventikkelplakaten i 1842 som gav lekfolka høve til å ha religiøse samlingar utan kontroll og tilsyn frå presten. I 1843 fekk katolikkar igjen høve til å danne ein kyrkjelyd i Christiania og med dissenterlova i 1843 vart det også lov med frie kyrkjelydar, medan forbodet mot munkeordenar blei oppheva først i 1897 og mot jesuittar først i 1956. Fram til 1880 måtte også alle statlege embetsmenn vedkjenne seg til den evangelisk-lutherske trua. I 1889 blei skulen frigjord frå den kyrkjelege administrasjonen og i 1911 blei konfirmasjonstvangen oppheva. I 1920 vart sokneråda lovfesta og i 1933 bispedømeråda.

Etter den tyske invasjonen i 1940 gav 645 av 699 prestar i statskyrkja avkall på embetsdelen av tenesta si då dei slutta seg til dokumentet ”Kirkens Grunn”. At kyrkja med biskop Eivind Berggrav i spissen valde side så tydleg kan vere ei av årsakene til at kyrkja i Noreg framleis står sterkare enn i dei fleste europeiske land. Med små steg skulle kyrkja etter krigen få meir fridom: I 1969 kom Kyrkjerådet[78], frå same året skulle kristendomsfaget i skulen ikkje lengre vere heimla i statskyrkjeordninga. I 1984 kom Kyrkjemøtet og i 1997 fellesråda på kommunalt plan.

Kyrkja er framleis ei statskyrkje, men den er i dag alt anna enn ei kyrkje som blir dominert av prestane, sjølv om ein framleis kan finne enkelte medlemmer som påstår dette.

4.5. Oppsummering

Presterolla er ikkje noko statisk, men noko dynamisk. Den er i endring. Så langt har prestane ikkje blitt overflodige. Alle tre kyrkjesamfunna der eg observerte prestetenesta, var ein gong kyrkje for heile folket. I Tsjekkia er dei i dag ein liten minoritet, i Aust-Tyskland klamrar dei seg til folkekyrkjestrukturen og i Noreg er dei ferd med å gå frå stats- til folkekyrkje. Nesten i alle europeiske land minkar oppslutninga om kyrkja. I alle fall er det godt å løfte blikket for å utvide horisonten slik at ein kan gå framtida i møte.


 

DEL 2: PRESENTASJON AV SITUASJONEN – Prestetenesta i ulik kontekst.

5. Prest i Den evangeliske kyrkja til dei bøhmiske brødrane i Tsjekkia

Hausten 2011 reiste eg til ein småby vest i Tsjekkia for å følgje ein studiekamerat som er prest der litt meir enn ei veke. Presten var nettopp att komen frå ein studiepermisjon som han og familien fekk etter at dei i fleire månader måtte leve i ein prestebustad under ombygging. Eg kom reisande med buss og tog frå Praha og prestebustaden ligg rett ved jernbanestasjonen. Prestebustaden ligg i ein tidlegare tremannsbustad med eit kyrkjerom i første etasje, men utan klokkar eller klokketårn. Etter studietida i Prag er eg godt kjent med kyrkjesamfunnet. Tidlegare var eg sjølv med på fleire av dei store ungdomsleirane som kyrkjesamfunnet har kvart år. Det er ikkje første gongen eg er i landsbyen heller, men det er mange år sidan sist eg var der.

5.1. Presten og prestefamilien

Presten er gift og kona er heimeverande. Prestefrua har utdanning som leiketøymaker, men jobba aldri i yrket sitt. Ho er veldig aktiv i kyrkjelyden. Dei har 4 barn mellom 2 og 7 og fram til dei reiste i starten av sumaren, budde det også ei vietnamesisk jente der. Foreldra hennar prøver å finne jobb i ein anna by i Tsjekkia, medan ho gjerne ville halde fram på skulen sin. Ho dukka ikkje opp att etter sumaren. Dei to eldste borna blir undervist av mora i heimeundervisning. Dette er lov fram til 9. klasse, men mora vil gjerne undervise dei heime i prestebustaden fram til 5. klasse.

5.2. Prestebustaden

Det er kyrkjelyden som eig prestebustaden og buplikt for presten er ikkje diskusjonstema her, men det er sjølvsagt. Foreldra og besteforeldra er sjølv inne med eit større lån for kyrkjelyden slik at dei kunne pusse opp prestebustaden til ein nokolunde leveleg standard.

Prestebustaden er andre etasjen i kyrkjelydshuset. Kyrkjelyden bruker lokala i kjellaren som kyrkjerom og forsamlingslokale. På loftet har kyrkjelyden eit ungdomssenter som er i bruk ved utvekslingar og elles ein til to gongar i veka. For kome seg dit må ein gjennom prestebustaden. Denne bustaden består av prestekontoret som er offentleg, kjøkkenet som prestefrua karakteriserer som ”halvoffentleg”, og to soverom som er dei einaste private rom for prestefamilien på 6.

Presten jobbar i praksis midt i leilegheita og med fire små barn heime er det ofte krevjande å få arbeidsro. Dette seier han også sjølv. Han jobbar difor ofte tidleg om morgonen før borna vaknar, midt på dagen når borna kviler eller når alle fire er involvert i undervisninga og litt etter at dei har lagt seg, før foreldra sjølv legg seg nok så tidleg. Til gjengjeld så får barna ein far som er synleg og tilgjengeleg.

5.3. Kyrkjelydane

Presten er i utgangspunktet prest for kyrkjelyden i landsbyen og to preikestasjonar i nabolandsbyane. Der leiger dei rom av eit anna, endå mindre protestantisk kyrkjesamfunn. Det er i dette andre kyrkjesamfunnet prestefrua har røtene sine. Ved preikestasjonane har kyrkjelyden cirka 10 medlemmer og i småbyen cirka 40. I tillegg administrerer presten ein kyrkjelyd med 80 medlemmer i ei bygd med eiga protestantisk kyrkje med inkludert prestebustad. Prestestillinga der har stått ledig i fleire tiår. I området som presten har ansvar for, bur det om lag 50.000 menneske i ein radius på cirka 25 km rundt prestebustaden. Sjølv for minoritetskyrkjesamfunnet hans er dette ei diasporasituasjon. Dei som er med i kyrkjelydane er til gjengjeld ganske aktive.

Kyrkjelydane er organiserte etter personalprinsippet og ikkje etter parokialprinsippet som kyrkja i Noreg eller Tyskland. Dvs. at ein melder seg inn i kyrkjelyden og gjennom dette blir medlem i kyrkjesamfunnet. Ein kan difor bu i bygda og vere medlem i kyrkjelyden i småbyen og omvendt.

Kyrkjesamfunnet driv ei stor diakonal verksemd som er organisatorisk uavhengig frå kyrkjelydane, men som har tette band til dei. Bygdekyrkjelyden som presten forvaltar er eit tyngdepunkt for denne verksemda. Diakonien driv fleire institusjonar for handikappa og presten bruker ein dag i veka på å besøke bebuarane der.

5.4. Frivillige og tilsette medarbeidarar

Presten er den einaste fast tilsette i kyrkjelydane. Det er kyrkjesamfunnet som er arbeidsgivaren hans, men det er det lokale soknerådet som bestemmer kven som blir prest på staden og kva arbeidsoppgåver vedkomande skal utføre. Presten fungerer som dagleg leiar for kyrkjelyden. I tillegg til presten er det ein barne- og ungdomsarbeidar i ei prosjektstilling på 50% og det er presten som lagar arbeidsplanane hennar og som følgjer opp arbeidet hennar .

Ved sida av dei tilsette er det mange frivillige. Det er for eksempel frivillige som spelar piano eller elektrisk piano sidan dei korkje har organist eller orgel. Presten har også ansvar for å utdanne leke gudstenesteleiarar i regionen. Kurset går over 5 semester og når eit kurs er ferdig, startar eit nytt.  På denne måten fekk han 5 leke gudstenesteleiarar og ein prestestudent med på gudstenestene i kyrkjelydane sine. Med hjelp av dei er det gudsteneste nesten alle plassar kvar sundag og han får fri ein gong i månaden. Dei leke gudstenesteleiarane kan ikkje gi nattverd. Presten har berre halvparten av dei 160 gudsteneste for året. Også dei fire sundagsskulane, eit mor- og barnsenter i kyrkjelydshuset, engelskundervisning for mødre med barn, soknerådsarbeidet og ein del vedlikehald av bygningane står frivillige for. Prestefrua er med på mange av aktivitetane. Det er nok rundt  30  aktive frivillige i kyrkjelydane.

Den fremste lekmannen i kyrkjelyden heiter kurator og han eller ho er enten formann eller nestformann i soknerådet. Presten er då nestformann eller formann. Sidan presten som eg fekk følgje med, ser gåvene sine heller i forkynninga enn i det å organisere, er det i begge sokneråda kuratoren som er formann. På alle kontraktar som går ut over det daglege, er det alltid både presten og kuratoren som må signere.

5.5. Hovudoppgåvene

Det er klart forkynninga som er hovudoppgåva til presten. Med 80 gudstenester, nokre kyrkjelege handlingar, oppfølginga av dei leke gudstenesteleiarane og fleire bibeltimar for veka ,er det  det som både han og kyrkjelyden prioriterer. Det er nokså få kyrkjelege handlingar og dei fleste som kjem for å gifte seg hos presten, er ikkje medlem i kyrkjelyden og kyrkjesamfunnet. Likevel ser dei særleg på gravferdene og vigslane som eit høve til misjon.

Presten bruker også ein god del av tida si til å skrive søknader og følgje opp forskjellige prosjekt. Det er slik størsteparten av investeringane vert finansierte. Det er slik dei fekk taket til prestebustaden tett og det er slik dei fekk tatt loftet i bruk som ungdomssenter. Også kyrkja i bygda blei berga gjennom slik støtte frå EU og til dels også frå dei såkalla ”norske fond”. Dette er midlar som Noreg betaler for å få tilgang til den europeiske marknaden og som blir brukt til infrastrukturtiltak.

Eit problem ser dei i at presten i praksis er ”ansvarleg for alt”[79]. Det er han som reparerer toalettet og det er han som må koste gata framfor huset.  Prioriteringa både frå kyrkjelyden og prestane viser seg å vere  om lag den same i alle tre land og kan også finnast att blant andre norske prestar. [80]

5.6. Dagane i veka

Laurdagen skal vere ein familiedag. Prestefrua klagar litt over at sjølv om måndag og laurdag er fridagar, så er det nesten alltid folk som ringer i telefonen eller på døra og som ynskjer å snakke med presten og at han er lite flink med å vise dei til arbeidsdagane sine. For ho er det difor viktig å verne om laurdagen og måndagen. Dei prøver også å ta vare på gode rutinar for kommunikasjon, for eksempel gjekk dei på laurdagen tur, berre dei to, for å snakke med kvarandre.
På laurdagsettermiddagen er det ein liten familietradisjon med symjing for heile familien i eit badeland i den nærmaste litt større byen.

Sundagen såg det ut som om presten skreiv preika tidleg om morgonen. Kl. 9.00 var det gudsteneste i huset og jenta som spelte til salmane, fekk velje dei sjølv. Nokre salmar spela presten på gitaren. Det er plass til 40 og nesten 30 som kjem. Etterpå var det stor kyrkjekaffi. Det er alltid kyrkjekaffi her. Til middagen litt over kl. 12 kjem det ein teologistudent som skal halde gudsteneste i preikestasjonen og denne gongen blir presten med, slik som han gjer det med nok så jamne mellomrom.  Når alle er samla spør studenten om nokon kan spele på pianoet og det er nokon som kan spele melodien. Etter gudstenesta blir det to heimebesøk hos aktive familiar ved preikestasjonen.

Måndagen er vekefridagen for presten og han hjelper til med heimeundervisninga og tar seg av handelen. Han kjøper frå nedste hylle sidan dei rimelege produkta står der. Løna er lav både i tsjekkisk og absolutt målestokk. Elles er presten med borna på leikeplassen og hentar og leverer dei til diverse besøk hos venner.

Tysdagsføremiddagen skulle gå til administrasjon ved skrivebordet, men eit barn skader seg og det blir eit avbrot med legebesøk. Så blir det  administrasjon om ettermiddagen, men innimellom låser han opp og lager til for barneklubben som barne- og ungdomsarbeidaren skal ha. Så fikser han doen til kyrkjelydssalen. Så blir romet laga til for mor- og barnsenteret på onsdag.  

På onsdagsmorgonen startar arbeidsdagen kl. 6.00 fram til borna hentar pappaen sin til frukost kl. 7.30. Etter frukosten låser han opp salen. Det er frivillige som står for aktiviteten. Om kvelden skal det vere kyrkjelydsfest for dei som hjelpte med oppussinga av kyrkjelydshuset. Presten bruker dagen til å førebu den. Han skriv tale, ringer rundt, kjøper små gåver, og set ut stoler. Vanlegvis er det ein bibeltime om ettermiddagen. Den går ut denne onsdagen. Det blir ein fin fest og nytt er det at den er alkoholfri, sidan mannfolka i kyrkjelyden ville passe litt meir på helsa si.

Torsdagsmorgonen førebur presten bibeltimane, både for institusjonane og kyrkjelyden om kvelden. Så blir det administrasjon og 3 institusjonsbesøk. Her blir det både bibeltime og samtalar med enkelte bebuarar og tilsette. På veg heim att prøver han å løyse ein liten konflikt i kyrkjelyden, og det blir eit besøk hos ein som er sjuk.

Heile fredagsmorgonen og føremiddagen er presten med på eit styremøte der dei uttaler seg om forskjellige prosjekt som har søkt om støtte frå EU-fond. I denne tida har prestefrua heimeundervisning og ei gruppe for mødrer som ynskjer å lære seg å kommunisere på engelsk. Om ettermiddagen blir det tur til eit reklamebyrå i den nærmaste litt større byen for å ordne presentasjonen av resultata av det siste prosjektet dei sjølv fekk støtte for frå EU. Kvelden blir avslutta med bibeltime, og på veg dit, blir bilen fylt opp med folk som skal vere  med.

På veg heim att kjem det ein telefon om at kurset for leke gudstenestehaldarar på laurdag er avlyst sidan den kolliderte med noko anna. Så presten får fri på fridagen sin.

5.7. Presten i byen

Både presten og kyrkjelyden prøver å vere aktive bidragsytarar til samfunnet og særleg det kulturelle og sosiale livet i småbyen. Presten blei kalla til å vere med i eit utval som skal forbetre livskvaliteten i byen og setje i gang forskjellige tiltak. Presten engasjerer seg ikkje i politikken, men i samfunnet. Dette blir lagd merke til. Presten og prestefrua fekk kvar sine utmerkingar for engasjementet med mor- og barnsenteret og engelskundervisninga. Til festen etter oppussinga av kyrkjelydshuset vart det arrangert ein konsert og ordføraren kom med ei offisiell helsing. Det er ingen galleri i byen og sidan dekanen frå kunstfakultetet ved det nærmaste universitetet er med i kyrkjelyden, vurderer dei å bygge ei kulturkyrkje. Dette får også støtte frå dei fleste medlemmene i kyrkjelyden som har langt mindre sosial status. Presten er ansiktet for kyrkjelyden. Det er viktig for dei at dei blir sett og lagt merke til på ein positiv måte. Kyrkjelyden må vekse for å kunne overleve. Til dette må dei framstå som positive og ufarlege, ikkje som ei sekt. 

5.8 Oppsummering

Eg fekk oppleve ein prest som forstår tenesta si som i ei teneste på misjonsmarka sjølv om kyrkjesamfunnet hans ein gong var ei folkekyrkje. Det er vanskeleg å skilje når han er på jobb og når han har fri. Løna er ikkje noko å skryte av, men prestefamilien opplever situasjonen som eit kall til heile familien, sjølv om prestefrua nok må passe på at det også blir plass til privat- og familieliv. Dei er fattige, men engasjerte og kreative.


 

6. Prest i Den evangeliske kyrkja i Mellom-Tyskland

Feltarbeidet i Tyskland skjedde våren 2012. Presten er prest i Den evangeliske kyrkja i Mellom-Tyskland. Dette kyrkjesamfunnet blei danna i 2009 som ein fusjon av Den evangelisk-lutherske landskyrkja i Thüringen og den unerte Evangeliske Kyrkje for Kyrkjeprovinsen Sachsen. I tillegg til landsbiskopen har kyrkja fem regionalbiskopar og ein senior for den overregionale kalvinistiske kyrkjekrinsen. Kyrkja er delt in i 37 kyrkjekrinsar som vert leia av kvar sin superintendent.  Dei kan samanliknast med våre prosti.

Presten som eg kjem til, gjer teneste i utkanten av kyrkjesamfunnet. Halvparten av kyrkjelydane hans ligg allereie i ein anna delstat enn resten av kyrkjesamfunnet. Han bur cirka ein time frå Berlin. Han er også ein av to vara for superintendenten og ansvarleg for å lage rammene for arbeidsplanane for prestane i lag med dei og med sokneråda.

Vegen er enkel å finne og eg har vore der før på nokre korte besøk sidan eg kjenner presten frå starten av studietida mi.

6.1. Presten og prestefamilien

Presten og kona har 2 barn og prestefrua underviser fulltid som faglærar for religion på ein vidaregåande skule cirka ein halv time frå prestebustaden. Det kan nemnast at ho er den første prestefrua på staden som jobbar i yrket sitt. Prestelønna tek utgangspunkt i løna for faglærarar i staten, men kyrkja betaler berre om lag 80 % av den. Slik er det prestefrua som tener mest i heimen.

Borna er i barnehagen og på skulen i bygda med full plass på SFO. Vanlegvis blir dei henta mellom klokka eit og to, men full plass er naudsynt for å ta vare på fleksibiliteten for både presten og læraren. Vanlegvis er det presten som hentar dei,  medan kona tar seg av kveldsstellet medan presten er ute på forskjellige møter og samlingar.

Presten slit med å ha i det minste ein dag fri kvar veke, men prøver å vere til stades for borna om ettermiddagen så mykje som råd.

Presten var ein av dei første prestane som fekk inn i arbeidsplanen at han skulle har fri sjette kvar helg. Dette er no i ferd med å bli standard i regionen og spreiar seg i heile kyrkjesamfunnet.

6.2. Prestebustaden

Husa i området er låge så det er sjeldan det finst hus i to etasjar. Prestefamilien bur på loftet i kyrkjelydshuset med eigen inngang frå baksida av huset og prestekontoret i skjeringspunktet mellom den private og den offentlege delen av huset. Til huset høyrer det også ein carport med plass til 2 bilar og ein stor hage som er privat. Av og til opnar presten hagen for kyrkjelyden.

Det er kyrkjelyden som eig huset og presten har buplikt. Då presten byrja i stillinga, bygde dei om heile huset slik at det skulle svare til dagens standard og den er i alle fall på nivå med norske prestebustader, om ikkje eit hakk betre, sjølv om den ligg rett under taket.  Husleiga dei må betale ligg langt over vanleg leige i området. Buplikta opplevast som også utidsmessig sidan presten berre kan bu i ei av dei 15 bygdene som han er prest for. Til gjengjeld har nok kyrkjelyden større interesse i å halde huset ved like, enn det norske prestar er vane med frå OVF og kommunane.

For den offentlege delen av huset er det parkeringsplass framfor huset. Denne delen inneheld prestekontor, rom for arkivet og kontorhjelpa, undervisningsrom, kyrkjelydssal, kjøkken, do, bad og eit gjesterom som fungerer som overnattingsstad for dei som går den tyske delen av Jakobsvegen til Santiago de Compostela.

Ei kyrkje ligg rett ved sidan av huset, men om vinteren blir kyrkjelydssalen i huset brukt til gudsteneste, ikkje minst fordi det er for dyrt å varme opp sitjeplassane i steinkyrkja.   

6.3. Kyrkjelydane

I det området som presten arbeider i no var det før krigen 5 prester som tok eg av kyrkjelydane. Området som han er ansvarleg for. har 15 bygder og fleire frittliggande garder som utgjer til saman 11 sokn. Kvar av desse sokna er eit eige rettssubjekt. Dei blir representerte av 2 sokneråd som eigentleg er fellesråd. Eit i kvar delstatane som sokna ligg i. I kvart sokneråd sit det minst ein representant for kvart sokn og presten skal vere enten leiar eller nestleiar. Også her vel han å vere nestleiar. Organiseringa er parokial og i alle dei 11 sokna bur det til saman nesten 3000 innbyggjarar fordelt på fleire kommunar, og berre 600 av dei er medlem i kyrkjelydane. Eg la ikkje merke til andre trus- og livsynssamfunn der, men fekk høyre at katolikkane var med på ei økumenisk gudsteneste ein gong for året i området.  Det er ein stor skog med berre ein sti, men ingen direkte veg mellom dei sokna som dannar det eine soknerådet og dei sokna som dannar det andre soknerådet. Så presten må køyre over 30 kilometer for å kome frå det eine til det andre.

600 medlemmer er langt i frå nok for ei heil prestestilling, difor er presten allereie no ein dag i veka religionslærar i småskulen. Kvalifikasjonen til dette er ein del av presteutdanninga med mykje større fokus på undervisning enn det vi er vane med. I den eine delstaten vert det undervist religionsfaget slik som vår REL, medan det i den andre delstaten er ei konfesjonell religionsundervisning. Den er sikra gjennom ein avtale mellom staten og kyrkja. Staten bruker gjerne kyrkjelege tilsette i undervisninga, sidan dei både er kvalifiserte og ofte rimelegare enn om ein bruker eigne. I tillegg blir staten også meir fleksibel i personalbruken. Sidan prestefrua er den einaste religionslæraren på den lokale vidaregåande skulen, klarar presten og prestefrua  å følgje mange elevar gjennom heile skulegangen. Nesten halvparten av elevane i religionsfaget er ikkje medlem i eit kyrkjesamfunn, men dei vel religion i staden for etikk gjerne fordi undervisninga er av høgare kvalitet. Ofte veit elevane ingen ting om trua når dei byrjar. Men religionsundervisninga er nok ei av årsakene til at det blei fleire vaksendåp dei siste åra.  Elles er det ganske mange gamle i kyrkjelydane. Dei unge flytter ofte bort eller har ingen forhold til trua. I framtida må presten mest sannsynleg også gjere ein del diakonalt arbeid i byen for å sikre prestestillinga.

Medlemmane i kyrkjelydane er nesten utlukkande av utdanna folk: lækjar, ingeniørar etc. Det ser ut til å vere ein avstand mellom dei og arbeidarklassa.

6.4. Frivillige og tilsette medarbeidarar

Det er kontorhjelp i cirka 10% stilling og ein organist som får rundt kr. 120 for å spele ei gudsteneste. Det er dei som får pengar for tenesta si i kyrkjelyden. Presten fungerer som dagleg leiar for dei, men blir i administrasjonen også støtta av krinskyrkjeadministrasjonen som er ein serviceinstitusjon for kyrkjelydane. Alt anna ver gjort av frivillige. Dei engasjerer seg i råda, gjer reklame for kyrkjelyden både med kyrkjelydsbladet, i avisene og på dei offentlege og kyrkjelege oppslagstavlene. Dei engasjerer seg i kyrkjemusikken, for eksempel med eit lite kyrkjeleg korps, dei er reinhaldarar og kyrkjetenarar, er aktive i besøkstenesta, barne- og ungdomsarbeidet og førebuinga av kulturelle engasjement. Elles hjelper dei med det dei kan, for eksempel ved oppussingsprosjekt. Det er cirka 120 frivillige i kyrkjelydane og ikkje alle er medlem i kyrkjesamfunnet, men nokre blir det etter kvart.

Medan eg var der fekk eg oppleve at presten klarte å rekruttere to leke gudstenesteleiarar. Han skal følgje dei opp og etter kvart skal dei ta ei lita utdanning som er basert på nokre få kurshelgar. 

6.5. Hovudoppgåvene

Det var påfallande kor einige presten og kyrkjelyden også her var om presten sine oppgåver. Kanskje fordi dette er noko som dei vart einige om? Det er 56 gudstenester for året, som er omtrent det same nivået som eg har i Noreg. Det vanlege er 2 gudstenester på same dag, ei i kvart soknerådsområde.

Presten gjennomfører mange heimebesøk i løpet av ei veke. Han besøker alle medlemmer over 65 år kvart 5 år medan frivillige gjennomfører bursdagsbesøk med 4 år i mellom. I tillegg kjem sjukebesøk.

Det er mellom 15 og 20 gravferder kvart år og dei hamnar ofte på laurdagar sidan det er denne dagen dei pårørande kan vere med. Familiane er etter kvart ofte spreidde over heile Tyskland. Presten må difor gravleggje på laurdag, sjølv om dette inneber mindre tid med familien sin.

Også på laurdagar er det konfirmantundervisning i lag med nabopresten. Der samlar ein omtrent 20 ungdomar frå eit stort område til undervisninga. Logistikken tillet ikkje konfirmantundervisning i veka.  Presten er også lærar på grunnskulen.

Det som også her blir gløymd når dei skal beskrive oppgåvene, er administrasjonen. Også her blir størsteparten av investeringar finansiert gjennom ulike støtteprogram. Det virka som om sokneråda er meir aktive her. Likevel er det presten som er tilgjengeleg på dagtid og som må administrere prosjekta. Til å få tak i dei midlane som dei må skaffe sjølve, har dei støtteforeiningar til dei enkelte kyrkjene. Prestefrua er ganske aktiv i ei av dei, men presten slepp å gå så mykje inn i dette.

6.6. Dagane i veka

Eg kom til bygda om kvelden og gjekk rett inn i eit møte der dei to sokneråda sat i lag. Dei samordna gudstenesteplanane og andre aktivitetar og snakka om problemet med å få behalde ei full prestestilling. Det kom fram at folket sakna den folkelege praten med presten på gata. Han har ikkje tid lengre og allereie nå sit han mykje i bilen. Kyrkja forventar ei arbeidsveke på 54 timar i veka og nokre plassar forventar kyrkjelydane frivillig engasjement på toppen av dette. Her er dei einige om at det er umogleg å prestere godt i 54 timar på jobb kvar veke.

Frå laurdagsføremiddagen til litt ut på ettermiddagen er det konfirmantundervisning i den nærmaste byen. Det er cirka 6 frivillige, to prestar og ein diakon som er til stades for omlag 20 konfirmantar. Dette er to årskull frå både by og bygd i eit område med cirka 16.000 innbyggjarar og 2.600 protestantar. Det er prestane som ser ut til å vere dårlegast førebudd. Heldigvis har dei rutine og gode medhjelparar. På vegen heim att handlar vi litt og presten kan stå oppreist på den butikken han liker best og som er mest praktisk for han.  Han spøker om at han skulle ha kontortid på butikken og ikkje på kyrkjekontoret, der ingen oppsøker han. Resten av ettermiddagen og kvelden er fri.

På sundagen er det 2 gudsteneste. Ei om morgonen kl. 10 i ei kyrkje der det er 0 grader, men den er ei av 4 som framleis har eit fungerande orgel. Heime ved middagsbordet spør eit av barna om det ikkje hadde vore nok med ei gudsteneste denne dagen. Men presten skal ha ei runde til. Sidan det ikkje er orgel i dette vesle kapellet, bruker han gitar og ein CD med innspelt musikk som kyrkjesamfunnet har laga som hjelpemiddel. Totalt kjem det 16 på gudsteneste denne dagen og dette er presten svært nøgd med. Han ser sliten ut og innrømmer at han slit med øyresus.

Men heller ikkje måndagen blir fri. Først er det to heimebesøk og så skal konfirmantturen om to veker organiserast. Til alt overmål er det problem med dataanlegget. Han rekk å hente borna i 12-tida og på ettermiddagen blir dei med til tannlegen. I den offentlege delen av huset er det om kvelden bibeltime som presten førebur og leiar.

På tysdagsføremiddagen er det offisiell kontortid. Men det er nok ingen som kjem på kontoret bortsett frå kontorhjelpa og den eine fellesrådsleiaren som bruker å stikke innom rett før lunsjen. Så det blir tid til lesing av preiketeksten og meditasjon over den. Samtalen med fellesrådsleiaren er som ein samtale mellom ein styreleiar og ein dagleg leiar. Det er snakk om søknader og status i forskjellige prosjekt. Ettermiddagen er tid for borna og familien, medan kvelden går med på eit lengre heimebesøk.

Onsdagen er den 11. dagen på jobb sidan siste fridag for presten. Han seier at han søv dårleg og kjenner stadig på det å ikkje rekke alt han skulle ha gjort. På føremiddagen er det ulike prosjekt som må følgjast opp og ein ny sakshandsamar som ikkje har riktig oversikt over dokumenta i saka. Kyrkja opplever nok ikkje velvilje alle plassar og det er nok ein del byråkratar frå det gamle kommunistiske systemet som heng att i den statlege administrasjonen. Rett før lunsj blir det heimebesøk hos ei gamal dame som fyller 80år og vi blir nok dei einaste gjestene hennar denne dagen. Eit barn kjem heim med omgangsjuke. Men når prestefrua kjem att frå jobb, må presten av garde med ein kyrkjelydsettermiddag. For å effektivisere her driv han ein god del gjenbruk i førebuinga. Om kvelden er det eit soknerådsmøte.

Torsdagsmorgonen går igjen med til administrasjon. I 10-tida kjem leiaren for krinskyrkjeadministrasjonen som er ein service- og tilsynsinstitusjon for kyrkjelydane i fleire kyrkjekrins. Denne administrasjonen er først og fremst ein service for kyrkjelydane og hjelper til med alt frå bokføring til byggesakshandsaming. Dei tek seg også av eigedomsforvaltninga for kyrkja. Kyrkja eig ein god del grunn som er festa bort. Leiaren er på besøk for å høyre korleis tenesta fungerer etter ei omorganisering og for å sjå på lokale tilhøve, ikkje berre på papiret, men i realiteten. Det er administrasjonen som førebur vedtak og som administrerer dei, men det er sokneråda som vedtek dei. Ettermiddagen bruker presten til å førebu undervisninga på skulen på fredag.

Fredagen startar med fire timar på skulen. Etterpå blir det eit heimebesøk. Ettermiddagen blir brukt til å skrive preike og å få gudstenesta klar. Om kvelden arrangerer støtteforeininga for kyrkja, der prestefrua sitt i styre, ein kulturkveld for bygda til inntekt for kyrkjesaneringa. Presten er oppe med borna.

Laurdag er endeleg ein etterlengta fridag for presten som elles går til fysioterapi 2 dagar i veka for å halde øyresusen under kontroll.

På sundagen er det igjen 2 gudsteneste.

6.7. Presten i bygda

Presten er med på eit fotballag for å halde seg i form og for å ikkje bli redusert på prestegjerninga si. Han er re presentert i bygda som pappa for borna sine, men dette er berre ei av 15 bygder. Kyrkjelydane saknar praten med presten på gata som dei var vane med då det framleis var 5 prestar.

Det verker som om kyrkja og kyrkjelege aktivitetar et opp presten. Han har ikkje kapasitet til å vere meir enn prest og familiefar. Eit engasjement i kommunalpolitikken er heilt utenkeleg.

6.8. Oppsummering

Det er her parokialprinsippet vert sprengt: Ein prest kan ikkje vere synleg til stades i 15 bygder. Ingen klarar 54 timer og meir kvar veke på jobb i det lange løp. Presten kjenner på at han kjem for kort på alle område. Det er ikkje utan grunn at mange prestar i kyrkjesamfunnet har brent seg ut fullstendig i løpet av dei siste åra. Nokre ting i organiseringa er spanande, men kvardagen viser behovet for ei større avgrensing mellom teneste og fritid.


 

7. Prest i Den norske kyrkja

”Ved utgangen av 2011 var det tilsatt 1,335 prester i bispedømmene”[81] og det er staten ved bispedøma i Den norske kyrkja som er arbeidsgivar for dei. Utover det finst det fleire prestar som er tilsette i fellesråda, i institusjonar og hos andre arbeidsgivarar. Dei langt fleste som jobbar som prestar, er tilsette i eit av dei 11 bispedøma. Den situasjonen som eg legg til grunn her, er mine eigne erfaringar og to intervju med ein kollega og eit aktivt medlem i kyrkjelyden hans.  

7.1. Presten og prestefamilien

Begge prestefruene er i jobb og prestane har 3 barn kvar. Det er ikkje alltid at prestefruene jobbar 100%, i alle fall ikkje så lenge borna er små. Som årsak for dette nemnast den høge arbeidsbelastninga for prestane, uregelmessig arbeidstid og mykje jobbing i helgane. Det er eit mål at presten skal ha tilnærma normal arbeidstid med 37,5 timer i veka, men det er dei færraste som klarer dette. Det er nok heller normalt med 40 til 50 timer i veka. Det er også vanskeleg å skilje kva som er arbeidstid og kva som er frivillig engasjement. Ein går ut ifrå at prestane har ei særleg sjølvstendig stilling og dei er difor unntatt frå arbeidstidreglane i arbeidsmiljølova. Dei har ikkje regulert arbeidstid men regulert fritid. Dei skal ha fri 2 dagar i veka. Ein av desse dagane kan flyttast og takast ut på eit seinare tidspunkt. Dette gjeld for opp til 24 dagar for året. Minst ein gang i månaden skal presten ha frihelg, dvs. fri sundag og laurdag. Dette er sikra gjennom ein avtale med fagforeininga til prestane og kyrkjedepartementet.[82] Prestane har også fått ei vaktordning som sikrar at dei stort sett kan sove trygt om natta.

Norske prestar har etter det forholdsvis gode moglegheiter til å vere til stades i familien sin. Rammene er der, men det er nok eit ansvar for den enkelte prest å bruke dei. Eg sjølv måtte lære meg å få arbeidstida frå 60 timer i veka til litt over 40 timer som eg opplever som eit behageleg nivå.

7.2. Prestebustaden

Det er eit krav om at prestekontoret skal vere utanfor prestebustaden, slik at presten skal ha høve til å vere  heime når han/ho er heime og på jobb når han/ho er på jobb. Å ha eit forsamlingslokale for kyrkjelyden i prestebustaden, slik som det er vanleg i Tsjekkia og Tyskland, har blitt nærmast utenkeleg i Noreg. Det blir fleire og fleire prester som bur i eigen bustad. Det er ikkje kyrkjelydane som eig prestebustadane, men ei stifting, OVF, og kommunane som er pålagte å stille prestebustad til disposisjon. Presteforeininga har ei meir fleksibel ordning som mål: ”Der hvor ordningen anses å fungere rekrutterende beholdes flere tjenesteboliger enn i andre deler av landet.[83]. Det er også den største fagforeininga til prestane som har formulert standardkrav for prestebustadane[84] som bispedøma, OVF og kommunane orienterer seg mot.  Som ei utfordring med prestebustadane  opplevast ein fråverande eller passiv eigar. Dette fører til at bustadane ver nedslitne og kontinuerleg vedlikehald opplevast som eit framandord.  Det blir ofte større oppussingar ved presteskifte.

7.3. Kyrkjelydane

Presten er som hovudregel sokneprest i eit eller to sokn. Der sit han i soknerådet og har ansvar for kyrkjebokføringa. Dei fleste prestane jobbar etter kvart i eit presteteam og presten har teneste i fleire sokn enn dei han er sokneprest for. Hovudtyngda skal likevel ligge der, der han har denne funksjonen. Ein prest har til vanleg ansvar for 2000 til 3000 innbyggarar, der ein kan gå ut i frå at over 80 % av dei er medlem i kyrkjesamfunnet. Etter geografien kan dette talet variere frå 1500 og opp til sirka 4500.

Kyrkjelydane har uttalerett når ein ny prest skal tilsetjast men ikkje meir enn det. Det er også lite dei skulle ha sagt når det gjeld prestane sin arbeidsplan. Til gjengjeld er presten berre ein av fleire medlemmer i soknerådet og berre ein av prestane i kommunen sit i det kyrkjelege fellesrådet. Der er det ikkje sjølvsagt for alle at presten ikkje berre har uttalerett, men også stemmerett. Soknerådet vedtek planane for kyrkjelyden som presten skal jobbe med, men kan ikkje tvinge presten til å gjere dette. Det kan også opplevast ein kultur der ein er veldig nøye med at den tidlegare så mektige presten ikkje skal få for mykje å bestemme. Samstundes ser dei fleste medlemmene i kyrkjelyden framleis på presten som den fremste representanten for den lokale kyrkja og er nok ikkje alltid klar over kor lite fullmakter han faktisk har. Vi har ”en ‘samvirkemodell’ hvor presteembete og råd ses som ‘selvstendige men ikke uavhengige’ organer[85].

Det er framleis ei forventning om at ektefellen til presten engasjerer seg i kyrkjelyden, men nokre er litt tilbakehaldne med engasjementet sitt nettopp fordi dei ikkje ynskjer å bli reduserte til” prestefrua”, men sett som individ.  

7.4. Frivillige og tilsette medarbeidarar

Dei fleste prestar er i dag sokneprestar og difor likestilte i høve til kvarandre. Dei har alle prosten som overordna og det finst nokre sokneprestar som samordnar arbeidsplanane til prestane på vegne av  prosten som koordinerande sokneprestar. Men dei er berre primus inter pares. Det er berre nokre få kapellanar att i byane som har soknepresten som sin nærmaste overordna.

Dei andre kyrkjelege tilsette har fellesrådet som arbeidsgivar. Fellesrådet har med kyrkjeverja ein eigen dagleg leiar. I tillegg skal for eksempel både kateketen, diakonen og organisten vere leiarar for den kateketiske, diakonale og kyrkjemusikalske tenesta i kyrkjelyden. Samanlikna med Tyskland og Tsjekkia kan det opplevast som om vi har forholdsvis mykje administrative stillingar og nok så mange leiarar, men få som blir leia. Presten fungerer ofte som ein prosjektleiar for den enkelte gudstenesta, gravferd eller vigsel med dei ressursane som kyrkjeverja stiller til disposisjon.

Det er stor variasjon i kor mange frivillige medarbeidarar det er i kyrkjelydane. Det er ei forventning om å få ei teneste. Ofte er det få som engasjerer seg direkte i kyrkjelyden og mange slit allereie med å få nok folk til sokneråda. Dei fleste som engasjerer seg, dei engasjerer seg i lag og foreiningar som er tilknytt bedehuset eller kyrkja. Kor godt samarbeidet her er, er avgjerande for kor mykje dei engasjerer seg i kyrkjelyden. Klokkarstillinga er mange stader blitt ei frivillig oppgåve, men utover dette blir grunnforsyninga dekka av løna medarbeidarar, mens det meste på kontinentet blir utført av frivillige utan løn.

Vi har ein tydeleg stats- og folkekyrkjeprofil, der presten skal arbeide og mykje av arbeidet skal utførast av profesjonelle. Det er høge krav på profesjonalitet. Eit slikt krav blir av og til så stort at frivillige ikkje vågar å engasjere seg i kyrkja. Dette har kyrkjesamfunna på kontinentet ikkje råd til. Det er også påfallande at vi ikkje har mange fleire og at det blir utdanna få nye leke gudstenesteleiarar. Eg sjølv har opplevd velsigninga av ein lek gudstenesteleiar og har vanskeleg for å forstå kvifor vi ikkje har fleire av dei.

7.5. Hovudoppgåvene

Det er ”Tjenesteordning for menighetsprester[86] som bestemmer hovudoppgåvene til presten og prioriteringa av dei:

” § 2. Presten skal forvalte Ord og sakrament slik at kristen tro og kristent liv fremmes i menighetene ved å a)               holde forordnede gudstjenester og forrette kirkelige handlinger,
b)           utføre dåps- og konfirmasjonsopplæring,
c)            utøve sjelesorg og veiledning, gå med dødsbud, reise i soknebud og også ellers besøke syke og
d)           utføre forkynnerarbeid og i samråd med menighetsrådet annet menighetsbyggende arbeid.
        Presten skal også utføre andre gjøremål som er eller måtte bli pålagt ved lov eller bestemmelse av Kongen eller departementet.
        Presten skal forberede ovennevnte gjøremål og sette av nødvendig tid til studium og personlig fornyelse.
[87]

Gudstenestene og kyrkjelege handlingar har klart den største prioritet. Så kjem dåps- og særleg konfirmantopplæring før ein kjem til sjelesorg, anna forkynnararbeid og oppbyggande arbeid i kyrkjelyden. Det er også her vi finn stats- og folkekyrkjeprofilen: Presten skal sikre tenesta for kyrkjelyden og vere der ved livets kriser og markeringar, men elles ikkje forstyrre kvardagen. Det er ved ritane i livet ein har bruk for presten.

Norske prestar harnok så mange gravferder og vigslar. Det er ikkje uvanleg med 40 gravferder og 10-15 vigslar per prest per år. Det er også mange dåp, der presten har ansvar for dåpssamtalane i førevegen. Mange gudstenester og kyrkjelege handlingar kan ofte føre til at det blir lite tid til sjelesorg og anna oppbyggande arbeid der presten kan utfalde seg litt med sine eigne gåver.  Ofte har prestane difor organisert tenesteveker der ein prest har ansvar for kyrkjelege handlingar i eit større område i ei veke og rom for andre oppgåver i dei andre vekene. Noreg er også det einaste landet der prestane er vigselmenn, slik at folk slepp å gifte seg både borgarleg og i kyrkja.

Det er ein særnorsk spesialitet at prestane går med dødsbod til alle uansett om dei er medlem i Den norske kyrkja eller ikkje. Prestane har ei vaktordning med ein vakthavande prest i prostiet i helgane og på kvelds- og nattetid. Dei fleste prestane er med i denne ordninga og den gir ekstra lønn både for vakt og for utrykkingar.

Det er godt at presten blir pålagd studium og åndeleg fornying i arbeidstida, men utan studiepermisjon blir dette ofte ein salderingspost. Difor kan det bli endå meir krevjande når nokre bispedøme ikkje lengre stiller med vikar ved studiepermisjonar.

7.8. Dagane i veka

Her har eg denne gongen ikkje noko konkret observasjonsveke, men relaterer meg til mi eiga teneste og samtalen med ein kollega.

Det er måndagen som er prestesundagen og dette er etter kvart ganske godt akseptert, sjølv om det kan vere ein del kristne møter, der det blir meir eller mindre forventa at han/ho  er med. Utover det er prestane flinke med å ta vare på denne faste fridagen i veka.

Tysdagen og fredagen er i vår region ofte gravferdsdagar og prestane kan ofte ha fleire gravferder på ein dag. Skulle det vere rom til det, bruker eg dei dagane også til å setje meg inn i preiketeksten og gudstenestene for sundagen. Også dåpssamtalar er ikkje uvanleg på slike dagar. Soknerådsmøter er gjerne på tysdagskvelden.

Onsdagen er ofte dagen for stabsmøter som gjerne legg beslag på heile føremiddagen, og for institusjonsandakter. Ofte rekk eg å skrive eit første preikemanus og  å ta ut salmane om ettermiddagen.

Torsdagen blir brukt til institusjonsandakter, prestemøter i prostiet eller anna oppbyggande arbeid: for eksempel barnehagebesøk, skulebesøk eller sjelesorg. I tillegg er det ofte konfirmantundervisning denne dagen.

Fredagen er igjen gravferdsdag.

Laurdagen er i utgangspunktet den andre fridagen i veka for presten. Men i sumarhalvåret er dette dagen for vigslar og det ligg også ein del arrangement i trusopplæringa på denne dagen, der det er venta at presten er med.

Gudstenestene på sundag startar kl. 11 og dette er mykje seinare enn på kontinentet der kl. 10 eller kl. 9 er vanleg. Likevel er også kl. 11 alt for tidleg for mange i kyrkjelydane. To gudstenester på ein dag er heller unntaket enn regelen, men også her må prestane belage seg på ein sundag  med  2 gudsteneste r i løpet av fire til åtte veker.

7.7. Presten i bygda

På bygda er presten framleis ei person som nyt stor respekt, men som også blir observert nøye og som ein held litt på avstand. Årsakene til dette kan vere blanda. Historisk var presten som ”den viktigste embetsmannen i by og bygd[88], ein av dei viktigaste representantane for øvrigheita og det var godt å ha han vennlegsinna, men på litt avstand. ”Embetsstanden selv tenkte seg som et åndsaristokrati eller et embetsaristokrati”[89]. I dag skal presten vere prest for alle. Ein er difor gjerne varsam med å involvere han/ho for mykje i samfunnet og politikken. Samstundes er presten framleis ein del av statsforvaltninga og den som varslar om dødsfall. Det er difor prestane er med i dei kommunale kriseteama.

Prestane skifter også stilling, og før var det vanleg å skifte etter omtrent 7 år. I dag blir prestane ofte verande lengre, men likevel: Dei kjem og dei flyttar. I eit bygdesamfunn er det i tillegg mange som har mange sosiale relasjonar frå før og difor forholdsvis lite behov for å inkludere andre i dei. Vi har også statskyrkjekulturen der kyrkja skal vere tilstades, men ikkje forstyrre kvardagen. Desse tilhøva gjer at presten kan oppleve at han står litt på sidelina også i kyrkjelyden, særleg når ein er prest langt borte frå heimstaden sin. Ein blir lett redusert til yrket sitt ”presten” og må bruke ein god del av fritida til å byggje opp sosiale relasjonar, medan kyrkjelydane i Tsjekkia og Tyskland kan opplevast langt meir familiære og inkluderande.

7.8. Oppsummering

Prestetenesta i Den norske kyrkja har vidareutvikla seg. Den utvikla seg i retning mot å bli ein normal arbeidstakar. Prestane i Noreg har nok best balanse mellom arbeid og fritid.  Det er færre frivillige og fleire tilsette som er involverte i presten sitt arbeid. Vi opplever ein stor grad av profesjonalitet men også ei ”pulverisering av leiarskapet” i kyrkja. Presten har mindre administrasjon enn i dei andre kyrkjesamfunna, men vi har også langt fleire tilsette som er opptatt med administrasjon. Samanlikna med Tyskland og Tsjekkia kan det også opplevast slik at vi har mange kongar på kvar sin haug og få som klarer å sjå heilskapen.


 

8. Oppsummering – fellestrekk

”For at vi skal kome til denne trua, er det gitt ei teneste for å lære evangeliet og forvalte sakramenta. For ved Ordet og sakramenta som midlar blir Den Heilage Ande gitt, han som verker trua, kor og når Gud vil, i dei som høyrer evangeliet, nemleg at Gud, ikkje for våre fortenester si skuld, men for Kristi skyld, rettferdiggjer dei som trur at dei blir tatt til nåde for Kristi skuld. Gal 3, 14:’ så vi ved trua skulle få Anden som var lova’.” [90]

Det er dette prestane opplever som eit grunnlag for prestetenesta si og det er ” konstituerende for kirken ”[91]. Utover gudstenestene er kyrkjelege handlingar nok alle plassar ein viktig arena for dette. Det er nok stor skilnad på kor mange av dei den enkelte presten utfører i løpet av eit år. Alle plassar er kyrkjelydane og presten ganske einige i prioriteringa av arbeidsoppgåvene, men det er i Noreg dei har minst innverknad på desse oppgåvene. Også når det gjeld vurderinga av omfanget av prestegjerninga og korleis den utførast er det nok så små forskjellar. Det ser ut som om prestane er godt planta i kyrkjelydane sine og forventningane der og at dei eg snakka med i kyrkjelyden, har eit realistisk bilete av prestetenesta.

Alle prestane er familiefedrar som prøver å få til ein balanse mellom yrke og familie, men det er nok lagt best til rette for dette i Noreg. Dei på kontinentet jobbar nok langt meir og mykje meir på kveldstid og i helgane.

Presten blir nok sett på som leiar og den lokale representanten for kyrkja. Men det er nok ein del skilnad i korleis og kva presten verkeleg leiar og representerer. Her skil Noreg seg ut med sine ”ulike resonnementer omkring prestens ledelsesansvar[92] og med eigne daglege leiarar og leiarar på kvar sine arbeidsfelt. Medan presten berre er leiar gjennom forkynninga og som ein slags prosjektleiar.  Det er kanskje difor vi i Noreg har dei mest kompliserte strukturane.

I Tsjekkia og Tyskland la eg merke til at presten i større grad blir ein ressursperson for dei mange frivillige som tør å engasjere seg i kyrkja.

Alle prestar har kyrkjesamfunnet som arbeidsgivar og lønna blir finansiert enten frå statsbudsjettet, ein eigen kyrkjeskatt eller ein kombinasjon av dei to. Dei andre kyrkjelege tilsette har ein anna arbeidsgivar og likevel kan presten på kontinentet vere dagleg leiar for dei. Kanskje fungerer dette fordi råda og dei lokale kyrkjelydane har større innverknad på kven som blir prest på staden og arbeidsplanane og instruksane til prestane.


 

DEL 3: REFLEKSJON, DRØFTING OG KONKLUSJON

9. Prestekallet og presteyrket

9.1. Presteteneste – Yrke eller rolle?

Både Islode Karle[93] og Michael Klessmann stadfesta at ”det er ikkje lengre sjølvsagt at embetet ber personen”[94]. Som resultat av dette må individet, den enkelte presten, med sin identitet bere heile embetet. Slik eg forstår Karle prøver ho med sin definisjon av prestetenesta som ei profesjonell oppgåve å få prestetenesta til å bli ei rolle som ber seg sjølv og som presten kan gå inn i med sin person. Det er først og fremst den klassiske parokiale prestetenesta som dannar utgangspunktet for denne rolla. Utfordringa her er at denne rolla endrar seg. ”Kanskje forandrer også verden seg på en måte som gjør det vanskeligere å være prest på den måten man ønsker.”[95]  Den enkelte presten må tilpasse rolla, ikkje berre etter si personlegdom og identitet, men også etter den tid og røynd han lever og utøver prestegjerninga si. Mennesket skal ikkje bli usynleg i rolla, men igjen må det bere rolla.

Nikolaus Schneider og Volker Lehnert[96] tar eit anna og klassisk utgangspunkt. Dei viser til Kalvin og hans krav om eit todelt kall til prestetenesta. Både eit indre kall frå Gud og eit ytre kall frå kyrkjesamfunnet. Ordinasjon i prestestillinga blir forstått som eit oppdrag for staden og tida.

I luthersk teologi er alle som trur prestar og treng ingen annan mellommann enn Jesus Kristus, Gud son. Likevel har også vi etter CA V ei spesiell teneste ”til forkynnelse og sakramentsforvaltning som [er] konstituerende for kirken ”[97]. Dette er ei teneste og strengt tatt er presten berre den som utøver denne tenesta og som etter CA XIV er kalla til den. I motsetning til den romersk-katolske kyrkja, der den som blir prestevigsla får ein Character indelebilis. Schneider og Lehnert viser til at kallet til denne tenesta av Luther blir forstått som ei åndeleg handling. Det er i Kristus denne handlinga har utgangspunktet sitt.

Kva er det som berer tenesta for prestane – profesjonen eller prestekallet?

9.2. Tyskland  

I Tyskland forventar kyrkjesamfunnet at presten jobbar 54 timer i veka, langt meir enn 37,5 timer. Presteteneste blir sett på som ei teneste og kan difor vere 50% lengre enn vanleg arbeidstid. Instruksen for presten som han, kyrkjelyden og kyrkjesamfunnet blir samde om, kallast også tenesteavtale. Det er også slik at når ein sluttar som prest i ei offentleg prestestilling, må ein levere tilbake ordinasjonsbrevet. Når ein seier frå seg ”vocatio externa”, må ein levere tilbake beviset på dette og er ikkje lengre prest. Dette kan også gjelde slike som den tyske forbundspresidenten Joachim Gauck.

Der det er tidlegare var 5 prestar er det nå berre ein prest for 15 bygder som i tillegg også må overta andre oppgåver for å kunne ha ei full prestestilling. Det er her den parokial organiserte prestetenesta vert sprengt. I tillegg er mindre enn 10% av befolkninga medlem av kyrkjesamfunnet og ikkje alle av dei er aktive heller.

Ein del eldre har framleis tydelege forventningar om presten og for eksempel den gode samtalen over gjerdet. Det blir forventa at presten har tid. Men når han skal dette eit så stort område, er det umogleg "å ha tid" og å vere lett tilgjengeleg. Likevel slit presten med at han ikkje klarar å møte desse forventningane.

Mange rundt presten både i kyrkjelyden og i samfunnet elles, har ingen eller nok så utydelege rolleforventingar om presten som han kunne basere seg på.  Det er berre når han tar på seg prestekjolen i gudstenesta at eg opplever at han tydeleg går inn i ei rolle.

Det som eg opplever som berande for presten, er hans sterke indre kall, hans ytre kall og spiritualiteten hans. Han er presteson som opplevde å bli kalla til å bli prest som ungdom. Kvar morgon les han bibelorda for dagen for Herrnhuth når han har litt tid, til og med på gresk og hebraisk. Inntrykket mitt er at det er gjennom desse bibelorda hans indre kall blir styrkja.

Sjølv om han har eit ambivalent forhold til nokre av krava frå kyrkjesamfunnet, opplever han også ordinasjonsløftet og kallet frå kyrkjesamfunnet som ei viktig støtte. Oppdraget hans er å forkynne Guds ord, ikkje i ein fullsatt katedral, men i dei 15 bygdene med sine små kyrkjer og få som møter frem. Tenesteavtalane og det at kyrkjesamfunnet set rammer for dei og moderer dei opplever han som ei stadfesting av det ytre kallet.

Å vere prest er for han ikkje eit yrke, men eit kall frå Gud som blir stadfesta av kyrkjesamfunnet. Dette kallet skal vare livet ut.

9.3. Tsjekkia

Det tsjekkiske samfunnet er i dag endå meir sekularisert enn det tyske eller det norske. Forbrukarsamfunnet er på frammarsj[98]. Det er få i samfunnet som har rolleforventningar til ein prest. Dei fleste aktive i kyrkjelydane som eg fekk observere, er heller ikkje vakst opp i dei. Dei er døypte som vaksne eller konvertert frå andre kyrkjesamfunn. Dei har heller få faste forventningar til presten og tenesta hans som han kunne basere seg på. Han møter ikkje eit fast sett av forventingar som han kan rekne med, men mange forskjellige forventningar der og då.

Når ein ser korleis presten i forsørgjer sin familie på 6 av ei prestelønn, må ein huske at den er under ein tredjedel av det ein prest tener i Noreg. Samstundes er utgiftene til å leve nesten like høge som hos oss. Han kan ikkje vere prest utan å kjenne seg kalla og boren av Gud. Under opphaldet mitt der kunne eg ikkje berre sjå korleis han kjøpte det rimeligaste av det rimeligaste, men også at dei ikkje hadde råd til sko for borna sine. Dei bad til Gud om sko og medan eg var der, var det nokon som kom med nokre sko som hadde blitt for små for andre barn. Han kunne tene meir som lærar i skulen eller i eit anna yrke. Å vere prest er for han ingen jobb, men ei teneste for Gud i kyrkjelyden.

Også for han er dei same orda for dagen som presten i Tyskland bruker, ei viktig støtte, og i tillegg ser samtalane med kona ut til å vere særs viktig for han.  Sjølv om framtida, særleg den økonomiske framtida til kyrkjesamfunnet hans og med dette også framtida hans, er nok så utsikker, ser han på kallet som eit kall for heile livet.

9.4. Noreg

Det er på bygda i Noreg mange framleis har klare rolleforventningar til presten. I Den norske kyrkja ventar ein at presten stiller opp som seremonimeister når det er behov for det. Men det er få som framleis ser på presten som ein hyrding for seg sjølv. Presten si rolle i samfunnet er svekka gjennom sekulariseringa også her. Presten skal vere der når det er behov for han, men ikkje forstyrre kvardagen. Presten skal vere "prest for alle", tene kyrkjelyden ikkje støyte nokon og oppføre seg som ein skikkeleg prest. Det er ikkje lenge sidan det vart reaksjonar mot ein prest som sparka fotball. Ei utfordring ligg nok i det at ein større del av forventningane nok også er lokale og at det er vanskeleg å vite om dei for presten som kjem flyttande.

Mange prestar, også i Noreg, ser framleis på prestetenesta som ei tenestefor Gud og eit kall for heile livet. Dette gjeld både meg sjølv og presten som eg snakka med. Men eg høyrer også andre stemmer. Difor kan for eksempel ein som vart ordinert og som nå jobbar i eit anna yrke, svare på spørsmålet: ”Ser du på deg selv som prest i dag?” med ”Nei. Jeg er presteutdannet[99].

Dette gjeld sjølv om den som sluttar i ei prestestilling, nok framleis er prest så lenge ein ikkje blir fråteken presterettane[100] eller ein seier dei frå seg sjølv, for eksempel gjennom å konvertere til eit anna trussamfunn.  

Dei fleste prestar i Noreg er organisert i ei fagforeining som forhandlar om tariff- og særavtalar med arbeidsgivaren. Det er eit mål for fagforeininga at prestane skal har arbeidsvilkår som er mest mogleg lik andre arbeidstakarar.

9.5. Oppsummering

Dei prestane eg fekk møte, jobbar ikkje berre som prest, dei er prestar. Dei kjenner seg kalla til å vere prest. Dei kjenner på både det indre kallet frå Gud, ”vocatio interna”, og det ytre kallet frå kyrkja i ordinasjonen som ”vocatio externa”. Ingen av dei fortalte meg om ei oppleving, der Gud kalla på dei slik som han kalla på guten Samuel. Men gjennom livet sitt og i bøna har dei skjønt at Gud ynskjer at dei skal tene han som forkynnarar og som hyrdar.  Prestekallet frå Gud og kyrkja ser framleis ut til å vere der,  og å bere prestegjerninga som ei livslang teneste for Gud.

Eg slit med å få profesjonsteorien til Islolde Karle til å fungere i Tsjekkia og Aust-Tyskland. Situasjonen i Noreg er annleis med ei stor folkekyrkje. Her er i større grad mogleg med ei profesjonalisering . Ein kan vere prest berre av utdanning og yrke. Eit yrke og ei rolle som ein kan ein gå inn og ut av.

9.6. Vurdering

Det er nok lang tid før ein i Noreg kan kome bort i situasjonen til prestetenesta i Aust-Tyskland eller Tsjekkia. Men også her er det prestestillingar der ein ikkje berre må kunne fylle ei presterolle, men der treng eit kall for å kunne tenkje seg dit i det heile tatt.

Møtet med prestane i Tsjekkia får meg til å lure på om ein bør halde fram med ei vidare profesjonalisering  av prestetenesta eller om ein  heller bør fokusere på å styrkje både det indre og det ytre kallet. Å gjøre både prestane og kyrkjelydane meir medvitne på både kallet og prestetenesta si eigenart er noko som etter mitt syn bør vurderast.

Prestane i Tyskland har ikkje lov til å streike og for både presten i Tyskland og i Tsjekkia er det utenkeleg å streike, sidan dei ikkje ville oppleve det som streik mot arbeidsgivaren. Dei ville oppleve det som å vere ulydig mot kallet frå Gud. At ein prest i Noreg nå skulle gå til streik blir opplevd av mange også her i landet til å stå i motsetning til både presterolla og prestekallet.


 

10. Presten som embetsmann og arbeidstakar

10.1. Presten i denne verda

Ein prest som har eit prestekall vil kjenne at han har tenesta si frå Gud, ei teneste som ikkje er av denne verda. Men presten lever også i denne verda. Han treng mat for seg sjølv og familien sin og fakturaene skal betalast. Han treng lønn. ”Ein arbeidar er verd si løn.” (1Tim 5,18). Det er nokon som må sørgje for at presten får si lønn. Han treng difor ein arbeidsgivar.

Ingen av prestane i denne undersøkinga har kyrkjelyden som arbeidsgivar. Alle er tilsett i kyrkjesamfunnet eller eit bispedøme. Korleis prestane i den enkelte kyrkjelyden får prestestillinga si, er det derimot store skilnader på. Det er også skilnad i korleis forholdet mellom arbeidsgivaren og presten som arbeidstakar er organisert og korleis ein for eksempel lagar instruksar.

10.2. Tsjekkia

Presten i Tsjekkia har kyrkjesamfunnet som arbeidsgivar, men det er berre kyrkjelydane som vel prestane sine. Det er også først og fremst kyrkjelydane som bestemmer arbeidsoppgåvene til presten i kyrkjelyden. Men det er kyrkjesamfunnet som avgjer om presten for eksempel skal administrere ein kyrkjelyd i tillegg til den kyrkjelyden som valde han. Det er også kyrkjesamfunnet ved den regionale senior som avgjer om presten skal ha overregionale oppgåver, for eksempel som ungdomsprest eller i utdanninga av leke gudstenesteleiarar. Likevel er det kyrkjelyden som vel presten, som skriv under på arbeidskontrakten hans. Når presten søkjer seg til ein anna kyrkjelyd, eller noko som er meir vanleg: Når han blir spurt av ein anna kyrkjelyd om han ynskjer å bli prest, må han seie opp arbeidskontrakten og inngå ein ny i ein anna kyrkjelyd.  Når kyrkjelyden ynskjer å bli kvitt ein prest, må dei søkje kyrkjesamfunnet om å få oppløyst arbeidskontrakten med presten.  Dei protestantiske har etter motreformasjonen nok aldri vore embetsmenn, men alltid tilsette i kyrkjesamfunnet.

Det er staten som i dag betaler størsteparten av lønna for prestane til kyrkjesamfunnet. Men allereie per i dag må kyrkjelydane betale ein sum som blir brukt stort sett til å bygge opp ein buffer for åra som kjem og for å kompensere for at summen frå staten ikkje blir inflasjonsjustert. Frå 2014 skal dei fleste kyrkjelege eigedomane som kyrkjesamfunna i Tsjekkia blei fråtekne i kommunisttida restituerast. Samstundes blir dei statlege overføringane redusert med fem prosent kvart år. Sidan det først og fremst var den romersk-katolske kyrkja som hadde eigedom, er dei protestantiske nok så bekymra for korleis dei skal finansiere prestane sine. Dei må nok uansett klare å skaffe meir pengar sjølv og situasjonen for små kyrkjelydar i den absolutte diasporaen kan bli vanskeleg. Korkje eg eller presten var kjent med om det finst ein tariffavtale for prestane eller noko som regulerer arbeidstida deira.

10.3. Tyskland

Også i Tyskland er det kyrkjesamfunnet sentralt som er arbeidsgivaren for presten. Etter prestestudiane skjer den praktisk-teologiske utdanninga i kyrkja sin regi. Den blir kalla ”vikariat” og varer mellom eit og eit halvt og to og eit halvt år. Presten, eller vikaren som han heiter i denne tida, er cirka halvparten av tida som ein slags kapellan i ein eller fleire kyrkjelydar og halvparten av tida på forskjellige kurs. ”Vikariatet” orienterer seg ved ”referendariatet” som er den praktiske delen av utdanninga for lærarane. Bortsett frå barneskulen er alle lærarar i Tyskland faglærarar med to eller tre fag. Som ein del av utdanninga si blir presten også kvalifisert som faglærar i eit fag: religion.

I Den evangeliske kyrkja i Mellom-Tyskland er det slik at når kyrkjesamfunnet har lyst ei prestestilling ledig, så må aktuelle kandidatar søkje og presentere seg i kyrkjelyden, gjerne med ei prøvepreike med påfølgjande kyrkjekaffi. Når alle relevante kandidatar har fått presentere seg, vel kyrkjelyden kven av prestane dei ynskjer, eventuelt i prioritert rekkefølgje. Men det er berre annankvar gong dette valet bestemmer kven som blir prest på staden. Dei andre gongane er det kyrkjesamfunnet sentralt som har rett til å bestemme kva prest dei ynskjer å sende dit. Dette gjer dei for å kunne ta vare på felleskyrkjelege behov, for eksempel det å omplassere ein eller å ta vare på presteektepar.

Det er denne retten dei også bruker når ein prest er ferdig med ”vikariatet” og skal prestevigslast . Det er nok vanleg at presten får eit framlegg om to eller tre slike stillingar der han kan begynne den sjølvstendige prestetenesta si. Nå blir han i cirka tre år kyrkjeleg tenestemann som kan seiast opp og som er med i det offentlege trygdesystemet med offentleg trygde- og sjukeforsikring. Etter dette blir presten ”ständig“, dvs. verande. Han eller ho inngår nå ein spesiell arbeidsavtale, eit”teneste- og truskapsforhold” på livstid. Han blir ein del av embetsstanden som i Tyskland er mykje større enn i Noreg. Det er ikkje lenge sidan at det ikkje berre var dommarar, leiande tilsette i statsforvaltninga, professorar og lærarar som var embetsmenn, i tillegg til enkle tilsette i posten og jernbanen.

Presten blir ikkje statleg embetsmann, men kyrkjeleg. Då kyrkjene vart sjølvstendige, fekk dei sjølve retten til å vedta lover for sitt område i kyrkjemøta sine.  Denne retten gjer dei framleis flittig bruk av. Kyrkjelovene som regulerer arbeidsvilkåra til prestane, tar nok framleis utgangspunkt i lovene for statlege embetsmenn og blir justert når dei statlege blir justert. Presten blir plassert i eit lønnstrinn slik som ein faglærar på ein vidaregåande skule, men lønna for same lønnstrinnet i kyrkja er berre cirka 85% av det den er i staten.

Som embetsmann er presten ikkje lengre del av det offentlege trygde- og sjukeforsikringssystemet, men del av eit eige pensjons- og sikringssystem for embetsmenn. Årsaka til dette systemet ligg i historia og den gongen kyrkja var ein del av statsforvaltninga, men i dag er dette også rimelegare for kyrkjesamfunnet. På grunn av alderspyramiden i Tyskland må ein som betaler inn i det offentlege trygdesystemet i dag, for eksempel betale inn meir enn ein nokon gong har råd til å få ut.  

Presten går inn i eit teneste- og truskapsforhold med kyrkjesamfunnet. Han kan ikkje seiast opp, men berre flyttast. Når han ikkje blir frådømt rettane sine kan han berre seie dei frå seg sjølv. Han kan gå over frå ein tenesteherre til ein annan, men han kan ikkje bli arbeidsledig. Eg har sjølv opplevd at kyrkja måtte flytte prester og andre godt betalte kyrkjelege embetsmenn i ”ventestanden” og betale dei for å gjere ingenting. Dette forholdet gjer det også rettsleg mogleg å pålegge presten å jobbe 54 timer i veka. Prestane kan flyttast, men det er sjeldan dette skjer i praksis. Prestane blir oppfordra til å flytte på seg sjølv etter seinast 15 år. Sjølv om det var kyrkjelyden som valde presten, kan dei ikkje velje han bort, men dei kan søkje kyrkjeleiinga om å flytte han. Når presten går over til ein annan kyrkjelyd i same kyrkjesamfunnet, inngår han ingen ny arbeidskontrakt. Som embetsmenn har prestane ikkje lov til å melde seg inn ei fagforeining eller til å streike. Dei er strekt representert i kyrkjemøta og har eigne interesseorganisasjonar, men ingen fagforeining. 

Ramma for tenesta blir sett i den kyrkjelege lovgivinga, utlysinga av stillinga og i den lokale tenesteavtalen.  Det er i tenesteavtalen dei konkrete arbeidsoppgåvene blir avtalt. Kyrkjesamfunnet sentralt og regionalt set rammer på for eksempel kor mange timar presten skal jobbe eller kor mykje tid han skal bruke på regionale oppgåver. Resten forhandlar presten og kyrkjelydane om, denne samtalen modererast av varaprosten, som legg avtalen fram for prosten til godkjenning. Det finst ein katalog med faste minstetider som det må reknast med for dei einskilde oppgåver. Det er ikkje denne katalogen, sjølv om den kan opplevast som problematisk av både presten og kyrkjelyden hans, men det totale timetalet som presten skal jobbe.

Det er også ein del av desse tenesteavtalane at presten skal ha fri ein dag i veka og 6. kvar helg. Arbeidsforholda til prestane er regulert gjennom kyrkjeleg lovgiving og ikkje gjennom tariffavtalar. Gjennom dei etter måten mange prestane i kyrkjemøtet har prestane likevel høve til påverke denne lovgivinga.  

10.4. Noreg

Sidan Den norske kyrkja også etter grunnlovsendringane 21. 5. 2012 ikkje er noko eige rettssubjekt, kan prestane ikkje vere tilsett i kyrkjesamfunnet. Dei fleste prestane i kyrkjelydane er tilsette i staten og har eit av dei 11 bispedøma som arbeidsgivar. Ein del av arbeidsgivaransvaret blei etter den nye tenesteordninga for prostane delegert frå biskopen til prostane. Også prostar og biskopar vil i framtida ikkje lengre vere embetsmenn, men tenestemenn. Samanlikna med Tyskland har Noreg etter måten få embetsmenn. Embetsmenn har tradisjonelt vore eliten i statsforvaltninga.  Embetsmenn blir utnemnde av Kongen i statsråd, medan dette i Tyskland skjer på eit langt lågare administrativt nivå. Gjennom embetseden inneber eit embete også i Noreg eit spesielt truskapsforhold. Det gjeld særskilte reglar i dette arbeidsforholdet som gjer det nesten umogleg å seie opp ein embetsmann om ikkje gjennom dom. Utover dette er regelverket for embetsmenn og tenestemenn stort sett identisk i Noreg. Også sokneprestane som blei tilsette fram til 1997, var embetsmenn. Sidan ein prest som går over til ei ny stilling, inngår ein ny arbeidskontrakt, sjølv om det er hos same arbeidsgivar, er det i dag berre nokre få sokneprestar att som er embetsmenn. Det same kjem etter kvart til å skje med prostane og biskopane.

Det er statleg lovgiving med lover og forskrifter og tariffavtaler som regulerer prestane sine arbeidsforhold. Dei aller fleste prestane er medlemer av Presteforeininga eller TeoLOgane, som er ei konkurrerande fagforeining. Det er fagforeiningane som forhandlar med staten om hovudavtalen, tariffavtalen og særavtalar. Prestane har ennå ikkje funne ei anna yrkesgruppe som dei ynskjer å samanlikne seg med. Sidan lærarutdanninga i Noreg er annleis enn i Tyskland, er dette ingen naturleg gruppe å samanlikne seg med. Prestane er unntatt frå arbeidstidsreglane i arbeidsmiljølova fordi ein ser på prestestillingane som ”særlig uavhengig stilling”[101]. Sidan bispedøma i dei siste åra i større grad bruker styringsretten overfor prestane, stiller foreiningane spørsmål om prestetenesta framleis er ” særlig uavhengig”, men inntil vidare er dei fleste prestar einige i at den framleis er det, sjølv om dei på denne måten går glipp av tillegg for overtid og ubekvem arbeidstid. Desse tillegga kan for eksempel hos ein sjukepleiar lett utgjere 20 prosent av lønna.

Det er bispedømeråda som tilset prestane. Dei fattar eit vedtak med bakgrunn i innstillinga frå innstillingsrådet. Etter personalreglementet for Den norske kyrkja består innstillingsrådet av prosten, stiftsdirektøren og ein representant for tenestemennene. Det skal gjennomførast intervju med aktuelle søkjarar og det er biskopen, bispedømerådet og innstillingsrådet som bestemmer kven dei ser på som relevant. Regelverket i staten legg også visse føringar her. Dersom det er innvandrarar blant søkjarane som oppfyller dei formelle kvalifikasjonskrava, så skal minst ein av dei kallast inn til intervju[102]. Etter mange søknadar kan eg av eiga erfaring trygt skrive at det er høgst sjeldan at for eksempel dette kravet blir oppfylt.

Ein eller to representantar for sokneråda skal delta på intervjua. Etter intervjua har sokneråda høve til å uttale seg om kva prester dei ynskjer seg prest og setje dei opp i prioritert rekkjefølgje. Men dette er ikkje noko presteval og uttalene frå kyrkjelydane er nok berre ei stemme blant fleire, og kyrkjelydane står nok mykje svakare i denne prosessen enn dei gjer det i Tyskland og Tsjekkia. Deretter gjer instillingsrådet eit framlegg på kven som bør tilsetjast i prioritert rekkjefølgje. Til slutt blir det bispedømerådet som tilset presten med delegert mynde frå departementet.

Det er sokneråda som lagar lokale planar for kyrkjelydane. Presten fylgjer nok for det meste desse planane, men sokneråda kan ikkje forplikte han til det. På same måte er dei ikkje forplikta til å lage planar som presten kan gjennomføre. Det er i dag biskopen ofte ved prosten som fastsett instruksen. Også her kan kyrkjelydane kome med innspel, men ikkje meir enn det. Ved dei siste endringane i kyrkjelova vart også ein del formuleringar fjerna som tidlegare kravde at soknerådet og soknemøtet skulle utale seg om endringar i prestetenesta før dei kunne vedtakast. Det er lett for linjene i kyrkja å jobbe forbi i staden for i lag med kvarandre og det kan nok sjå ut som om dei to arbeidsgivarlinjene prøver å sementere grensene sine.  

Presten som arbeidstakar har krav på medarbeidarsamtalar som skal hjelpe med å utvikle medarbeidaren og verksemda. Diverre er det nok slik at ikkje alle prester får den oppfølginga dei har krav på og det kan framleis gå år mellom medarbeidarsamtalane. Også kvaliteten på samtalane kan nok vere ymse, i alle fall når ein tar utgangspunkt i malane for dei i dei enkelte bispedøma.[103]

10.5. Oppsummering

Samanlikna med Tsjekkia og Tyskland står kyrkjelydane i Noreg nok svakast til å bestemme kven dei vil ha som hyrding og prest. Det er moment som kan tyde på at ”resonnement kring presten sitt leiaransvar”  er mindre når kyrkjelydane har større vekt både i tilsettingsprosessen og når det gjeld arbeidsoppgåvene til prestane sine. Det kan hende at det er enklare for kyrkjelydane å akseptere ein prest som leiar for heile verksemda slik som Presteforeininga foreslår[104], når dei sjølv opplever at dei får bestemme kven som blir tilsett i prestestillinga. Samstundes må ein også ta omsyn til kyrkja som heilskap og presten treng ikkje å vere dagleg leiar. Kanskje kunne då også dei norske prestane sitje med rak rygg i staden for at ”prestens rolle i menighetsrådet er i alt for stor grad å være tålmodig og ydmyk”[105], slik som fleire prestar opplever det.

Ingen av prestane som eg snakka med, ynskjer kyrkjelyden som sin direkte arbeidsgivar. Dei legg vekt på at det er viktig å ha ein arbeidsgivar som klarer å sjå lengre enn til nærmaste kyrkjetårn. Dette er viktig både når ein tenkjer på regionale oppgåver og variasjon i tenesta, men også upopulære avgjerder som presten av og til må kunne ta utan at han mister jobben. Å har eit bispedøme eller kyrkjesamfunn som arbeidsgivar gir også større fridom i forkynninga, slik at ein kan forkynne både lov og evangelium.

10.6. Vurderingar

Når vi i Noreg diskuterer den kyrkjelege arbeidsgivarstrukturen for framtida, ser eg på modellen frå Tyskland som veldig tenleg. Ser ein bort frå at prestane nok bør vere tenestemenn eller tilsette i eit bispedøme og at ein heller bør ta utgangspunkt i ei 37,5 til 40timars enn ei 54timars arbeidsveke, så er det mykje godt å hente der. At kyrkjelydane og kyrkjesamfunnet bytter på å ha det siste ordet i eit presteval sikrar likevekt mellom kyrkjelydane sine behov for å velje hyrdingen sin sjølv og dei behova kyrkjesamfunnet har for eksempel for å ta vare på medarbeidarane sine og rekrutteringa til prestetenesta. Også tenesteavtalane er ein modell som eg godt kunne tenkje meg for Den norske kyrkja. Avtalane gjer det synleg at også ressursane til presten er avgrensa og at det er fleire enn presten som må bere dei mange gode tiltaka. ”Særlig når menighetsrådet stiller forventinger om at vi som er ansatt skal gjøre en hel masse som rådet synes skulle gjøres.[106]

”Den norske kirken som arbeidsgiver har et utvetydig ansvar for å ivareta helse og jobbtilfredshet hos sine arbeidstakere.[107]  I all diskusjon om strukturar bør ein stille dette kravet og spørsmålet om korleis dette kan gjerast på ein best mogleg måte. Den beste måten treng ikkje å vere den mest effektive, men den som tek best vare på prestane, dei andre kyrkjelege tilsette, kyrkjelydane og kyrkja som heilskap. Ut frå observasjonane, samtalane og eigne erfaringar er det viktig for meg å poengtere at prestane er meir synlege og meir utsette enn andre arbeidstakarar.[108] Det kan difor også vere eit moment å betre oppfølginga blant anna gjennom medarbeidarsamtalane for å ta vare på dei slik at dei ikkje brenn seg ut.


 

11. Den utbrente presten

11.1. Kva er utbrentheit?

Utbrenthet er en tilstand av følelsesmessig utmattelse som kan oppstå som en reaksjon på vedvarende meget vanskelig og belastende arbeidssituasjon, på en overdreven eller ensidig arbeidsinnsats over lang tid, som en indikasjon på at egne idealer og dyptliggende verdier ikke lar seg realisere innenfor de arbeidsbetingelser man har, eller som resultat av langvarig krenkelse av ens integritet og verdighet. […] Ofte kan vi knyte utbrenthet til ledelse eller mangel på ledelse”[109].Sitatet er henta frå boka: ”Jeg er jo ikke Jesus heller” som i Noreg i tida etter året 2008 klarte å setje fokus på utbrentheit blant prester og eg kjenner at det etter den blei eit større fokus på arbeidsmiljøet blant prestar, og at det blei enklare som prest å melde seg sjuk for å lade batteria og for å unngå djuputlading. Boka tar utgangspunkt i ei spørjeundersøking blant 787 prestar og intervju av til saman 44 prester. Boka spør etter omfanget og årsakene til utbrentheit blant prestar.   

11.2. Korleis å brenne seg ut?

Berre den som brenn kan brenne seg ut. Å vere prest er ei grenselaus gjerning same kor gode ordningar ein får. Å leve eit kall for Gud er krevjande i ei røynd som blir meir og meir sekulær[110]. Særleg prestar på små plassar opplever ”at man aldri får lov til å være noe annet enn prest.”[111]  Dei mange og ofte kryssande forventingane[112] kan lett føre til ”sentral jobbrolleoverbelastning”, der jobben et opp personen. Som prest ynskjer ein å møte forventningane. Ein ynskjer å forkynne evangeliet, den glade bodskapen og å gjere mennesket glad. Utfordringa er at presten sjølv må ta vare på evna til å vere glad og at den ikkje blir utmatta av på sine eigne kjensler.  Til dette er det viktig at presten ikkje berre er ”presten”, men at også personen får utfalde seg og blir synleg. Dette er krevjande på bygda med ein del artikulerte og langt fleire uartikulerte forventningar om korleis presten skal vere. Det kan vere krevjande nok å jobbe med dei artikulerte, men det blir nærmast umogleg når det gjeld dei uartikulerte. Dette er særs krevjande når ein har ein annan kultur i bakgrunnen og ikkje har vakse opp i Noreg. Det eg i etterkant hadde ynskt meg, er hjelp på praktikum om ”Korleis å ta vare på personen i prestegjerninga?” Eg huskar at vi skulle finne oss ein sjelesørgjar, ein å snakke med og eit retreat, men få råd for kvardagen. Det er viktig at ein allereie tidleg i yrkeskarrieren får innpass i ”sivile” roller, for eksempel som ”småbarnsforelder eller idrettslagsmedlem[113] og at desse ikkje blir tilskygga av prestegjerninga. Kanskje kan ein på denne måten også lempe litt på ”et underskudd på sosial kontakt[114].

11.3. Tyskland

Presten i Tyskland fortel: ”I løpet av dei siste 3 åra vart det langtidsfråvær hos 3 av dei 20 kollegaene i prostiet pga. burn-out, med hjarteinfarkt og alt som høyrer til. Det er fleire institusjonar i Tyskland som er spesialiserte på utbrente prester. Problemet er presset ovanfrå med innstrammingar og mindre personell og forventningane frå kyrkjelyden om at presten skal vere present. Restane  av folkekyrkja forventar at presten er prest i nærmast katolsk forståing. Han lever trua for kyrkjelyden. Han ber for dei, han er familiefar slik som dei skulle vere. Og går ekteskapet i vasken, er han heller ikkje betre enn dei. Det allmenne prestedømmet lever berre i kjernekyrkjelyden. Og her er det ikkje langt i frå at det er berre dei som er att. Forventningane frå kyrkjeleiinga, kyrkjelydane og presten sjølv, gjer at prestane ofte går på akkord med seg sjølv.”  Går vi gjennom studiekollegaene våre i Tyskland, oppdagar vi at det er berre eit fåtal der det første ekteskapet framleis er intakt. Yrket et opp mennesket.

Også presten sjølv ber tydelege teikn på å bli utbrent. Etter å ha jobba mange dagar i strekk, søv han dårleg, han reagerer sterkare på borna, er meir impulsiv og kjeftar meir enn han ynskjer og har av og til vanskar med å konsentrere seg. Heldigvis kjenner han signala frå kroppen. Han har levd med øyresus i mange år og kjenner at den blir sterkare når veggen kjem nærmare. Han tek tak i det med fysioterapi som hjelper han med å slappe. Utover det prøver han å skaffe seg ei hytte som fristad for familien ein liten køyretur unna kyrkjelydane. Der skal han vere berre seg sjølv og ikkje ”presten”.

11.4. Tsjekkia

Det er skjeldant eg kunne sjå det så tydeleg som i Tyskland, men også presten i Tsjekkia fortalte at han etter ei lengre periode med ombygging av kyrkjelydshuset og prestebustaden , berre måtte ha studiepermisjon fordi han var i ferd med å brenne seg ut. Ombygginga innskrenka privatsfæren i endå større grad og gjorde det nærmast umogleg for han å slappe av og å hente seg inn att. Også han kjenner på ei rolleoverbelastning og artikulerer det slik: ”Går det bra, er det Gud som gir, går det dårleg, er det eg som sviktar”.

11.5. Noreg

Det eg kanskje sleit mest med som nyutdanna sokneprest på bygda, var dei mange uartikulerte rolleforventningane som møtte meg utan at eg kunne møte dei. I tillegg var det etter måten lite oppfølging frå min overordna som nokså skjeldan fant vegen til utposten min. Det som hjelpte litt, var ABV der det var høve til å reflektere over nokre av forventningane.

Dei siste åra fekk eg oppleve eit større press mot prestane frå kyrkja. Dei skal vere aktive i trusopplæringa, dei skal engasjere seg i gudstenestereforma og leie arbeidet med lokale grunnordningar. Dette fekk eg også stadfesta av presten som eg intervjua. Trusopplæringa kom for eksempel inn som ei ny prioritering i arbeidsoppgåvene utan at noko anna vart nedprioitert. Etter innføringa av den nye tenesteordninga, skal prestane dekke opp for kvarandre ved frihelger, ferie, permisjonar og ved sjukdom utan vikar. Dei skal bidra til at stramme budsjett i bispedøma og fellesråda går i balanse, dei skal reise rimeleg og miljøvennleg og engasjere seg meir for miljøet og berekraftig utvikling. Det er nedskjeringar i bispedøma[115]. Dei skal spare på reiseutgiftene og vikarmidlane, men samstundes er nettopp det å få vikar og å kunne lade batteria eit viktig verkemiddel for at prestane ikkje brenn seg ut. 

Som prest skal ein prioritere, men helst ikkje prioritere bort. Likevel måtte eg lære meg å seie nei, ikkje til tross for eit kall og eit ordinasjonsløfte, men nettopp på grunn av dette[116]. Vi har eit kall og eit ordinasjonsløfte og vi skal tene Gud i mange år og ikkje berre i dag.

Etter mine eigne erfaringar som bygdeprest i Noreg har det vore veldig viktig for meg å ha god plass for gjestar. Familien bur gjerne langt unna og det er viktig å kunne ta imot gjester også i lengre periodar. Det er viktig å kunne ta imot folk som først og fremst ser personen og ikkje ”presten”.

Eg har sjølv erfaring med å bli sjukmeldt fordi eg kjente at eg var i ferd med å brenne meg ut og prøvde å unngå dei mest alvorlege tilstandane.

11.6. Oppsummering

Både eg sjølv og prestane eg fekk observere er mellom 30 og 40 og dermed i den aldersgruppa som er mest utsett for å brenne seg ut.[117] Berre kollegaen som eg berre intervjua, er eldre og han verka også meir avslappa og balansert. Prestane som eg snakka, med fortalte at det var veldig kjekt at eg kom for å observere prestegjerninga, men at det var endå kjekkare at eg var med i kvardagen. Det var viktig at vi ikkje berre snakka om jobb, men også om barn, matoppskrifter, reiser, gamle kjente og meir. Det var viktig for dei å kunne vere meir enn prest også i prestebustaden.

Av dei kyrkjesamfunn som er med i undersøkinga mi, er Den norske kyrkja framleis det rikaste kyrkjesamfunnet. Gjennom trusopplæringsreforma har det blitt meir personell og ressursar i kyrkja, men oppgåvene og utfordringane har auka langt meir enn ressursane. Det er ennå ikkje så mange utbrente prestar hos oss og vi har ikkje eigne institusjonar til å hjelpe dei. Men bortsett frå dette kunne situasjonen som presten i Tyskland fortel om, også finnast i Noreg.  Men eg ser også nokre grunnleggjande skilnader: I Tyskland og Tsjekkia er kyrkjelydane klar over at presten ikkje kan gjere meir og dei er viljuge til å vere aktive sjølve for å halde aktivitetane på same nivå når folketalet krympar.  Utan leke gudstenesteleiarar for eksempel, måtte ein redusere talet på gudstenestene kraftig i tida som kjem, og i Tsjekkia kunne presten berre stå for halvparten av gudstenestene.

Ikkje berre i Noreg har det blitt enklare og meir akseptert å vere sjuk når veggen kjem nærmare før ein møter den, det er også blitt enklare å snakke om det[118].

11.7. Vurderingar -Ingen veg unna?

"Å brenne seg ut", eit betre uttrykk kunne kanskje vere det at ein får ”utladete batteri”[119]. Batteri kan ladast opp att, men ved ei djuputladning blir dei også varig skada. ”Utbrenthet er et større problem blant prester enn i andre yrkesgrupper som det kan være naturlig å sammenlikne seg med.”[120]Prestane opplever yrket sitt og tenesta si som meiningsfull, men også krevjande.[121] Det er ikkje spesielle krevjande situasjonar som krev mest av presten, men rammene og den varige arbeidssituasjonen blir opplevd som belastande. Presten må kunne leve livet sitt, ikkje berre det livet som kyrkjelyden og arbeidsgivaren forventar av han. Å halde balansen mellom arbeid og fritid, plikt og utfolding, familien og yrket er viktig også for prestar og til dette treng ein leiing, ikkje styring.

Eg ser på utbrentheit som noko som ein kan møte, men som også kan unngåast. Til dette treng ein fleire enn presten sjølv.

Presten må lære seg å setje sine grenser sjølv. Vi må seie ”nei”, ikkje på tross av kallet og ordinasjonsløftet, men pga. av dei. Ein prest skal vere prest og tene Gud, ikkje berre i dag, men også i morgon og om nokre år. Perstar må finne oss arenaer der vi er den personen vi er og ikkje berre presten. Det er kjekt å vere prest, men det er også lett å bli reduserte på dette. Kanskje må prestane av og til også køyre eit stykke borte frå kyrkjelydane våre. Og så må prestane seie ifrå når vi ser at veggen kjem nærmare. Ingen er tent med om ein prest møter den i full fart. Det er lov å bremse. Det er lov å sjukmelde seg og å avlyse gudsteneste og arrangement i ei periode. Det er betre at dei blir avlyste i ei avgrensa periode enn at ein må bruke lang tid på å finne ein ny prest som må byggje opp alt på nytt.

Kyrkjelydane har også eit ansvar for presten sin. Dei må vere realistiske i forventningane sine og dei må artikulere dei. Sjølv ein prest klarer ikkje å lese tankar og klarer berre å jobbe med dei forventningane han veit om. Når han veit om dei, kan ein jobbe med dei og eventuelt kan ein snakke om dei når presten opplever dei som urealistiske. Presten bør ha rom. Også prestar er menneske. Dei er menneske som ynskjer å utfalde seg, men som også har sine feil. Godt bør kunne vere godt nok og det er mogleg å gi presten tilbakemelding på det han gjer, særleg når ein er fornøgd.  

Presten må få høve til å lade batteria. Eit viktig verkemiddel som vi har til dette i Noreg, er studiepermisjonar som gir prestane høve til å lade batteria og for å ta ordinasjonsløftet sitt på alvor. Det er også ingen som kan krevje 54 arbeidstimar i veka av oss. Norske prester har nok betre høve til å stoppe prosessen før dei er heilt utbrent, vi har betre rammer, men også spesielle utfordringar i eit stort land med lite folk.

Presten treng leiing. ”Har ikke prester noen overordnete som har forpliktelser her på denne jorden?[122]  Dette litt polemiske spørsmålet set fokus på eit viktig punkt: Også prestar treng leiing og tilbakemelding på arbeidsinnsatsen sin.  Kyrkjerådet definerte i 1987 leiing og styring slik: ”Ledelse er målrettet, problemløsende samvirke som foregår på en aktiv og bevisst måte (…) Med styring forstår en vanligvis noe annet, nemlig det å sette overordnede mål og rammer for virksomheten”[123]. Utfordringa i denne definisjonen er at også i eit fellesskap, slik som kyrkja, treng styring ein stor grad av samhandling om den ikkje skal opplevast som overstyring. Leiing er å sjå prestane, det er å gi dei gode tilbakemeldingar på det dei er god på og å gi dei ei handsrekking der dei slit. Ingen kan vere flink på alt. Ein prost fortalte meg at ein gong kvart semester tok han ei gudsteneste i lag med kvar av prestane sine, dei vart avlasta og slapp å preike denne dagen, men blei sett og kunne etterpå snakke uformelt om korleis dei hadde det. Han brukte dette høvet til å gi gode tilbakemeldingar og for å høyre korleis presten burde avlastast.  Styring blir opplevd som overstyring når prestane ikkje opplever seg som sett og høyrt når ein sett rammer for tenesta. ”Manglende innflytelse på overordnete besluttninger”[124] er ein viktig faktor når menneske brenn seg ut. Dette gjeld særleg når rammene blir trongare. Små endringar kan her gjere stor skilnad.

Medarbeidarsamtalane i Noreg kan vere eit godt verktøy for leiing når dei blir godt førebudd og gjennomført regelmessig. Samtalane rundt tenesteavtalane i Tyskland ser også ut til å vere eit godt verktøy for leiing, der både presten, hans overordna, men også kyrkjelydane blir involverte.


 

12. Presten med ansvar for alt

12.1. Presten sitt ansvar

For alle prestane i undersøkinga er særleg forkynninga men også sakramentsforvaltinga dei viktigaste oppgåvene og det er berre dette ansvaret vedkjenningsskriftene plasserar b heilt eintydig hos presten[125]. For å vere kyrkje trengst det derimot forsamlinga av dei truande[126]. Sjølv om han kan oppfattast som kyrkja sitt ansikt, så er han ikkje kyrkja. Det allmenne prestedøme meiner også at dei leke, at kyrkjelyden, skal ta ansvar.

Det er skjeldan eg fekk møte dette fenomenet i Noreg, men det er ofte eg kunne observere det i både Tsjekkia og Tyskland: Presten som har ansvar for alt i kyrkjelyden, frå forkynninga, til matlaginga og det å reparere toalettet.  

Pavel Filipi kallar dette ”myten om allansvaret”[127]. Han plasserer myten både hos kyrkjelydane og hos kyrkjeleiinga. For dei ”eig presten alle gåver og om det er ei han ikkje eig, så er den ikkje eksisterande.”[128] Men prestane får også eit ansvar: Allansvar kan også gi ei behageleg allmakt og møter ein passiviserande forbrukarmentalitet. Men også kyrkjelydane har eit ansvar, det kan vere alt for enkelt og behageleg å plassere ansvar hos dei tilsette og særleg presten.

Det er særleg kyrkjesamfunn med få tilsette der dette ser ut til å vere eit problem. Når presten er den einaste tilsette, må ansvaret plasserast enten hos han eller hos frivillige. Han får betalt for å gjere jobben, difor er det enkelt både for han sjølv og for kyrkjelyden å plassere ansvaret hos han.

12.2. Presten med allansvaret i Tsjekkia og Tyskland

Det er i Tsjekkia eg kunne observere myten i praksis. Under eit arrangement var det nokon som kom bort til presten og så forsvann presten plutseleg på toalettet, ikkje for å bruke det, men for å reparere det. Presten er ansvarleg for alt. ”Mangel på grenser er eit kjenneteikn ved presterolla”[129]. Presten er den som har ansvar for alt i kyrkjelyden, frå forkynninga til vaktmesterteneste.

Sjølv om det finst nokre få andre tilsette i kyrkjelyden, treng ikkje situasjonen å forandre seg noko særleg. Både i Tsjekkia og Tyskland blei ansvaret for desse tilsette plassert hos presten. No er han ikkje lengre direkte, men indirekte ansvarleg for alt.

Hos presten i Tyskland opplevde eg at han bevisst prøvde å unngå allansvaret. Han unngjekk å vere soknerådsleiar og utfordra andre til å ta ansvar. Han har samtaler med soknerådsleiarane omtrent ein gong i veka og opplever tenesteavtalane som eit viktig reiskap.

12.3. Ansvaret i Den norske kyrkja

"Myten om allansvaret" er nok mindre kjent i Noreg sidan den også er mindre relevant her, sjølv om den eine eller andre presten nok kan kjenne seg ansvarleg for alt. Vi er ei folkekyrkje med forholdsvis mange tilsette og få aktive frivillige. Prestane opplever seg nok i større grad som ei av mange yrkesgrupper i kyrkja. Utfordringa vår er ikkje allansvaret, men kanskje heller ei ”pulverisering av ansvaret” som ein prost karakteriserte det, eller ei ”ansvarsvegring”, som ein soknerådsleiar kalla det.

Dei forholdsvis store til dels spesialiserte stabane gjer det lett å plassere mykje ansvar hos dei tilsette. Mange plassar er det allereie krevjande å få nok kandidatar til soknerådet. Så held vanskane fram med å finne folk til dei forskjellige funksjonane i soknerådet. Folk er ikkje motvillige og kyrkja opplevast som berre ein av mange aktørar på fritidsmarknaden. Kanskje er ho den med flest tilsette. Difor er det enkelt å lage planer som plasserer mykje ansvar på dei tilsette. Men desse tilsette igjen manglar ein klar struktur. Dei har forskjellige arbeidsgivarar og skal vere leiarar på kvar sitt område. Presten blir opplevd gjerne som kyrkja sitt ansikt utad, men internt står han gjerne litt på sidelinja. Han har ein anna arbeidsgivar og dei andre tilsette har kyrkjeverja som sin overordna. Presten har ansvar for gudsteneste og kyrkjelege handlingar, men utover det er det i grunnen lite han kan delegere og nesten ingen han kan delegere til. Han rår berre over dei ressursane som han får til disposisjon av kyrkjeverja og som kyrkjeverja også kan inndra igjen. Det einaste presten kan prøve er, å konkurrere med mange andre om få engasjerte frivillige.

Samstundes er det eit paradoks at når kyrkjelydane manglar ein kateket, trusopplærar, diakon, til og med kyrkjetenar eller klokkar eller ein anna funksjon, så prøver både kyrkjeverja og kyrkjelydane å plassere både arbeidsoppgåvene og ansvaret hos prestane. Prestane har kanskje blitt flinkare til å setje grenser. Det er nok enklare å sei nei når du har ein anna til plassere ansvaret hos: kyrkjeverja.

12.4. Oppsummering

Situasjonen i Noreg med sine kyrkjelege stabar skil seg nok så tydeleg frå situasjonen i Tsjekkia og Tyskland, der presten ofte er den einaste tilsette eller i alle fall den einaste som er tilsett på heiltid. Dette gjer det enklare å plassere ansvaret hos fleire enn prestane. 

12.5. Vurderingar

Utfordringa i Noreg er ikkje presten som sit med allansvaret, men heller ein manglande eller uklar ansvarsstruktur.

Likevel kan "myten om allansvaret" også utfordre norske prestar. Ein bør ikkje ordne alt ein kan ordne. Det er jo fort gjort. Men det er mange ting som er fort gjort som samanlagt tar nok så mykje tid. Som prest bør ein forkynne, ikkje berre med ord, men også med gjerning. Kyrkja er noko som vedkjem heile forsamlinga, ikkje berre han. Difor må han ikkje fråskrive seg ansvar, men han må delegere. Sjølv om ting kanskje ikkje blir ordna like fort og like godt. Presten har først og fremst ansvaret for å gjere andre ansvarleg i staden for å ordne alt sjølv. ”Kvar prest har med seg ein personleg biografi, ein spesiell motivasjon for yrket sitt, spesielle personlege evner, styrker og svakheiter.”[130] Ingen kan alt og berre den som ”kan alt, treng ikkje å delegere”[131]. Men han treng heller ikkje å undre seg over om han får klager over at han er vanskeleg å samarbeide med. Presten bør ikkje vere den som har ansvar for alt, men den som gjer andre ansvarleg. Presten bør bli ”hjelpar og medhjelpar for dei leke”[132].


 

13. Presten som leiar

13.1. Presten som leiar og blir leia

”Leiing består i å løyse konkrete oppgåver gjennom andre”[133]. Leiing er ”eit målsetjande, problemløysande og språkskapande samspel mellom menneske.”[134] Begge prestane som eg fekk observere og eg sjølv, har vore leiarar i sokneråd, men er ikkje det nå. Grunngjevinga for dette formulerast slik. ”Eg er leiar, men ingen god organisator. Eg kan leie, men trenger ikkje å leie alt.” eller ”Oppgåva mi er ikkje å leie alt, men å gjøre andre dyktige til å leie.”  

Samtidig vil jeg si at soknepresten er den øverste kirkelige leder i bygda, når det gjelder posisjon.[135] slik blir det formulert av ein fellesrådsleiar. Presten blir i alle tre land sett som kyrkja sitt ansikt utad og som ein viktig leiar i kyrkja. Men det er nok større skilnader i korleis han kan og skal vere leiar.

13.2. Prester i leiinga av kyrkja

13.2.1 Tsjekkia

I Tsjekkia er medlemsskapet personleg. Ein blir medlem i kyrkjesamfunnet gjennom kyrkjelyden ein blir medlem av. Kyrkjestrukturen er presbyterial –synodal. Det er kyrkjelyden som vel presten og som i stor grad bestemmer arbeidsoppgåvene til presten. Sjølv om han har kyrkjesamfunnet som arbeidsgivar, er presten først og fremst forankra i kyrkjelyden. Når han leier, leier han på vegne av ordinasjonsløftet sitt og på vegne av kyrkjelyden. Kyrkjesamfunnet styrer presten berre i den grad det er naudsynt for at kyrkjelydane skal kunne fungere.

Kyrkjesamfunnet har på alle plan eit todelt og ofte paritetisk leiarskap: Ein vald prest og ein vald lekmann leier i lag. Det er tre plan: kyrkjelyden, senioratet og synodalplanet. I soknerådet er presten av praktiske årsaker i mindretal, men på dei to andre plan er det også i råda like mange prestar som lekfolk. Det er ein prest som blir kalla senior og ein lek som blir kalla kurator.

I kyrkjelyden fungerer presten som dagleg leiar, ikkje minst sidan han er den einaste som er tilsett på fulltid. Kuratoren fungerer som ein styreleiar og kontraktar skal som regel underskrivast av begge to.[136] Dette gjeld også for kyrkjelyd som ikkje har valt presten sin, men som blir administrert av ein prest. Også på dei andre plan er kuratorane frivillige.

13.2.2. Tyskland

Også den tyske presten representerer kyrkjelyden[137] i lag[138] med soknerådsleiaren[139]. Sjølv om det er soknerådsleiaren som har ansvaret for den daglege leiinga, så blir dette som regel delegert til presten. Presten er medlem i soknerådet. Enten leiaren eller nestleiaren i soknerådet må vere lek. Presten er forplikta til å kvalitetssikre, vedtak i soknerådet. Er han i tvil om dei er i strid med kyrkjeordninga må han varsle først soknerådet og så kyrkjeadministrasjonen og sine overordna.

På prostinivået, som her heiter kyrkjekrins, finst det ei synode der maksimum halvparten av medlemmene har lov til å vere tilsett i kyrkja. Samstundes er det også eit krav om at presteskapet er tilstrekkeleg representert. I praksis er det ofte rundt ein tredjedel av medlemmene der som er prestar. Denne synoden vel eit råd, der igjen dei som ikkje er tilsett i kyrkja må ha fleirtalet. Dette rådet blir leia av prosten, som ber tittelen superintendent, og som alltid er den daglege leiaren for prostiet.

I landssynoden, kyrkjemøtet for heile kyrkjesamfunnet, er det alltid mellom 25 og 30 prosent prestar. Og i landskyrkjerådet, som er rådet på dette planet, er omtrent halvparten av medlemmene prestar i forskjellige funksjonar.  På det øvste planet finst det også ei administrativ eining, landskyrkjeadministrasjonen[140], som er resten av det gamle konsistoriet.

Også på eit nedre plan, ved sidan av kyrkjekrinsen, finst det administrative einingar. Dei kallast krinskyrkjeadministrasjonen[141]. Desse er ein service- og tilsynsinstitusjon for fleire kyrkjekrinsar og kyrkjelydane der. På vegne av kyrkjekretsane og kyrkjelydane tek dei seg av all administrasjon som ikkje skal utførast lokalt og overprøver om vedtak der er i tråd med gjeldande rett. Det er kyrkjelydane og kyrkjekrinsane som fattar vedtak, men det er desse administrasjonane som legg til rette for vedtak og som administrerar dei. Dei tar alt frå bokføring, til byggesøknader og personaladministrasjon.  Sjølv om presten oftast fungerer som dagleg leiar, står han ikkje åleine med dette ansvaret. Det er soknerådsleiaren som har delegert ansvar til han og som støtter han i det og han har også administrasjonen. Presten fortalte sjølv at han ikkje opplever administrasjonen som overordna, men som støttespelar og serviceinstitusjon.

13.2.3 Noreg

Før etableringa av rådsstrukturen i Den norske kyrkja hadde kyrkja ein nok så ”monolittisk styringsstruktur”[142]. Det var prestane som kongens embetsmenn i sin hierarkiske struktur som hadde både den pastorale og den administrative leiinga. Leke organ i kyrkja hadde lenge ikkje så mykje meir enn ein rådgivande funksjon. Etter kvart skulle demokratiet i kyrkja styrkjast. Først vart det sterkare i dei strukturane som styrte kyrkja: staten og kommunane. Etter krigen og særleg på 90-talet skulle kyrkja få sin eigen todelte struktur. I Noreg gjekk ein for ”en ‘samvirkemodell’ hvor presteembete og råd ses som ‘selvstendige men ikke uavhengige’ organer”[143] Prestane har del i rådsstrukturen som nå er den dominerande struktur i kyrkja. ”Prestens rolle i menighetsrådet er i altfor stor grad å være tålmodig og ydmyk. For dette er legfolkets forum. Og legfolket må ikke overkjøres av presten.”[144]Det er mange prestar som kjenner seg att i denne opplevinga og det at det no er presten som blir redusert til ikkje så mykje meir enn ei rådgivande rolle.

Det sit ein prest i kvart sokneråd og biskopen og ein prest i kvart bispedømeråd.  I tillegg sit det der ein representant for dei andre tilsette, som skriv seg frå den tida fleire av dei var tilsett i bispedømet, og sju ”lekfolk”. I Oslo er det utover dette ein representant for døvekyrkja, og i dei tre nordlegaste bispedøma ein representant for samane i kvart bispedømeråd. Bispedømeråda og 5 andre representantar utgjer kyrkjemøtet.

I praksis har den todelte leiingsstrukturen i kyrkja alltid vore tredelt: ”Embete, råd og offentlige forvaltningsorgan”[145]. Den aukande sjølvstendiggjering av kyrkja skapte behov for ei aukande byråkratisering og behov for meir forvaltning, leiing og økonomistyring[146]. I takt med eit aukande behov for profesjonalisering[147] og spesialisering har det med samarbeidsfora for soknerådsleiarane, administrative stillingar på bispedømeplan, KA osv. i praksis i har det utvikla seg ”en femte, og vel en sjette, styringsstruktur”[148]. Mange av desse strukturane kan ein finne att på alle nivå. ”Den kanskje mest i øyenfallende virkning av de kirkelige reformer på 80- og 90-talet er økt byråkratisering.”[149]

Eg oppdaga ei haldning i Den norske kyrkja som er nok så framand i alle andre kyrkjesamfunn som eg fekk bli kjent med både i samband med denne avhandlinga og uavhengig av den: Resonnement mot presten og presteskapet. Eg fekk oppleve at ein soknerådsleiar ikkje ville tilstå presten stemmerett i soknerådet. Presten sit som medlem i soknerådet som ei av arbeidsoppgåvene sine. Han kan veljast i forskjellige funksjonar der på lik linje med alle andre medlemar, når ikkje interne reglement sett avgrensingar for dette. Prestane i rådsstrukturen i Den norske kyrkja blir ikkje legitimert i rådsstrukturen, men av embetsverket: Fram til 2012 har det vore regjeringa, ”kongen i statsråd”, som utnemner biskopar og prostar og biskopen igjen bestemmer kven som blir sokneprest i det enkelte soknet og kva prest som har sete i fellesrådet . Kyrkjelydane kan uttale seg om dette, men biskopen treng ikkje å lytte til dei og gjer som han vil. Det er prestane som vel prestane i bispedømeråda og med dette i kyrkjemøtet. Prestane i rådsstrukturen sit der som presterepresentantar, ikkje primært som teologisk og pastoral kompetanse som kan hjelpe til at ein ikkje berre ser kyrkjelyden eller det enkelte rådsnivået, men heile kyrkja. Embetsverket får i dagens demokratiske samfunn ikkje lenger tilskrive legitimitet av seg sjølv. Presten står ikkje lenger i ein posisjon ”som kongelig embetsmann og som ’far’ i bygda”[150].Det var denne stillinga og tradisjonen som tidlegare gav presten autoritet og legitimitet.[151]

Når ein snakkar med prestar kan ein av og til også få eit inntrykk av at i alle fall ein del av presteskapet heng fast i den gamle embetsstrukturen og at rådstrukturen kanskje nettopp difor nektar å overlate meir ansvar til alle prestane.

13.2.4. Oppsummering

Det er tydelege skilnader på korleis prestar er involverte i kyrkjeleiinga. Medan ein i Tsjekkia har ein paritetisk struktur og i Tyskland valde å integrere rådsstrukturen i prestestrukturen, er det i Noreg prestane som har del i rådsstrukturen.

I kyrkjesamfunna på kontinentet jobbar ein hardt for å redusere administrasjonen i eit stadig meir differensiert samfunn, medan byråkratiet i Noreg framleis er aukande. Det blir synleg for eksempel i alle dei nye planane som skal leggjast fram for godkjenning hos biskopen og som det skal rapporterast om etterpå i tillegg til årsstatistikken. Medan ein del bispedømeråd måtte redusere prestestillingane har det nok blitt fleire stillingar på alle bispedømekontora og i dei sentrale kyrkjeleg råd.

Prestane i rådsstrukturen i Den norske kyrkja blir i motsetning til Tsjekkia og Tyskland ikkje legitimert i rådsstrukturen, men av embetsverket.

Samstundes er Den norske kyrkja også det kyrkjesamfunnet av dei tre i undersøkinga med minst prestekompetanse[152] i kyrkjemøtet og på bispedømeplan. Etter kyrkjelova i 1996 er det ”de organisatoriske spørsmål som nå er kommet i første rekke. Og dette er skjedd på en slik måte at det kan være betimelig å balansere bildet ved å framføre noen grunnleggende pastoralteologiske synspunkter.”[153] Dette blir ikkje mindre aktuelt etter diskusjonen om korleis strukturen i kyrkja skal vere i framtida og om korleis ein skal integrere dei to arbeidsgivarlinjene i kvarandre.

13.3. Vurderingar - Den leiande presten

13.3.1. Presten og rådstrukturen

Etter mitt syn er manglande legitimitet for prestane i rådsstrukturen eit problem i organiseringa av kyrkja. Eg ser at prestane i den kyrkjelege leiinga i Tsjekkia og Tyskland blir valt ikkje berre av prestane, men av alle som har stemmerett i kyrkjelege val. Kyrkjelydane kan også i langt større grad velje kven dei vil ha som prest i kyrkjelyden og soknerådet. Det hadde kanskje vore mogleg å gi prestane meir legitimitet når kyrkjelydane i større grad fekk velje prestane sine og om ein hadde forskjellige kategoriar i kyrkjevalet og alle kunne få lov til å stemme i alle kategoriar. Å gi prestane på denne måten meir legitimitet kunne også bidra til at dei ikkje lengre var "presterepresentantar". Dei kunne kanskje heller vere representantar for den pastorale kompetansen og det embetet som etter CA V og CA VII er eit konstituerande element for kyrkja. Slik kunne dei eventuelt også bidra til ei auka bevisstgjering av kyrkja sin eigenart og det at ein ikkje fullt ut kan bruke organisasjonsteoriar på ei kyrkje som etter CA VII blir konstituert av forkynninga og sakramentsforvaltinga.

13.3.2 Presten som dagleg leiar

Kyrkjerådet formulerte det i 1988 slik: ”På grunn av vår tradisjon og tidligere praksis har vi – ut fra rent hensiktsmessighetssynspunkt – hevdet at sokneprestene bør være ’daglig leder’ ganske enkelt fordi hun/han ofte er den eneste fulltidsansatte i menigheten.”[154]  Dette var årsaka til at prestane fungerte som daglege leiarar i Noreg og også for at dei er det i Tsjekkia og Tyskland. Men også der er det alternativ: I Tsjekkia har dei kuratoren og i Tyskland skal soknerådsleiaren vere dagleg leiar, men delegerer det som regel til presten. Presten bør ikkje bere det daglege leiaransvaret åleine og ikkje alle prestar bør ha eit dagleg leiaransvar. ”Det er mange prester som ikke er ledere hvis man studerer deres personlighet. Det er ingen prester som ikke er ledere hvis man studerer deres ordinasjonsforpliktelse.”[155] Det er mange prester som er gode forkynnarar og gode sjelesørgjarar og samstundes frykteleg dårlege administratorar. Dei er gode prester og dei bør ikkje tvingast inn i ei rolle og oppgåver som ikkje er i samsvar med givnadane deira. Når dei er dei einaste tilsette på fulltid slik dei er det i Tyskland og Tsjekkia, kan dei likevel ikkje vegre seg for å gå inn i det. Men også dei kan ta val. Dei prestane som eg fekk observere, vel for eksempel å involvere soknerådsleiarane i større grad enn prestane før dei. Ei anna hjelp kan vere å delegere fleire oppgåver til serviceinstitusjonar. Her er det ein fordel om kyrkja sjølv kan tilby slike institusjonar slik som i Tyskland.

Prestane bør ikkje ekskluderast frå den daglege leiinga, sidan den då ligg åleine hos administrasjonen. Kyrkja kjem med dette i faresona for å gi avkall på noko av eigenarten sin: Ho er ikkje berre ein organisasjon, ho er eit fellesskap, ho er nettopp kyrkje. I tillegg kan kyrkja også miste ansikta sine. Soknerådsleiarane skiftar, kyrkjeverja eller dagleg leiar sit på eit kontor kanskje langt unna. ”Hvis du har et spørsmål om Gud, religion, kirke eller menighet, så henvender du deg til presten.”[156]Presten er kyrkja sitt ansikt utad både i folkekyrkja og i minoritetskyrkja. I Den norske kyrkja vart det etter kyrkjelova i 1996 slik at ”kirkevergen blir den sentrale lederrollen”[157].Framleis har ”soknepresten en sentral lederrolle i den lokale kirke[158]. I den Norske kyrkja står presten i dag på sidelinja i den daglege leiinga. I praksis fungerer han ofte som prosjektleiar for kyrkjelege handlingar og gudstenester med dei ressursane som kyrkjeverje eller ein dagleg leiar stiller til disposisjon for han. Det er slik ”at prestens posisjon har endret seg fra en stabil trygg forankret sosial rolle – til forventninger på presten som markant lederskikkelse, med et komplisert sett av krav rettet mot seg.”[159] Presten skal vere ein markant leiarskikkelse, men står på sidelinja i den daglege leiinga. ”Prestene vil for mange være symbolet både for troen og kirken. Prestene er for mange også symbolet på både statskirke og folkekirke[160]  Prestene står sentralt i kirkens møter med folk. De er dels de eneste og dels de sentrale representantene for kirken.”[161]Presten blir sett på som kyrkja sitt ansikt, men sidan prestane står på sidelinja i den daglege leiinga, kan det ofte vere vanskeleg for dei å svare på praktiske spørsmål.

Det ”faktum at prester i stor grad på generelt grunnlag blir tilskrevet autoritet fordi de er prester, må i like stor grad kunne sies å hvile på tradisjonell autoritet.”[162]  Tradisjon er en viktig kilde til legitimitet i religiøse organisasjoner.”[163] At prestane står på sidelinja i den daglege leiinga i Den norske kyrkja og å leggje den åleine til kyrkjeverjene og daglege leiarar er nok rett, både i organisasjonstenking og med omsyn til at mange prestar ikkje er gode administratorar. Her kan det vere godt med eit klart skilje mellom pastoral leiing og dagleg leiing. Men denne oppgåvefordelinga svarar dårleg til forventningane kyrkja blir møtt med og til kyrkja sin eigenart som kyrkje. ”Kirker og religiøse organisasjoner har behov for å være effektive, men det er viktige å holde klart hva en skal være effektiv i forhold til.”[164]

Prestane bør difor involverast i den daglege leiinga, men dei bør sleppe å ha den åleine. Å diskutere korleis dette kan skje, ville sprenge ramma til denne avhandlinga. Eg skal difor nøye meg med å nemne nokre modellar. Uansett er det viktig for meg å nemne at ein ikkje treng  å involvere alle prestar i den daglege leiinga, men berre dei som er eigna til det og som har skaffa seg eit bevisst forhold til leiing, sidan ”prester ofte har et ubevisst forhold til ledelse, og de mangler et språk til å omtale aktuelle ledelsesutfordringer.”[165] Det er også viktig at kyrkjeverja får ein prest som motpart og støttespelar, ein som klarer å sjå meir enn dei administrative utfordringane. Dette blir også etterlyst av ein del kyrkjeverje.

Modellar for involvering av prestane i den daglege leiinga og delinga av leiarskapet kunne vere:

·         Ei deling ”mellom primær- og sekundærfunksjoner[166] slik som Trond Skard Dokka tek til orde for[167],

·         Ei deling mellom den ”kyrkjefaglege leiinga” og den administrative leiinga slik Olav Skjevesland gjer framlegg om,[168] og som ligg ikkje langt unna frå oppgåvedelinga mellom rådmann og ordførar i kommunane,

·         Å overlate den daglege leiinga til ein prest, men å opprette støttefunksjonar slik som ein underordna administrasjonsleiar og serviceinstitusjonar,

·         Å leggje det daglege leiaransvaret til rådsleiaren som igjen delegerer det til presten, serviceinstitusjonar og andre, sjølv om dette kan utfordre mange soknerådsleiarar,

·         Å ha ei ” definert arbeidsdeling mellom faglig og administrativ ledelse ”[169] som tar utgangspunkt i dagens oppgåvefordeling mellom biskop, stiftsdirektør og bispedømerådsleiar, slik som presteforeininga gjer framlegg om.

Lista er ikkje utfyllande men tenkt som utgangspunkt for vidare refleksjon. Uansett bør kyrkja som kyrkje også har ei kyrkjeleg leiing, som difor nok kan skilje seg frå andre organisasjonar.

13.3.3 Presten som pastoral leiar

Mens det stridast om i kva grad presten bør involverast i den daglege leiinga, er eit anna område utan tvil presten sitt ansvar: den pastorale leiinga. Denne leiinga kan lesast direkte frå bibelen. ”Ver hyrdingar for den Guds flokk som er hos dykk! Ha tilsyn med flokken, ikkje av tvang, men av fri vilje, så som Gud vil, ikkje for vinning skuld, men av hjartet.  Gjer dykk ikkje til herrar over dei som Gud har gjeve dykk ansvar for, men ver eit føredøme for flokken. ” (1 Pet 5,2-3) Presten skal vere hyrding, pastor, for kyrkjelyden.

Det er forskjellige måtar å definere og avgrense den pastorale leiinga på. Pastoral leiarskap skal ”innebære lederskap i forhold til menigheten. En slik ledelse inkluderer nødvendigvis ledelse i forhold til andre ansatte, men kan ikke begrenses til det.”[170]Det pastorale lederskapet består i å være en trofast og fornyende fortolker av kirkens vandring gjennom tiden – med alt hva dette krever av kunnskaper, ferdigheter, holdninger og erfaringer.[171] For det andre handlar den om ”å realisere en bibelsk visjon for menigheten, å verdsette mennesker med det mangfold av gaver som de rår over, å gi mennesker velsignelsen i å medvirke som årsak til Guds realisering av sin frelsesplan[172].

Pastoral leiing er i veldig stor grad uformell leiing[173] og i liten grad basert på strukturar. Den krev i det minste to: ein som er viljug til å leie og ein eller fleire som er viljug til å bli leia. Eit eksempel på pastoral leiarskap som eg fekk oppleve i Tsjekkia, var ein mann som engasjerte seg blant anna i eit bokutsal og i forskjellige byggeprosjekt i kyrkjelyden, men han vart klaga for å ”låne” pengar frå soknekassa utan å levere kvitteringar for det. Kyrkjelyden ynskte at presten skulle irettesetje han og presten lurte på korleis han skulle gjere det. Neste gong han møtte mannen trengte mannen eit mindre beløp for å betale ein faktura for kyrkjelyden. Presten lånte pengane av eiga lomme, men kravde at mannen skulle gi pengane tilbake til han eller levere ei kvittering slik at han kunne ta pengane frå kyrkjekassa. Slik kunne han sjekke om klagene var rett og eventuelt ta opp temaet utan å konfrontere mannen direkte med dei manglande kvitteringane. Folk må ha tillit til presten. Det var i Tsjekkia, men også blant anna i ein del ortodokse kyrkjesamfunn der eg kunne observere at folk som var ueinige, kom til presten etter gudstenesta for å spørje om råd. Presten lytta på dei og såg dei, han gav dei gjerne eit råd og klarte å forlike dei. Også dette er pastoral leiing. Kva gjer det så vanskeleg å tenkje seg noko slikt i Noreg?

Pastoral leiing har grunnlaget sitt i ordinasjonsløftet, men krev også ein stor grad av personleg integritet og personleg autoritet av presten. Presten kan i vårt sekulære samfunn ikkje lenger rekne med å bli lytta til berre på grunn av autoriteten han har gjennom funksjonen og embetet. Kyrkjelyden har ei forholdsvis lita rolle i å velje hyrdingen sin og dei vil berre la seg leie av han i den grad dei opplever leiinga som relevant. Pastoral leiing skjer først og fremst gjennom forkynninga, sakramentsforvaltninga, sjelesorg, formaning og gjennom livet til presten. Dette gjeld i alle tre kyrkjesamfunn.

Grunnlova for Den evangeliske kyrkja i Mellom-Tyskland slår i alle fall fast at: ”Dei som er ordinerte er innanfor rammene til ordinasjonsløftet sitt og ikkje bundne av instruksar og ordre.”[174] Medan for eksempel gudstenesteboka i Den norske kyrkja nok litt innskrenkar prestane blant anna i sakramentsforvaltninga: ”Dersom det blir aktuelt å nekta eit medlem i Den norske kyrkja tilgjenge til nattverdsbordet, skal saka leggjast fram for biskopen.”[175] Ein bør vere varsam med å nekte nokon tilgangen til nattverden. Målet med formuleringa er nok å ta vare på prestane og å unngå konfliktar. Likevel er eg usikker på om det er rett at presten først må søkje biskopen om å få utøve denne delen av sakramentsforvaltninga.

Som prest bør ein har eit bevisst forhold til det pastorale leiarskapet sitt, men ein bør også vere klar over at andre enn presten kan utøve pastoralt leiarskap i kyrkjelyden. Både andre tilsette og frivillige er ofte lenger i kyrkjelyden og kan difor ha ein høgare personal autoritet i deler av kyrkjelyden enn presten sjølv. Her kan det vere eit klokt val å integrere desse i den pastorale leiinga og ikkje konkurrere med dei. Også pastoralt kan delegerast og ein kan nå fleire på denne måten.

13.3.4 Oppsummering

Når ein leitar etter ein framtidig struktur i Den norske kyrkja er det etter mitt syn viktig at ein ikkje berre tenkjer organisasjonsteoretisk men også teologisk og tar vare på kyrkja sin eigenart som kyrkje. Det kan difor vere lurt å vurdere på nytt korleis prestane kan inkluderast i både rådsstrukturen og den daglege leiinga, slik at dei ikkje lengre står på sidelinja men blir ein fullverdig og integrert del av dei. Uansett bør prestane styrkjast i det pastorale leiarskapet sitt og dei bør kanskje få meir rom og tid til å utøve det.


 

14. Presten som liturg og predikant

14.1. Ei rolle å fylle

Forkynnelsen og sakramentene skaper tro, og er konstituerende for kirken.[176] Og dei ”gir identitet til prestens tjeneste[177]. Det er sjeldan dette blir like synleg som når presten gjer teneste som liturg og predikant:

”Prester og kvinnelege prestar symboliserer det kristne programmet og den kristne forståinga av røynda konkret ved kroppen sin. Dei viser kyrkja kroppsleg og synleg og set evangeliet i scene.”[178]  Det er sjeldan i tenesta at presten er så synleg og usynleg på same tid som i gudstenesta, som liturg og predikant. Presten blir synleg under altertenesta. Han går synleg inn ei rolle som han må fylle der han er og med det han er.

"Å lage ei preike - inkludert å utforme ein katekese – gjer det naudsynt at ein i langt større grad tileignar seg og pregar yrkesrollen enn når ein skal reprodusere kultiske handlingar som tilsynelatande er fastståande. Tilsvarande dei intellektuelle føresetnadane som ligg i dette, er evangeliske prestar direkte knytte til den kulturelle utviklinga…"[179]

Som predikant og liturg formidlar presten Gud og Guds ord, men han speglar også dei han formidlar det til. Han bør også vere seg sjølv i rolla som predikant og liturg, sjølv om det ikkje er han som skal vere synleg i gudstenesta. Det er Gud som skal bli synleg gjennom han. Som liturg skal den synlege presten bli usynleg, slik at Gud kan bli synleg gjennom handlingane hans/hennar. Gud skal kunne bruke presten som sitt verktøy, som den han er, der han er.

14.2. Feltet: Prestane i svart og kvit

Eg fekk ikkje sjå den tsjekkiske presten i den svarte prestekjolen, sidan han bruker den først og fremst under gudstenestene i bygdekyrkja, medan han ofte bruker dress når det er gudsteneste i småbyen.

Presten i Tyskland bruker alltid den svarte talaren. Her er det berre ein liten kvit krage som gjeld og ikkje den danske pipekragen. Det er i den kragen som blir kalla for ”Beffchen”, ein kan sjå kor presten står teologisk. Er den delt heilt i to, er det ein overbevist luthersk prest, er den delt på midten, er det ein unert prest og er delinga berre antyda, så er presten kalvinistisk reformert. 

Som prest i Noreg bruker ein i dag som regel ein kvit prestekjole med stola i liturgisk farge. Under nattverden og på høgtidsdagar ber presten i tillegg ein tilsvarande messehakel.

Det var berre ein gong i Tyskland at eg fekk sjå at presten brukte preikestolen. Enten var det ikkje preikestol, eller så var den for langt unna frå den vesle kyrkjelyden. Den gongen presten brukte preikestolen, var det kanskje for å kome unna dei strenge augo til Martin Luther. Det står ei byste der i alterromet som ser rett på lesepulten og eit soknerådsmedlem som soknar til denne kyrkja og som var med i denne gudstenesta, er ein direkte etterkomar til reformatoren. I Noreg vert preikestolen brukt først og fremst når det er mykje folk i kyrkja og presten preiker ofte frå midtgangen for å ha betre kommunikasjon med kyrkjelyden.

Alle prester som eg fekk observere, relaterte preiketeksten til noko som dei hadde opplevd og som kyrkjelyden kunne ha opplevd på ein liknande måte. Bibelteksten vart relatert til opplevingar som familiefar, som kristent menneske i denne verda eller som bilbrukar. Presten kan berre ta utgangspunkt i den røynda han lever i, men det er også ein fare i det. Presten kan bli den idealtypiske kristen og det kan opplevast som om han lever trua si for dei i staden for at dei lever den sjølv. Presten i Tyskland formulerte det slik: ”For resten av folkekyrkja opplever eg det slik at presten er prest i nærmast katolsk forståing. Han leve trua for kyrkjelyden. Han ber for dei, han er familiefar slik som dei skulle vere.”

Liturgisk har presten i Tsjekkia nok så mykje fridom. Han er lite bunden av forordna liturgiar. Eg fekk oppleve nokså forskjellige gudstenester både under feltarbeidet og elles i kyrkjesamfunnet hans. Liturgien og preiketekstane er eit hjelpemiddel som ein kan bruke, men som ein ikkje er forplikta til å bruke. Dette gir stor fleksibilitet som han bruker til å involvere kyrkjelyden, der han har ein kyrkjelyd som ynskjer å bli involverte. Det er heller ikkje alltid han bruker den svarte talaren sin, av og til står han der berre med skjorte og eventuelt jakka.

Presten i Tyskland har også ein perm som han skal bruke som gudstenestebok. Systemet er omtrent det same som vi fekk i Noreg nå, med ein stor perm og ein liten perm der ein samlar  dei arka  som ein skal bruke under gudstenesta. Men han bruker ikkje permen, han skriv det han skal bruke ned i eit dataprogram og bruker utskrifta. Grunnen til dette er at sideskifta i permen er dei same som i ei bok og ikkje berekna for at ein tar ut sider. Tar ein for eksempel ei bøn, finn ein minst halvparten av alternativet før og etterpå med på same arket og må først orientere seg i gudstenesta. Dette er for krevjande. Han ler når eg fortel at ein i Noreg har klart å gjere same feilen oppatt. Det er eit stort utval av alternativ, men presten i Tyskland er mykje meir bundne av alterpermen enn presten i Tsjekkia.

Det er ein ting til som eg la merke til: Når dei bruker liturgi, er det langt mindre involvering av andre enn presten i kyrkjelyden. Det er ofte presten som både les tekstane og kunngjeringane.  Medliturgar eller klokkar kunne eg ikkje oppdage, ein er fornøgd når ein får frivillige til å lese tekstane. Årsaka til dette er at det allereie i lang tid ikkje har vore ressursar til å ha lønna klokkarar eller kyrkjetenar.

14.3. Oppsumeringa

Det er nok presten i Tsjekkia som har størst fridom i utforminga av gudstenestene sine. Både når det gjeld tekstane, liturgien og klede. Det er også hos han at rolleforventningane og det folkekyrkjelege elementet står svakast. Både tsjekkiske og tyske prestar bruker svarte prestekjolar, medan vi Noreg bruker den kvite albaen. Når ein så bruker stola i liturgisk farge og tar messhakelen, som tilhøyrar kyrkja, i bruk, er det presten i Noreg som tydlegast går inn i ei rolle.

Når presten preiker, tar han av seg sjølv. Han må ta utgangspunkt i livet og kvardagen som han kjenner til, sjølv om det ikkje er ufarleg. Han kan fort bli ein vikar i trua for kyrkjelyden, slik som den tyske presten fortel om.

14.4. Vurderingar

Jo større det folkekyrkjelege elementet i kyrkjelyden er, jo viktigare er det å vere bevisste på at presten kan bli ein vikar i trua. Eiga oppleving kan vere eit greitt innsteg. Men presten må vere klar over at røynda han lever i og det truslivet han lever, kan skilje seg nokså mykje frå det som opplevast av dei som sit i benkane. Dette gjeld, sjølv om dei kan bu i nabohuset. Presten som har gudsteneste nesten kvar sundag, opplever for eksempel kyrkjeåret mykje meir intens enn dei som han møter på bygda der det er gudsteneste berre ein gong for månaden. Og så er det kanskje eit dåpsfylgje i kyrkja der mange kjem til kyrkja ikkje meir enn to gonger for året…

Gudstenestereforma i Noreg byr nok også utfordringar og når det blir eit nytt opplag av gudstenestepermen, er det sikkert ei smal sak å forandre sideskifta. Medliturgfunksjonen kan her by på større utfordringar. Klokkarfunksjonen blir meir og meir overført på frivillige, ofte for å spare pengar.  Der den nye liturgien krev medliturgar, kunne eg på landet oppleve at folk ikkje akkurat sto i kø og at det for det meste vart klokkaren som vart medliturgen. Det er etter mitt syn viktig at vi tar vare på klokkarfunksjonen. At ein viser at den blir verdsett og at ein rekrutterer til den. Det er viktig at klokkaren finn den informasjonen han/ho treng og ikkje berre les opp det som presten har skrive ned. Kanskje kunne ein med jamne mellomrom arrangere ein klokkarskule for både klokkarar og prestar.  


 

15. Presten som lærar

15.1. Presten og læraren

”Den store pedagogen og kristen ville oppdra eit barn som eit menneske til eit intelligent, fornuftig  og moralsk høgtståande menneske”[180] Slik omtalast idealet til den siste tsjekkiske protestantske biskopen før motreformasjonen i Tsjekkia, Jan Amos Comenius. Han blir også kalla for ”far til den moderne pedagogikken” og sjølv jesuittane brukte lærebøkene hans. Han sette barnet i sentrum og målet hans var at borna skulle kunne lese og reflektere over bibelen slik at dei kunne bli moralsk høgtståande personlegdomar. Det var prestar som var dei første som underviste etter denne pedagogikken.

15.2. Frå feltet

Både i Noreg, Tyskland og Tsjekkia driv kyrkja nå si eiga trusopplæring. I Tyskland kan borna i tillegg møte presten som lærar i skulen, og er det er berre i Tyskland at undervisninga i skulen er ein fast del av prestetenesta. Det kan vere krevjande for born som møter presten både i skulen og i kyrkja med å skilje mellom dei rollane han har. Presten i Tsjekkia har mykje bibelundervisning i kyrkjelyden og eg veit om prestar som har læraryrket som hovudyrket og som arbeidar som prest i tillegg til det. Men dei har dei to arbeidsplassane vanlegvis forskjellige stader.

I Noreg er vi i gang med trusopplæringsreforma og det er mange stader ikkje lenge sidan konfirmantundervisninga vart flytta ut av skuletida. Presten er ikkje lenger lærar i skulen og heller ikkje sjefen for dei. Den som tidlegare var både medlem og leiar i skulestyret, er i dag berre gjest i skulen når han kjem med gode opplegg, slik som vandringa gjennom bibelen. Framleis er det mange stader også eit godt samarbeid mellom skule og kyrkje.

15.3. Oppsummering

I dag er det berre den tyske presten som framleis undervisar som lærar som ein del av prestetenesta si. Likevel er prestane framleis lærarar, men nå i kyrkja. I Noreg blir dette tydlegare gjennom trusopplæringsreforma.

15.4. Vurderingar

Sjølv om eg som far nok ynskte meg meir kristendomsundervisning på skulen, er eg glad for at den kyrkjelege undervisninga vart flytta ut or skulen. I eit økumenisk perspektiv er innskrenkingane mot å drive trusopplæring i SFO-tida litt uforståeleg. Då eg var barn i det kommunistiske DDR, var det ikkje noko problem at nokre klassekameratar gjekk ein time frå SFO til presten og kom att etter det.

Når kyrkja sjølv skal ta hand om si eiga undervisning, bør også prestane få meir pedagogisk utdanning. Det hadde nok vore ein fordel om presten hadde faglærarkompetanse utan at han nødvendigvis trengte å arbeide som lærar. Den norske kyrkja er framleis så pass stor og har framleis ein så pass brei base i befolkninga at det skulle vere mogleg å etablere eit eige pedagogisk miljø i kyrkja, og eg trur at ein er godt i gong med det. Alle dei tyske teologiske fakulteta har eigne professorar for religionspedagogikk og det hadde nok vore godt å styrkje den religionspedagogiske kompetansen til både nye prestar og dei prestane som allereie er i teneste.

Sjølv om presten ikkje er lærar i skulen, bør han i den kyrkjelege undervisninga yte eit viktig bidrag til å oppdra barn "til eit intelligent, fornuftig og moralsk høgtståande menneske”[181]. Dette kan ikkje berre skje i skulen og treng prestar som er utrusta til dette.


 

16. Presten som borgar

16.1. Forskjellige forventningar

"Gjennom embete som institusjon og den saklege konsistensen av yrkesrollar gjer kyrkja som institusjon det mogleg å få ei sosial samhandling som er meiningsfull og som kan bli forventa. Denne formaliseringa avlastar"[182] personen.  "Skilnaden mellom embete og person gir ei vidare differensiering som er grunnleggjande for presteembetet. Kvinnelege og mannlege prestar har ein tendens til å undervurdere den uformelle sida av forventingar til makt og innflytting."[183]  Når ein ser på forventningane til presten i det sivile samfunnet og særleg i politikken, kan ein oppdage at historiske og samfunnsmessige utviklingar kan resultere i nok så forskjellige forventningar.

16.2. Frå feltet

Sjølv om prestane i Noreg ikkje lenger er kongelege embetsmenn men tenestemenn og borgarar på lik linje med alle andre, har tida som embetsmenn nok prega forventningane til presten sitt forhold til politikken.

I alle tre land er presten framleis ein moralsk instans i bygda. Dette kunne eg høyre særleg i Tsjekkia og Tyskland og sjølv frå menneske som ikkje var medlem i kyrkjesamfunnet eller i eit kyrkjesamfunn i det heile tatt.

I Tyskland er presten rettsleg framleis embetsmann, men utviklinga under to diktatur skaper andre forventningar til engasjementet hans i samfunnet og politikken. Det blir forventa av kyrkjelydane og samfunnet at presten engasjerer seg i samfunnet, men han er litt forsiktig med å engasjere seg i politikken.

Særleg i Aust-Tyskland er det likevel ein del tidlegare prestar som er i politikken i dag. Landet sin høgaste representant er ein tidlegare prest og regjeringssjefen ei prestedotter. Dei fleste prestane i politikken kom inn i den rundt 1990 i Aust-Tyskland.  Engasjementet deira var i utgangspunktet ofte ikkje partipolitisk, men eit samfunnsengasjement. Dei engasjerte seg for enkeltmenneske, menneskerettane, eller for grupper ved randen av samfunnet. Dei stilte opp for dei svake og såg på dei som sin neste. Eller dei engasjerte seg for skapinga. Dei engasjerte seg for noko eller nokon, men ikkje i noko. Det vart mange uformelle grupper og under omskiftinga vart mange av desse gruppene plutseleg del av først små parti og så større parti. Også folk utanfor kyrkja hadde tillit til prestane, dei vart sett på som moralske instansar.  Det vart slik mange av dei sklei inn i politikken.

I Tsjekkia er også i dag prestar overrepresentert i politikken og det skriv seg nok frå den tida mange av dei skreiv under på Charta 77. Kyrkjelydane er positive til engasjement i samfunnet, men litt meir kritiske til engasjement i politikken. Slik nekta for eksempel ein kyrkjelyd å gi presten sin permisjon  til ein ny valkamp for parlamentet. Dette sjølv om presten, den tidlegare tsjekkiske kommissæren for menneskerettane Svatopluk Karásek, er nokså kjent i landet.

Begge prestane som eg fekk observere, var på sin måte engasjert, ikkje berre i kyrkja, men også i samfunnet. Presten i Tyskland engasjerte seg for det kulturelle livet i bygdene, medan presten i Tsjekkia engasjerte seg både for det kulturelle livet og for bumiljøet.

Forventningane i Noreg er etter mi oppleving litt annleis: Eit politisk aktiv medlem i kyrkjelyden sa til meg ein gong då nominasjonsprosessen til kommunevalet var i gang: ”Du er eit unntak. Du blir ikkje sett opp på ei politisk liste, sjølv om du er eit kjent ansikt. Vi kan setje opp lækjarar og lærarar, men du skal vere prest for alle. Dette respekterer vi.” Presten skal vere prest for alle.  Han skal ikkje bli tatt til inntekt for eit parti.

Det er etter måten få norske prestar som engasjerer seg i eit parti og det ser ut som om det også er ein del resonnement mot samfunnsengasjementet til dei tidlegare embetsmenn. Forventninga om at den tidlegare representanten for statsmakta held ein viss avstand til makta strekker seg etter mi oppleving lengre enn berre avhald frå partipolitisk engasjement. Den går også utover engasjement i samfunnet. Det finst ei forventning om at presten skal vere forsiktig når han uttalar seg om andre enn kyrkjelege ting. Han skal i alle fall vere nøytral og ikkje støyte nokon.

16.3. Oppsummering

Det er ei forventning i alle tre land om at presten skal vere nøytral i forhold til partipolitikken. Presten skal i grunn vere Prest for alle i kyrkjelyden. I Tyskland og Tsjekkia blir det i langt større grad forventa at presten engasjerer seg i samfunnet utanfor kyrkja.

Ein kan nok tenkje seg at dei same forventningane om nøytralitet tidlegare også kunne finnast i Tyskland og Tsjekkia, men at dei i større grad blei relativerte gjennom erfaringane frå to diktatur i der det ikkje var mogleg å vere nøytrale. Minoritetssituasjonen i Aust-Tyskland og Tsjekkia kan også vere eit moment.

16.4. Vurderingar

Vi lever ikkje berre for oss sjølve, men vi har eit ansvar for det vi gjer og ikkje gjer. Politikken kan for ein prest vere ein arena der han kan vere meir enn berre ”presten”. Samstundes er det nok rett at den lokale presten ”skal vere prest for alle” og ikkje engasjere seg på ein så pass polariserande måte som gjør at han ikkje lengre kan vere det. Prestane som eg observerte, er einige med meg i at presten bør engasjere seg ikkje berre i kyrkja, men også i samfunnet i den grad ein har kapasitet til det og med dei gåvene ein har, men at ein som prest i kyrkjelyden bør vere forsiktig med partipolitisk engasjement.


 

17. Presten som medlem av prestefamilien

17.1. Den eksemplariske familiefaren?

”Difor må ein tilsynsmann ikkje kunna skuldast for noko. Han må vera mann til éi kvinne, edrueleg, forstandig, høfleg, gjestfri, god til å undervisa,  ikkje drikkfeldig eller hardhendt, men mild, ikkje stridslysten eller glad i pengar.  Han skal styra sitt eige hus godt, så borna hans alltid viser lydnad og respekt.  For greier han ikkje styra sitt eige hus, korleis kan han då ha omsorg for Guds forsamling?” (1 Tim 3,2-5)

Krava til ein biskop som familiefar var høge den gongen og dei er framleis høge også til presten i dag. Presten skal vere eit moralsk førebilete, prestefrua aktiv i kyrkjelyden, presteborna skal oppføre seg eksemplarisk: prestefamilien skal nærmast vere ein mønsterfamilie, ein familie slik som ein familie skal vere. Prestefamilien er under observasjon: Drikk dei alkohol? Klipper dei plenen? Kven kjem på besøk? Korleis er borna kledd?

Men både verda prestefamilien lever i og familielivet til dei fleste familiar har endra seg. Isolde Karle peiker på ein "førebiletleg kristeleg livsførsel"[184] som eit nærmast absolutt krav til presten. Ulrike Wagner-Rau omskriv dei private livsforhold til presten som eit av fire aspekt der "spesifikke utfordringar gjennom den komplekse røynda til yrket konsentrerer seg særskilt"[185]. "Dei private livsforholda til kvinnelege og mannlege står under press og skal rettferdiggjerast i offentlegheita. Fram til i dag realiserast skiljet mellom yrket og privatlivet som er karakteristisk for moderniteten, ikkje i same grad for prestebustaden som for resten av samfunnet."[186] Dette reflekterer over prestetenesta i Tyskland, men gjeld dette i same grad også for Tsjekkia og Noreg?

17.2. Det "vanlege familielivet" i prestebustaden

Berre den tsjekkiske prestefamilien lever framleis i rollemodellen der prestefrua er heimeverande. Men også dei er heller unntaket i kyrkjesamfunnet sitt. Dei fleste prestefruer må jobbe om familien skal kunne leve eit nokolunde komfortabelt liv. Det er i Tsjekkia prestefamilien har minst privat rom sidan prestebustaden ligg midt i kyrkjelydshuset og berre to rom er verkeleg private. Prestefamilien har ikkje råd til å bu ein anna plass enn i prestebustaden. Men også prestebustadane i Tsjekkia har ikkje same funksjonen lenger som dei hadde i kommunisttida[187]

Også i Tyskland er det det vanlege at prestebustaden og kyrkjelyshuset er same bygning. Det eg kunne observere der var at presten skaffa seg eit privat rom for seg og familien sin som er åtskilt frå den offentlege delen av huset med prestekontoret med to inngangar i skjeringspunktet. Han reflekterte over presset på prestefamilien og gjorde meg merksam på at til og med ei tysk landskyrkje må innrømme at kravet om 50 til 60 timars arbeid kvar veke og eit ordna familieliv kanskje er for høgt[188] og at kyrkja burde leggje betre til rette for familiar. Han slår fast at det er færre og færre som klarer å leve opp til dei klassiske forventningane til livet i prestebustaden som vart prega av reformatoren Martin Luther og kona hans[189]. For nesten alle tyske prestar betyr ei skilsmisse også at dei må flytte og finne seg ei ny stilling, uansett kva som var årsaka til den. Når vi går gjennom dei vi kjenner frå studietida i Tyskland, er det berre eit mindretal som ennå ikkje har opplevd eit samlivsbrot. Han stiller også spørsmål om buplikta. Kan den framleis sikre at presten er present når han likevel berre kan bu i ei av dei 15 bygdene[190]? Er det rett at presten må betale ei husleige som er langt høgare enn det som er vanleg i området for ein bustad og som kanskje er i dårleg stand og ikkje svarer til livssituasjonen hans i det heile tatt? Han lurer på om bupliktordninga bidrar til å skape forventningar, ikkje berre til presten, men også til prestefamilien som dei i vår tid ikkje lengre klarer å leve opp til. Han meiner at den også kan bidra til auke presset på presten i og med at han har endå mindre av det "vanlege familielivet" og får mindre rom til å lade batteria.  

I Noreg har avstanden til prestegarden alltid vore større, ikkje berre geografisk, men også på grunn av presten sin status som kongens embetsmann.  Nesten alle prestekontora er flytta ut av prestebustadane. Prestane i Noreg har med fridagsavtalen rammer som prestane i andre land drøymer om. Det er fleire og fleire som får fritak frå buplikta. Men på bygda er det framleis mange forventningar til prestefamilien og dei kan nok aldri vere heilt private der dei bur.

I ei tid der "patchworkfamiliar" og kvinnelege prestar ikkje er noko uvanleg lenger er også prestefamilien under press. Dette gjeld for alle tre land. Prestar er på jobb når andre har fri, mange bur også eit godt stykke lengre unna familien enn dei fleste, eit ”vanleg familieliv” er nærmast umogleg. Dei prestane som eg fekk observere, sleit med å finne den rette balansen mellom prestegjerninga og familielivet. Dei kjente ofte på det at tida med familien kom for kort, men prøvde samstundes å prioritere familielivet.

I Noreg har vi fridagsavtalen, men også i Tsjekkia og Tyskland skjer det noko: Presten i Tsjekkia skal også ha fri to dagar i veka og ei helg i månaden sjølv om han ikkje held like sterkt på det og er mykje meir tilgjengeleg sidan han bur rett over kyrkjesalen. Presten i Tyskland jobbar med seg sjølv for å ta vare på den eine fridagen i veka han har og er nøye med frihelga kvar sjette veke.  Men det er ennå eit stykke for dei før måndagen er etablert som ”prestesundag” slik den er det mange plassar i Noreg.

17.3. Prestefamilien på flyttefot

Det er også ei forventning til at prestane skal flytte på seg. Dette var enklare tidlegare når prestefrua var heime, enn no når ein også må finne jobb til presteektefellen. Det er ikkje reint få prestar der familien undervegs dett av flyttelasset, slik at dei skil lag. Mange prester føretrekk difor å bli verande ein stad mykje lenger, kanskje til og med heile yrkeskarrieren. Dette kan vere bra for familiane, men det er sjeldan bra korkje for prestane eller kyrkjelydane.

I Tyskland blir presten oppfordra til å flytte på seg etter 10 til 15 år i teneste på same staden. I Noreg er det ikkje lenge sidan at prestane flytta på seg etter sju års teneste på ein stad, medan dei nå kan vere der i eit kvart århundre. Når norske prestar flytter, er det ofte også kortare avstandar til den nye prestestillinga, slik at for eksempel ektefellen kan halde fram i jobben sin. Det er ikkje lenge sidan eg kunne oppleve eit større "stillingbytte" i prostiet.

Det kan vere bra at prestane blir litt lenger sidan dei i dag i større grad baserer autoriteten sin på sin personlege og i mindre grad på sin institusjonelle og tradisjonelle autoritet. Men når ein prest blir for lenge, kan det også skje at han etter kvart kjem i vegen for bodskapen. Ein norsk prest fortalte til meg: ”Før var det slik at ein prest byrja yrkeskarrieren sin i nord eller i alle fall ute i distriktet. Med litt meir erfaring og ansiennitet kunne både han og familien forvente å få seg ei stilling i litt meir sentrale strøk. Slik er det ikkje lenger. Sidan bispedømeråda tok over tilsettinga av prestane, vil ein heller ha prester ein kjenner til. Det blir vanskeleg å flytte over grensene til eit anna bispedøme.” Eg har ingen datagrunnlag til å dokumentere denne opplevinga, men skulle den vise seg til å stemme, er dette ei utfordring for Den norske kyrkja og særleg for bispedøma i nord og prestestillingane i distriktet. Presten møter i dag andre krav frå familien sin. Utan eit tydeleg perspektiv på at tida i distriktet er avgrensa, kan eit slikt krav difor vere, at han held seg til sentrale strøk. Dette vil på sikt gå ut over distriktet og særleg bispedøma i nord.

17.4. Oppsummering

Utfordringane til presten og prestefamilien har ikkje blitt mindre. Det er viktig at presten tek vare på familien sin. For mange prestar er familien ein viktig del av jordinga, det som held dei fast i kvardagen. Det er her han kan vere noko anna enn prest om han gir seg sjølv lov til det. Det er her han møter det verkelege livet på kroppen, frå barnegråt om natta, matlaginga, klesvasken, husvask fram til kanskje barnebarna kjem etter kvart.

17.5. Vurderingar

Presten er meir enn berre prest og familien er ofte eit viktig ankerfeste for å kunne vere ein god prest. Samstundes fører rolleforventningane og nokre rammevilkår som buplikta til at ikkje berre han eller ho er meir utsette enn andre, men også prestefamilien. Når presten møter konfliktar i jobben sin og må bytte jobb eller når prestebustaden er i dårleg tilstand, rammar det ikkje berre han men også "uskuldige". Når presten for eksempel må flytte eller ikkje får lov til å flytte, gjeld dette ikkje berre han men heile familien. Presten er nok ingen vanleg arbeidstakar og dette legg nok eit større ansvar på arbeidsgivaren, sidan denne indirekte også har eit ansvar for familien til presten. Denne dimensjonen og dette ansvaret bør dei som ber ansvar for arbeidsforholda til presten og bustadane for prestefamiliar vere bevisste på.


 

Ekskurs: Prestefrua

”Ein mann er berre så sterk som kvinna som støtter han.” sa bestemora mi ein gong. Det var tidleg under den første veka i feltet at eg bestemte meg for at presteektefellen skulle få eit eige avsnitt. I mi undersøking er her berre snakk om prestefruer.  Berre ei av dei er heimeverande, mens to er lærarar og ei er sjukepleiar.

Prestefrua i dag er ingen Katharina von Bora meir. Sjølv den heimeverande prestefrua ynskjer å vere meir enn det. Sjølv om ho ikkje har eiga inntekt, så har ho ei eiga utdanning og jobbar som huslærar for borna sine og underviser andre i engelsk, sjølv om dette skjer i lokala til kyrkjelyden. Prestefruene er myndige. Dei får ikkje lenger pengane tildelt frå ektemannen sin, men har ein sjølvstendig råderett. I motsetning til det som er vanleg i denne generasjonen i Noreg går pengane inn på ein felles konto som begge har lik råderett over. Det er forskjellig kven som har ansvar for å sørgje for at fakturaer blir betalt, avhengig av interesser og gåvene den enkelte har fått. Ei av prestefruene har til og med høgare inntekt enn presten sjølv. Prestefrua på bygda er framleis ei av dei som ein helser på to gonger, ein gong som person og ein gong som kona til presten. Dette skjer ikkje berre i folkekyrkja i Noreg, men kan også skje i Tyskland i møte med menneske som ikkje er medlem i kyrkjesamfunnet. Det å vere prestefrue er ikkje lengre eit eige yrke og ho har inga formell stilling. Likevel er prestefrua framleis ein del av presteteamet. Ho ser jobben til ektefellen som ein del av sin jobb. I dag er ho ein mykje meir sjølvstendig del som ofte klarer å forsvare seg betre mot rolleforventningar enn presten sjølv. Ho har eigne sjølvstendige oppgåver i kyrkjelyden og ho er den som tek vare på presten, særleg når ingen andre gjer det.

Det er som oftast prestefrua som passer på at presten tek ut fridagane sine. Det er få som vågar ”å spørje sjølv korleis han har det”[191], men ho gjer det. ”Gifte prestar har truleg no, som før, sin viktigaste medspelar i ektefellen”[192] Dette samsvarer med observasjonane mine. ”Ektefellen er ein partner som lyttar og forstår.”[193] Ho er den første responsen på preika, ho er der som debriefing etter ei ulykke, ho passer barna hans når han er ute i kyrkjelyden, ho tar telefonen når han ikkje klarer meir lenger og gir han eit friminutt før han må vidare, og er sjølv aktiv i kyrkjelyden. Alt dette gjer ho ved sida av sitt eige yrke og familiearbeidet. Og for prestane sin del får vi berre håpe at prestefruene er der også i tida som kjem.


 

18. Konklusjon

”Kva er forskjellen mellom kyrkja og Raude kors i Noreg?” Det var i dette spørsmålet samtalen med ein journalist summaren 2012 konkluderte. Spørsmålet er eit spørsmål om kyrkja sin eigenart, om kva som konstituerer den. Humanitet, medmennesklighet og engasjement kan ein også finne i andre organisasjonar. Det som konstituerer kyrkja, er etter CA VII: ”Kyrkja er forsamlinga av dei heilage, der evangeliet blir lært reint og sakramenta forvalta rett.” Feltarbeidet hjelpte meg med å sjå dette tydelegare og eg meiner difor at både Den norske kyrkja og prestane kan bli tydelegare i å kommunisere dette. Sakramenta skal forvaltast, ikkje berre utdelast, og evangeliet skal forkynnast, ikkje berre tilpassast, sjølv om det kan vere ubehageleg. Eg minnast at Biskop Odd Bondevik sa under ordinasjonen min: ”Det er fint om folk liker det du seier, men du skal ikkje seie det som folk liker at du seier. Du skal forkynne evangeliet.”

Ressursane er knappe, men dei er knappare i Aust-Tyskland og langt knappare i Tsjekkia. Vi blir fleire i Noreg og med dette også fleire som evangeliet skal forkynnast til. Etter det mine eigne erfaringar og særleg etter det eg fekk sjå i Tyskland og Tsjekkia, burde difor leke gudstenesteleiarar som står under prestane sitt tilsyn, bli eit satsingsområde for Den norske kyrkja.

Prestane i Noreg står nok meir på sidelinja i kyrkja og i samfunnet enn dei gjer det på kontinentet. Prestane er ikkje lenger kongelege embetsmenn og representantar for øvrigheita. Dette er kanskje både prestane sjølve og kyrkja ennå ikkje flink nok med å realisere. Embetsmenn fasast ut i embetslinja. Når eg ser korleis prestar kan involvere seg både i kyrkja og i samfunnet i Tsjekkia og Tyskland, ser eg eit potensiale som ikkje blir utnytta i Noreg. Her burde ein kunne tenkje nytt, pragmatisk og effektivt.  Skal kyrkja vere kyrkje og ikkje berre ein organisasjon, må ho også ha ei leiing som er kyrkjeleg og til dette høyrer både kyrkjedemokratiet ”som representative organ for det allmenne prestedømme ”[194] og ei ordna presteteneste som er konstituerande for kyrkja. Ein bør difor opne opp for at prestar i større grad kan bli deltakarar i ei heilskapleg leiing av kyrkja.

Prestane på si side bør få større fokus på to område: Pedagogisk utdanning og involvering av frivillige. Trusopplæringa i kyrkja set også større krav til pedagogisk kompetanse i kyrkja. Dette gjeld ikkje berre kateketane, men bør også gjelde prestane. Prestar bør ikkje jobbe som lærarar i skulen, men dei burde ha kompetansen til det.

Om kyrkja ikkje skal redusere seg sjølv til ein organisasjon som tilbyr tenester, må ho engasjere folk. Å tene gjennom å gjere andre dugande til teneste bør vere viktigare for presten enn å gjere alt sjølv. Dette gjeld både kyrkjelyden og presten. Det er berre slik presten kan finne rom til å vere meir enn prest. Slik kan presten også vere familiemedlem, sambygding, borgar og ikkje minst menneske og på denne måten ta vare på seg sjølv og sine. Dei menneska Jesus kalla på, var ikkje perfekte og det er dei heller ikkje i dag. Vi bør difor ha høg takhøgd for det uperfekte i kyrkja både hos prestar og frivillige. Profesjonalisering  i kyrkja har difor eit faremoment sidan den kan drepe frivillig engasjement, når krava blir for store og folk ikkje lenger tør å engasjere seg.

Skal kyrkja vere kyrkje, må ho ta vare prestane sine som er ei særskilt utsett yrkesgruppe. Det lønner seg å sjå utover Den norske kyrkja, Noreg og Norden når ein skal ta avgjerder om kyrkja sin veg i framtida. Om eg med denne avhandlinga klarer å få fleire til å reflektere over prestetenesta i Den norske kyrkja i eit større perspektiv, så har eg lukkast. Klarer eg dette ikkje, så var det i alle fall eit spennande forsøk.


 


 

Litteratur

Abteilung Mission und Ökumene. Der Beruf der Pfarrerin und des Pfarrers: Pfarrkolleg in Prag vom 4.-13. Juli 1996. Karlsruhe: Evangelischer Oberkirchenrat der Evangelischen Landeskirche in Baden, 1996.

Arbeidsdepartementet. ”Lov om arbeidsmiljø, arbeidstid og stillingsvern mv.”. tilgjengeleg på http://www.lovdata.no/all/hl-20050617-062.html#10-2 besøkt 30.6.2012.

Askeland, Harald. Ledere og lederoller: Om ledelse i den lokale kirke, KIFO Rapport Nr. 7. Trondheim: Tapir Akademisk Forlag, 1998.

Die Bekenntnisschriften der evangelisch-lutherischen Kirche: hrsg im Gedenkjahr d. Augsburg. Konfession 1930. Göttingen: Vandenhoeck und Ruprecht, 1982.

Dvořák, Vladimír J. og Lášek, Jan B.  Comenius als Theologe. Prag: Nadace Comenius, 1998.

Fangen, Katrine. Deltagende observasjon. Bergen: Fagbokforlaget, 2010.

Fechtner, Kristian. Späte Zeit der Volkskirche: Praktisch-theologische Erkundungen. Stuttgart: Verlag W. Kohlhammer, 2010.

Finansdepartementet. ”Statsbudsjettet  2012: Kap. 1591 Presteskapet”. tilgjengeleg på http://www.statsbudsjettet.no/Statsbudsjettet-2012/Dokumenter/Fagdepartementenes-proposisjoner/fornyings-administrasjons-og-kirkedepartementet/Prop-1-S/55466/55472/ besøkt: 30.6.2012.

Fornyings- administrasjons, og kirkedepartementet. ”Statens personalhåndbok 2012” pkt. 1.6.3. tilgjengeleg på http://sph.dep.no/Statens-Personalhandbok/1Staten-som-arbeidsgiver---personalpolitiske-foringer-og-satsingsomrader-/16Et-inkluderende-arbeidsliv-preget-av-mangfold/ besøkt 30.6.2012.

Fornyings- administrasjons, og kirkedepartementet. ”Tjenesteordning for menighetsprester”. tilgjengeleg på http://www.lovdata.no/cgi-wift/ldles?doc=/sf/sf/sf-19901019-4983.html besøkt 30.6.2012.

Fornyings-, administrasjons- og kirkedepartementet. ”Fritidsavtale og vikaravtale – Kommentarer”. tilgjengeleg på  http://www.regjeringen.no/nb/dep/fad/dok/rundskriv/2012/fritidsavtale-og-vikaravtale---kommentar.html?id=675727 besøkt 30.6.2012.

Fornyings-, administrasjons- og kirkedepartementet. „Flere nye prester - lavt sykefravær“. tilgjengeleg på  http://www.regjeringen.no/nb/dep/fad/pressesenter/pressemeldinger/2012/flere-nye-prester---lavt-sykefravar.html?id=671798 besøkt 30.6.2012.

Grethlein, Christian. Pfarrer - ein theologischer Beruf. Frankfurt: Hansisches Druck- und Verlagshaus, 2009.

Gudsteneste for Den norske kyrkja. Stavanger: Eide Forlag, 2011. tilgjengeleg på http://www.kirken.no/?event=downloadFile&FamID=241178

Gudstenestebok for Den norske kyrkja: Del I gudstenester. Oslo: Verbum, 1992.

Handbuch  Praktische Theologie (HPTh), utgitt av Wilhelm Gräb og Birgit Weyel. Gütersloher Verlagshaus; Gütersloh, 2007.

Hanisch, Helmut. Johann Amos Comenius: Stationen seines Lebens. Stuttgart: Calwer Verlag, 1991.

Hjertenes, Magnar. Arbeid med meining: Om strukturelle, kulturelle og individuelle tilhøve som påverkar det kyrkjelege arbeidsmiljøet, KIFO Rapport Nr. 7. Trondheim: Tapir Akademisk Forlag, 2007.

Hollenbach, Michael. ”Das evangelische Pfarrhaus - ein Abgesang“. tilgjengeleg på  http://www.dradio.de/dkultur/sendungen/religionen/990767/ besøkt 30.6.2012.

Huse, Morten (red.). Prest og ledelse. Oslo: Verbum, 2000.

Huse, Morten og Hansen, Cathrine (red.). Møteplass for presteforskning: Presten i norsk kirke- og samfunnsliv, KIFO Rapport Nr. 22. Trondheim: Tapir Akademisk Forlag, 2002. 

Huse, Morten og Hansen, Cathrine, Prestegjeld. Prost og presteteam: Om organsering og ledelse av en prestetjeneste i endring, KIFO Rapport Nr. 17. Trondheim: Tapir Akademisk Forlag, 2002.

Karásek, Svatopluk. Der durchnässte Pfarrer: Ein fröhlich-ernster Lebenslauf Prag-Zürich retour. Zollikon: G2W-Verlag, 2000.

Karle, Isolde. Der Pfarrberuf als Profession: Eine Berufsteorie im Kontext der modernen Gesellschaft. Freiburg im Breisgau: Kreuz Verlag, 2011.

Klein, Stephanie. Erkenntnis und Methode in der Praktischen Theologie. Stuttgart: Kohlhammer, 2005.

Klessmann, Michael. Pfarrbilder im Wandel: Ein Beruf im Umbruch. Neukirchen-Vluyn: Neukirchener Verlag, 2001.

Noreide, Inge Helene, Skogstad, Anders og Einarsen, Ståle. Jeg er jo ikke Jesus heller!. Bergen: Fagbokforlaget, 2008.

Oftestad, Bernt T., Rasmussen, Tarald og Schumacher, Jan. Norsk kirkehistorie. Oslo: Universitetsforlaget, 1992.

Otter, Jiří. Die Evangelische Kirche der Böhmischen Brüder: Die erste vereinigte Kirche im Herzen Europas. Prag: Kirchenverlag ENA, 1991.

Pánek, Jaroslav. Comenius: Lehrer der Nationen. Košice: Ostslowakischer Verlag, 1991.

Presteforeningen. ”Presteforeningens generalforsamling 19.-21. mars 2012: Sak 7 Boligordningen”. tilgjengleg på  http://www.prest.no/files/2012/03/Sak-7-Boligordningen.pdf besøkt 30.6.2012.

Presteforeningen. ”Standardkrav for presteboliger”. tilgjengeleg på http://www.prest.no/?page_id=2694 besøkt 30.6.2012.

Repstad, Pål. Mellom nærhet og distanse: Kvalitative metoder i samfunnsfag. Oslo: Universitetsforlaget, 2009.

Říčan, Rudolf. Das Reich Gottes in den Böhmischen Ländern: Geschichte des tschechischen Protestantismus. Stuttgart: Evangelisches Verlagswerk, 1957.

Schillerová, Hana og Lukášová, Vera. Leben im Pfarrhaus: Frauen in der Evangelischen Kirche der Böhmischen Brüder. Leipzig: Verlag des Gustav-Adolf-Werkes, 2008.

Schneider, Nikolaus og Lehnert, Volker A.. Berufen – wozu?: Zur gegenwärtigen Diskussion um das Pfarrbild in der evangelischen Kirche. Neukirchen-Vluyn: Neukirchener Verlagshaus, 2009.

Statistisk sentralbyrå (SSB). „Den norske kirke (Dnk). Medlemmer og kirkelige handlinger, etter bispedømme”. tilgjengeleg på http://www.ssb.no/kirke_kostra/arkiv/tab-2011-06-20-01.html; besøkt 30.6.2012.

Swinton, John  og Mowat, Harriet. Practical Theology and Qualitative Research. London: SCM Press, 2011.

Theologogische Realenzyklopädie (TRE). Utgitt av Gerhard Müller, Horst Balz, Gerhard Krause. 36 bind, De Gruyter; Berlin, 1976–2004.

Tveit, Olav Fykse. Ei vedkjennande kyrkje. Oslo: Kirkerådet, 2004.

Verfassung der Evangelischen Kirche in Mitteldeutschlan., tilgjengeleg på http://www.ekmd.de/attachment/aa234c91bdabf36adbf227d333e5305b/24e5e774af3811dd96b4abf2e3a0b831b831/Verfassung.pdf, besøkt 30.6.2012.

Wagner-Rau, Ulrike. Auf der Schwelle: das Pfarramt im Prozess kirchlichen Wandels. Stuttgart: Kohlhammer, 2009.

World Council of Churches, “Toronto Statement”; tilgjengeleg på http://www.oikoumene.org/en/resources/documents/central-committee/toronto-1950/toronto-statement.html; besøkt 29. juni 2012.

 

 

 




[1] Sjå: Klein, Stephanie, Erkenntnis und Methode in der Praktischen Theologie (Stuttgart: Kohlhammer, 2005), 239-279.

[2] Sjå: Wagner-Rau, Ulrike, Auf der Schwelle: das Pfarramt im Prozess kirchlichen Wandels (Stuttgart: Kohlhammer, 2009), 17 og
Weyel, Birgit, „Pfarrberuf: Amt / Amtsverständnis / Profession / Pastoraltheologische Leitbild“, i Handbuch  Praktische Theologie (HPTh, utgitt av Wilhelm Gräb og Birgit Weyel; Gütersloher Verlagshaus; Gütersloh, 2007), 644- 646.

[3] Sjå: Karle, Isolde, Der Pfarrberuf als Profession: Eine Berufsteorie im Kontext der modernen Gesellschaft (Freiburg im Breisgau: Kreuz Verlag, 2011), 108-118.

[4] Karle, Der Pfarrberuf als Profession, 116-117.

[5] Weyel, „Pfarrberuf: Amt / Amtsverständnis / Profession / Pastoraltheologische Leitbild“ i HPTh, 644.

[6] Sjå: Frieling, Reinhard, ”Ökumene” iTheologogische Realenzyklopädie (TRE, utgitt av Gerhard Müller, Horst Balz, Gerhard Krause;36 bind, De Gruyter; Berlin, 1976–2004) 25: 46-47.

[7] “Christians of all ecclesiological views throughout the world, by the preaching of the Gospel, brought men and women to salvation by Christ, to newness of life in him, and into Christian fellowship with one another.” I:
World Council of Churches, “Toronto Statement”; tilgjengeleg på
http://www.oikoumene.org/en/resources/documents/central-committee/toronto-1950/toronto-statement.html; besøkt 29. juni 2012.

[8] Sjå: Mette, Norbert, „Ökumene“ i HPTh, 614.

[9] Fechtner, Kristian, Späte Zeit der Volkskirche: Praktisch-theologische Erkundungen (Stuttgart: Verlag W. Kohlhammer, 2010), 12.

[10] Huber, Wolfgang, „Volkskirche I“, TRE 35:249.

[11] Tveit, Olav Fykse, Ei vedkjennande kyrkje (Oslo: Kirkerådet, 2004), 5.

[12] Sjå: Huber, Wolfgang, „Volkskirche I“, TRE 35:249-262

[13]Sjå: Swinton, John  og Mowat, Harriet, Practical Theology and Qualitative Research (London: SCM Press, 2011) 3-27og 73-98.

[14] „Methodischer Dreischritt“ sjå: Klein, Erkenntnis und Methode, 53-94.

[15] „Sehen - Urteilen – Handeln“

[16] ”Regelkreismodell” sjå: Klein, Erkenntnis und Methode, 89-91

[17] Sjå: Klein, Erkenntnis und Methode, 118-120

[18] ”Geschichte und Gegenwartskunde” sjå: Schröer, Henning, „Praktische Theologie“, TRE 27:204.

[19] Sjå: Statistisk sentralbyrå, „Den norske kirke (Dnk). Medlemmer og kirkelige handlinger, etter bispedømme”; tilgjengeleg på http://www.ssb.no/kirke_kostra/arkiv/tab-2011-06-20-01.html; besøkt 30.6.2012.

[20] Sjå: Finansdepartementet, ” Statsbudsjettet  2012: Kap. 1591 Presteskapet”; tilgjengeleg på http://www.statsbudsjettet.no/Statsbudsjettet-2012/Dokumenter/Fagdepartementenes-proposisjoner/fornyings-administrasjons-og-kirkedepartementet/Prop-1-S/55466/55472/ besøkt: 30.6.2012.

[21] Sjå: Fangen, Katrine, Deltagende observasjon (Bergen: Fagbokforlaget, 2010), 139-141.

[22] Merknad: Ei undersøking blant prester i Noreg med utanlandsk opphav som PF utførte for kyrkjedepartementet i november 2011 viser til 72 prester frå utlandet som er tilsett i DNK.

[23] Repstad, Pål, Mellom nærhet og distanse: Kvalitative metoder i samfunnsfag (Oslo: Universitetsforlaget, 2009), 14.

[24] Repstad, Mellom nærhet og distanse, 23.

[25] Repstad, Mellom nærhet og distanse, 17.

[26] Repstad, Mellom nærhet og distanse, 75.

[27] Sjå: Repstad, Mellom nærhet og distanse, 36 og Fangen, Deltagende observasjon, 123.

[28] Fangen, Deltagende observasjon, 41.

[29] Sjå: Fangen, Deltagende observasjon, 131-134.

[30] Sjå: Fangen, Deltagende observasjon, 15-16.

[31] Repstad, Mellom nærhet og distanse, 51.

[32] Fangen, Deltagende observasjon, 9.

[33] Repstad, Mellom nærhet og distanse, 39.

[34] Sjå: Fangen, Deltagende observasjon, 191-195.

[35] Fangen, Deltagende observasjon, 80.

[36] Repstad, Mellom nærhet og distanse, 61.

[37] Repstad, Mellom nærhet og distanse, 62.

[38] Fangen, Deltagende observasjon, 105.

[39] Repstad, Mellom nærhet og distanse, 73.

[40] Sjå: Fangen, Deltagende observasjon, 115.

[41] Sjå: Fangen, Deltagende observasjon, 196-202.

[42] Fangen, Deltagende observasjon, 172.

[43] Fangen, Deltagende observasjon, 179.

[44] Sjå også: Repstad, Mellom nærhet og distanse, 78-80.

[45] Repstad, Mellom nærhet og distanse, 58.

[46] Merknad: Rheinland 1999, Kurhessen-Waldeck 2001 og 2004, Berlin-Brandenburg-schlesische Oberlausitz 2004, Verband der Pfarrvereine 1999-2002.

[47] Merknad: Arbeitskreis "Kirche von morgen": ”Minderheit mit Zukunft” 1995 og (nesten dei same) „Kirche mit Hoffnung“ 1998, EKD: „Kirche der Freiheit“ 2006, Konferenz der Evangelischen Kirchenleitungen der DDR: „Bleibender Auftrag unter neuen Herausforderungen“ 1990  tilgjengeleg på http://www.doku-ekd.pbeier.de/index.htm?/htm/0003/0003630.htm besøkt 30.6.2012.

[48] Merknad: Dette er: Huse, Morten og Hansen, Cathrine, Prestegjeld, Prost og presteteam: Om organsering og ledelse av en prestetjeneste i endring, KIFO Rapport Nr. 17 (Trondheim: Tapir Akademisk Forlag, 2002); Huse, Morten og Hansen, Cathrine (red.), Møteplass for presteforskning: Presten i norsk kirke- og samfunnsliv, KIFO Rapport Nr. 22 (Trondheim: Tapir Akademisk Forlag, 2002);  Askeland, Harald, Ledere og lederoller: Om ledelse i den lokale kirke, KIFO Rapport Nr. 7 (Trondheim: Tapir Akademisk Forlag, 1998) og Hjertenes, Magnar, Arbeid med meining: Om strukturelle, kulturelle og individuelle tilhøve som påverkar det kyrkjelege arbeidsmiljøet, KIFO Rapport Nr. 7 (Trondheim: Tapir Akademisk Forlag, 2007).

[49] Sjå: Swinton, Practical Theology, 80-82.

[50] ”Die Kirche im Dorf lassen”

[51] Klein, Wassilios, „Priester/Priestertum I/1”, TRE 27:379.

[52] Roloff, Jürgen, „Amt / Ämter / Amtsverständnis IV“, TRE 2:523.

[53] Sjå: Schneider, Nikolaus og Lehnert, Volker A., Berufen – wozu?: Zur gegenwärtigen Diskussion um das Pfarrbild in der evangelischen Kirche (Neukirchen-Vluyn: Neukirchener Verlagshaus, 2009), 19.

[54] Hegstad, Harald, ”Presten og de andre: Ekklesiologiske perspektiver”, i Huse, Morten (red.), Prest og ledelse (Oslo: Verbum, 2000), 31.

[55] Sjå: Otter, Jiří, Die Evangelische Kirche der Böhmischen Brüder: Die erste vereinigte Kirche im Herzen Europas (Prag: Kirchenverlag ENA, 1991), 9.

[56] Sjå: Machilek, Franz, „Hus/Hussiten“, TRE 15:710-721.

[57] Sjå: Nolcken, Christina von, „Wyclif“, TRE 36:415-425.

[58] Sjå: Říčan, Rudolf, Das Reich Gottes in den Böhmischen Ländern: Geschichte des tschechischen Protestantismus (Stuttgart: Evangelisches Verlagswerk, 1957), 95-110.

[59] Sjå: Otter, Die Evangelische Kirche, 31.

[60] Fechtner, Kristian, Späte Zeit der Volkskirche: Praktisch-theologische Erkundungen (Stuttgart: Verlag W. Kohlhammer, 2010), 12.

[61] Schlacht am Weissen Berg

[62] Sjå: Hanisch, Helmut, Johann Amos Comenius: Stationen seines Lebens (Stuttgart: Calwer Verlag, 1991).

[63] Sjå: Dvořák, Vladimír J. og Lášek, Jan B.,  Comenius als Theologe (Prag: Nadace Comenius, 1998).

[65] Sjå: Pánek, Jaroslav, Comenius: Lehrer der Nationen (Košice: Ostslowakischer Verlag, 1991) 81.

[66] Sjå: Otter, Die Evangelische Kirche, 46-47.

[67] Sjå: Otter, Die Evangelische Kirche, 52-53.

[68] Merknad: Etter mi oppleving er Tsjekkia langt meir sekulær enn dei nordiske landa. Sjå:
Den norske kirkens presteforening, Ledelse i folkekirken:Perspektiver på ledelse og fremtidig organisering av Den norske kirke, (Oslo: Den norske kirkens presteforening, 2011), 15.

[69] Sjå: Schillerová, Hana og Lukášová, Vera, Leben im Pfarrhaus: Frauen in der Evangelischen Kirche der Böhmischen Brüder (Leipzig: Verlag des Gustav-Adolf-Werkes, 2008), 84.

[70] Sjå: Karásek, Svatopluk, Der durchnässte Pfarrer: Ein fröhlich-ernster Lebenslauf Prag-Zürich retour (Zollikon: G2W-Verlag, 2000), 143-148.

[71] Oftestad, Bernt T., Rasmussen, Tarald og Schumacher, Jan, Norsk kirkehistorie (Oslo: Universitetsforlaget, 1992), 105.

[72] Sjå: Oftestad, Norsk kirkehistorie, 108.

[73] Prest og ledelse – Hegstad s. 31

[74] Oftestad, Norsk kirkehistorie, 121.

[75] Sjå Oftestad, Norsk kirkehistorie, 147.

[76] Oftestad, Norsk kirkehistorie, 171.

[77] Hegstad, ”Presten og de andre”, 31.

[78] Sjå: Oftestad, Norsk kirkehistorie, 278.

[79] Sjå også: Filipi, Pavel, ”Der Dienst des Pfarrers/der Pfarrerin – praktisch-theologische Überlegungen“ i Abteilung Mission und Ökumene, Der Beruf der Pfarrerin und des Pfarrers: Pfarrkolleg in Prag vom 4.-13. Juli 1996(Karlsruhe: Evangelischer Oberkirchenrat der Evangelischen Landeskirche i Baden, 1996), 39-44.

[80] Sjå: Askeland, Harald, ”Soknepresten og kirkevergens rolle som ledere: Avklaring og utfylling”, i Huse, Morten (red.), Prest og ledelse (Oslo: Verbum, 2000), 161.

[81] Fornyings-, administrasjons- og kirkedepartementet, „Flere nye prester - lavt sykefravær“; tilgjengeleg på  http://www.regjeringen.no/nb/dep/fad/pressesenter/pressemeldinger/2012/flere-nye-prester---lavt-sykefravar.html?id=671798 besøkt 30.6.2012.

[82]Sjå: Fornyings-, administrasjons- og kirkedepartementet, ”Fritidsavtale og vikaravtale – Kommentarer”; tilgjengeleg på  http://www.regjeringen.no/nb/dep/fad/dok/rundskriv/2012/fritidsavtale-og-vikaravtale---kommentar.html?id=675727 besøkt 30.6.2012.

[83] Presteforeningen, ”Presteforeningens generalforsamling 19.-21. mars 2012: Sak 7 Boligordningen”; tilgjengleg på  http://www.prest.no/files/2012/03/Sak-7-Boligordningen.pdf besøkt 30.6.2012.

[84] Sjå: Presteforeningen, ”Standardkrav for presteboliger”; tilgjengeleg på http://www.prest.no/?page_id=2694 besøkt 30.6.2012.

[85] Presteforeningen, Ledelse i folkekirken, 16.

[86] Fornyings- administrasjons, og kirkedepartementet, ”Tjenesteordning for menighetsprester”; tilgjengeleg på http://www.lovdata.no/cgi-wift/ldles?doc=/sf/sf/sf-19901019-4983.html besøkt 30.6.2012.

[87]Fornyings- administrasjons, og kirkedepartementet, ”Tjenesteordning for menighetsprester”.

[88] Haanes, Vidar L., ”Fra embetsmann til menighetens tjener: Et historisk blikk på preste utdannelsen” i Huse, Morten og Hansen, Cathrine (red.), Møteplass for presteforskning: Presten i norsk kirke- og samfunnsliv, KIFO Rapport Nr. 22 (Trondheim: Tapir Akademisk Forlag, 2002), 33.

[89] Haanes, Vidar L., ”Fra embetsmann” i Møteplass for presteforskning, 38.

[90]”Ut hanc fidem consequamur, institutum est ministerium docendi evangelii et porrigendi sacramenta. Nam per Verbum et sacramenta tamquam per instrumenta donatur Spiritus Sanctus, qui fidem efficit, ubi et quando visum est Deo, in iis, qui audiunt evangelium, scilicet quod Deus non propter nostra merita, sed propter Christum iustificet hos, qui credunt se propter Christum in gratiam recipi. Damnant Anabaptistas et alios, qui sentiunt Spiritum Sanctum contingere sine Verbo externo hominibus per ipsorum praeparationes et opera.” CA V i
Die Bekenntnisschriften der evangelisch-lutherischen Kirche: hrsg im Gedenkjahr d. Augsburg.
Konfession 1930 (Göttingen: Vandenhoeck und Ruprecht, 1982), 58.

[91] Presteforening, Ledelse i folkekirken, 29.

[92] Presteforening, Ledelse i folkekirken, 36.

[93] Sjå: Karle, Der Pfarrberuf als Profession, 12.

[94] Klessmann, Michael, Pfarrbilder im Wandel: Ein Beruf im Umbruch(Neukirchen-Vluyn: Neukirchener Verlag, 2001), 11.

[95] Noreide, Jeg er jo ikke Jesus heller, 25.

[96] Schneider, Berufen – wozu?, 22-23.

[97] Presteforeningen, Prest og leiing, 29.

[98] Filipi, ”Der Dienst”, 39.

[99] ”Prestekallet”, Finansavisen, 28.5.2005.

[100] Sjå: § 32 i kyrkjelova tilgjengeleg på http://www.lovdata.no/all/hl-19960607-031.html#32 besøkt 30. 6. 2012.

[101] Arbeidsdepartementet, ” Lov om arbeidsmiljø, arbeidstid og stillingsvern mv.”; tilgjengeleg på http://www.lovdata.no/all/hl-20050617-062.html#10-12 besøkt 30.6.2012.

[102] Sjå: Fornyings- administrasjons, og kirkedepartementet, ”Statens personalhåndbok 2012” pkt. 1.6.3; tilgjengeleg på http://sph.dep.no/Statens-Personalhandbok/1Staten-som-arbeidsgiver---personalpolitiske-foringer-og-satsingsomrader-/16Et-inkluderende-arbeidsliv-preget-av-mangfold/ besøkt 30.6.2012.

[103] Merknad: Eg kjenner til malane frå Møre og Nidaros.

[104] Sjå: Presteforening, Ledelse i folkekirken, 45-46.

[105] Noreide, Jeg er jo ikke Jesus heller, 172.

[106] Noreide, Jeg er jo ikke Jesus heller, 171.

[107] Noreide, Jeg er jo ikke Jesus heller, 165.

[108] Sjå: Noreide, Jeg er jo ikke Jesus heller, 13.

[109] Noreide, Jeg er jo ikke Jesus heller, 14.

[110] Sjå: Noreide, Jeg er jo ikke Jesus heller, 15.

[111] Noreide, Jeg er jo ikke Jesus heller, 43.

[112] Sjå: Presteforening, Prest og ledelse, 15.

[113] Noreide, Jeg er jo ikke Jesus heller, 93.

[114] Noreide, Jeg er jo ikke Jesus heller, 102.

[115] Sjå for eksempel: ”Flere i Norge blir prester”, Vårt Land, 24.1.2012.

[116] Sjå: Noreide, Jeg er jo ikke Jesus heller, 93.

[117] Sjå: Noreide, Jeg er jo ikke Jesus heller, 133-135.

[118] Merknad: I forhold til: Noreide, Jeg er jo ikke Jesus heller, 61-62.

[119] Noreide, Jeg er jo ikke Jesus heller, 28.

[120] Noreide, Jeg er jo ikke Jesus heller, 86.

[121] Sjå: Noreide, Jeg er jo ikke Jesus heller, 89-90.

[122] Noreide, Jeg er jo ikke Jesus heller, 84.

[123] Askeland, Ledere og lederroller, 110.

[124] Noreide, Jeg er jo ikke Jesus heller, 44.

[125] Merknad: Sjå CA V.

[126] Merknad: Sjå CA VII.

[127] Filipi, ”Der Dienst”, 39.

[128] Filipi, ”Der Dienst”, 39.

[129] Noreide, Jeg er jo ikke Jesus heller, 90.

[130] Klessmann, Pfarrbilder, 33.

[131] Klessmann, Pfarrbilder, 24.

[132] Klessmann, Pfarrbilder, 40.

[133] Johnsen, Erik, ”Præsten som teolog, administrator og leder” i Huse, Morten (red.), Prest og ledelse (Oslo: Verbum, 2000), 105.

[134] Johnsen, ”Præsten”, 105.

[135] Askeland, Ledere og lederroller, 205.

[137] Merknad: Eller i det konkrete tilfelle kyrkjelydane.

[138] Sjå: i Verfassung der Evangelischen Kirche in Mitteldeutschland, Artikkel 23; tilgjengeleg på http://www.ekmd.de/attachment/aa234c91bdabf36adbf227d333e5305b/24e5e774af3811dd96b4abf2e3a0b831b831/Verfassung.pdf, besøkt 30.6.2012.

[139] Merknad: Som i det konkrete tilfeller leiar ein felles sokneråd for fleire kyrkjelydar. 

[140] ”Landeskirchenamt”

[141] ”Kreiskirchenamt”

[142] Dokka, Trond Skard, ”Hva er ledelse i kirka?” i Huse, Morten (red.), Prest og ledelse (Oslo: Verbum, 2000), 129.

[143] Presteforeningen, Prest og ledelse, 16.

[144] Noreide, Jeg er jo ikke Jesus heller, 172.

[145] Dokka, ”Hva er ledelse i kirka?”, 130.

[146] Sjå: Huse, Morten, ”Prolog: Prester i ledelse og ledelse av prester” i Huse, Morten (red.), Prest og ledelse (Oslo: Verbum, 2000), 9.

[147] Sjå: Skjevesland, Olav, ”Det pastorale lederskap” i Huse, Morten (red.), Prest og ledelse (Oslo: Verbum, 2000), 211.

[148] Dokka, ”Hva er ledelse i kirka?”, 131.

[149] Dokka, ”Hva er ledelse i kirka?”, 128.

[150] Skjevesland, ”Det pastorale lederskap”, 206.

[151] Sjå: Askeland, Ledere og lederoller,  154.

[152] Merknad: I alle fall når ein ser bort frå teologane som er valt som ”leike”, er det mindre enn 20% prester i kyrkjemøtet og fleirtalet av dei er ikkje kyrkjelydsprestar men biskopar utnemnt av regjeringa.

[153] Skjevesland, ”Det pastorale lederskap”, 206.

[154] Huse, Morten, ”Rådstrukturen i utvikling: En utfordring for prestene” i i Huse, Morten (red.), Prest og ledelse (Oslo: Verbum, 2000), 154.

[155] Grevbo, Tor Johan S., ”Pastoralt lederskap – en teologisk og kirkelig nødvendighet: Noen pastoralteologiske perspektiver” i Huse, Morten (red.), Prest og ledelse (Oslo: Verbum, 2000), 63.

[156] Huse, ”Rådstrukturen i utvikling”, 150.

[157] Askeland, Ledere og lederoller, 163.

[158] Askeland, Ledere og lederoller, 163.

[159] Skjevesland, ”Det pastorale lederskap” 210.

[160] Huse, Morten, ”Prester i religiøse livshistorier: Om menneskers oppfatninger av prester” i Huse, Morten og Hansen, Cathrine (red.), Møteplass for presteforskning: Presten i norsk kirke- og samfunnsliv, KIFO Rapport Nr. 22 (Trondheim: Tapir Akademisk Forlag, 2002), 323.

[161] Hernes, Helge, ”Når folk møter prester” i Huse, Morten og Hansen, Cathrine (red.), Møteplass for presteforskning: Presten i norsk kirke- og samfunnsliv, KIFO Rapport Nr. 22 (Trondheim: Tapir Akademisk Forlag, 2002), 348.

[162] Askeland, Ledere og lederoller, 186.

[163] Askeland, Ledere og lederoller, 154.

[164] Huse, Morten, ”Organisasjoner skal tjene sine herrer – organisasjonsteoretiske perspektiver på prester og ledelse” i Huse, Morten (red.), Prest og ledelse (Oslo: Verbum, 2000), 87.

[165] Huse, ”Prolog”, 13.

[166] Dokka, ”Hva er ledelse i kirka?”, 125.

[167] Sjå: Dokka, ”Hva er ledelse i kirka?”, 123-142.

[168] Sjå: Riise, Kjell, ”Samarbeidende sokneprester?” i Huse, Morten (red.), Prest og ledelse (Oslo: Verbum, 2000), 175 med visning til: Skjevesland, Olav, Lederskap og samarbeid i menigheten (Oslo: Verbum, 1998).

[169] Presteforening, Prest og ledelse, 41.

[170] Hegstad, ”Presten og de andre”, 42.

[171] Grevbo, ”Pastoralt lederskap”, 79.

[172]Skjevesland, ”Det pastorale lederskap”, 215

[173] Sjå:Huse, ”Organisasjoner skal tjene”, 96.

[174] Verfassung der Evangelischen Kirche in Mitteldeutschland, Artikkel 17; tilgjengeleg på http://www.ekmd.de/attachment/aa234c91bdabf36adbf227d333e5305b/24e5e774af3811dd96b4abf2e3a0b831b831/Verfassung.pdf, besøkt 30.6.2012.

[175] Gudsteneste for Den norske kyrkja (Stavanger: Eide Forlag, 2011), 5.8 tilgjengeleg på http://www.kirken.no/?event=downloadFile&FamID=241178 besøkt 30.6.2012 og Gudstenestebok for Den norske kyrkja: Del I gudstenester (Oslo: Verbum, 1992), 15.

[176] Presteforeningen, Prest og ledelse, 35.

[177] Presteforeningen, Prest og ledelse, 35.

[178]Karle, Der Pfarrberuf als Profession, 70.

[179] Grethlein, Christian: Pfarrer - ein theologischer Beruf (Frankfurt: Hansisches Druck- und Verlagshaus, 2009), 88.

[180] Melmuková, Eva, ”Das alternative Schulwesen im Geiste von J.A. Comenius in der Illegalität des 18. Jahrhunderts in den böhmischen Ländern“ i Dvořák, Vladimír J. og Lášek, Jan B.,  Comenius als Theologe (Prag: Nadace Comenius, 1998), 141.

[181] Melmuková, Eva, ”Das alternative Schulwesen im Geiste von J.A. Comenius in der Illegalität des 18. Jahrhunderts in den böhmischen Ländern“ i Dvořák, Vladimír J. og Lášek, Jan B.,  Comenius als Theologe (Prag: Nadace Comenius, 1998), 141.

[182] Karle, Der Pfarrberuf als Profession, 116.

[183] Karle, Der Pfarrberuf als Profession, 117.

[184] Karle, Der Pfarrberuf als Profession, 161.

[185] Wagner-Rau, Auf der Schwelle, 23.

[186] Wagner-Rau, Auf der Schwelle, 24.

[187] Sjå: Karásek og Schillerová.

[188] Sjå: „Abendbrot-Papa“ og „Keine Überhöhung der Pfarrfamilien“, Der Sonntag: Wochenzeitung für die Evangelisch-Lutherische Landeskirche Sachsens, 22.4.2012.

[189] Sjå: Hollenbach, Michael, ”Das evangelische Pfarrhaus - ein Abgesang“; tilgjengeleg på  http://www.dradio.de/dkultur/sendungen/religionen/990767/ besøkt 30.6.2012.

[190] Sjå: Hollenbach, „Das evangelische Pfarrhaus“.

[191] Noreide, Jeg er jo ikke Jesus heller, 70.

[192] Noreide, Jeg er jo ikke Jesus heller, 129.

[193] Noreide, Jeg er jo ikke Jesus heller, 159

[194] Presteforeningen, Prest og ledelse, 27.

 

 

Anhänge:
DateiBeschreibungErstellerDateigröße
Diese Datei herunterladen (120925 Prestebilete og prestekvardag_kom HH.pdf)Prestebilete og prestekvardag Michael Hoffmann1341 kB