Beitragsseiten

 

DEL 3: REFLEKSJON, DRØFTING OG KONKLUSJON

9. Prestekallet og presteyrket

9.1. Presteteneste – Yrke eller rolle?

Både Islode Karle[93] og Michael Klessmann stadfesta at ”det er ikkje lengre sjølvsagt at embetet ber personen”[94]. Som resultat av dette må individet, den enkelte presten, med sin identitet bere heile embetet. Slik eg forstår Karle prøver ho med sin definisjon av prestetenesta som ei profesjonell oppgåve å få prestetenesta til å bli ei rolle som ber seg sjølv og som presten kan gå inn i med sin person. Det er først og fremst den klassiske parokiale prestetenesta som dannar utgangspunktet for denne rolla. Utfordringa her er at denne rolla endrar seg. ”Kanskje forandrer også verden seg på en måte som gjør det vanskeligere å være prest på den måten man ønsker.”[95]  Den enkelte presten må tilpasse rolla, ikkje berre etter si personlegdom og identitet, men også etter den tid og røynd han lever og utøver prestegjerninga si. Mennesket skal ikkje bli usynleg i rolla, men igjen må det bere rolla.

Nikolaus Schneider og Volker Lehnert[96] tar eit anna og klassisk utgangspunkt. Dei viser til Kalvin og hans krav om eit todelt kall til prestetenesta. Både eit indre kall frå Gud og eit ytre kall frå kyrkjesamfunnet. Ordinasjon i prestestillinga blir forstått som eit oppdrag for staden og tida.

I luthersk teologi er alle som trur prestar og treng ingen annan mellommann enn Jesus Kristus, Gud son. Likevel har også vi etter CA V ei spesiell teneste ”til forkynnelse og sakramentsforvaltning som [er] konstituerende for kirken ”[97]. Dette er ei teneste og strengt tatt er presten berre den som utøver denne tenesta og som etter CA XIV er kalla til den. I motsetning til den romersk-katolske kyrkja, der den som blir prestevigsla får ein Character indelebilis. Schneider og Lehnert viser til at kallet til denne tenesta av Luther blir forstått som ei åndeleg handling. Det er i Kristus denne handlinga har utgangspunktet sitt.

Kva er det som berer tenesta for prestane – profesjonen eller prestekallet?

9.2. Tyskland  

I Tyskland forventar kyrkjesamfunnet at presten jobbar 54 timer i veka, langt meir enn 37,5 timer. Presteteneste blir sett på som ei teneste og kan difor vere 50% lengre enn vanleg arbeidstid. Instruksen for presten som han, kyrkjelyden og kyrkjesamfunnet blir samde om, kallast også tenesteavtale. Det er også slik at når ein sluttar som prest i ei offentleg prestestilling, må ein levere tilbake ordinasjonsbrevet. Når ein seier frå seg ”vocatio externa”, må ein levere tilbake beviset på dette og er ikkje lengre prest. Dette kan også gjelde slike som den tyske forbundspresidenten Joachim Gauck.

Der det er tidlegare var 5 prestar er det nå berre ein prest for 15 bygder som i tillegg også må overta andre oppgåver for å kunne ha ei full prestestilling. Det er her den parokial organiserte prestetenesta vert sprengt. I tillegg er mindre enn 10% av befolkninga medlem av kyrkjesamfunnet og ikkje alle av dei er aktive heller.

Ein del eldre har framleis tydelege forventningar om presten og for eksempel den gode samtalen over gjerdet. Det blir forventa at presten har tid. Men når han skal dette eit så stort område, er det umogleg "å ha tid" og å vere lett tilgjengeleg. Likevel slit presten med at han ikkje klarar å møte desse forventningane.

Mange rundt presten både i kyrkjelyden og i samfunnet elles, har ingen eller nok så utydelege rolleforventingar om presten som han kunne basere seg på.  Det er berre når han tar på seg prestekjolen i gudstenesta at eg opplever at han tydeleg går inn i ei rolle.

Det som eg opplever som berande for presten, er hans sterke indre kall, hans ytre kall og spiritualiteten hans. Han er presteson som opplevde å bli kalla til å bli prest som ungdom. Kvar morgon les han bibelorda for dagen for Herrnhuth når han har litt tid, til og med på gresk og hebraisk. Inntrykket mitt er at det er gjennom desse bibelorda hans indre kall blir styrkja.

Sjølv om han har eit ambivalent forhold til nokre av krava frå kyrkjesamfunnet, opplever han også ordinasjonsløftet og kallet frå kyrkjesamfunnet som ei viktig støtte. Oppdraget hans er å forkynne Guds ord, ikkje i ein fullsatt katedral, men i dei 15 bygdene med sine små kyrkjer og få som møter frem. Tenesteavtalane og det at kyrkjesamfunnet set rammer for dei og moderer dei opplever han som ei stadfesting av det ytre kallet.

Å vere prest er for han ikkje eit yrke, men eit kall frå Gud som blir stadfesta av kyrkjesamfunnet. Dette kallet skal vare livet ut.

9.3. Tsjekkia

Det tsjekkiske samfunnet er i dag endå meir sekularisert enn det tyske eller det norske. Forbrukarsamfunnet er på frammarsj[98]. Det er få i samfunnet som har rolleforventningar til ein prest. Dei fleste aktive i kyrkjelydane som eg fekk observere, er heller ikkje vakst opp i dei. Dei er døypte som vaksne eller konvertert frå andre kyrkjesamfunn. Dei har heller få faste forventningar til presten og tenesta hans som han kunne basere seg på. Han møter ikkje eit fast sett av forventingar som han kan rekne med, men mange forskjellige forventningar der og då.

Når ein ser korleis presten i forsørgjer sin familie på 6 av ei prestelønn, må ein huske at den er under ein tredjedel av det ein prest tener i Noreg. Samstundes er utgiftene til å leve nesten like høge som hos oss. Han kan ikkje vere prest utan å kjenne seg kalla og boren av Gud. Under opphaldet mitt der kunne eg ikkje berre sjå korleis han kjøpte det rimeligaste av det rimeligaste, men også at dei ikkje hadde råd til sko for borna sine. Dei bad til Gud om sko og medan eg var der, var det nokon som kom med nokre sko som hadde blitt for små for andre barn. Han kunne tene meir som lærar i skulen eller i eit anna yrke. Å vere prest er for han ingen jobb, men ei teneste for Gud i kyrkjelyden.

Også for han er dei same orda for dagen som presten i Tyskland bruker, ei viktig støtte, og i tillegg ser samtalane med kona ut til å vere særs viktig for han.  Sjølv om framtida, særleg den økonomiske framtida til kyrkjesamfunnet hans og med dette også framtida hans, er nok så utsikker, ser han på kallet som eit kall for heile livet.

9.4. Noreg

Det er på bygda i Noreg mange framleis har klare rolleforventningar til presten. I Den norske kyrkja ventar ein at presten stiller opp som seremonimeister når det er behov for det. Men det er få som framleis ser på presten som ein hyrding for seg sjølv. Presten si rolle i samfunnet er svekka gjennom sekulariseringa også her. Presten skal vere der når det er behov for han, men ikkje forstyrre kvardagen. Presten skal vere "prest for alle", tene kyrkjelyden ikkje støyte nokon og oppføre seg som ein skikkeleg prest. Det er ikkje lenge sidan det vart reaksjonar mot ein prest som sparka fotball. Ei utfordring ligg nok i det at ein større del av forventningane nok også er lokale og at det er vanskeleg å vite om dei for presten som kjem flyttande.

Mange prestar, også i Noreg, ser framleis på prestetenesta som ei tenestefor Gud og eit kall for heile livet. Dette gjeld både meg sjølv og presten som eg snakka med. Men eg høyrer også andre stemmer. Difor kan for eksempel ein som vart ordinert og som nå jobbar i eit anna yrke, svare på spørsmålet: ”Ser du på deg selv som prest i dag?” med ”Nei. Jeg er presteutdannet[99].

Dette gjeld sjølv om den som sluttar i ei prestestilling, nok framleis er prest så lenge ein ikkje blir fråteken presterettane[100] eller ein seier dei frå seg sjølv, for eksempel gjennom å konvertere til eit anna trussamfunn.  

Dei fleste prestar i Noreg er organisert i ei fagforeining som forhandlar om tariff- og særavtalar med arbeidsgivaren. Det er eit mål for fagforeininga at prestane skal har arbeidsvilkår som er mest mogleg lik andre arbeidstakarar.

9.5. Oppsummering

Dei prestane eg fekk møte, jobbar ikkje berre som prest, dei er prestar. Dei kjenner seg kalla til å vere prest. Dei kjenner på både det indre kallet frå Gud, ”vocatio interna”, og det ytre kallet frå kyrkja i ordinasjonen som ”vocatio externa”. Ingen av dei fortalte meg om ei oppleving, der Gud kalla på dei slik som han kalla på guten Samuel. Men gjennom livet sitt og i bøna har dei skjønt at Gud ynskjer at dei skal tene han som forkynnarar og som hyrdar.  Prestekallet frå Gud og kyrkja ser framleis ut til å vere der,  og å bere prestegjerninga som ei livslang teneste for Gud.

Eg slit med å få profesjonsteorien til Islolde Karle til å fungere i Tsjekkia og Aust-Tyskland. Situasjonen i Noreg er annleis med ei stor folkekyrkje. Her er i større grad mogleg med ei profesjonalisering . Ein kan vere prest berre av utdanning og yrke. Eit yrke og ei rolle som ein kan ein gå inn og ut av.

9.6. Vurdering

Det er nok lang tid før ein i Noreg kan kome bort i situasjonen til prestetenesta i Aust-Tyskland eller Tsjekkia. Men også her er det prestestillingar der ein ikkje berre må kunne fylle ei presterolle, men der treng eit kall for å kunne tenkje seg dit i det heile tatt.

Møtet med prestane i Tsjekkia får meg til å lure på om ein bør halde fram med ei vidare profesjonalisering  av prestetenesta eller om ein  heller bør fokusere på å styrkje både det indre og det ytre kallet. Å gjøre både prestane og kyrkjelydane meir medvitne på både kallet og prestetenesta si eigenart er noko som etter mitt syn bør vurderast.

Prestane i Tyskland har ikkje lov til å streike og for både presten i Tyskland og i Tsjekkia er det utenkeleg å streike, sidan dei ikkje ville oppleve det som streik mot arbeidsgivaren. Dei ville oppleve det som å vere ulydig mot kallet frå Gud. At ein prest i Noreg nå skulle gå til streik blir opplevd av mange også her i landet til å stå i motsetning til både presterolla og prestekallet.

Anhänge:
DateiBeschreibungErstellerDateigröße
Diese Datei herunterladen (120925 Prestebilete og prestekvardag_kom HH.pdf)Prestebilete og prestekvardag Michael Hoffmann1341 kB