Beitragsseiten

 

6. Prest i Den evangeliske kyrkja i Mellom-Tyskland

Feltarbeidet i Tyskland skjedde våren 2012. Presten er prest i Den evangeliske kyrkja i Mellom-Tyskland. Dette kyrkjesamfunnet blei danna i 2009 som ein fusjon av Den evangelisk-lutherske landskyrkja i Thüringen og den unerte Evangeliske Kyrkje for Kyrkjeprovinsen Sachsen. I tillegg til landsbiskopen har kyrkja fem regionalbiskopar og ein senior for den overregionale kalvinistiske kyrkjekrinsen. Kyrkja er delt in i 37 kyrkjekrinsar som vert leia av kvar sin superintendent.  Dei kan samanliknast med våre prosti.

Presten som eg kjem til, gjer teneste i utkanten av kyrkjesamfunnet. Halvparten av kyrkjelydane hans ligg allereie i ein anna delstat enn resten av kyrkjesamfunnet. Han bur cirka ein time frå Berlin. Han er også ein av to vara for superintendenten og ansvarleg for å lage rammene for arbeidsplanane for prestane i lag med dei og med sokneråda.

Vegen er enkel å finne og eg har vore der før på nokre korte besøk sidan eg kjenner presten frå starten av studietida mi.

6.1. Presten og prestefamilien

Presten og kona har 2 barn og prestefrua underviser fulltid som faglærar for religion på ein vidaregåande skule cirka ein halv time frå prestebustaden. Det kan nemnast at ho er den første prestefrua på staden som jobbar i yrket sitt. Prestelønna tek utgangspunkt i løna for faglærarar i staten, men kyrkja betaler berre om lag 80 % av den. Slik er det prestefrua som tener mest i heimen.

Borna er i barnehagen og på skulen i bygda med full plass på SFO. Vanlegvis blir dei henta mellom klokka eit og to, men full plass er naudsynt for å ta vare på fleksibiliteten for både presten og læraren. Vanlegvis er det presten som hentar dei,  medan kona tar seg av kveldsstellet medan presten er ute på forskjellige møter og samlingar.

Presten slit med å ha i det minste ein dag fri kvar veke, men prøver å vere til stades for borna om ettermiddagen så mykje som råd.

Presten var ein av dei første prestane som fekk inn i arbeidsplanen at han skulle har fri sjette kvar helg. Dette er no i ferd med å bli standard i regionen og spreiar seg i heile kyrkjesamfunnet.

6.2. Prestebustaden

Husa i området er låge så det er sjeldan det finst hus i to etasjar. Prestefamilien bur på loftet i kyrkjelydshuset med eigen inngang frå baksida av huset og prestekontoret i skjeringspunktet mellom den private og den offentlege delen av huset. Til huset høyrer det også ein carport med plass til 2 bilar og ein stor hage som er privat. Av og til opnar presten hagen for kyrkjelyden.

Det er kyrkjelyden som eig huset og presten har buplikt. Då presten byrja i stillinga, bygde dei om heile huset slik at det skulle svare til dagens standard og den er i alle fall på nivå med norske prestebustader, om ikkje eit hakk betre, sjølv om den ligg rett under taket.  Husleiga dei må betale ligg langt over vanleg leige i området. Buplikta opplevast som også utidsmessig sidan presten berre kan bu i ei av dei 15 bygdene som han er prest for. Til gjengjeld har nok kyrkjelyden større interesse i å halde huset ved like, enn det norske prestar er vane med frå OVF og kommunane.

For den offentlege delen av huset er det parkeringsplass framfor huset. Denne delen inneheld prestekontor, rom for arkivet og kontorhjelpa, undervisningsrom, kyrkjelydssal, kjøkken, do, bad og eit gjesterom som fungerer som overnattingsstad for dei som går den tyske delen av Jakobsvegen til Santiago de Compostela.

Ei kyrkje ligg rett ved sidan av huset, men om vinteren blir kyrkjelydssalen i huset brukt til gudsteneste, ikkje minst fordi det er for dyrt å varme opp sitjeplassane i steinkyrkja.   

6.3. Kyrkjelydane

I det området som presten arbeider i no var det før krigen 5 prester som tok eg av kyrkjelydane. Området som han er ansvarleg for. har 15 bygder og fleire frittliggande garder som utgjer til saman 11 sokn. Kvar av desse sokna er eit eige rettssubjekt. Dei blir representerte av 2 sokneråd som eigentleg er fellesråd. Eit i kvar delstatane som sokna ligg i. I kvart sokneråd sit det minst ein representant for kvart sokn og presten skal vere enten leiar eller nestleiar. Også her vel han å vere nestleiar. Organiseringa er parokial og i alle dei 11 sokna bur det til saman nesten 3000 innbyggjarar fordelt på fleire kommunar, og berre 600 av dei er medlem i kyrkjelydane. Eg la ikkje merke til andre trus- og livsynssamfunn der, men fekk høyre at katolikkane var med på ei økumenisk gudsteneste ein gong for året i området.  Det er ein stor skog med berre ein sti, men ingen direkte veg mellom dei sokna som dannar det eine soknerådet og dei sokna som dannar det andre soknerådet. Så presten må køyre over 30 kilometer for å kome frå det eine til det andre.

600 medlemmer er langt i frå nok for ei heil prestestilling, difor er presten allereie no ein dag i veka religionslærar i småskulen. Kvalifikasjonen til dette er ein del av presteutdanninga med mykje større fokus på undervisning enn det vi er vane med. I den eine delstaten vert det undervist religionsfaget slik som vår REL, medan det i den andre delstaten er ei konfesjonell religionsundervisning. Den er sikra gjennom ein avtale mellom staten og kyrkja. Staten bruker gjerne kyrkjelege tilsette i undervisninga, sidan dei både er kvalifiserte og ofte rimelegare enn om ein bruker eigne. I tillegg blir staten også meir fleksibel i personalbruken. Sidan prestefrua er den einaste religionslæraren på den lokale vidaregåande skulen, klarar presten og prestefrua  å følgje mange elevar gjennom heile skulegangen. Nesten halvparten av elevane i religionsfaget er ikkje medlem i eit kyrkjesamfunn, men dei vel religion i staden for etikk gjerne fordi undervisninga er av høgare kvalitet. Ofte veit elevane ingen ting om trua når dei byrjar. Men religionsundervisninga er nok ei av årsakene til at det blei fleire vaksendåp dei siste åra.  Elles er det ganske mange gamle i kyrkjelydane. Dei unge flytter ofte bort eller har ingen forhold til trua. I framtida må presten mest sannsynleg også gjere ein del diakonalt arbeid i byen for å sikre prestestillinga.

Medlemmane i kyrkjelydane er nesten utlukkande av utdanna folk: lækjar, ingeniørar etc. Det ser ut til å vere ein avstand mellom dei og arbeidarklassa.

6.4. Frivillige og tilsette medarbeidarar

Det er kontorhjelp i cirka 10% stilling og ein organist som får rundt kr. 120 for å spele ei gudsteneste. Det er dei som får pengar for tenesta si i kyrkjelyden. Presten fungerer som dagleg leiar for dei, men blir i administrasjonen også støtta av krinskyrkjeadministrasjonen som er ein serviceinstitusjon for kyrkjelydane. Alt anna ver gjort av frivillige. Dei engasjerer seg i råda, gjer reklame for kyrkjelyden både med kyrkjelydsbladet, i avisene og på dei offentlege og kyrkjelege oppslagstavlene. Dei engasjerer seg i kyrkjemusikken, for eksempel med eit lite kyrkjeleg korps, dei er reinhaldarar og kyrkjetenarar, er aktive i besøkstenesta, barne- og ungdomsarbeidet og førebuinga av kulturelle engasjement. Elles hjelper dei med det dei kan, for eksempel ved oppussingsprosjekt. Det er cirka 120 frivillige i kyrkjelydane og ikkje alle er medlem i kyrkjesamfunnet, men nokre blir det etter kvart.

Medan eg var der fekk eg oppleve at presten klarte å rekruttere to leke gudstenesteleiarar. Han skal følgje dei opp og etter kvart skal dei ta ei lita utdanning som er basert på nokre få kurshelgar. 

6.5. Hovudoppgåvene

Det var påfallande kor einige presten og kyrkjelyden også her var om presten sine oppgåver. Kanskje fordi dette er noko som dei vart einige om? Det er 56 gudstenester for året, som er omtrent det same nivået som eg har i Noreg. Det vanlege er 2 gudstenester på same dag, ei i kvart soknerådsområde.

Presten gjennomfører mange heimebesøk i løpet av ei veke. Han besøker alle medlemmer over 65 år kvart 5 år medan frivillige gjennomfører bursdagsbesøk med 4 år i mellom. I tillegg kjem sjukebesøk.

Det er mellom 15 og 20 gravferder kvart år og dei hamnar ofte på laurdagar sidan det er denne dagen dei pårørande kan vere med. Familiane er etter kvart ofte spreidde over heile Tyskland. Presten må difor gravleggje på laurdag, sjølv om dette inneber mindre tid med familien sin.

Også på laurdagar er det konfirmantundervisning i lag med nabopresten. Der samlar ein omtrent 20 ungdomar frå eit stort område til undervisninga. Logistikken tillet ikkje konfirmantundervisning i veka.  Presten er også lærar på grunnskulen.

Det som også her blir gløymd når dei skal beskrive oppgåvene, er administrasjonen. Også her blir størsteparten av investeringar finansiert gjennom ulike støtteprogram. Det virka som om sokneråda er meir aktive her. Likevel er det presten som er tilgjengeleg på dagtid og som må administrere prosjekta. Til å få tak i dei midlane som dei må skaffe sjølve, har dei støtteforeiningar til dei enkelte kyrkjene. Prestefrua er ganske aktiv i ei av dei, men presten slepp å gå så mykje inn i dette.

6.6. Dagane i veka

Eg kom til bygda om kvelden og gjekk rett inn i eit møte der dei to sokneråda sat i lag. Dei samordna gudstenesteplanane og andre aktivitetar og snakka om problemet med å få behalde ei full prestestilling. Det kom fram at folket sakna den folkelege praten med presten på gata. Han har ikkje tid lengre og allereie nå sit han mykje i bilen. Kyrkja forventar ei arbeidsveke på 54 timar i veka og nokre plassar forventar kyrkjelydane frivillig engasjement på toppen av dette. Her er dei einige om at det er umogleg å prestere godt i 54 timar på jobb kvar veke.

Frå laurdagsføremiddagen til litt ut på ettermiddagen er det konfirmantundervisning i den nærmaste byen. Det er cirka 6 frivillige, to prestar og ein diakon som er til stades for omlag 20 konfirmantar. Dette er to årskull frå både by og bygd i eit område med cirka 16.000 innbyggjarar og 2.600 protestantar. Det er prestane som ser ut til å vere dårlegast førebudd. Heldigvis har dei rutine og gode medhjelparar. På vegen heim att handlar vi litt og presten kan stå oppreist på den butikken han liker best og som er mest praktisk for han.  Han spøker om at han skulle ha kontortid på butikken og ikkje på kyrkjekontoret, der ingen oppsøker han. Resten av ettermiddagen og kvelden er fri.

På sundagen er det 2 gudsteneste. Ei om morgonen kl. 10 i ei kyrkje der det er 0 grader, men den er ei av 4 som framleis har eit fungerande orgel. Heime ved middagsbordet spør eit av barna om det ikkje hadde vore nok med ei gudsteneste denne dagen. Men presten skal ha ei runde til. Sidan det ikkje er orgel i dette vesle kapellet, bruker han gitar og ein CD med innspelt musikk som kyrkjesamfunnet har laga som hjelpemiddel. Totalt kjem det 16 på gudsteneste denne dagen og dette er presten svært nøgd med. Han ser sliten ut og innrømmer at han slit med øyresus.

Men heller ikkje måndagen blir fri. Først er det to heimebesøk og så skal konfirmantturen om to veker organiserast. Til alt overmål er det problem med dataanlegget. Han rekk å hente borna i 12-tida og på ettermiddagen blir dei med til tannlegen. I den offentlege delen av huset er det om kvelden bibeltime som presten førebur og leiar.

På tysdagsføremiddagen er det offisiell kontortid. Men det er nok ingen som kjem på kontoret bortsett frå kontorhjelpa og den eine fellesrådsleiaren som bruker å stikke innom rett før lunsjen. Så det blir tid til lesing av preiketeksten og meditasjon over den. Samtalen med fellesrådsleiaren er som ein samtale mellom ein styreleiar og ein dagleg leiar. Det er snakk om søknader og status i forskjellige prosjekt. Ettermiddagen er tid for borna og familien, medan kvelden går med på eit lengre heimebesøk.

Onsdagen er den 11. dagen på jobb sidan siste fridag for presten. Han seier at han søv dårleg og kjenner stadig på det å ikkje rekke alt han skulle ha gjort. På føremiddagen er det ulike prosjekt som må følgjast opp og ein ny sakshandsamar som ikkje har riktig oversikt over dokumenta i saka. Kyrkja opplever nok ikkje velvilje alle plassar og det er nok ein del byråkratar frå det gamle kommunistiske systemet som heng att i den statlege administrasjonen. Rett før lunsj blir det heimebesøk hos ei gamal dame som fyller 80år og vi blir nok dei einaste gjestene hennar denne dagen. Eit barn kjem heim med omgangsjuke. Men når prestefrua kjem att frå jobb, må presten av garde med ein kyrkjelydsettermiddag. For å effektivisere her driv han ein god del gjenbruk i førebuinga. Om kvelden er det eit soknerådsmøte.

Torsdagsmorgonen går igjen med til administrasjon. I 10-tida kjem leiaren for krinskyrkjeadministrasjonen som er ein service- og tilsynsinstitusjon for kyrkjelydane i fleire kyrkjekrins. Denne administrasjonen er først og fremst ein service for kyrkjelydane og hjelper til med alt frå bokføring til byggesakshandsaming. Dei tek seg også av eigedomsforvaltninga for kyrkja. Kyrkja eig ein god del grunn som er festa bort. Leiaren er på besøk for å høyre korleis tenesta fungerer etter ei omorganisering og for å sjå på lokale tilhøve, ikkje berre på papiret, men i realiteten. Det er administrasjonen som førebur vedtak og som administrerer dei, men det er sokneråda som vedtek dei. Ettermiddagen bruker presten til å førebu undervisninga på skulen på fredag.

Fredagen startar med fire timar på skulen. Etterpå blir det eit heimebesøk. Ettermiddagen blir brukt til å skrive preike og å få gudstenesta klar. Om kvelden arrangerer støtteforeininga for kyrkja, der prestefrua sitt i styre, ein kulturkveld for bygda til inntekt for kyrkjesaneringa. Presten er oppe med borna.

Laurdag er endeleg ein etterlengta fridag for presten som elles går til fysioterapi 2 dagar i veka for å halde øyresusen under kontroll.

På sundagen er det igjen 2 gudsteneste.

6.7. Presten i bygda

Presten er med på eit fotballag for å halde seg i form og for å ikkje bli redusert på prestegjerninga si. Han er re presentert i bygda som pappa for borna sine, men dette er berre ei av 15 bygder. Kyrkjelydane saknar praten med presten på gata som dei var vane med då det framleis var 5 prestar.

Det verker som om kyrkja og kyrkjelege aktivitetar et opp presten. Han har ikkje kapasitet til å vere meir enn prest og familiefar. Eit engasjement i kommunalpolitikken er heilt utenkeleg.

6.8. Oppsummering

Det er her parokialprinsippet vert sprengt: Ein prest kan ikkje vere synleg til stades i 15 bygder. Ingen klarar 54 timer og meir kvar veke på jobb i det lange løp. Presten kjenner på at han kjem for kort på alle område. Det er ikkje utan grunn at mange prestar i kyrkjesamfunnet har brent seg ut fullstendig i løpet av dei siste åra. Nokre ting i organiseringa er spanande, men kvardagen viser behovet for ei større avgrensing mellom teneste og fritid.

Anhänge:
DateiBeschreibungErstellerDateigröße
Diese Datei herunterladen (120925 Prestebilete og prestekvardag_kom HH.pdf)Prestebilete og prestekvardag Michael Hoffmann1341 KB