Beitragsseiten

 

14. Presten som liturg og predikant

14.1. Ei rolle å fylle

Forkynnelsen og sakramentene skaper tro, og er konstituerende for kirken.[176] Og dei ”gir identitet til prestens tjeneste[177]. Det er sjeldan dette blir like synleg som når presten gjer teneste som liturg og predikant:

”Prester og kvinnelege prestar symboliserer det kristne programmet og den kristne forståinga av røynda konkret ved kroppen sin. Dei viser kyrkja kroppsleg og synleg og set evangeliet i scene.”[178]  Det er sjeldan i tenesta at presten er så synleg og usynleg på same tid som i gudstenesta, som liturg og predikant. Presten blir synleg under altertenesta. Han går synleg inn ei rolle som han må fylle der han er og med det han er.

"Å lage ei preike - inkludert å utforme ein katekese – gjer det naudsynt at ein i langt større grad tileignar seg og pregar yrkesrollen enn når ein skal reprodusere kultiske handlingar som tilsynelatande er fastståande. Tilsvarande dei intellektuelle føresetnadane som ligg i dette, er evangeliske prestar direkte knytte til den kulturelle utviklinga…"[179]

Som predikant og liturg formidlar presten Gud og Guds ord, men han speglar også dei han formidlar det til. Han bør også vere seg sjølv i rolla som predikant og liturg, sjølv om det ikkje er han som skal vere synleg i gudstenesta. Det er Gud som skal bli synleg gjennom han. Som liturg skal den synlege presten bli usynleg, slik at Gud kan bli synleg gjennom handlingane hans/hennar. Gud skal kunne bruke presten som sitt verktøy, som den han er, der han er.

14.2. Feltet: Prestane i svart og kvit

Eg fekk ikkje sjå den tsjekkiske presten i den svarte prestekjolen, sidan han bruker den først og fremst under gudstenestene i bygdekyrkja, medan han ofte bruker dress når det er gudsteneste i småbyen.

Presten i Tyskland bruker alltid den svarte talaren. Her er det berre ein liten kvit krage som gjeld og ikkje den danske pipekragen. Det er i den kragen som blir kalla for ”Beffchen”, ein kan sjå kor presten står teologisk. Er den delt heilt i to, er det ein overbevist luthersk prest, er den delt på midten, er det ein unert prest og er delinga berre antyda, så er presten kalvinistisk reformert. 

Som prest i Noreg bruker ein i dag som regel ein kvit prestekjole med stola i liturgisk farge. Under nattverden og på høgtidsdagar ber presten i tillegg ein tilsvarande messehakel.

Det var berre ein gong i Tyskland at eg fekk sjå at presten brukte preikestolen. Enten var det ikkje preikestol, eller så var den for langt unna frå den vesle kyrkjelyden. Den gongen presten brukte preikestolen, var det kanskje for å kome unna dei strenge augo til Martin Luther. Det står ei byste der i alterromet som ser rett på lesepulten og eit soknerådsmedlem som soknar til denne kyrkja og som var med i denne gudstenesta, er ein direkte etterkomar til reformatoren. I Noreg vert preikestolen brukt først og fremst når det er mykje folk i kyrkja og presten preiker ofte frå midtgangen for å ha betre kommunikasjon med kyrkjelyden.

Alle prester som eg fekk observere, relaterte preiketeksten til noko som dei hadde opplevd og som kyrkjelyden kunne ha opplevd på ein liknande måte. Bibelteksten vart relatert til opplevingar som familiefar, som kristent menneske i denne verda eller som bilbrukar. Presten kan berre ta utgangspunkt i den røynda han lever i, men det er også ein fare i det. Presten kan bli den idealtypiske kristen og det kan opplevast som om han lever trua si for dei i staden for at dei lever den sjølv. Presten i Tyskland formulerte det slik: ”For resten av folkekyrkja opplever eg det slik at presten er prest i nærmast katolsk forståing. Han leve trua for kyrkjelyden. Han ber for dei, han er familiefar slik som dei skulle vere.”

Liturgisk har presten i Tsjekkia nok så mykje fridom. Han er lite bunden av forordna liturgiar. Eg fekk oppleve nokså forskjellige gudstenester både under feltarbeidet og elles i kyrkjesamfunnet hans. Liturgien og preiketekstane er eit hjelpemiddel som ein kan bruke, men som ein ikkje er forplikta til å bruke. Dette gir stor fleksibilitet som han bruker til å involvere kyrkjelyden, der han har ein kyrkjelyd som ynskjer å bli involverte. Det er heller ikkje alltid han bruker den svarte talaren sin, av og til står han der berre med skjorte og eventuelt jakka.

Presten i Tyskland har også ein perm som han skal bruke som gudstenestebok. Systemet er omtrent det same som vi fekk i Noreg nå, med ein stor perm og ein liten perm der ein samlar  dei arka  som ein skal bruke under gudstenesta. Men han bruker ikkje permen, han skriv det han skal bruke ned i eit dataprogram og bruker utskrifta. Grunnen til dette er at sideskifta i permen er dei same som i ei bok og ikkje berekna for at ein tar ut sider. Tar ein for eksempel ei bøn, finn ein minst halvparten av alternativet før og etterpå med på same arket og må først orientere seg i gudstenesta. Dette er for krevjande. Han ler når eg fortel at ein i Noreg har klart å gjere same feilen oppatt. Det er eit stort utval av alternativ, men presten i Tyskland er mykje meir bundne av alterpermen enn presten i Tsjekkia.

Det er ein ting til som eg la merke til: Når dei bruker liturgi, er det langt mindre involvering av andre enn presten i kyrkjelyden. Det er ofte presten som både les tekstane og kunngjeringane.  Medliturgar eller klokkar kunne eg ikkje oppdage, ein er fornøgd når ein får frivillige til å lese tekstane. Årsaka til dette er at det allereie i lang tid ikkje har vore ressursar til å ha lønna klokkarar eller kyrkjetenar.

14.3. Oppsumeringa

Det er nok presten i Tsjekkia som har størst fridom i utforminga av gudstenestene sine. Både når det gjeld tekstane, liturgien og klede. Det er også hos han at rolleforventningane og det folkekyrkjelege elementet står svakast. Både tsjekkiske og tyske prestar bruker svarte prestekjolar, medan vi Noreg bruker den kvite albaen. Når ein så bruker stola i liturgisk farge og tar messhakelen, som tilhøyrar kyrkja, i bruk, er det presten i Noreg som tydlegast går inn i ei rolle.

Når presten preiker, tar han av seg sjølv. Han må ta utgangspunkt i livet og kvardagen som han kjenner til, sjølv om det ikkje er ufarleg. Han kan fort bli ein vikar i trua for kyrkjelyden, slik som den tyske presten fortel om.

14.4. Vurderingar

Jo større det folkekyrkjelege elementet i kyrkjelyden er, jo viktigare er det å vere bevisste på at presten kan bli ein vikar i trua. Eiga oppleving kan vere eit greitt innsteg. Men presten må vere klar over at røynda han lever i og det truslivet han lever, kan skilje seg nokså mykje frå det som opplevast av dei som sit i benkane. Dette gjeld, sjølv om dei kan bu i nabohuset. Presten som har gudsteneste nesten kvar sundag, opplever for eksempel kyrkjeåret mykje meir intens enn dei som han møter på bygda der det er gudsteneste berre ein gong for månaden. Og så er det kanskje eit dåpsfylgje i kyrkja der mange kjem til kyrkja ikkje meir enn to gonger for året…

Gudstenestereforma i Noreg byr nok også utfordringar og når det blir eit nytt opplag av gudstenestepermen, er det sikkert ei smal sak å forandre sideskifta. Medliturgfunksjonen kan her by på større utfordringar. Klokkarfunksjonen blir meir og meir overført på frivillige, ofte for å spare pengar.  Der den nye liturgien krev medliturgar, kunne eg på landet oppleve at folk ikkje akkurat sto i kø og at det for det meste vart klokkaren som vart medliturgen. Det er etter mitt syn viktig at vi tar vare på klokkarfunksjonen. At ein viser at den blir verdsett og at ein rekrutterer til den. Det er viktig at klokkaren finn den informasjonen han/ho treng og ikkje berre les opp det som presten har skrive ned. Kanskje kunne ein med jamne mellomrom arrangere ein klokkarskule for både klokkarar og prestar.  

Anhänge:
DateiBeschreibungErstellerDateigröße
Diese Datei herunterladen (120925 Prestebilete og prestekvardag_kom HH.pdf)Prestebilete og prestekvardag Michael Hoffmann1341 kB