Beitragsseiten

 

16. Presten som borgar

16.1. Forskjellige forventningar

"Gjennom embete som institusjon og den saklege konsistensen av yrkesrollar gjer kyrkja som institusjon det mogleg å få ei sosial samhandling som er meiningsfull og som kan bli forventa. Denne formaliseringa avlastar"[182] personen.  "Skilnaden mellom embete og person gir ei vidare differensiering som er grunnleggjande for presteembetet. Kvinnelege og mannlege prestar har ein tendens til å undervurdere den uformelle sida av forventingar til makt og innflytting."[183]  Når ein ser på forventningane til presten i det sivile samfunnet og særleg i politikken, kan ein oppdage at historiske og samfunnsmessige utviklingar kan resultere i nok så forskjellige forventningar.

16.2. Frå feltet

Sjølv om prestane i Noreg ikkje lenger er kongelege embetsmenn men tenestemenn og borgarar på lik linje med alle andre, har tida som embetsmenn nok prega forventningane til presten sitt forhold til politikken.

I alle tre land er presten framleis ein moralsk instans i bygda. Dette kunne eg høyre særleg i Tsjekkia og Tyskland og sjølv frå menneske som ikkje var medlem i kyrkjesamfunnet eller i eit kyrkjesamfunn i det heile tatt.

I Tyskland er presten rettsleg framleis embetsmann, men utviklinga under to diktatur skaper andre forventningar til engasjementet hans i samfunnet og politikken. Det blir forventa av kyrkjelydane og samfunnet at presten engasjerer seg i samfunnet, men han er litt forsiktig med å engasjere seg i politikken.

Særleg i Aust-Tyskland er det likevel ein del tidlegare prestar som er i politikken i dag. Landet sin høgaste representant er ein tidlegare prest og regjeringssjefen ei prestedotter. Dei fleste prestane i politikken kom inn i den rundt 1990 i Aust-Tyskland.  Engasjementet deira var i utgangspunktet ofte ikkje partipolitisk, men eit samfunnsengasjement. Dei engasjerte seg for enkeltmenneske, menneskerettane, eller for grupper ved randen av samfunnet. Dei stilte opp for dei svake og såg på dei som sin neste. Eller dei engasjerte seg for skapinga. Dei engasjerte seg for noko eller nokon, men ikkje i noko. Det vart mange uformelle grupper og under omskiftinga vart mange av desse gruppene plutseleg del av først små parti og så større parti. Også folk utanfor kyrkja hadde tillit til prestane, dei vart sett på som moralske instansar.  Det vart slik mange av dei sklei inn i politikken.

I Tsjekkia er også i dag prestar overrepresentert i politikken og det skriv seg nok frå den tida mange av dei skreiv under på Charta 77. Kyrkjelydane er positive til engasjement i samfunnet, men litt meir kritiske til engasjement i politikken. Slik nekta for eksempel ein kyrkjelyd å gi presten sin permisjon  til ein ny valkamp for parlamentet. Dette sjølv om presten, den tidlegare tsjekkiske kommissæren for menneskerettane Svatopluk Karásek, er nokså kjent i landet.

Begge prestane som eg fekk observere, var på sin måte engasjert, ikkje berre i kyrkja, men også i samfunnet. Presten i Tyskland engasjerte seg for det kulturelle livet i bygdene, medan presten i Tsjekkia engasjerte seg både for det kulturelle livet og for bumiljøet.

Forventningane i Noreg er etter mi oppleving litt annleis: Eit politisk aktiv medlem i kyrkjelyden sa til meg ein gong då nominasjonsprosessen til kommunevalet var i gang: ”Du er eit unntak. Du blir ikkje sett opp på ei politisk liste, sjølv om du er eit kjent ansikt. Vi kan setje opp lækjarar og lærarar, men du skal vere prest for alle. Dette respekterer vi.” Presten skal vere prest for alle.  Han skal ikkje bli tatt til inntekt for eit parti.

Det er etter måten få norske prestar som engasjerer seg i eit parti og det ser ut som om det også er ein del resonnement mot samfunnsengasjementet til dei tidlegare embetsmenn. Forventninga om at den tidlegare representanten for statsmakta held ein viss avstand til makta strekker seg etter mi oppleving lengre enn berre avhald frå partipolitisk engasjement. Den går også utover engasjement i samfunnet. Det finst ei forventning om at presten skal vere forsiktig når han uttalar seg om andre enn kyrkjelege ting. Han skal i alle fall vere nøytral og ikkje støyte nokon.

16.3. Oppsummering

Det er ei forventning i alle tre land om at presten skal vere nøytral i forhold til partipolitikken. Presten skal i grunn vere Prest for alle i kyrkjelyden. I Tyskland og Tsjekkia blir det i langt større grad forventa at presten engasjerer seg i samfunnet utanfor kyrkja.

Ein kan nok tenkje seg at dei same forventningane om nøytralitet tidlegare også kunne finnast i Tyskland og Tsjekkia, men at dei i større grad blei relativerte gjennom erfaringane frå to diktatur i der det ikkje var mogleg å vere nøytrale. Minoritetssituasjonen i Aust-Tyskland og Tsjekkia kan også vere eit moment.

16.4. Vurderingar

Vi lever ikkje berre for oss sjølve, men vi har eit ansvar for det vi gjer og ikkje gjer. Politikken kan for ein prest vere ein arena der han kan vere meir enn berre ”presten”. Samstundes er det nok rett at den lokale presten ”skal vere prest for alle” og ikkje engasjere seg på ein så pass polariserande måte som gjør at han ikkje lengre kan vere det. Prestane som eg observerte, er einige med meg i at presten bør engasjere seg ikkje berre i kyrkja, men også i samfunnet i den grad ein har kapasitet til det og med dei gåvene ein har, men at ein som prest i kyrkjelyden bør vere forsiktig med partipolitisk engasjement.

Anhänge:
DateiBeschreibungErstellerDateigröße
Diese Datei herunterladen (120925 Prestebilete og prestekvardag_kom HH.pdf)Prestebilete og prestekvardag Michael Hoffmann1341 kB