Beitragsseiten

 

DEL 1 Bakgrunn for avhandlinga

1. Innleiing

1.1. Prestebilete og prestekvardag

Dei heng på veggen i prestesakristiet, bileta av prestar som var prest i denne kyrkja før meg. Nokre av bileta er store og måla i olje.  Andre bilete er fotografiar, men også dei er vel minst 50 år gamle. Alle bileta viser prester med embetsdrakt og den gamle kvite prestekragen. Dei var prest kvar i si tid med kvar sine utfordringar og med dei forventningane som folket til ei kvar tid hadde til presten sin.  Prestane før var gardbrukarar, som embetsmenn, representantar for øvrigheita, lærarar, menn, familiefedrar og sjelesørgjarar.  Ikkje minst held dei både gudstenester og kyrkjelege handlingar, sjølv om dei nok ikkje kalla det slik denne gangen.

Ein dag skal også biletet mitt finne plass på denne veggen. Denne gongen med kvit alba eller presteskjorte. Det blir nok ikkje noko oljebilete og ikkje noko svart/kvitt fotografi heller. Det blir nok ein eller anna variant av eit fargefotografi, mest sannsynleg digital. Det blir noko som passar til vår tid.

Tida er i forandring og denne forandringa ser ut til å gå fortare og fortare. Også kyrkja er i forandring. Blant anna blei det i år, i 2012, lausare band mellom staten og Den norske kyrkja. Også presteyrke forandrar seg, både innhaldet og dei ytre rammene. Sidan 1989 blir prestane tilsett av bispedømeråda og er ikkje lengre embetsmenn. I 1997 kom fellesråda, og presten skal nå vere åndeleg leiar, ikkje dagleg leiar. Prestane har fått både fridagsavtale og vaktavtale på plass. Presten skal ha kontoret sitt utanfor heimen. Mange av dei gamle prestegardane blir selde til fordel for nye tidsriktige bustader i byggefelt.

Både prestebilete og prestekvardagen er i forandring, og prestane, også eg, er midt opp i det. Kva er forventingane til presten? Kva forventar presten av seg sjølv og kva forventar andre av han? Kva slags prestebilete finn vi både blant prestane og i kyrkjelyden? Korleis er praksisen, korleis ser prestekvardagen ut i forhold til dette? Korleis vil den eventuelt kunne sjå ut i framtida?  Det er desse spørsmåla eg ynskjer å reflektere over i denne avhandlinga.

1.2. Problemstilling og mål

Kan det som er likt og det som er ulikt i prestetenesta i Den norske kyrkja og i to europeiske kyrkjesamfunn som er prega av den lutherske reformasjonen, gi impulsar for prestetenesta i Noreg nå og i framtida? Dette er problemstillinga mi og for å finne ut meir om dette skal eg også sjå på desse spørsmål: Korleis er prestekvardagen i desse tre kyrkjesamfunna? Kva blir forventa av ein prest i eit protestantsk kyrkjesamfunn i Noreg, (Aust-)Tyskland og Tsjekkia? Kan dette gi impulsar for prestetenesta i Noreg nå og i framtida?

Målet mitt er å belyse og å reflektere over prestetenesta og prestekvardagen i Noreg i eit økumenisk perspektiv. Eg klarer ikkje å sjå på heile prestelivet. Difor skal eg avgrense meg til nokre punkt som eg la merke til under feltarbeid og som eg ut frå dette og litteraturen vurderer som relevant. Prestetenesta i Den norske kyrkja skal sjåast i eit økumenisk perspektiv, i kontekst av prestetenesta i to europeiske kyrkjesamfunn som er medlem i det Lutherske verdsforbundet. Målet mitt er ikkje å lage ein ny teori[1], men heller å bruke den eine eller andre til å reflektere over situasjonen. 

1.3. Perspektiv

Utgangspunktet mitt er mi eiga presteteneste ute i distriktet i Noreg.  Eg er prest ikkje berre i Den norske kyrkja, men i ei verdsvid kyrkje.  Den norske kyrkja forstår seg ikkje som den einaste kyrkja, men som ei evangelisk luthersk folkekyrkje. Det finns andre kyrkjesamfunn og det finst andre lutherske kyrkjesamfunn både i Noreg og i andre land. Dei færraste av dei er statskyrkje, men mange av dei har vore det. Mange av dei er eller var også folkekyrkje i sitt geografiske område. 

Når ein står midt i noko, er det ofte krevjande å sjå heilskapen i det. Det kan vere vanskeleg å sjå samanheng og å forstå  dei rett når ein står midt opp i det. Det kan hjelpe å sjå ting litt på avstand, slik at ein får eit større bilete. Den avstanden burde vere stor nok til at ein klarer å sjå større samanheng, men ikkje så store at bileta blir så stor at alt blir for smått. Det gjeld å finne rette avstanden som gjer det mogleg å sjå utover det daglege, men som samstundes ikkje er så stor at ein ikkje klarer å identifisere samanhengane. Eg vil difor gå ut og observere prestekvardagen i to andre kyrkjesamfunn. Eg håper at erfaringane og observasjonane der vil gi nye perspektiv på prestetenesta i Den norske kyrkja i Noreg.

For at avstanden ikkje skal bli for stor, skal dei kome frå protestantiske kyrkjesamfunn i Europa. Slik at dei har bakgrunn frå same kulturkrins og deler mykje av dei kyrkjehistoriske utviklingane. Den norske kyrkja er ei luthersk kyrkje som er sterkt prega av både pietismen og humanismen. Difor skal dei prestane som eg skal observere jobbar i kyrkjesamfunn som er medlem av Luthersk verdsforbund utan at den lutherske reformasjonen er den einaste viktige tradisjonen i kyrkjesamfunnet. For å kunne vurdere erfaringane frå dei andre prestane for prestetenesta i den norske folkekyrkja hadde det også vore ein fordel om kyrkjesamfunna i alle fall hadde ei fortid som folkekyrkje.

Valet mitt fall på Den Evangeliske kyrkja til dei bøhmiske brødrane i Tsjekkia og Den evangeliske kyrkja i Mellom-Tyskland. Begge er europeiske kyrkjesamfunn som er medlemer av det Lutherske verdsforbundet, men som ber med seg meir eller mindre sterke element av den bøhmiske reformasjonen og av kalvinismen. Dei har ei historie som folkekyrkje, sjølv om den kan ligge 400 år eller 100 år tilbake i tida.

Også mitt eige perspektiv er økumenisk. Eg er norsk statsborgar, men ikkje etnisk norsk. Eg er født bak jernteppet i Aust-Tyskland og for det meste oppvaksen der. Eg er døypt som ungdom. Eg var engasjert i Evangelisk - Lutherske Landskyrkje i Sachsen på forskjellige plan, blant anna som medlem i kyrkjemøte i ei lengre periode. Samstundes blei eg engasjert i den økumeniske rørsla på ulike plan. Eg studerte teologi i Tyskland, Tsjekkia og Noreg og vart seinare ordinert som prest i Den norske kyrkja. I ti år har eg vore sokneprest i eit øysamfunn på Nord-Vestlandet og er nå i ferd til å gå over i ei ny stilling. Refleksjonar og vurderingar i denne avhandlinga er difor også dei til ein prest med innvandrarbakgrunn etter ti års presteteneste i Den norske kyrkja.

Anhänge:
DateiBeschreibungErstellerDateigröße
Diese Datei herunterladen (120925 Prestebilete og prestekvardag_kom HH.pdf)Prestebilete og prestekvardag Michael Hoffmann1341 kB