Beitragsseiten

 

DEL 2: PRESENTASJON AV SITUASJONEN – Prestetenesta i ulik kontekst.

5. Prest i Den evangeliske kyrkja til dei bøhmiske brødrane i Tsjekkia

Hausten 2011 reiste eg til ein småby vest i Tsjekkia for å følgje ein studiekamerat som er prest der litt meir enn ei veke. Presten var nettopp att komen frå ein studiepermisjon som han og familien fekk etter at dei i fleire månader måtte leve i ein prestebustad under ombygging. Eg kom reisande med buss og tog frå Praha og prestebustaden ligg rett ved jernbanestasjonen. Prestebustaden ligg i ein tidlegare tremannsbustad med eit kyrkjerom i første etasje, men utan klokkar eller klokketårn. Etter studietida i Prag er eg godt kjent med kyrkjesamfunnet. Tidlegare var eg sjølv med på fleire av dei store ungdomsleirane som kyrkjesamfunnet har kvart år. Det er ikkje første gongen eg er i landsbyen heller, men det er mange år sidan sist eg var der.

5.1. Presten og prestefamilien

Presten er gift og kona er heimeverande. Prestefrua har utdanning som leiketøymaker, men jobba aldri i yrket sitt. Ho er veldig aktiv i kyrkjelyden. Dei har 4 barn mellom 2 og 7 og fram til dei reiste i starten av sumaren, budde det også ei vietnamesisk jente der. Foreldra hennar prøver å finne jobb i ein anna by i Tsjekkia, medan ho gjerne ville halde fram på skulen sin. Ho dukka ikkje opp att etter sumaren. Dei to eldste borna blir undervist av mora i heimeundervisning. Dette er lov fram til 9. klasse, men mora vil gjerne undervise dei heime i prestebustaden fram til 5. klasse.

5.2. Prestebustaden

Det er kyrkjelyden som eig prestebustaden og buplikt for presten er ikkje diskusjonstema her, men det er sjølvsagt. Foreldra og besteforeldra er sjølv inne med eit større lån for kyrkjelyden slik at dei kunne pusse opp prestebustaden til ein nokolunde leveleg standard.

Prestebustaden er andre etasjen i kyrkjelydshuset. Kyrkjelyden bruker lokala i kjellaren som kyrkjerom og forsamlingslokale. På loftet har kyrkjelyden eit ungdomssenter som er i bruk ved utvekslingar og elles ein til to gongar i veka. For kome seg dit må ein gjennom prestebustaden. Denne bustaden består av prestekontoret som er offentleg, kjøkkenet som prestefrua karakteriserer som ”halvoffentleg”, og to soverom som er dei einaste private rom for prestefamilien på 6.

Presten jobbar i praksis midt i leilegheita og med fire små barn heime er det ofte krevjande å få arbeidsro. Dette seier han også sjølv. Han jobbar difor ofte tidleg om morgonen før borna vaknar, midt på dagen når borna kviler eller når alle fire er involvert i undervisninga og litt etter at dei har lagt seg, før foreldra sjølv legg seg nok så tidleg. Til gjengjeld så får barna ein far som er synleg og tilgjengeleg.

5.3. Kyrkjelydane

Presten er i utgangspunktet prest for kyrkjelyden i landsbyen og to preikestasjonar i nabolandsbyane. Der leiger dei rom av eit anna, endå mindre protestantisk kyrkjesamfunn. Det er i dette andre kyrkjesamfunnet prestefrua har røtene sine. Ved preikestasjonane har kyrkjelyden cirka 10 medlemmer og i småbyen cirka 40. I tillegg administrerer presten ein kyrkjelyd med 80 medlemmer i ei bygd med eiga protestantisk kyrkje med inkludert prestebustad. Prestestillinga der har stått ledig i fleire tiår. I området som presten har ansvar for, bur det om lag 50.000 menneske i ein radius på cirka 25 km rundt prestebustaden. Sjølv for minoritetskyrkjesamfunnet hans er dette ei diasporasituasjon. Dei som er med i kyrkjelydane er til gjengjeld ganske aktive.

Kyrkjelydane er organiserte etter personalprinsippet og ikkje etter parokialprinsippet som kyrkja i Noreg eller Tyskland. Dvs. at ein melder seg inn i kyrkjelyden og gjennom dette blir medlem i kyrkjesamfunnet. Ein kan difor bu i bygda og vere medlem i kyrkjelyden i småbyen og omvendt.

Kyrkjesamfunnet driv ei stor diakonal verksemd som er organisatorisk uavhengig frå kyrkjelydane, men som har tette band til dei. Bygdekyrkjelyden som presten forvaltar er eit tyngdepunkt for denne verksemda. Diakonien driv fleire institusjonar for handikappa og presten bruker ein dag i veka på å besøke bebuarane der.

5.4. Frivillige og tilsette medarbeidarar

Presten er den einaste fast tilsette i kyrkjelydane. Det er kyrkjesamfunnet som er arbeidsgivaren hans, men det er det lokale soknerådet som bestemmer kven som blir prest på staden og kva arbeidsoppgåver vedkomande skal utføre. Presten fungerer som dagleg leiar for kyrkjelyden. I tillegg til presten er det ein barne- og ungdomsarbeidar i ei prosjektstilling på 50% og det er presten som lagar arbeidsplanane hennar og som følgjer opp arbeidet hennar .

Ved sida av dei tilsette er det mange frivillige. Det er for eksempel frivillige som spelar piano eller elektrisk piano sidan dei korkje har organist eller orgel. Presten har også ansvar for å utdanne leke gudstenesteleiarar i regionen. Kurset går over 5 semester og når eit kurs er ferdig, startar eit nytt.  På denne måten fekk han 5 leke gudstenesteleiarar og ein prestestudent med på gudstenestene i kyrkjelydane sine. Med hjelp av dei er det gudsteneste nesten alle plassar kvar sundag og han får fri ein gong i månaden. Dei leke gudstenesteleiarane kan ikkje gi nattverd. Presten har berre halvparten av dei 160 gudsteneste for året. Også dei fire sundagsskulane, eit mor- og barnsenter i kyrkjelydshuset, engelskundervisning for mødre med barn, soknerådsarbeidet og ein del vedlikehald av bygningane står frivillige for. Prestefrua er med på mange av aktivitetane. Det er nok rundt  30  aktive frivillige i kyrkjelydane.

Den fremste lekmannen i kyrkjelyden heiter kurator og han eller ho er enten formann eller nestformann i soknerådet. Presten er då nestformann eller formann. Sidan presten som eg fekk følgje med, ser gåvene sine heller i forkynninga enn i det å organisere, er det i begge sokneråda kuratoren som er formann. På alle kontraktar som går ut over det daglege, er det alltid både presten og kuratoren som må signere.

5.5. Hovudoppgåvene

Det er klart forkynninga som er hovudoppgåva til presten. Med 80 gudstenester, nokre kyrkjelege handlingar, oppfølginga av dei leke gudstenesteleiarane og fleire bibeltimar for veka ,er det  det som både han og kyrkjelyden prioriterer. Det er nokså få kyrkjelege handlingar og dei fleste som kjem for å gifte seg hos presten, er ikkje medlem i kyrkjelyden og kyrkjesamfunnet. Likevel ser dei særleg på gravferdene og vigslane som eit høve til misjon.

Presten bruker også ein god del av tida si til å skrive søknader og følgje opp forskjellige prosjekt. Det er slik størsteparten av investeringane vert finansierte. Det er slik dei fekk taket til prestebustaden tett og det er slik dei fekk tatt loftet i bruk som ungdomssenter. Også kyrkja i bygda blei berga gjennom slik støtte frå EU og til dels også frå dei såkalla ”norske fond”. Dette er midlar som Noreg betaler for å få tilgang til den europeiske marknaden og som blir brukt til infrastrukturtiltak.

Eit problem ser dei i at presten i praksis er ”ansvarleg for alt”[79]. Det er han som reparerer toalettet og det er han som må koste gata framfor huset.  Prioriteringa både frå kyrkjelyden og prestane viser seg å vere  om lag den same i alle tre land og kan også finnast att blant andre norske prestar. [80]

5.6. Dagane i veka

Laurdagen skal vere ein familiedag. Prestefrua klagar litt over at sjølv om måndag og laurdag er fridagar, så er det nesten alltid folk som ringer i telefonen eller på døra og som ynskjer å snakke med presten og at han er lite flink med å vise dei til arbeidsdagane sine. For ho er det difor viktig å verne om laurdagen og måndagen. Dei prøver også å ta vare på gode rutinar for kommunikasjon, for eksempel gjekk dei på laurdagen tur, berre dei to, for å snakke med kvarandre.
På laurdagsettermiddagen er det ein liten familietradisjon med symjing for heile familien i eit badeland i den nærmaste litt større byen.

Sundagen såg det ut som om presten skreiv preika tidleg om morgonen. Kl. 9.00 var det gudsteneste i huset og jenta som spelte til salmane, fekk velje dei sjølv. Nokre salmar spela presten på gitaren. Det er plass til 40 og nesten 30 som kjem. Etterpå var det stor kyrkjekaffi. Det er alltid kyrkjekaffi her. Til middagen litt over kl. 12 kjem det ein teologistudent som skal halde gudsteneste i preikestasjonen og denne gongen blir presten med, slik som han gjer det med nok så jamne mellomrom.  Når alle er samla spør studenten om nokon kan spele på pianoet og det er nokon som kan spele melodien. Etter gudstenesta blir det to heimebesøk hos aktive familiar ved preikestasjonen.

Måndagen er vekefridagen for presten og han hjelper til med heimeundervisninga og tar seg av handelen. Han kjøper frå nedste hylle sidan dei rimelege produkta står der. Løna er lav både i tsjekkisk og absolutt målestokk. Elles er presten med borna på leikeplassen og hentar og leverer dei til diverse besøk hos venner.

Tysdagsføremiddagen skulle gå til administrasjon ved skrivebordet, men eit barn skader seg og det blir eit avbrot med legebesøk. Så blir det  administrasjon om ettermiddagen, men innimellom låser han opp og lager til for barneklubben som barne- og ungdomsarbeidaren skal ha. Så fikser han doen til kyrkjelydssalen. Så blir romet laga til for mor- og barnsenteret på onsdag.  

På onsdagsmorgonen startar arbeidsdagen kl. 6.00 fram til borna hentar pappaen sin til frukost kl. 7.30. Etter frukosten låser han opp salen. Det er frivillige som står for aktiviteten. Om kvelden skal det vere kyrkjelydsfest for dei som hjelpte med oppussinga av kyrkjelydshuset. Presten bruker dagen til å førebu den. Han skriv tale, ringer rundt, kjøper små gåver, og set ut stoler. Vanlegvis er det ein bibeltime om ettermiddagen. Den går ut denne onsdagen. Det blir ein fin fest og nytt er det at den er alkoholfri, sidan mannfolka i kyrkjelyden ville passe litt meir på helsa si.

Torsdagsmorgonen førebur presten bibeltimane, både for institusjonane og kyrkjelyden om kvelden. Så blir det administrasjon og 3 institusjonsbesøk. Her blir det både bibeltime og samtalar med enkelte bebuarar og tilsette. På veg heim att prøver han å løyse ein liten konflikt i kyrkjelyden, og det blir eit besøk hos ein som er sjuk.

Heile fredagsmorgonen og føremiddagen er presten med på eit styremøte der dei uttaler seg om forskjellige prosjekt som har søkt om støtte frå EU-fond. I denne tida har prestefrua heimeundervisning og ei gruppe for mødrer som ynskjer å lære seg å kommunisere på engelsk. Om ettermiddagen blir det tur til eit reklamebyrå i den nærmaste litt større byen for å ordne presentasjonen av resultata av det siste prosjektet dei sjølv fekk støtte for frå EU. Kvelden blir avslutta med bibeltime, og på veg dit, blir bilen fylt opp med folk som skal vere  med.

På veg heim att kjem det ein telefon om at kurset for leke gudstenestehaldarar på laurdag er avlyst sidan den kolliderte med noko anna. Så presten får fri på fridagen sin.

5.7. Presten i byen

Både presten og kyrkjelyden prøver å vere aktive bidragsytarar til samfunnet og særleg det kulturelle og sosiale livet i småbyen. Presten blei kalla til å vere med i eit utval som skal forbetre livskvaliteten i byen og setje i gang forskjellige tiltak. Presten engasjerer seg ikkje i politikken, men i samfunnet. Dette blir lagd merke til. Presten og prestefrua fekk kvar sine utmerkingar for engasjementet med mor- og barnsenteret og engelskundervisninga. Til festen etter oppussinga av kyrkjelydshuset vart det arrangert ein konsert og ordføraren kom med ei offisiell helsing. Det er ingen galleri i byen og sidan dekanen frå kunstfakultetet ved det nærmaste universitetet er med i kyrkjelyden, vurderer dei å bygge ei kulturkyrkje. Dette får også støtte frå dei fleste medlemmene i kyrkjelyden som har langt mindre sosial status. Presten er ansiktet for kyrkjelyden. Det er viktig for dei at dei blir sett og lagt merke til på ein positiv måte. Kyrkjelyden må vekse for å kunne overleve. Til dette må dei framstå som positive og ufarlege, ikkje som ei sekt. 

5.8 Oppsummering

Eg fekk oppleve ein prest som forstår tenesta si som i ei teneste på misjonsmarka sjølv om kyrkjesamfunnet hans ein gong var ei folkekyrkje. Det er vanskeleg å skilje når han er på jobb og når han har fri. Løna er ikkje noko å skryte av, men prestefamilien opplever situasjonen som eit kall til heile familien, sjølv om prestefrua nok må passe på at det også blir plass til privat- og familieliv. Dei er fattige, men engasjerte og kreative.

Anhänge:
DateiBeschreibungErstellerDateigröße
Diese Datei herunterladen (120925 Prestebilete og prestekvardag_kom HH.pdf)Prestebilete og prestekvardag Michael Hoffmann1341 kB