Beitragsseiten

 

12. Presten med ansvar for alt

12.1. Presten sitt ansvar

For alle prestane i undersøkinga er særleg forkynninga men også sakramentsforvaltinga dei viktigaste oppgåvene og det er berre dette ansvaret vedkjenningsskriftene plasserar b heilt eintydig hos presten[125]. For å vere kyrkje trengst det derimot forsamlinga av dei truande[126]. Sjølv om han kan oppfattast som kyrkja sitt ansikt, så er han ikkje kyrkja. Det allmenne prestedøme meiner også at dei leke, at kyrkjelyden, skal ta ansvar.

Det er skjeldan eg fekk møte dette fenomenet i Noreg, men det er ofte eg kunne observere det i både Tsjekkia og Tyskland: Presten som har ansvar for alt i kyrkjelyden, frå forkynninga, til matlaginga og det å reparere toalettet.  

Pavel Filipi kallar dette ”myten om allansvaret”[127]. Han plasserer myten både hos kyrkjelydane og hos kyrkjeleiinga. For dei ”eig presten alle gåver og om det er ei han ikkje eig, så er den ikkje eksisterande.”[128] Men prestane får også eit ansvar: Allansvar kan også gi ei behageleg allmakt og møter ein passiviserande forbrukarmentalitet. Men også kyrkjelydane har eit ansvar, det kan vere alt for enkelt og behageleg å plassere ansvar hos dei tilsette og særleg presten.

Det er særleg kyrkjesamfunn med få tilsette der dette ser ut til å vere eit problem. Når presten er den einaste tilsette, må ansvaret plasserast enten hos han eller hos frivillige. Han får betalt for å gjere jobben, difor er det enkelt både for han sjølv og for kyrkjelyden å plassere ansvaret hos han.

12.2. Presten med allansvaret i Tsjekkia og Tyskland

Det er i Tsjekkia eg kunne observere myten i praksis. Under eit arrangement var det nokon som kom bort til presten og så forsvann presten plutseleg på toalettet, ikkje for å bruke det, men for å reparere det. Presten er ansvarleg for alt. ”Mangel på grenser er eit kjenneteikn ved presterolla”[129]. Presten er den som har ansvar for alt i kyrkjelyden, frå forkynninga til vaktmesterteneste.

Sjølv om det finst nokre få andre tilsette i kyrkjelyden, treng ikkje situasjonen å forandre seg noko særleg. Både i Tsjekkia og Tyskland blei ansvaret for desse tilsette plassert hos presten. No er han ikkje lengre direkte, men indirekte ansvarleg for alt.

Hos presten i Tyskland opplevde eg at han bevisst prøvde å unngå allansvaret. Han unngjekk å vere soknerådsleiar og utfordra andre til å ta ansvar. Han har samtaler med soknerådsleiarane omtrent ein gong i veka og opplever tenesteavtalane som eit viktig reiskap.

12.3. Ansvaret i Den norske kyrkja

"Myten om allansvaret" er nok mindre kjent i Noreg sidan den også er mindre relevant her, sjølv om den eine eller andre presten nok kan kjenne seg ansvarleg for alt. Vi er ei folkekyrkje med forholdsvis mange tilsette og få aktive frivillige. Prestane opplever seg nok i større grad som ei av mange yrkesgrupper i kyrkja. Utfordringa vår er ikkje allansvaret, men kanskje heller ei ”pulverisering av ansvaret” som ein prost karakteriserte det, eller ei ”ansvarsvegring”, som ein soknerådsleiar kalla det.

Dei forholdsvis store til dels spesialiserte stabane gjer det lett å plassere mykje ansvar hos dei tilsette. Mange plassar er det allereie krevjande å få nok kandidatar til soknerådet. Så held vanskane fram med å finne folk til dei forskjellige funksjonane i soknerådet. Folk er ikkje motvillige og kyrkja opplevast som berre ein av mange aktørar på fritidsmarknaden. Kanskje er ho den med flest tilsette. Difor er det enkelt å lage planer som plasserer mykje ansvar på dei tilsette. Men desse tilsette igjen manglar ein klar struktur. Dei har forskjellige arbeidsgivarar og skal vere leiarar på kvar sitt område. Presten blir opplevd gjerne som kyrkja sitt ansikt utad, men internt står han gjerne litt på sidelinja. Han har ein anna arbeidsgivar og dei andre tilsette har kyrkjeverja som sin overordna. Presten har ansvar for gudsteneste og kyrkjelege handlingar, men utover det er det i grunnen lite han kan delegere og nesten ingen han kan delegere til. Han rår berre over dei ressursane som han får til disposisjon av kyrkjeverja og som kyrkjeverja også kan inndra igjen. Det einaste presten kan prøve er, å konkurrere med mange andre om få engasjerte frivillige.

Samstundes er det eit paradoks at når kyrkjelydane manglar ein kateket, trusopplærar, diakon, til og med kyrkjetenar eller klokkar eller ein anna funksjon, så prøver både kyrkjeverja og kyrkjelydane å plassere både arbeidsoppgåvene og ansvaret hos prestane. Prestane har kanskje blitt flinkare til å setje grenser. Det er nok enklare å sei nei når du har ein anna til plassere ansvaret hos: kyrkjeverja.

12.4. Oppsummering

Situasjonen i Noreg med sine kyrkjelege stabar skil seg nok så tydeleg frå situasjonen i Tsjekkia og Tyskland, der presten ofte er den einaste tilsette eller i alle fall den einaste som er tilsett på heiltid. Dette gjer det enklare å plassere ansvaret hos fleire enn prestane. 

12.5. Vurderingar

Utfordringa i Noreg er ikkje presten som sit med allansvaret, men heller ein manglande eller uklar ansvarsstruktur.

Likevel kan "myten om allansvaret" også utfordre norske prestar. Ein bør ikkje ordne alt ein kan ordne. Det er jo fort gjort. Men det er mange ting som er fort gjort som samanlagt tar nok så mykje tid. Som prest bør ein forkynne, ikkje berre med ord, men også med gjerning. Kyrkja er noko som vedkjem heile forsamlinga, ikkje berre han. Difor må han ikkje fråskrive seg ansvar, men han må delegere. Sjølv om ting kanskje ikkje blir ordna like fort og like godt. Presten har først og fremst ansvaret for å gjere andre ansvarleg i staden for å ordne alt sjølv. ”Kvar prest har med seg ein personleg biografi, ein spesiell motivasjon for yrket sitt, spesielle personlege evner, styrker og svakheiter.”[130] Ingen kan alt og berre den som ”kan alt, treng ikkje å delegere”[131]. Men han treng heller ikkje å undre seg over om han får klager over at han er vanskeleg å samarbeide med. Presten bør ikkje vere den som har ansvar for alt, men den som gjer andre ansvarleg. Presten bør bli ”hjelpar og medhjelpar for dei leke”[132].

Anhänge:
DateiBeschreibungErstellerDateigröße
Diese Datei herunterladen (120925 Prestebilete og prestekvardag_kom HH.pdf)Prestebilete og prestekvardag Michael Hoffmann1341 KB