Beitragsseiten

 

18. Konklusjon

”Kva er forskjellen mellom kyrkja og Raude kors i Noreg?” Det var i dette spørsmålet samtalen med ein journalist summaren 2012 konkluderte. Spørsmålet er eit spørsmål om kyrkja sin eigenart, om kva som konstituerer den. Humanitet, medmennesklighet og engasjement kan ein også finne i andre organisasjonar. Det som konstituerer kyrkja, er etter CA VII: ”Kyrkja er forsamlinga av dei heilage, der evangeliet blir lært reint og sakramenta forvalta rett.” Feltarbeidet hjelpte meg med å sjå dette tydelegare og eg meiner difor at både Den norske kyrkja og prestane kan bli tydelegare i å kommunisere dette. Sakramenta skal forvaltast, ikkje berre utdelast, og evangeliet skal forkynnast, ikkje berre tilpassast, sjølv om det kan vere ubehageleg. Eg minnast at Biskop Odd Bondevik sa under ordinasjonen min: ”Det er fint om folk liker det du seier, men du skal ikkje seie det som folk liker at du seier. Du skal forkynne evangeliet.”

Ressursane er knappe, men dei er knappare i Aust-Tyskland og langt knappare i Tsjekkia. Vi blir fleire i Noreg og med dette også fleire som evangeliet skal forkynnast til. Etter det mine eigne erfaringar og særleg etter det eg fekk sjå i Tyskland og Tsjekkia, burde difor leke gudstenesteleiarar som står under prestane sitt tilsyn, bli eit satsingsområde for Den norske kyrkja.

Prestane i Noreg står nok meir på sidelinja i kyrkja og i samfunnet enn dei gjer det på kontinentet. Prestane er ikkje lenger kongelege embetsmenn og representantar for øvrigheita. Dette er kanskje både prestane sjølve og kyrkja ennå ikkje flink nok med å realisere. Embetsmenn fasast ut i embetslinja. Når eg ser korleis prestar kan involvere seg både i kyrkja og i samfunnet i Tsjekkia og Tyskland, ser eg eit potensiale som ikkje blir utnytta i Noreg. Her burde ein kunne tenkje nytt, pragmatisk og effektivt.  Skal kyrkja vere kyrkje og ikkje berre ein organisasjon, må ho også ha ei leiing som er kyrkjeleg og til dette høyrer både kyrkjedemokratiet ”som representative organ for det allmenne prestedømme ”[194] og ei ordna presteteneste som er konstituerande for kyrkja. Ein bør difor opne opp for at prestar i større grad kan bli deltakarar i ei heilskapleg leiing av kyrkja.

Prestane på si side bør få større fokus på to område: Pedagogisk utdanning og involvering av frivillige. Trusopplæringa i kyrkja set også større krav til pedagogisk kompetanse i kyrkja. Dette gjeld ikkje berre kateketane, men bør også gjelde prestane. Prestar bør ikkje jobbe som lærarar i skulen, men dei burde ha kompetansen til det.

Om kyrkja ikkje skal redusere seg sjølv til ein organisasjon som tilbyr tenester, må ho engasjere folk. Å tene gjennom å gjere andre dugande til teneste bør vere viktigare for presten enn å gjere alt sjølv. Dette gjeld både kyrkjelyden og presten. Det er berre slik presten kan finne rom til å vere meir enn prest. Slik kan presten også vere familiemedlem, sambygding, borgar og ikkje minst menneske og på denne måten ta vare på seg sjølv og sine. Dei menneska Jesus kalla på, var ikkje perfekte og det er dei heller ikkje i dag. Vi bør difor ha høg takhøgd for det uperfekte i kyrkja både hos prestar og frivillige. Profesjonalisering  i kyrkja har difor eit faremoment sidan den kan drepe frivillig engasjement, når krava blir for store og folk ikkje lenger tør å engasjere seg.

Skal kyrkja vere kyrkje, må ho ta vare prestane sine som er ei særskilt utsett yrkesgruppe. Det lønner seg å sjå utover Den norske kyrkja, Noreg og Norden når ein skal ta avgjerder om kyrkja sin veg i framtida. Om eg med denne avhandlinga klarer å få fleire til å reflektere over prestetenesta i Den norske kyrkja i eit større perspektiv, så har eg lukkast. Klarer eg dette ikkje, så var det i alle fall eit spennande forsøk.


 

Anhänge:
DateiBeschreibungErstellerDateigröße
Diese Datei herunterladen (120925 Prestebilete og prestekvardag_kom HH.pdf)Prestebilete og prestekvardag Michael Hoffmann1341 KB