Beitragsseiten

 

17. Presten som medlem av prestefamilien

17.1. Den eksemplariske familiefaren?

”Difor må ein tilsynsmann ikkje kunna skuldast for noko. Han må vera mann til éi kvinne, edrueleg, forstandig, høfleg, gjestfri, god til å undervisa,  ikkje drikkfeldig eller hardhendt, men mild, ikkje stridslysten eller glad i pengar.  Han skal styra sitt eige hus godt, så borna hans alltid viser lydnad og respekt.  For greier han ikkje styra sitt eige hus, korleis kan han då ha omsorg for Guds forsamling?” (1 Tim 3,2-5)

Krava til ein biskop som familiefar var høge den gongen og dei er framleis høge også til presten i dag. Presten skal vere eit moralsk førebilete, prestefrua aktiv i kyrkjelyden, presteborna skal oppføre seg eksemplarisk: prestefamilien skal nærmast vere ein mønsterfamilie, ein familie slik som ein familie skal vere. Prestefamilien er under observasjon: Drikk dei alkohol? Klipper dei plenen? Kven kjem på besøk? Korleis er borna kledd?

Men både verda prestefamilien lever i og familielivet til dei fleste familiar har endra seg. Isolde Karle peiker på ein "førebiletleg kristeleg livsførsel"[184] som eit nærmast absolutt krav til presten. Ulrike Wagner-Rau omskriv dei private livsforhold til presten som eit av fire aspekt der "spesifikke utfordringar gjennom den komplekse røynda til yrket konsentrerer seg særskilt"[185]. "Dei private livsforholda til kvinnelege og mannlege står under press og skal rettferdiggjerast i offentlegheita. Fram til i dag realiserast skiljet mellom yrket og privatlivet som er karakteristisk for moderniteten, ikkje i same grad for prestebustaden som for resten av samfunnet."[186] Dette reflekterer over prestetenesta i Tyskland, men gjeld dette i same grad også for Tsjekkia og Noreg?

17.2. Det "vanlege familielivet" i prestebustaden

Berre den tsjekkiske prestefamilien lever framleis i rollemodellen der prestefrua er heimeverande. Men også dei er heller unntaket i kyrkjesamfunnet sitt. Dei fleste prestefruer må jobbe om familien skal kunne leve eit nokolunde komfortabelt liv. Det er i Tsjekkia prestefamilien har minst privat rom sidan prestebustaden ligg midt i kyrkjelydshuset og berre to rom er verkeleg private. Prestefamilien har ikkje råd til å bu ein anna plass enn i prestebustaden. Men også prestebustadane i Tsjekkia har ikkje same funksjonen lenger som dei hadde i kommunisttida[187]

Også i Tyskland er det det vanlege at prestebustaden og kyrkjelyshuset er same bygning. Det eg kunne observere der var at presten skaffa seg eit privat rom for seg og familien sin som er åtskilt frå den offentlege delen av huset med prestekontoret med to inngangar i skjeringspunktet. Han reflekterte over presset på prestefamilien og gjorde meg merksam på at til og med ei tysk landskyrkje må innrømme at kravet om 50 til 60 timars arbeid kvar veke og eit ordna familieliv kanskje er for høgt[188] og at kyrkja burde leggje betre til rette for familiar. Han slår fast at det er færre og færre som klarer å leve opp til dei klassiske forventningane til livet i prestebustaden som vart prega av reformatoren Martin Luther og kona hans[189]. For nesten alle tyske prestar betyr ei skilsmisse også at dei må flytte og finne seg ei ny stilling, uansett kva som var årsaka til den. Når vi går gjennom dei vi kjenner frå studietida i Tyskland, er det berre eit mindretal som ennå ikkje har opplevd eit samlivsbrot. Han stiller også spørsmål om buplikta. Kan den framleis sikre at presten er present når han likevel berre kan bu i ei av dei 15 bygdene[190]? Er det rett at presten må betale ei husleige som er langt høgare enn det som er vanleg i området for ein bustad og som kanskje er i dårleg stand og ikkje svarer til livssituasjonen hans i det heile tatt? Han lurer på om bupliktordninga bidrar til å skape forventningar, ikkje berre til presten, men også til prestefamilien som dei i vår tid ikkje lengre klarer å leve opp til. Han meiner at den også kan bidra til auke presset på presten i og med at han har endå mindre av det "vanlege familielivet" og får mindre rom til å lade batteria.  

I Noreg har avstanden til prestegarden alltid vore større, ikkje berre geografisk, men også på grunn av presten sin status som kongens embetsmann.  Nesten alle prestekontora er flytta ut av prestebustadane. Prestane i Noreg har med fridagsavtalen rammer som prestane i andre land drøymer om. Det er fleire og fleire som får fritak frå buplikta. Men på bygda er det framleis mange forventningar til prestefamilien og dei kan nok aldri vere heilt private der dei bur.

I ei tid der "patchworkfamiliar" og kvinnelege prestar ikkje er noko uvanleg lenger er også prestefamilien under press. Dette gjeld for alle tre land. Prestar er på jobb når andre har fri, mange bur også eit godt stykke lengre unna familien enn dei fleste, eit ”vanleg familieliv” er nærmast umogleg. Dei prestane som eg fekk observere, sleit med å finne den rette balansen mellom prestegjerninga og familielivet. Dei kjente ofte på det at tida med familien kom for kort, men prøvde samstundes å prioritere familielivet.

I Noreg har vi fridagsavtalen, men også i Tsjekkia og Tyskland skjer det noko: Presten i Tsjekkia skal også ha fri to dagar i veka og ei helg i månaden sjølv om han ikkje held like sterkt på det og er mykje meir tilgjengeleg sidan han bur rett over kyrkjesalen. Presten i Tyskland jobbar med seg sjølv for å ta vare på den eine fridagen i veka han har og er nøye med frihelga kvar sjette veke.  Men det er ennå eit stykke for dei før måndagen er etablert som ”prestesundag” slik den er det mange plassar i Noreg.

17.3. Prestefamilien på flyttefot

Det er også ei forventning til at prestane skal flytte på seg. Dette var enklare tidlegare når prestefrua var heime, enn no når ein også må finne jobb til presteektefellen. Det er ikkje reint få prestar der familien undervegs dett av flyttelasset, slik at dei skil lag. Mange prester føretrekk difor å bli verande ein stad mykje lenger, kanskje til og med heile yrkeskarrieren. Dette kan vere bra for familiane, men det er sjeldan bra korkje for prestane eller kyrkjelydane.

I Tyskland blir presten oppfordra til å flytte på seg etter 10 til 15 år i teneste på same staden. I Noreg er det ikkje lenge sidan at prestane flytta på seg etter sju års teneste på ein stad, medan dei nå kan vere der i eit kvart århundre. Når norske prestar flytter, er det ofte også kortare avstandar til den nye prestestillinga, slik at for eksempel ektefellen kan halde fram i jobben sin. Det er ikkje lenge sidan eg kunne oppleve eit større "stillingbytte" i prostiet.

Det kan vere bra at prestane blir litt lenger sidan dei i dag i større grad baserer autoriteten sin på sin personlege og i mindre grad på sin institusjonelle og tradisjonelle autoritet. Men når ein prest blir for lenge, kan det også skje at han etter kvart kjem i vegen for bodskapen. Ein norsk prest fortalte til meg: ”Før var det slik at ein prest byrja yrkeskarrieren sin i nord eller i alle fall ute i distriktet. Med litt meir erfaring og ansiennitet kunne både han og familien forvente å få seg ei stilling i litt meir sentrale strøk. Slik er det ikkje lenger. Sidan bispedømeråda tok over tilsettinga av prestane, vil ein heller ha prester ein kjenner til. Det blir vanskeleg å flytte over grensene til eit anna bispedøme.” Eg har ingen datagrunnlag til å dokumentere denne opplevinga, men skulle den vise seg til å stemme, er dette ei utfordring for Den norske kyrkja og særleg for bispedøma i nord og prestestillingane i distriktet. Presten møter i dag andre krav frå familien sin. Utan eit tydeleg perspektiv på at tida i distriktet er avgrensa, kan eit slikt krav difor vere, at han held seg til sentrale strøk. Dette vil på sikt gå ut over distriktet og særleg bispedøma i nord.

17.4. Oppsummering

Utfordringane til presten og prestefamilien har ikkje blitt mindre. Det er viktig at presten tek vare på familien sin. For mange prestar er familien ein viktig del av jordinga, det som held dei fast i kvardagen. Det er her han kan vere noko anna enn prest om han gir seg sjølv lov til det. Det er her han møter det verkelege livet på kroppen, frå barnegråt om natta, matlaginga, klesvasken, husvask fram til kanskje barnebarna kjem etter kvart.

17.5. Vurderingar

Presten er meir enn berre prest og familien er ofte eit viktig ankerfeste for å kunne vere ein god prest. Samstundes fører rolleforventningane og nokre rammevilkår som buplikta til at ikkje berre han eller ho er meir utsette enn andre, men også prestefamilien. Når presten møter konfliktar i jobben sin og må bytte jobb eller når prestebustaden er i dårleg tilstand, rammar det ikkje berre han men også "uskuldige". Når presten for eksempel må flytte eller ikkje får lov til å flytte, gjeld dette ikkje berre han men heile familien. Presten er nok ingen vanleg arbeidstakar og dette legg nok eit større ansvar på arbeidsgivaren, sidan denne indirekte også har eit ansvar for familien til presten. Denne dimensjonen og dette ansvaret bør dei som ber ansvar for arbeidsforholda til presten og bustadane for prestefamiliar vere bevisste på.

Anhänge:
DateiBeschreibungErstellerDateigröße
Diese Datei herunterladen (120925 Prestebilete og prestekvardag_kom HH.pdf)Prestebilete og prestekvardag Michael Hoffmann1341 kB