Beitragsseiten

 

11. Den utbrente presten

11.1. Kva er utbrentheit?

Utbrenthet er en tilstand av følelsesmessig utmattelse som kan oppstå som en reaksjon på vedvarende meget vanskelig og belastende arbeidssituasjon, på en overdreven eller ensidig arbeidsinnsats over lang tid, som en indikasjon på at egne idealer og dyptliggende verdier ikke lar seg realisere innenfor de arbeidsbetingelser man har, eller som resultat av langvarig krenkelse av ens integritet og verdighet. […] Ofte kan vi knyte utbrenthet til ledelse eller mangel på ledelse”[109].Sitatet er henta frå boka: ”Jeg er jo ikke Jesus heller” som i Noreg i tida etter året 2008 klarte å setje fokus på utbrentheit blant prester og eg kjenner at det etter den blei eit større fokus på arbeidsmiljøet blant prestar, og at det blei enklare som prest å melde seg sjuk for å lade batteria og for å unngå djuputlading. Boka tar utgangspunkt i ei spørjeundersøking blant 787 prestar og intervju av til saman 44 prester. Boka spør etter omfanget og årsakene til utbrentheit blant prestar.   

11.2. Korleis å brenne seg ut?

Berre den som brenn kan brenne seg ut. Å vere prest er ei grenselaus gjerning same kor gode ordningar ein får. Å leve eit kall for Gud er krevjande i ei røynd som blir meir og meir sekulær[110]. Særleg prestar på små plassar opplever ”at man aldri får lov til å være noe annet enn prest.”[111]  Dei mange og ofte kryssande forventingane[112] kan lett føre til ”sentral jobbrolleoverbelastning”, der jobben et opp personen. Som prest ynskjer ein å møte forventningane. Ein ynskjer å forkynne evangeliet, den glade bodskapen og å gjere mennesket glad. Utfordringa er at presten sjølv må ta vare på evna til å vere glad og at den ikkje blir utmatta av på sine eigne kjensler.  Til dette er det viktig at presten ikkje berre er ”presten”, men at også personen får utfalde seg og blir synleg. Dette er krevjande på bygda med ein del artikulerte og langt fleire uartikulerte forventningar om korleis presten skal vere. Det kan vere krevjande nok å jobbe med dei artikulerte, men det blir nærmast umogleg når det gjeld dei uartikulerte. Dette er særs krevjande når ein har ein annan kultur i bakgrunnen og ikkje har vakse opp i Noreg. Det eg i etterkant hadde ynskt meg, er hjelp på praktikum om ”Korleis å ta vare på personen i prestegjerninga?” Eg huskar at vi skulle finne oss ein sjelesørgjar, ein å snakke med og eit retreat, men få råd for kvardagen. Det er viktig at ein allereie tidleg i yrkeskarrieren får innpass i ”sivile” roller, for eksempel som ”småbarnsforelder eller idrettslagsmedlem[113] og at desse ikkje blir tilskygga av prestegjerninga. Kanskje kan ein på denne måten også lempe litt på ”et underskudd på sosial kontakt[114].

11.3. Tyskland

Presten i Tyskland fortel: ”I løpet av dei siste 3 åra vart det langtidsfråvær hos 3 av dei 20 kollegaene i prostiet pga. burn-out, med hjarteinfarkt og alt som høyrer til. Det er fleire institusjonar i Tyskland som er spesialiserte på utbrente prester. Problemet er presset ovanfrå med innstrammingar og mindre personell og forventningane frå kyrkjelyden om at presten skal vere present. Restane  av folkekyrkja forventar at presten er prest i nærmast katolsk forståing. Han lever trua for kyrkjelyden. Han ber for dei, han er familiefar slik som dei skulle vere. Og går ekteskapet i vasken, er han heller ikkje betre enn dei. Det allmenne prestedømmet lever berre i kjernekyrkjelyden. Og her er det ikkje langt i frå at det er berre dei som er att. Forventningane frå kyrkjeleiinga, kyrkjelydane og presten sjølv, gjer at prestane ofte går på akkord med seg sjølv.”  Går vi gjennom studiekollegaene våre i Tyskland, oppdagar vi at det er berre eit fåtal der det første ekteskapet framleis er intakt. Yrket et opp mennesket.

Også presten sjølv ber tydelege teikn på å bli utbrent. Etter å ha jobba mange dagar i strekk, søv han dårleg, han reagerer sterkare på borna, er meir impulsiv og kjeftar meir enn han ynskjer og har av og til vanskar med å konsentrere seg. Heldigvis kjenner han signala frå kroppen. Han har levd med øyresus i mange år og kjenner at den blir sterkare når veggen kjem nærmare. Han tek tak i det med fysioterapi som hjelper han med å slappe. Utover det prøver han å skaffe seg ei hytte som fristad for familien ein liten køyretur unna kyrkjelydane. Der skal han vere berre seg sjølv og ikkje ”presten”.

11.4. Tsjekkia

Det er skjeldant eg kunne sjå det så tydeleg som i Tyskland, men også presten i Tsjekkia fortalte at han etter ei lengre periode med ombygging av kyrkjelydshuset og prestebustaden , berre måtte ha studiepermisjon fordi han var i ferd med å brenne seg ut. Ombygginga innskrenka privatsfæren i endå større grad og gjorde det nærmast umogleg for han å slappe av og å hente seg inn att. Også han kjenner på ei rolleoverbelastning og artikulerer det slik: ”Går det bra, er det Gud som gir, går det dårleg, er det eg som sviktar”.

11.5. Noreg

Det eg kanskje sleit mest med som nyutdanna sokneprest på bygda, var dei mange uartikulerte rolleforventningane som møtte meg utan at eg kunne møte dei. I tillegg var det etter måten lite oppfølging frå min overordna som nokså skjeldan fant vegen til utposten min. Det som hjelpte litt, var ABV der det var høve til å reflektere over nokre av forventningane.

Dei siste åra fekk eg oppleve eit større press mot prestane frå kyrkja. Dei skal vere aktive i trusopplæringa, dei skal engasjere seg i gudstenestereforma og leie arbeidet med lokale grunnordningar. Dette fekk eg også stadfesta av presten som eg intervjua. Trusopplæringa kom for eksempel inn som ei ny prioritering i arbeidsoppgåvene utan at noko anna vart nedprioitert. Etter innføringa av den nye tenesteordninga, skal prestane dekke opp for kvarandre ved frihelger, ferie, permisjonar og ved sjukdom utan vikar. Dei skal bidra til at stramme budsjett i bispedøma og fellesråda går i balanse, dei skal reise rimeleg og miljøvennleg og engasjere seg meir for miljøet og berekraftig utvikling. Det er nedskjeringar i bispedøma[115]. Dei skal spare på reiseutgiftene og vikarmidlane, men samstundes er nettopp det å få vikar og å kunne lade batteria eit viktig verkemiddel for at prestane ikkje brenn seg ut. 

Som prest skal ein prioritere, men helst ikkje prioritere bort. Likevel måtte eg lære meg å seie nei, ikkje til tross for eit kall og eit ordinasjonsløfte, men nettopp på grunn av dette[116]. Vi har eit kall og eit ordinasjonsløfte og vi skal tene Gud i mange år og ikkje berre i dag.

Etter mine eigne erfaringar som bygdeprest i Noreg har det vore veldig viktig for meg å ha god plass for gjestar. Familien bur gjerne langt unna og det er viktig å kunne ta imot gjester også i lengre periodar. Det er viktig å kunne ta imot folk som først og fremst ser personen og ikkje ”presten”.

Eg har sjølv erfaring med å bli sjukmeldt fordi eg kjente at eg var i ferd med å brenne meg ut og prøvde å unngå dei mest alvorlege tilstandane.

11.6. Oppsummering

Både eg sjølv og prestane eg fekk observere er mellom 30 og 40 og dermed i den aldersgruppa som er mest utsett for å brenne seg ut.[117] Berre kollegaen som eg berre intervjua, er eldre og han verka også meir avslappa og balansert. Prestane som eg snakka, med fortalte at det var veldig kjekt at eg kom for å observere prestegjerninga, men at det var endå kjekkare at eg var med i kvardagen. Det var viktig at vi ikkje berre snakka om jobb, men også om barn, matoppskrifter, reiser, gamle kjente og meir. Det var viktig for dei å kunne vere meir enn prest også i prestebustaden.

Av dei kyrkjesamfunn som er med i undersøkinga mi, er Den norske kyrkja framleis det rikaste kyrkjesamfunnet. Gjennom trusopplæringsreforma har det blitt meir personell og ressursar i kyrkja, men oppgåvene og utfordringane har auka langt meir enn ressursane. Det er ennå ikkje så mange utbrente prestar hos oss og vi har ikkje eigne institusjonar til å hjelpe dei. Men bortsett frå dette kunne situasjonen som presten i Tyskland fortel om, også finnast i Noreg.  Men eg ser også nokre grunnleggjande skilnader: I Tyskland og Tsjekkia er kyrkjelydane klar over at presten ikkje kan gjere meir og dei er viljuge til å vere aktive sjølve for å halde aktivitetane på same nivå når folketalet krympar.  Utan leke gudstenesteleiarar for eksempel, måtte ein redusere talet på gudstenestene kraftig i tida som kjem, og i Tsjekkia kunne presten berre stå for halvparten av gudstenestene.

Ikkje berre i Noreg har det blitt enklare og meir akseptert å vere sjuk når veggen kjem nærmare før ein møter den, det er også blitt enklare å snakke om det[118].

11.7. Vurderingar -Ingen veg unna?

"Å brenne seg ut", eit betre uttrykk kunne kanskje vere det at ein får ”utladete batteri”[119]. Batteri kan ladast opp att, men ved ei djuputladning blir dei også varig skada. ”Utbrenthet er et større problem blant prester enn i andre yrkesgrupper som det kan være naturlig å sammenlikne seg med.”[120]Prestane opplever yrket sitt og tenesta si som meiningsfull, men også krevjande.[121] Det er ikkje spesielle krevjande situasjonar som krev mest av presten, men rammene og den varige arbeidssituasjonen blir opplevd som belastande. Presten må kunne leve livet sitt, ikkje berre det livet som kyrkjelyden og arbeidsgivaren forventar av han. Å halde balansen mellom arbeid og fritid, plikt og utfolding, familien og yrket er viktig også for prestar og til dette treng ein leiing, ikkje styring.

Eg ser på utbrentheit som noko som ein kan møte, men som også kan unngåast. Til dette treng ein fleire enn presten sjølv.

Presten må lære seg å setje sine grenser sjølv. Vi må seie ”nei”, ikkje på tross av kallet og ordinasjonsløftet, men pga. av dei. Ein prest skal vere prest og tene Gud, ikkje berre i dag, men også i morgon og om nokre år. Perstar må finne oss arenaer der vi er den personen vi er og ikkje berre presten. Det er kjekt å vere prest, men det er også lett å bli reduserte på dette. Kanskje må prestane av og til også køyre eit stykke borte frå kyrkjelydane våre. Og så må prestane seie ifrå når vi ser at veggen kjem nærmare. Ingen er tent med om ein prest møter den i full fart. Det er lov å bremse. Det er lov å sjukmelde seg og å avlyse gudsteneste og arrangement i ei periode. Det er betre at dei blir avlyste i ei avgrensa periode enn at ein må bruke lang tid på å finne ein ny prest som må byggje opp alt på nytt.

Kyrkjelydane har også eit ansvar for presten sin. Dei må vere realistiske i forventningane sine og dei må artikulere dei. Sjølv ein prest klarer ikkje å lese tankar og klarer berre å jobbe med dei forventningane han veit om. Når han veit om dei, kan ein jobbe med dei og eventuelt kan ein snakke om dei når presten opplever dei som urealistiske. Presten bør ha rom. Også prestar er menneske. Dei er menneske som ynskjer å utfalde seg, men som også har sine feil. Godt bør kunne vere godt nok og det er mogleg å gi presten tilbakemelding på det han gjer, særleg når ein er fornøgd.  

Presten må få høve til å lade batteria. Eit viktig verkemiddel som vi har til dette i Noreg, er studiepermisjonar som gir prestane høve til å lade batteria og for å ta ordinasjonsløftet sitt på alvor. Det er også ingen som kan krevje 54 arbeidstimar i veka av oss. Norske prester har nok betre høve til å stoppe prosessen før dei er heilt utbrent, vi har betre rammer, men også spesielle utfordringar i eit stort land med lite folk.

Presten treng leiing. ”Har ikke prester noen overordnete som har forpliktelser her på denne jorden?[122]  Dette litt polemiske spørsmålet set fokus på eit viktig punkt: Også prestar treng leiing og tilbakemelding på arbeidsinnsatsen sin.  Kyrkjerådet definerte i 1987 leiing og styring slik: ”Ledelse er målrettet, problemløsende samvirke som foregår på en aktiv og bevisst måte (…) Med styring forstår en vanligvis noe annet, nemlig det å sette overordnede mål og rammer for virksomheten”[123]. Utfordringa i denne definisjonen er at også i eit fellesskap, slik som kyrkja, treng styring ein stor grad av samhandling om den ikkje skal opplevast som overstyring. Leiing er å sjå prestane, det er å gi dei gode tilbakemeldingar på det dei er god på og å gi dei ei handsrekking der dei slit. Ingen kan vere flink på alt. Ein prost fortalte meg at ein gong kvart semester tok han ei gudsteneste i lag med kvar av prestane sine, dei vart avlasta og slapp å preike denne dagen, men blei sett og kunne etterpå snakke uformelt om korleis dei hadde det. Han brukte dette høvet til å gi gode tilbakemeldingar og for å høyre korleis presten burde avlastast.  Styring blir opplevd som overstyring når prestane ikkje opplever seg som sett og høyrt når ein sett rammer for tenesta. ”Manglende innflytelse på overordnete besluttninger”[124] er ein viktig faktor når menneske brenn seg ut. Dette gjeld særleg når rammene blir trongare. Små endringar kan her gjere stor skilnad.

Medarbeidarsamtalane i Noreg kan vere eit godt verktøy for leiing når dei blir godt førebudd og gjennomført regelmessig. Samtalane rundt tenesteavtalane i Tyskland ser også ut til å vere eit godt verktøy for leiing, der både presten, hans overordna, men også kyrkjelydane blir involverte.

Anhänge:
DateiBeschreibungErstellerDateigröße
Diese Datei herunterladen (120925 Prestebilete og prestekvardag_kom HH.pdf)Prestebilete og prestekvardag Michael Hoffmann1341 kB