Beitragsseiten

 

10. Presten som embetsmann og arbeidstakar

10.1. Presten i denne verda

Ein prest som har eit prestekall vil kjenne at han har tenesta si frå Gud, ei teneste som ikkje er av denne verda. Men presten lever også i denne verda. Han treng mat for seg sjølv og familien sin og fakturaene skal betalast. Han treng lønn. ”Ein arbeidar er verd si løn.” (1Tim 5,18). Det er nokon som må sørgje for at presten får si lønn. Han treng difor ein arbeidsgivar.

Ingen av prestane i denne undersøkinga har kyrkjelyden som arbeidsgivar. Alle er tilsett i kyrkjesamfunnet eller eit bispedøme. Korleis prestane i den enkelte kyrkjelyden får prestestillinga si, er det derimot store skilnader på. Det er også skilnad i korleis forholdet mellom arbeidsgivaren og presten som arbeidstakar er organisert og korleis ein for eksempel lagar instruksar.

10.2. Tsjekkia

Presten i Tsjekkia har kyrkjesamfunnet som arbeidsgivar, men det er berre kyrkjelydane som vel prestane sine. Det er også først og fremst kyrkjelydane som bestemmer arbeidsoppgåvene til presten i kyrkjelyden. Men det er kyrkjesamfunnet som avgjer om presten for eksempel skal administrere ein kyrkjelyd i tillegg til den kyrkjelyden som valde han. Det er også kyrkjesamfunnet ved den regionale senior som avgjer om presten skal ha overregionale oppgåver, for eksempel som ungdomsprest eller i utdanninga av leke gudstenesteleiarar. Likevel er det kyrkjelyden som vel presten, som skriv under på arbeidskontrakten hans. Når presten søkjer seg til ein anna kyrkjelyd, eller noko som er meir vanleg: Når han blir spurt av ein anna kyrkjelyd om han ynskjer å bli prest, må han seie opp arbeidskontrakten og inngå ein ny i ein anna kyrkjelyd.  Når kyrkjelyden ynskjer å bli kvitt ein prest, må dei søkje kyrkjesamfunnet om å få oppløyst arbeidskontrakten med presten.  Dei protestantiske har etter motreformasjonen nok aldri vore embetsmenn, men alltid tilsette i kyrkjesamfunnet.

Det er staten som i dag betaler størsteparten av lønna for prestane til kyrkjesamfunnet. Men allereie per i dag må kyrkjelydane betale ein sum som blir brukt stort sett til å bygge opp ein buffer for åra som kjem og for å kompensere for at summen frå staten ikkje blir inflasjonsjustert. Frå 2014 skal dei fleste kyrkjelege eigedomane som kyrkjesamfunna i Tsjekkia blei fråtekne i kommunisttida restituerast. Samstundes blir dei statlege overføringane redusert med fem prosent kvart år. Sidan det først og fremst var den romersk-katolske kyrkja som hadde eigedom, er dei protestantiske nok så bekymra for korleis dei skal finansiere prestane sine. Dei må nok uansett klare å skaffe meir pengar sjølv og situasjonen for små kyrkjelydar i den absolutte diasporaen kan bli vanskeleg. Korkje eg eller presten var kjent med om det finst ein tariffavtale for prestane eller noko som regulerer arbeidstida deira.

10.3. Tyskland

Også i Tyskland er det kyrkjesamfunnet sentralt som er arbeidsgivaren for presten. Etter prestestudiane skjer den praktisk-teologiske utdanninga i kyrkja sin regi. Den blir kalla ”vikariat” og varer mellom eit og eit halvt og to og eit halvt år. Presten, eller vikaren som han heiter i denne tida, er cirka halvparten av tida som ein slags kapellan i ein eller fleire kyrkjelydar og halvparten av tida på forskjellige kurs. ”Vikariatet” orienterer seg ved ”referendariatet” som er den praktiske delen av utdanninga for lærarane. Bortsett frå barneskulen er alle lærarar i Tyskland faglærarar med to eller tre fag. Som ein del av utdanninga si blir presten også kvalifisert som faglærar i eit fag: religion.

I Den evangeliske kyrkja i Mellom-Tyskland er det slik at når kyrkjesamfunnet har lyst ei prestestilling ledig, så må aktuelle kandidatar søkje og presentere seg i kyrkjelyden, gjerne med ei prøvepreike med påfølgjande kyrkjekaffi. Når alle relevante kandidatar har fått presentere seg, vel kyrkjelyden kven av prestane dei ynskjer, eventuelt i prioritert rekkefølgje. Men det er berre annankvar gong dette valet bestemmer kven som blir prest på staden. Dei andre gongane er det kyrkjesamfunnet sentralt som har rett til å bestemme kva prest dei ynskjer å sende dit. Dette gjer dei for å kunne ta vare på felleskyrkjelege behov, for eksempel det å omplassere ein eller å ta vare på presteektepar.

Det er denne retten dei også bruker når ein prest er ferdig med ”vikariatet” og skal prestevigslast . Det er nok vanleg at presten får eit framlegg om to eller tre slike stillingar der han kan begynne den sjølvstendige prestetenesta si. Nå blir han i cirka tre år kyrkjeleg tenestemann som kan seiast opp og som er med i det offentlege trygdesystemet med offentleg trygde- og sjukeforsikring. Etter dette blir presten ”ständig“, dvs. verande. Han eller ho inngår nå ein spesiell arbeidsavtale, eit”teneste- og truskapsforhold” på livstid. Han blir ein del av embetsstanden som i Tyskland er mykje større enn i Noreg. Det er ikkje lenge sidan at det ikkje berre var dommarar, leiande tilsette i statsforvaltninga, professorar og lærarar som var embetsmenn, i tillegg til enkle tilsette i posten og jernbanen.

Presten blir ikkje statleg embetsmann, men kyrkjeleg. Då kyrkjene vart sjølvstendige, fekk dei sjølve retten til å vedta lover for sitt område i kyrkjemøta sine.  Denne retten gjer dei framleis flittig bruk av. Kyrkjelovene som regulerer arbeidsvilkåra til prestane, tar nok framleis utgangspunkt i lovene for statlege embetsmenn og blir justert når dei statlege blir justert. Presten blir plassert i eit lønnstrinn slik som ein faglærar på ein vidaregåande skule, men lønna for same lønnstrinnet i kyrkja er berre cirka 85% av det den er i staten.

Som embetsmann er presten ikkje lengre del av det offentlege trygde- og sjukeforsikringssystemet, men del av eit eige pensjons- og sikringssystem for embetsmenn. Årsaka til dette systemet ligg i historia og den gongen kyrkja var ein del av statsforvaltninga, men i dag er dette også rimelegare for kyrkjesamfunnet. På grunn av alderspyramiden i Tyskland må ein som betaler inn i det offentlege trygdesystemet i dag, for eksempel betale inn meir enn ein nokon gong har råd til å få ut.  

Presten går inn i eit teneste- og truskapsforhold med kyrkjesamfunnet. Han kan ikkje seiast opp, men berre flyttast. Når han ikkje blir frådømt rettane sine kan han berre seie dei frå seg sjølv. Han kan gå over frå ein tenesteherre til ein annan, men han kan ikkje bli arbeidsledig. Eg har sjølv opplevd at kyrkja måtte flytte prester og andre godt betalte kyrkjelege embetsmenn i ”ventestanden” og betale dei for å gjere ingenting. Dette forholdet gjer det også rettsleg mogleg å pålegge presten å jobbe 54 timer i veka. Prestane kan flyttast, men det er sjeldan dette skjer i praksis. Prestane blir oppfordra til å flytte på seg sjølv etter seinast 15 år. Sjølv om det var kyrkjelyden som valde presten, kan dei ikkje velje han bort, men dei kan søkje kyrkjeleiinga om å flytte han. Når presten går over til ein annan kyrkjelyd i same kyrkjesamfunnet, inngår han ingen ny arbeidskontrakt. Som embetsmenn har prestane ikkje lov til å melde seg inn ei fagforeining eller til å streike. Dei er strekt representert i kyrkjemøta og har eigne interesseorganisasjonar, men ingen fagforeining. 

Ramma for tenesta blir sett i den kyrkjelege lovgivinga, utlysinga av stillinga og i den lokale tenesteavtalen.  Det er i tenesteavtalen dei konkrete arbeidsoppgåvene blir avtalt. Kyrkjesamfunnet sentralt og regionalt set rammer på for eksempel kor mange timar presten skal jobbe eller kor mykje tid han skal bruke på regionale oppgåver. Resten forhandlar presten og kyrkjelydane om, denne samtalen modererast av varaprosten, som legg avtalen fram for prosten til godkjenning. Det finst ein katalog med faste minstetider som det må reknast med for dei einskilde oppgåver. Det er ikkje denne katalogen, sjølv om den kan opplevast som problematisk av både presten og kyrkjelyden hans, men det totale timetalet som presten skal jobbe.

Det er også ein del av desse tenesteavtalane at presten skal ha fri ein dag i veka og 6. kvar helg. Arbeidsforholda til prestane er regulert gjennom kyrkjeleg lovgiving og ikkje gjennom tariffavtalar. Gjennom dei etter måten mange prestane i kyrkjemøtet har prestane likevel høve til påverke denne lovgivinga.  

10.4. Noreg

Sidan Den norske kyrkja også etter grunnlovsendringane 21. 5. 2012 ikkje er noko eige rettssubjekt, kan prestane ikkje vere tilsett i kyrkjesamfunnet. Dei fleste prestane i kyrkjelydane er tilsette i staten og har eit av dei 11 bispedøma som arbeidsgivar. Ein del av arbeidsgivaransvaret blei etter den nye tenesteordninga for prostane delegert frå biskopen til prostane. Også prostar og biskopar vil i framtida ikkje lengre vere embetsmenn, men tenestemenn. Samanlikna med Tyskland har Noreg etter måten få embetsmenn. Embetsmenn har tradisjonelt vore eliten i statsforvaltninga.  Embetsmenn blir utnemnde av Kongen i statsråd, medan dette i Tyskland skjer på eit langt lågare administrativt nivå. Gjennom embetseden inneber eit embete også i Noreg eit spesielt truskapsforhold. Det gjeld særskilte reglar i dette arbeidsforholdet som gjer det nesten umogleg å seie opp ein embetsmann om ikkje gjennom dom. Utover dette er regelverket for embetsmenn og tenestemenn stort sett identisk i Noreg. Også sokneprestane som blei tilsette fram til 1997, var embetsmenn. Sidan ein prest som går over til ei ny stilling, inngår ein ny arbeidskontrakt, sjølv om det er hos same arbeidsgivar, er det i dag berre nokre få sokneprestar att som er embetsmenn. Det same kjem etter kvart til å skje med prostane og biskopane.

Det er statleg lovgiving med lover og forskrifter og tariffavtaler som regulerer prestane sine arbeidsforhold. Dei aller fleste prestane er medlemer av Presteforeininga eller TeoLOgane, som er ei konkurrerande fagforeining. Det er fagforeiningane som forhandlar med staten om hovudavtalen, tariffavtalen og særavtalar. Prestane har ennå ikkje funne ei anna yrkesgruppe som dei ynskjer å samanlikne seg med. Sidan lærarutdanninga i Noreg er annleis enn i Tyskland, er dette ingen naturleg gruppe å samanlikne seg med. Prestane er unntatt frå arbeidstidsreglane i arbeidsmiljølova fordi ein ser på prestestillingane som ”særlig uavhengig stilling”[101]. Sidan bispedøma i dei siste åra i større grad bruker styringsretten overfor prestane, stiller foreiningane spørsmål om prestetenesta framleis er ” særlig uavhengig”, men inntil vidare er dei fleste prestar einige i at den framleis er det, sjølv om dei på denne måten går glipp av tillegg for overtid og ubekvem arbeidstid. Desse tillegga kan for eksempel hos ein sjukepleiar lett utgjere 20 prosent av lønna.

Det er bispedømeråda som tilset prestane. Dei fattar eit vedtak med bakgrunn i innstillinga frå innstillingsrådet. Etter personalreglementet for Den norske kyrkja består innstillingsrådet av prosten, stiftsdirektøren og ein representant for tenestemennene. Det skal gjennomførast intervju med aktuelle søkjarar og det er biskopen, bispedømerådet og innstillingsrådet som bestemmer kven dei ser på som relevant. Regelverket i staten legg også visse føringar her. Dersom det er innvandrarar blant søkjarane som oppfyller dei formelle kvalifikasjonskrava, så skal minst ein av dei kallast inn til intervju[102]. Etter mange søknadar kan eg av eiga erfaring trygt skrive at det er høgst sjeldan at for eksempel dette kravet blir oppfylt.

Ein eller to representantar for sokneråda skal delta på intervjua. Etter intervjua har sokneråda høve til å uttale seg om kva prester dei ynskjer seg prest og setje dei opp i prioritert rekkjefølgje. Men dette er ikkje noko presteval og uttalene frå kyrkjelydane er nok berre ei stemme blant fleire, og kyrkjelydane står nok mykje svakare i denne prosessen enn dei gjer det i Tyskland og Tsjekkia. Deretter gjer instillingsrådet eit framlegg på kven som bør tilsetjast i prioritert rekkjefølgje. Til slutt blir det bispedømerådet som tilset presten med delegert mynde frå departementet.

Det er sokneråda som lagar lokale planar for kyrkjelydane. Presten fylgjer nok for det meste desse planane, men sokneråda kan ikkje forplikte han til det. På same måte er dei ikkje forplikta til å lage planar som presten kan gjennomføre. Det er i dag biskopen ofte ved prosten som fastsett instruksen. Også her kan kyrkjelydane kome med innspel, men ikkje meir enn det. Ved dei siste endringane i kyrkjelova vart også ein del formuleringar fjerna som tidlegare kravde at soknerådet og soknemøtet skulle utale seg om endringar i prestetenesta før dei kunne vedtakast. Det er lett for linjene i kyrkja å jobbe forbi i staden for i lag med kvarandre og det kan nok sjå ut som om dei to arbeidsgivarlinjene prøver å sementere grensene sine.  

Presten som arbeidstakar har krav på medarbeidarsamtalar som skal hjelpe med å utvikle medarbeidaren og verksemda. Diverre er det nok slik at ikkje alle prester får den oppfølginga dei har krav på og det kan framleis gå år mellom medarbeidarsamtalane. Også kvaliteten på samtalane kan nok vere ymse, i alle fall når ein tar utgangspunkt i malane for dei i dei enkelte bispedøma.[103]

10.5. Oppsummering

Samanlikna med Tsjekkia og Tyskland står kyrkjelydane i Noreg nok svakast til å bestemme kven dei vil ha som hyrding og prest. Det er moment som kan tyde på at ”resonnement kring presten sitt leiaransvar”  er mindre når kyrkjelydane har større vekt både i tilsettingsprosessen og når det gjeld arbeidsoppgåvene til prestane sine. Det kan hende at det er enklare for kyrkjelydane å akseptere ein prest som leiar for heile verksemda slik som Presteforeininga foreslår[104], når dei sjølv opplever at dei får bestemme kven som blir tilsett i prestestillinga. Samstundes må ein også ta omsyn til kyrkja som heilskap og presten treng ikkje å vere dagleg leiar. Kanskje kunne då også dei norske prestane sitje med rak rygg i staden for at ”prestens rolle i menighetsrådet er i alt for stor grad å være tålmodig og ydmyk”[105], slik som fleire prestar opplever det.

Ingen av prestane som eg snakka med, ynskjer kyrkjelyden som sin direkte arbeidsgivar. Dei legg vekt på at det er viktig å ha ein arbeidsgivar som klarer å sjå lengre enn til nærmaste kyrkjetårn. Dette er viktig både når ein tenkjer på regionale oppgåver og variasjon i tenesta, men også upopulære avgjerder som presten av og til må kunne ta utan at han mister jobben. Å har eit bispedøme eller kyrkjesamfunn som arbeidsgivar gir også større fridom i forkynninga, slik at ein kan forkynne både lov og evangelium.

10.6. Vurderingar

Når vi i Noreg diskuterer den kyrkjelege arbeidsgivarstrukturen for framtida, ser eg på modellen frå Tyskland som veldig tenleg. Ser ein bort frå at prestane nok bør vere tenestemenn eller tilsette i eit bispedøme og at ein heller bør ta utgangspunkt i ei 37,5 til 40timars enn ei 54timars arbeidsveke, så er det mykje godt å hente der. At kyrkjelydane og kyrkjesamfunnet bytter på å ha det siste ordet i eit presteval sikrar likevekt mellom kyrkjelydane sine behov for å velje hyrdingen sin sjølv og dei behova kyrkjesamfunnet har for eksempel for å ta vare på medarbeidarane sine og rekrutteringa til prestetenesta. Også tenesteavtalane er ein modell som eg godt kunne tenkje meg for Den norske kyrkja. Avtalane gjer det synleg at også ressursane til presten er avgrensa og at det er fleire enn presten som må bere dei mange gode tiltaka. ”Særlig når menighetsrådet stiller forventinger om at vi som er ansatt skal gjøre en hel masse som rådet synes skulle gjøres.[106]

”Den norske kirken som arbeidsgiver har et utvetydig ansvar for å ivareta helse og jobbtilfredshet hos sine arbeidstakere.[107]  I all diskusjon om strukturar bør ein stille dette kravet og spørsmålet om korleis dette kan gjerast på ein best mogleg måte. Den beste måten treng ikkje å vere den mest effektive, men den som tek best vare på prestane, dei andre kyrkjelege tilsette, kyrkjelydane og kyrkja som heilskap. Ut frå observasjonane, samtalane og eigne erfaringar er det viktig for meg å poengtere at prestane er meir synlege og meir utsette enn andre arbeidstakarar.[108] Det kan difor også vere eit moment å betre oppfølginga blant anna gjennom medarbeidarsamtalane for å ta vare på dei slik at dei ikkje brenn seg ut.

Anhänge:
DateiBeschreibungErstellerDateigröße
Diese Datei herunterladen (120925 Prestebilete og prestekvardag_kom HH.pdf)Prestebilete og prestekvardag Michael Hoffmann1341 KB